Eit velkjent namn i Kvinesdal 60 år attende i tid. Nokre vil kanskje framleis hugse han som markant raudrussformann i Kvinesdal i 1949. Fleire vil nok heller tenkje på hans bragder på idrettsarenaer i Kvinesdal og Sørlandet, med kretsmeisterskap i mangekamp og sørlandsmeisterskap på mellomdistansar. Seinare hevda han seg heilt i toppen på landsnivå.

JAKOB HADDE sine barneår i Kviteseid, der farfaren, Jakob Naadland d.e, var styrar på Telemark folkehøgskule, og der også far hans var lærar. Då okkupasjonsmakta og nazistyresmaktene tok over skulen og gjorde den til frontkjemparskule, flytte familien til Iveland. I 1946 kom Sørlandets gymnas og realskule til Kvinesdal, og her vart det alt hausten 1947 starta eige idrettslag. Jakob hadde vore aktiv i idrettslaget i Iveland då han kom til Kvinesdal for å gå gymnaset, og han fann seg snart godt til rettes i idrettsmiljøet innan laget og elles i bygda.

Etter lærarutdanning og ein kortare bolk som lærar i Vest-Telemark, blei Jakob frå 1955 tilsett som øvingslærar ved Sagene skole i Oslo, og etter kvart med delt stilling som lektor i folkeskolen/ Sagene off. lærerhøgskole. Her blir han snart sentral innan kroppsøvingsseksjonen. 1956 er toppåret hans som aktiv idrettsmann. Då presterer han 4 personlege rekordar, med tida 52,7 på 400 m og 60,7 på 400 m hekk. På 800 m får han notert 1,57,6 og på 1500 m tida 4,06,0. Han held fram i mange år som deltakar på BULs vinnarlag i Holmenkollstafetten, men engasjerer seg også administrativt innan BUL, og han er formann i BUL's friidrettsgruppe i åra 1957-63.

Trening? Fotballkamp? Stafett? Uvisst, men i alle fall frå «Monan Stadion» i Kvinesdal, og elles med ei blanding av idrettsungdom frå Kvinesdal og Sørlandets Gymnas og realskole. Jakob W. Naadland er nr. 4 frå v. i bakre rekke, og elles vil nok mange draga kjensel på kvindølane Ansgar Norås (nr. 7 i bakre rekke), Einar Rosendal (nr. 3 i fremste rekke) og Asbjørn Aase (nr. 6 i fremste rekke). Og attmed Asbjørn, kan det vere andre enn Viggo Tønnessen? Elles ser vi skuleelevane Ribe (nr. 1 frå v. i bakre rekke), Greibrokk (nr. 2), deretter ein ukjent. Til høgre for Naadland, som nr. 5 frå v., ein flink fotballspelar frå Vestfold. Han lyt vere namnlaus, til liks med dei 2 som flankerer Ansgar og dei ikkje namngjevne i fremste rekke. Foto: Privat

SOM FAGMANN m.o.t. kroppsøving og fysisk fostring vart Jakob Naadland etter kvart ein etterspurd kapasitet. Han deltok på seminar og kongressar i heile Norden. Han skreiv kronikkar, og saman med andre fleire bøker, t.d. Heggemsnes, Arne og Jakob Naadland: «Barn – snø – trivsel» (Cappelen 1973) og Brovold, Jens og Jakob Naadland: «Aksjon friminutt» (Landsrådet fysisk fostring 1974).

I krinsen rundt Jakob Naadland blei det på slutten av 1960-talet dreve mykje nybrotsarbeid ved Sagene off. lærerskole. Her var ein m.a. anna opptekne av å tone ned konkurranseelementet, og i dette miljøet voks begrepet «aktivitetsdag» fram.

Aktivitetsdagen, som alternativ til «idrettsdag», skulle ha eit vesentleg anna innhald. I løpet av kort tid fikk denne måten å tenkje idrettsdag på stor utbreiing, og i Mønsterplanen frå 1974 nedfelte mykje av dette seg. Aktivitetsdagane skulle etter planen først og fremst vere prega av stor aktivitet. Elevane skulle kunne velja mellom fleire aktivitetar tilpassa den enkelte elev. Trivsel og «eleven i sentrum» blei viktige nøkkelord.

17. mai 1949: Folk strøymer ut frå kyrkja, og her må vel alt som fanst av buss- og transportkapasitet vere på plass for å frakte folk heim. Foto: Jakob Naadland

KROPPSØVINGSSEKSJONEN ved Sagene off. lærerhøgskole deltok ivrig og ofte polemisk i debatt i ulike media, og temaet var ikkje sjeldan at konkurranseidretten ikkje skulle vere førande for arbeidet med kroppsøving i skulen. Såleis heiter det i historia til Sagene off. lærerhøgskole: «Vi kan forstå at uttalelser som at «Dagens idrett er ei landeplage, barnefiendtleg og til for si eiga skuld» fra en som selv hadde vært en habil idrettsutøver på landsplan, kunne provosere.» Det var Jakob Naadland som hevda dette under eit drøftingsmøte på Seljord Folkehøgskule i 1979. Då kan det kanskje vere på sin plass å understreke til slutt at den same Jakob heile si tid var ein varm talsmann for fysisk aktivitet i skulen og kvardagen.

Jakob Naadland var også hobbyfotograf. For nokre år sidan fekk Kvinesdal Historielag skanna inn og digitalisert 80-90 bilete frå to album han hadde frå tida som skuleelev i Kvinesdal. Nokre av desse bileta vart nytta i artikkelen om Sørlandets Gymnas og realskole (Årsskriftet for Kvinesdal Historielag 2007).

Denne artikkelen ble første gang publisert i Kvinesdal Historielags årbok for 2010.

Hornmusikken med Magne Egeland (t.v.) og Arvid Øyumshaugen i spissen fotografert 17. mai 1949. Bak Magne ser vi Ove Aamodt. Bak Arvid kjem John Pedersen, deretter Alv Risnes, ein ukjent, Torvald Faret (med hatt) og Rolf Ekeli. Kvinesdal skyttarlag har teke oppstilling bak hornmusikken. Foto: Jakob Naadland