Då eg vaks opp var det tre slaktarar i Neset. I husrekka der eg budde, mot åna, var det Andreas Aase og Nicolai Nilsen som hadde slakteri og slaktarbutikk. I den andre husrekka, mot Fjotlandsgata, og lenger mot Lunden, var det Magne Dahlin som hadde slaktarbutikken sin. Han leigde butikklokale på venstre side mot Nesgata, i huset til Oluf Egeland. På høgre sida hadde dottera til Oluf, Bergit, klesbutikken sin. Slaktinga gjekk også føre seg der, men sidan slakta han på Monan, der Oluf Egeland hadde gard.

EG VAR IKKJE GAMLE karen før eg begynte å interessera meg for slakting. Andreas Aase, som seinare blei til Samslakteriet, heldt til bare to hus frå oss, Posthuset i Neset. Den fyrste tida såg eg berre på det som gjekk føre seg. Seinare, då eg blei litt eldre, fekk eg ta del i ein god del av slakteprosessen. For mindre slaktedyr fekk eg lov å tre tauet, som var festa rundt halsen igjennom ein ring på golvet, og dra til hovudet kom heilt ned til betongen, slik at slaktaren kunne slå. Det hende at dyret stritta så imot at nokon måtte skubba det bak for at det skulle koma nære nok ringen. Når så slaktaren hadde stukke og tappa blodet, kunne eg piska det. Dersom mor hadde bruk for blod, fekk eg med meg ei spann heimanfrå til å ha det oppi. Av blodet laga mor blodkomper eller blodpudding. Framleis minnest eg kor godt det smakte. Sukker, tytebær og godt smør høyrde med. Til drikke var det surmjølk. Dersom det blei att restar, fekk me steikt blodkompe eller blodpudding i skiver ein dag eller to etterpå.. Det var himlande godt!

Elles fekk eg nokre gonger lov til flå skinnet av småslakt. Men, eg fekk grei bekjed at dersom eg skar hol i skinnet måtte eg betala for det. Giss om eg var forsiktig! Eg var også med på å leggja skinna i dei store kara. Eit lag med grovt salt blei fyrst strødd utover. Så blei ei blei skinnet lagt med lagt med hårsida oppi. Skinna blei sende til garveri i Kristiansand.

Nils Tor Nilsen. Foto: Privat

NÅR DET GJALDT GRISEN var eg ikkje med på sjølve slaktinga. Derimot fekk eg lov til å «skolla» grisane, det var å skrape av busta. Så trakk eg av klauvene. Elles hadde eg fri tilgang til «grisebløra». Når ho blei frigjort frå resten av mageinnhaldet, var det å pressa ut det som var av væske. Deretter var det å knyta føre den eine av opningane. Så bles me for harde livet, slik at bløra blei full av luft. Når det ikkje var råd å få inn meir luft blei hyssingen stramma til så godt ein kunne. Dermed kunne me «spenna fotball». Og det var aldri vanskeleg å få tak i ein ny når den gamle fotballen anda ut. Men, dei var seige som troll, så dei heldt ei god stund.

Dei tarmane som skulle nyttast til pølseproduksjonen var eg med på å rense. Dei andre gjekk til grisefòr eller revefòr.

FLEIRE GONGER greidde slaktedyr å stikka av, og det blei mykje liv og lått i Neset då. Slaktarar, så vel som andre, tok del i jakta på rømlingane. Til slutt blei dei alltid fanga og måtte gå «den tunge gang» til slaktestaden.

Eg var så «gira» på slakting at ein gong mor var på veg til handelslaget med handleveska si, fekk eg den glupe ideen at me skulle slakta. Syster mi Tove var truleg på skulen, slik at det var bror min Karl Fredrik (1941), «Bassen» (Nils Tor Nilsen) (1942) og eg (1938) som var att heime og leika i spisestova. Eg gjekk ut på kjøkkenet og fant ei «jorplestampa» og ein kniv. Så gjekk eg ned i kjellaren og fant ein passeleg taustump.

I hjørnet mot kjøkkenet stod det ein kombinert ved- og koksomn, av dei med eit stort støypejarnslok på toppen. Ein flott messingknott trona øvst oppe. Han blei brukt når loket skulle av. Under loket var det ringar. Der blei gryta sett oppå når noko skulle kokast. På sida av omnen stod vedkorga og kokspøsen.

Eg valde meg sjølv som slaktar, ettersom eg hadde røynsla. Dei to andre som var yngre enn meg skulle slaktast. Eg hadde instruert nøye om korleis dei skulle reagera.

Eg valde meg sjølv som slaktar, ettersom eg hadde røynsla. Dei to andre som var yngre enn meg skulle slaktast.

Bror min måtte først til pers. Eg festa eine enden av av tauet til messinknotten og den andre rundt halsen. Så slo eg han forsiktig i hovudet med «jorplestampa», og han datt rett ned attmed omnen, etter oppskrifta. Deretter stakk eg han på liksom med kniven, og han «spratla» noko grassat i krampetrekningar. Rein seksar for framførina, spør du meg. Så var det «Bassen» som skulle slaktast. Han greidde fallet framifrå, så det stod bare att å stikka han. Det eg ikkje hadde lagt merke til var at tauet var litt stramt, ettersom han måtte ramla på utsida av bror min. Då eg stakk, han gav han heile seg i krampetrekningane. Han rykka til med hovudet slik at heile støypejarnsloket fauk av toppen og hamna bare nokre millimeter frå hovudet hans. Det blei ei søkke i «inlaiden», men den greidde eg å dekkje over med vedkorga. Om mor oppdaga det veit eg ikkje, men ein ting er sikkert: Det var første og siste gongen eg dreiv med heimeslakting.

Karl Fredrik og Jan Helge 1950. Foto: Privat

ELLES var eg med og henta slakt Det var helst opp Austerdalen og ned att Vesterdalen eg var med i slaketbilen til både Andreas Aase og Nicolai Nilsen. Når Leif Egeland var sjåfør var det eit fast ritual: Då hadde eg allstøtt med meg ein pose med «Kongen–av- Danmark» i lomma. Når me var komne halvvegs i Sandbrodet retta han ut neven, med handflata, opp og sa: «Legg i loven, legg i loven. La ikkje småfuglane døy». Då var det å finna fram dropsposen og leggje to drops i neven.

Eg hadde fast jobb med å opna opp og late att leda, og det var det i sanning mange av den gongen. Så måtte eg også vri rompa på slaktedyret dersom det ikkje frivillig gjekk opp lemmen bak på slaktebilen.

Eg minnest at det var fast regelå blåsa med bilhornet føre svingane, slik at møtande trafikk skulle vera merksam på at me kom.

DET VAR MANGE episodar som oppstod. Eg minnest ein oppe i Fjotland. Det var midt på vinteren, og svært glatt. Så var det ein stad me skulle opp ein bratt og isete bakke for å henta ein gris. Det var heilt uråd å koma opp, så slaktebilen blei ståande i botnen av bakken. Men, bonden visste råd. Han dro grisen fram til bakketoppen og skubba kan utfor. Om det var av fryd eller redsle skal vera uvisst, men det var nokre praktfulle gryl grisen utstøytte på den korte ferda ned til slaktebilen, der me tok imot han.

Ein gong hadde eg vore med Bendik Endresen hos Nico og henta slakt i Auster- og Vesterdalen. Då me kom inn bakgarden hos Nico skulle slaktedyra ut av slaktebilen. Bendik gjekk ut på si side og eg på passasjersida. Han hadde først vore over på høgre sida av lemmen og opna handtaket. Så var han over på si side og opna der. Akkurat i det lemmen datt nedover hadde eg kome for lang bak, så lemmen «snørta» panna over høgre augeloket. Eg gjekk i kne, og Bendik blei «liva redd». Men det gjekk godt. Rett nok fekk eg ein sabla blåveis, som eg hadde frykteleg lenge, men elles «naua» eg ingen ting.

Slaktekrokar. Foto: Johannes Hamre

DET BLEI MANGE turar eg fekk vere med på. Dei fleste hadde eg med Leif Egeland, Bendik Endresen, Kristen Faret og Jørgen Narvestad.

Nå, seksti år etter at eg opplevde alt dette, tenkte eg det måtte vere moro å skrive om det som ein gong var ein del av oppveksten min i Neset. Dei tre slaktarane i Neset er borte for mange år sidan, men minna etter dei er framleis levande.

DÅ EG i 2006 og 2007 var rundt om i Kvinesdal og intervjua eldre folk om storflaumen i 1929, nytta eg høvet til å få dei til å fortelja om heimeslakting og juletradisjonar den gongen. Det gav mange fine resultat.

Elles var eg spent på korleis eg ville bli tatt imot, når eg kom med spørsmål om å få lov til å koma på besøk. Alle som ein eg tok kontakt med svara ja.

I 2008 fekk eg Bjørg Aase Rødland, Jan Aage Nilsen og Axel Johan Dahlin til å fortelje om faren sin.  Det neste var å få dei som hadde vore slaktar hos ein av desse tre, eller etterkomarartil desse, til å fortelje. Også dette blei det svarte ja til. Asbørn Londal og Leif Egeland fortalde om si tid som slaktar. Alf O. Nilsen har fortald om faren sin, Olav Nilsen, eller Olav Lauås på folkemunne. Bjørn Åge Endresen har fortald om far sin Bendik Kåre Røyseland har fortald om far sin, Johan. Alf K. Faret har fortald om faren sin, Kristen M. Faret. Axel Johan Dahlin har fortald om faren sin Magne Dahlin.

Så har eg intervjua Øystein Hortemo, som var den fyrste dyrlegen i Kvinesdal. Martin Fjeld har fortald om avlsoksar og elles kva han har opplevd. Sigmund Oksefjell var den fyrste inseminatøren i Kvinesdal skal fortelja om dette.. Dessutan har eg intervjua mange rundt om på gardane om heimeslakting. Elles er det ein god del som har fortald meg kva dei minnest om dei tre slaktarane i Neset.

EG HAR FÅTT mange rike opplevingar under alle desse samtalane mine.

Når eg skal skrive om kvar av dei som dreiv slaktarbutikk i Neset, fell det naturleg å starta opp i Flekkefjord. Det var nemleg her at dei tre slaktarane i Neset gjekk i lære, hos A.S. Svindland. Eg var så heldig å få ein samtale med Kjell Svindland. Han gav ei levande skildring om forhistoria og historia til A. S. Svindland som faren Alvik Ståle Svindland starta i 1907.

Historien om A. S. Svindland publiseres neste lørdag.

Red.