Fortald av sonen Alf K. Faret.

KRISTEN M. Faret kom til verda 22. 03.01922. Foreldre var Martin Kristiansen. Faret og Semine Sørensdatter, født Rullen. Han vaks opp i ein syskenflokk på eks. Dei andre syskena var:

Thorvald, født 1912

Steinar, født 1915

Gunnar, født 1917

Astrid, født 1920

Martha, født 1926

Nyttårsaftan, 31. desember 1946, gifta Kristen seg med Solveig Knudsen, født 15. 02. 1929. Foreldre Kristine og Anders Knudsen. Giftarmålet stod i bedehuset Salem i Faret. Dei fekk borna Magne, født 04. 03. 1947 og Alf, født 12. 07. 1948. Dei fyrste åra budde dei i forpaktarbustaden i Prestegarden. Då var det slutt med å ha forpaktar. I 1953 flytta famelien til Andreas Aase, der dei leigde i andre etasje.

Familien til Kristen, framme frå venstre: Astrid, Semine, Martin og Martha. Bak: Kristen, Gunnar, Steinar og Thorvald. Foto: Utlånt: Alf K. Faret

AT KRISTEN BLEI SLAKTAR er ikkje så rart. Bestefaren, Kristian Kristiansen, 1850-1931, hadde også vore slaktar.

I bygdeboka for Kvinesdal skriv Ånen Årli dette om Kristian Kristiansen:

Kristian var den første som bygde hus på austsida av den nye vegen, utafor Farbrua. Han kjøpte små stykke udyrka mark. Huset kjøpte han av oldefar til Reier Åmodt og taksteinane hadde lege på den gamle kyrkja.

Kristen likte seg som smågut godt i slakteriet til Lars Aase, faren til Andreas Aase. Som skulegut var han tidt innom slakteriet for å sjå på det som gjekk føre seg der. Han var ikkje meir enn i 10-år gamal då han gjekk il Tesaker i Gyland for å hente fem kyr som var samla der. Desse dreiv Kristen den fire mil lange vegen til slakteriet i Neset.

Då han slutta på folkeskulen i 1936, 14 år gamal og nyleg konfirmert, begynte han i lære hos Andreas Aase, som hadde tatt over etter faren sin, Lars Aase, i 1935. Etter kvart lærte han å bli både slaktar og lage pølser. Han køyrde også rundt om og henta slakt.

Kristen fekk Noregs Vels medalje for lang og tru tjeneste i 1981. Direktør Bjarne Stephanson i Agro overrekte medaljen. Foto: Utlånt: Agnar Klungland

AT FORHOLDET mellom Kristen og Andreas Aase var godt er vel dette eit bevis på: Ei tid før konfirmasjonen seier Andreas til Kristen: «Nå skal du reise til Flekkefjord og besøke Thorvald Rafoss. Så kan du ta deg ut ein konfirmasjonsdress. Sei til Thorvald at eg skal betale han».

Samanlikna med i dag var det ikkje så mykje pengar å få ut av jobben som læregut den gongen. Vekeløna var fem kroner. Kristen lærte å bli både pølsemakar og slaktar. Når Olav Nilsen hadde fri laga Kristen pølsene.

Andreas var jo som alle veit ein ivrig jegar, og ein dag kom det: «Ja ham, I dag æ det fint ver, så nå stenge mi butikken å gjenge på harejakt».

Kvar veke etter at Samsen hadde tatt over, kom Andreas til slakteriet for å kjøpe oksehalar som han skulle lage oksehalesuppe av. Kristen skrytte veldig av Andreas for den gode mannen han var.

FAREN TIL Andreas Aase, Lars Aase hadde vore ein stad med amtstuten og så skulle han innom sonen Andreas for å prata med han. Så han bandt han på utsida. I mellomtida Bjarne Gotheim kome for å snakka med Kristen. Han såg stuten og tok han med inn i slakteriet, og der slo Kristen amtstuten i hel. Så då Lars kom tilbake var stuten daud. Oppgjeret for kjøtet ville Lars skulle gå til bedehuset på Slimestad.

Før skytemaska kom blei all slakt avliva med øks. Skåldevatnet til grisen blei varma opp i ei gryte i kjellaren og så måtte det berast opp i tynna som stod i slakteriet. Når det var nok vatn blei grisen heist opp og deretter ned i tynna. Etter ei tid blei så grisen heist opp att og lagt på ein benk. Nå tok skåldinga til. Arbeidet blei utført med eit instrument som i eine enden var utforma som ein sirkel, med ein diameter på om lag 10 centimeter. Andre enden var utforma som ei klo. Skåldinga gjekk føre seg med den sirkelrunde enden som blei dregen over grisebusta. Var vatnet varmt nok blei busta lett dregen av. Etter skåldinga var utført på begge sidene, blei klauvene dregne av med kroken.

Frå venstre: Kristen, Solveig og Bjarne Stephanson. Foto: Utlånt: Helge Haugen

OM HAUSTEN var Kristen rundt på gardane og slakta sauer for folk. På ein av stadane i Austerdalen der Kristen slakta gav bonden grei beskjed om at han ikkje måtte møta opp før halvfire ruta frå Neset hadde kome opp. Ølkassen måtte nemleg stå klar, for bonden skulle ha øl før saueslaktinga begynte.

Det kunne dette bli seint på dagen ettersom det kom inn både vanleg slakt og elg Dei kom tidleg på morgonen og utover dagen med elgane Alt dette skulle gjerast ferdig før arbeidsdagen tok slutt.

Så skulle han ut på slakting hos folk som hadde bestilt han.

Då eg var gamal nok blei eg med far min når han køyrde rundt for å hente slakt. Om mandagane var det gjerne rundt om for å hente grisar og storfe som skullle slaktast. I Kvinesdal var me ute på Fidjan hos Magne Rennestraum. Etter at Nico slutta med slakting i 1963 var me ute på Monan og henta grisar hos han og. Elles køyrde han denne dagen likeeins til Lyngdal og henta grisar hos Kåre Rennestraum. Var det meld inn storfe til slakt i Lyngdal, tok han desse med seg.

Tysdagane var fast slakterute til Fjotland. Nicolai Nilsen og Andreas Aase var konkurrentar og dei kappkøyrde opp dalen for å få tak i slaktedyr. Dersom ein av dei to såg konkurrenten framfor seg sette han opp farten for å klare å køyre forbi. Dette opplevde eg mange gonger på femtitalet.. Når me kom til Galldalsvatnet, ved sokneskiftet mellom Fjotland og Kvinesdal, var det å hiva møka ut gjennom sidedøra og ut i vatnet. Deretter blei det strødd ut rein sagespon på golvet i slaktebilen.

Når det var fullt av levande slaktedyr inne i slaktebilen, blei slakta kalvar hengde opp rundt lyktene framme. Det var eg med på. Det hende også at kalvar blei sende i striesekkar med Kvinruta til Neset.

Når det var fullt av levande slaktedyr inne i slaktebilen, blei slakta kalvar hengde opp rundt lyktene framme.

Det var få som hadde telefon den gongen, slik at dei kunne ringe til slakteriet og melde frå .Når dei hadde slaktedyr å levere var det å gå til dei som hadde telefon og seie frå der. Butikken til Trine og Andreas Mygland var fyrste staden han var innom får å høyre om det var meld inn slakt. Var noko meldt inn, køyrde han rundt og henta det. Butikken til Trine og Andreas blei lagt ned i 1963. Så bar det vidare til neste innmeldingsstad som var Kvinlog Handelslag. Slik var det den gongen.

DET VAR OFTE folk som ville sitje på nedover. Bøndene skulle ha oppgjer for slaktet sitt, og då passa det greitt å bli med slaktebilen. Dersom det ikkje var plass framme stod dei bak saman med slaktedyra. Tor Mygland er ein av dei som har stått bak på lasteplanet saman med slaktedyra. Han var i 13-14-årsalderen den gongen og stod saman med lamma som skulle leverast til slakt. Han såg etter at alt gjekk greitt og hadde med seg heim att saueklavane som lamma hadde bore. Mange gonger måtte eg stå bak saman med slaktedyra når andre vaksne sat framme. I slaktebilen.

Ein av fjotlendingane, som var mjølkebilsjåfør, var kunde hos Nico. Han skulle skulle alltid innom Olav Lauvås for smake på pølse, før han gjekk og leverte mjølka på meieriet. På tilbakevegen heim var han innom Olav att for å få meir pølse. Då fekk han det jo gratis og slapp å betale. Mange fjotlendingar besøkte Olav for å smake på pølsene. Onsdag var det henting av slakt i Eiken. Her var fyrste stopp butikken til Torvald Haddeland for å høyre om noko hadde blitt meld inn der. Deretter bar det vidare til Ola Bryggeså. Det hende også at bøndene sjølv kom med slaktet til Neset. Frå Eiken kom Ånen og Sigmund Rossevatn med sauer og lam. Med seg tilbake hadde dei skrottane og hovuda.

PÅ LISTA var det stopp hos Sofie Mosvold for å høyre om det var meld inn slakt. Dersom det var tid til det køyrde dei måndag eller tysdag. Elles køyrde dei andre dagar.

Torsdagane var det Gyland som stod for tur. Her blei slaktet meld inn til Tollak Nedland. Fredag blei det slakta høns i Neset. Dessutan var det levering av revefor til Melvin Sunde på Moi og Thorvald Åse.

Frå Dyrstad tok dei slaktedyra ned til Dyrlivegen. Der blei dyra haga inne. Så kom slaktebilen og henta dei.

Tonette Haugland budde på Haugland i gamle Feda kommumne. Det var ein veglaus gard. Slaktebilen kunne køyre til Hestespranget. Derifrå var det å loffa til fots fram til Tonette og tilbake med slaktet. Slik var det mange stadar. Ein regnfull haustdag kom eg saman med far min ut til Ola Skranefjell for å hente sauer. Olav var livredd for han hadde høyrt på radioen at dei hadde meld krig. Så me måtte få med oss sauene med ein gong og koma oss avgarde! Den gongen måtte me k øyra om ned dei bratte bakkane på Opofte og vidare ned gjennom Dragedalen i Lyngdal. Så bar det vidare tilbake over Kvinesheia til Neset. Det var litt av ein tur den gongen.

NÅR DET NÆRMA SEG jul eller påske, begynte førebuinga til høgtida. Då var det ofte slik at ein gris eller to måtte bøte med livet for å bli ein del tradisjonsmaten. Då blei me beden om å kome og hente. Dei hadde også ynskje om korleis det slakta dyret skulle parterast. Så kom dei anten sjølv og henta det, eller me sende det med ruta.

Korleis greidde dei å finne ut kven som var eigar av slaktdyra som stod bak i slaktebilen?

Sau og lam blei merka med klavar. Dei som var utan klavar blei merka med tusj i panne og øyrer. På slutten brukte dei øyremerker med tal.

Storfe hadde mange gonger klave på seg, så då var det greitt. Elles kunne dei klyppe til ein merkelapp av til dømes ein margarin kartong, og henge den rundt halsen på slaktedyret påført namnet på bonden.

Gris blei merka med tal. Dette var påført ein firkanta svamp, som sat på ei klubbe. Så blei tjøre smurd på svampen, og grisen blei stempla med talet.

Me hadde ein køyrelapp som talet og namnet på bonden blei ført inn i. Når me kom tilbake til Neset, blei boka levert inn til Leif Egeland, slik at han kunne finne ut kven som eigar av slaktedyra. Då visste han kva han skulle betale i oppgjer til kvar einskild bonde.

SLAKTA hestar, purker og råner blei lessa opp i ein tilhengar som blei festa bak på dyrebilen og Storekvina for å bli send vidare med toget til Oslo. Dette kjøtet gjekk til laging av spekemat. spekemat. Ein god del blei også send til Svindland i Flekkefjord. Dette var på slutten av sekstitalet. Fleire gonger hadde Kristen levering til butikkar på Lista. Då hadde han godt med papir i botnen av tilhengaren og så lasta han griseskrottane oppi og køyrde avgarde. Mathias Reiersen kom med Magirusen sin, og kyr og oksar blei lagt oppå trelemmar som var lagt ut på lasteplanet. Så blei det lagt ei presenning over, og Mathias køyrde til Oslo, Kristiansand og Arendal med slaktet.

Med same ruta som kjøtet blei send med kom Andreas Fossdal eller Lars Nuland og leverte fisk. Alt dette gjekk om kvarandre. Det var ikkje så nøye den gongen.

Til Melvin Sunde sende me minkmat med fem-ruta, og Torvald Åse kom med den strie hesten og henta. På slutten var det Handelslagsbilen med Sigmund og Lollo som kjørte.

DET VAR EIT SLIT på slakteriet den gongen. Alle dei tunge dyreskrottane bar me på akslene våre ut til lastebilen som Mathias Reiersen skulle frakta kjøtet med. Lasteplanet på Magirusen var så høgt oppe at me måtte st på på ei murblokk for å rekkje opp.

Mang ein gong greidde slaktedyra å røyme frå slakteriet og me måtteut i Neset for å hente dei inn att. . Eg minnest ein stut som hadde slite seg, og me sprang etter han i Neset. Me tok han att utanfor butikken til Einar Egeland, og fekk lagt han over ende der.

Elles var eg rundt i butikkane i Neset og fekk kassar som det skulle sendast kjøt med. Ein av butikkane hadde toalett i kjellaren, og der lukta det fy. Kassane som kom frå denne staden måtte luftast nokre dagar før dei kiunne nyttast til å sende kjøt i. Denne jobben hadde eg også før eg blei fast tilsett.

SLAKTERIET hadde Risnes Hospits som nabo Det hende meir enn ein gong at Kristen blei tilkalla midt på natta for å ta livet av spedkalvar som stod i fjøset og rauta forskrekkeleg slik at dei uroa nattesvevnen til gjestane.

Spisesalen den gongen var den store stimkjelen, ein trebenk og to store gassplater med behaldar som me steikte kotelettar på. Der åt me og der tørka me klede. Klokka ni, etter at me hadde sendt kjøt med Albert eller Samuel på Kvinaruta, var ein av oss ute og kjøpte ferskt brød. Så var me oppe i butikken og henta pålegg, agurk og majones. Og så var det pølse i tillegg.

Me vaska kleda etter tur, og fekk tretti kroner for ein vaskemånad. Etter tre månadar fekk me nitti kroner. Eg jobba saman med onklane mine Gunnar og Steinar, som arbeidde på deltid. Elles var det Jens Haugland, Jakob Rafoss, Fast tilsette då var Olav Lauvås, Jørgen Narvestad og Jan Alf Reiersen. I butikken var det Ingrid Lien, Tonette Åmot, Grete Jerstad og Dagny Amundsen som arbeidde. På kontoret sat Henrik Bakke og Olav Tønnessen. Dyrlegar eg minnest var Øystein Hortemo, Rømcke (deltid) og Gunnar Johannesen.

Me vaska kleda etter tur, og fekk tretti kroner for ein vaskemånad.

Når det var tilstellingar av ulike slag fekk Kristen alltid Kåre Edvardsen til å spela på trekkspel. Det var populært blant alle.

SOLVEIG og Kristen fekk dei to sønene Magne, født i 1947 og Alf, født i 1948. Begge begynte tidleg å opphalda seg i slakteriet saman med Kristen. Etter som tida gjekk og dei blei eldre begynte dei å vera med på dei ulike oppgåvene. Magne blei tilsett i 1961 gjekk av i 2008.

Alf, som har fortald meg historia om faren sin, Kristen, blei tilsett i 1963.og gjekk av i 2002. Til saman var Kristen og dei to sønene tilsett i 138 år innan slaktaryrket.

Fyrste sjefen Alf hadde var Leif Egeland. Han var ein grei sjef, var alltid i godt humør. Til vanleg hadde han veging av slaktet. Han arbeidde til vanleg på kontoret, men var også med på dei andre oppgåvene. Han var godt likt av alle.

I 1963, same året som eg blei fast tilsett, slutta Nico med å slakta. Han kjøpte kjøtet sitt hos oss. Me drog kjøtet på ei dragkjerre bort til Nico. Det hende av og til at skrottane datt av kjerra, men då var det bare å ta dei opp att og så gå vidare bort til Nico! Nico dreiv framleis med grisar, og me var tidt ute på Monan og henta grisar som skulle slaktast hos oss.

Eg tente tjuefem kroner i veka då eg begynte i jobb. I 1973 var årsløna 17.300 kroner for alle dei tilsette. Etter kvart svikta helsa, og i 2002 måtte eg slutta.

12. JULI 1969 opna det nye slakteriet i Faret med sin fyrste slaktedag, på fødselsdagen til Alf. Kristen slei veldig med det nye transportbandet, Han sa at det aldri skulle hatt kjørt på med full slakting på innkjøringsdagen. Han var veldig trøytt den kvelden.

Butikken i Neset heldt på nokre år etter til 1974 då MM tok over.

DET ER STRENGE REGLAR for naudslakt. Direktoratet for arbeidstilsynet har denne definisjonen:

Nødslakting er en tjeneste som drives av slakteribransjen mot betaling. Tjenesten består i at gårdbrukere, som har syke eller skadde dyr, kan rekvirere avliving av dyret på gården som alternativ til ordinær inntransport til slakteri. Nødslakting kan bare benyttes for slaktedyr som av dyrevernmessige årsaker ikke kan fraktes levende til slakteriet.

Det er likeeins strenge krav til dyrevernet ved naudslakting : Det sjuke eller skadde dyret må ikkje stressast eller drivast unødig i samanheng med avlivinga.

De må leggje vesentleg vekt på omsyn til dyrevern ved nødslakting av sjuke og skadde dyr.

Om skadane eller sjukdommen til dyret gjer at det av omsyn til dyrevern ikkje kan flyttast før avliving, må de avlive dyret direkte på den staden det står eller ligg.

Eg køyrde naudslakt i om lag 30 år i heile Vest-Agder og delar av Rogaland. Etter at eg slutta som slaktar i 2002 begynte eg som avløysar for Kåre Westerhus. I 2004 begynte eg å køyre naudslakt som avløysar for Reidar Vatland. Dette heldt eg på med til 2008.

50 ÅR I SLAKT: Denne overskrifta stod i Fædrelandsvennen 22. desember 1981. Teksta som fylgde var denne:

Det vart ein ekstra spiss påjuleavslutninga for dei tilsette ved Agro i Kvinesdal måndag. Ein av veteranane ved slakteriet, Kristen M. Faret, fekk Selskapet for Norges Vels medalje for lang og tru teneste. Dessutan fekk han gullklokke frå Agro.

Kristen M. Faretr har svinga slaktekniven i nærare eit halvt hundre år. Som tiåring starta han i det små hos slaktar Andreas Aase, og i 14-års alderen begynte han som læregut. Han fylgde med då Andreas Aase slutta og Kvinesdal og Fjotland Samslakteri vart stifta i 1949, gjekk inn i Agder Samslakteri i 1953 og Agro Fellesslakteri i 1979.

Faret er kjent som ein pliktoppfyllande slaktar, ein fagmann av beste slag. Før laut han ta seg av alt frå dyret kom inn til det låg ferdig partert. Nå er det fleire som har spesielle oppgåver, men Faret er like stø på alle ledd. Han er også godt kjent i distriktet då han ofte er med slaktebilen og kjører inn.

Det var direktør Bjarne Stephanson i Agro som stod for overleveringa av medalja. Ogsa styreformann Aadne Sandnestakka Faret for stor dugleik. Med slike folk får slakteriet godt rykte. For Kristen M. Faret betyr ikkje medalje anna enn ein milepel. Over nyttår svingar 60-åringen atter kniven ved Agro i Kvinesdal.

Kristen blei pensjonist i mai 1984. Han døydde 26. desember 2001.

DÅ KRISTEN fanga «Det borende X»:

«Det borende x» tatt i Kvinesdal. / Dramatisk jakt på «det borrende X» i Kvinesdal / «Det borende X» tatt på Liknes

Denne overskrifta var å finne i lokalavisane for Flekkefjordsdistriktet, Avisen Agder og Flekkefjordsposten, og dessutan Fædrelandsvennen. Hendinga skjedde 4. september 1961:

Avisane skildrar hendinga på ulike måtar, så eg har saksa litt frå kvar av dei for å få med mest mogeleg av «dramatikken»:

Den landskjende forbrytaren, ein 63 år gamal bergensar som går under namnet «Det borende X», har vore på ferde i Kvinesdal. Det vare bare ei snar oppfatning av situasjonen rådsnart inngrep av Solveig og Kristen Faret som hindra eit større innbrot.

I tillegg til å vera slaktar er også Kristen Faret vaktmeister på Agder Samslakteri. Forsøket på innbrot skjedde natt til måndag den 4. september, klokka tre om natta. Dei låg og sov i andre etasje då Solveig blei vekt av at ho høyrde støy. Ho kikka ut av soveromvindauget i andre etasje, men kunne ikkje sjå noko galt.Så ho la seg att. Litt etter høyrde ho ein lyd på ny. Då ho då kikka ut av vidauget såg ho ein mann som heldt på med å bryta seg inn gjennom vindauget til forretninga som ligg rett under soveromet. . Ho vekte Kristen, og han fekk i ein fart på seg eit par bukser og styrta ut.

Innbrotstjuven, som akkurat skulle klatra inn vindauget, høyrde Kristen Faret kome og røymde avgarde.. Det blei eit vilt kappløp. Borte ved kiosken vart brått tjuven borte vekk, som søkkt i jorda. Kristen stilte seg opp på lur og stod musestille. Etter ei lita stund høyrde han at det krasla bak ein busk. Han skunda seg bort, greip fatt i tjuven og sa han fekk fylgja med. Det gjorde han, han var grei sånn. Tjuven blei med opp på kjøkenet der Kristen heldt vakt medan Solveig ringde til lensmannen. Han gjorde eit mislukka førsøk på å bli åleine med Solveig, ettersom han bad Kristen gå ned på kontoret for å sjå etter om noko hadde forsvunne. Men den beit ikkje Kristen på. Etter kvar kom to lensmannsbetjentar. Dei arresterte mannen og førte han til politikammeret i Flekkefjord der han blei tatt i forhøyr. «Det borende X» er velkjent i annalane til politiet. I heile sitt vaksne liv har han vandra ut og inn av ulike fengsel. Sist slapp han ut av Botsfengslet den 14. april etter fem års sikring.

PÅGRIPINGA: Alf Faret, dåverande lensmannsbetjent, fortel: Det var midt på natta då Kristen Faret rinde meg og sa at han hadde fanga ein mann som prøvde å gjere innbrot i kjøtbutikken til samslakteriet. Han hadde tatt mannen med seg heim, og nå sat han på kjøkenet og vakta på fangen. Kristen var jo ein kraftkar, så han hadde ingen problem med å halda på fangen. Eg ringde til Sigvald Rob og sa han måtte bli med meg.

Då Sigvald og eg kom opp på kjøkenet til Solveig og Kristen, sat han der heilt roleg. Han oppførte seg veldig greitt. Han var i grunnen ein gentleman. Han gjorde aldri noko teikn til vald. Me hadde ikkje bruk for å leggje han i jern. Det var Sigvald og eg som førte han til arresten i Flekkefjord i bilen min. Me greidde oss alltid sjølv, og hadde ikkje bruk for hjelp frå andre.

Det bevismaterialet som me fant, hadde me med oss til Flekkefjord. Det var hanskar, borvinde og bor. Då rettssaka kom var eg til stades, fyrst i heradsretten, og sidan, då dommen blei anka, i lagmannsretten. Men eg minnest ikkje kva dom han fekk.

RETTSSAKA: Måndag 9. oktober 1961 stod «Det borende X» for retten i Flekkefjord for å svara for handlingane sine då han blei tatt på fersk gjerning ved forsøk på innbrot på Samslakteriet. Han blånekta for alle påstandar om innbrot og sa han ikkje hadde andre førmål enn å gjera «sitt fornødne». Han kjende heller ikkje noko til borvinda som blei funnen rett i nærleiken, men vedgjekk at det var han som eigde hansken som blei funnen.

Aktor, politiadjutant Friele meinte at det var så mange indisium som låg føre at det var nok til å fella han. Han la ned påstand om 90 dagar fengsel. Forsvararen, overrettsakførar Kristian Andersen hevda på side at grunnlaget for prov var så dårleg at han kravde full frifinning for klienten sin.

DOMMEN: Den 10. oktober 1961 blei det i Flekkefjord herredsrett avsagt ein dom på 90 dagar fengsel, (med frå drag av dei 37 dagane han hadde sete i varetekt), for forsøk på nnbrot på Agder Samslakteri.

MINNE etter Kristen Faret:

Asbjørn Londal:

Kristen Faret kjende eg frå 1948. Det var det året eg gjekk og las. Under konfirmantførebuinga var eg innom slakteriet og blei etter kvart kjend med Kristen. Og så såg eg han jo då han var ute og jakta i traktene rundt Båstøl. Han arbeidde jo for Andreas Aase som eigde i Båstøl og eg var mange gonger med dei to på jakt. Og du veit, Kristen hadde alltid noko godt i sekken, og det var stas. Så det minnest eg godt den dag i dag. Seinare då eg begynte som slaktar arbeidde eg ein del saman med Kristen.

«Nå gjenge det godt», sa Kristen, «Nå slakte mi tredve lam i timen deg og meg!». Då stod han med klokka og såg kor mykje me greidde i timen.

Kristen, som hadde fylgd med i slakteriet frå han var ein smågut, var ein god pølsemakar. Middagspølse, blodpudding og alle dei andre kjøtprodukta var han ein mester i å laga. Når Olav Lauvås trengde hjelp kom Leif Egeland ohg spurde Kristen om han kunne gi Olav ei hand. Eg meiner Kristen var beste saueslaktaren på Sørlandet. Hn var tøff på sau! Han var «kul å fya.» Så var det ein annan ting med Kristen: Når kvelden kom skulle alt vere reint. Han var så «nøden» på feiing, spyling og rydding. Alt skulle vere klart til neste dag. Alt.måtte gjerast grundig, slik at det ikkje fanst restar etter dagens slakting. Når me var ferdig for dagen med slaktinga, så var me med og hjalp til med ryddinga.

Men etter at me hadde gått heim for dagen var kristen der og såg etter. Var det ein flekk att, skrubba Kristen han bort. Det var ein av eigenskapane han hadde.

Den gongen hadde me ikkje Mattilsynet, men om dei hadde vore til då ville dei ikkje ha funne noko å kritisera der Kristen hadde ordna opp. «Speak and span», som. dei seier i Amerika. Det same såg me når me var på jakt i Tonåsen. Han slengde aldri trøya frå seg. Han hengde ho fint opp.

Kristen var ein «altmulingmann». Var det lite slakting køyde han rundt med slaktebilen og henta slakt.

Kristen budde jo på same staden som han arbeidde, så han hadde kort arbeidsveg.

DET HENDE meir enn ein gong at det var sinna stutar i slaktebilen som det var uråd å få ut på vanleg måte. Då trødde Kristen til. Han gjekk opp i andre etasje og henta hagla. Så gjekk han opp på slaktebiltaket og skaut stuten i hovudet derifrå. Det hende også fleire gonger inne i slakteriet at Kristen måtte hente hagla for å få avliva ein sinna stut.

Eg har også ei anna historie om Kristen. Det var ein gutunge frå Neset i tolvåralderen som mange gonger i veka stod i døropninga på slakteriet og egla,og så sprang han. I grunnen blei me lei av dette, og Kristen hadde etter kvart fått nok av gutungen. Under springen i slakteriet stod det ei svær treynne som me brukte til å skylje vemmer og lungar i. Dessutan brukte me å i vaka nevane der. Det vatnet var så «drede» som det kunne vere og bli. Så var det ein dag Kristen såg at guten kom. Han lurte seg ut og kom inn på guten bakanfrå. Så tok Kristen guten under armen og inn i slakteriet med han.og bort til tynna. Så lyfte han guten opp og dukka hovudet hans ned i tynna med beina opp.Heldt han unna der, tok han opp og dukka han under att. Det gjorde han fleire gonger. Guten kom aldri tilbake, men han lever den dag i dag.

EIGNE MINNE: Under krigen hadde far min både høns og gris i kjellaren. Langs gjerdet mot Rafoss Hotell hadde han kaninar. Om våren kjøpte han ein grisunge hos Andreas Aase, og så blei han feita opp, slik at han var passeleg til å bli julemat. Eg minnest særleg den eine grisen som heitte Trulte. Han var «stu vill». Når nokon opna kjellardøra sette han i med ville velkomstgryl og sprang på veggane. Aller villast var han når mor kom med skrellingane han fekk til grisemat.

Var det tyskararar inne på posthuset blei det gitt beskjed før ein gjekk ned i kjellaren til Trulte. Då subba dei med beina på golvet inne i kontoret, slik at tyskarane ikkje skulle høyre gryla.

Då tida var komen blei det send bod på Kristen, som slakta grisen. Så parterte han griseskrotten slik mor ynskte det. Det blei steik, kotelettar, persesylte, kompefleskk og mykje anna godt. Eg minnest framleis då persesylta blei laga. Det enda på høvelbenken, der råstoffet blei lagt i ei form. Så var det å perse som best ein kunne. Eg fekk lov til å vri sveiven på høvelbenken til mor sa stopp. Mor hadde også ein enorm jobb med å hermetisere og salte alt kjøtet som ikkje skulle brukast til jul. Det gjekk ufatteleg mange timar med til slikt den gongen, før frysen kom.

Elles minnest eg Kristen som ein himlande grei kar. Eg var jo ikkje stor karen då eg begynte å gå dei to husa bort til slakteriet hos Andreas Aase, og der var Kristen og alle dei andre. Kristen klappa meg på hovudet, og han sa frå kva eg kunne gjere. Det var aldri eit vondt ord å høyre frå han dersom eg gjorde det eg hadde fått lov til. Kristen var sterk som ein bjørn, men han misbrukte ikkje kreftene sine. Han var ein hedersmann!