I Kvinesdal historielags Årsskrift for 2010 har Anstein Dyrli Lohndal ein artikkel han kalla «Landhandlarar og handleturar i 1930 –åra. Nokre minneblinkar frå unge år».

Der skreiv han dette om ei generalforsamling i Øye Handelslag: «Med fullsett sal tok så årsmøtet til. Møtedirigent var formannen i styret, Hans Nilsen Rob – i daglegtale kalla «Hans hos Nils i Myra».

NILS I MYRA var min morfar. Då eg las artikkelen til Anstein Dyrli Lohndal, tenkte eg på ein omtale eg hadde skrive om morfar.

Denne omtalen av bestefar gir ikkje det heile bildet av han. Men bakgrunnen for at eg sette meg ned for å skriva noen ord, var at då eg var i tante Birgith Kjørkleivs 91 årsdag den 26. september 2009, møtte eg søskenbarna mine Sverre Kjørkleiv (son til Birgith) og Nils Hansen (son til onkel Hans Nilsen, eldste son til Nils. ). Alle tre er slektsinteresserte og utveksla informasjon om det me visste om slekta vår.

Arnold Omland Foto: Torrey Enoksen

På loftet på Rob hadde Sverre liggande ein plastpose full av gamle papir som hadde lege der etter bestefar Nils. Han spurde om eg ville ta dei med og sjå igjennom dei - om det var noe av interesse. Det gjorde eg og sat faktisk oppe til langt på natta og bladde igjennom det som låg i plastposen.

Mye var kvitteringar og gamle regningar. Men det låg også ein del igjen etter far hans, Hans Danielsen. Det var ein del gamle koppeattestar frå tidleg på 1800-talet. Dei var skrivne på gotisk, og eg hadde vanskeleg å forstå det som stod der. Men innimellom fann eg ein del papirer som gav meg ny kunnskap om bestefar og den tida han levde i. Og mens eg hadde det friskt i minnet, sette eg meg ned søndag den 27. september 2009 og skreiv dette stykket. Saman med det eg minnest mor mi Thelma fortalte, har eg prøvd å sette saman informasjon som gir eit bilde av han, og ikkje minst av den tida han levde i. Eg synes det er interessant å prøve å få eit bilde av Kvinesdal i den perioden, sett gjennom omtalen av bestefar.

EG HAR IKKJE noe særleg minne etter bestefar. Han døydde den 15. februar i 1949. Då var eg litt over fire år. Bestemor mi Anne Birgitte døydde akkurat ein måned seinare, den 15. mars. Eg har eit svakt minne frå ein av begravelsane. Og eg har eit svakt minne etter bestefar då han sat i kammerset med symaskinen han brukte å reparere sko med.

Han hadde skomakerverksted i kammerset.

Ånen Årli skriv i bygdeboka at Nils var av Salve – slekta på Øye. Slekta kom frå Åmodt og kan følgjast mange slektsledd tilbake der. Det var faren, Hans Danielsen, som flytta til Øye. Han hadde gard tvers over vegen for Øye skule, der byggefeltet er. Denne garden heitte Myra. Det er av den grunn at bestefar blei kalt Nils i Myra, etter heimplassen han voks opp på.

Årli skriv i bygdeboka at Hans Danielsen var kjend for å vera gløgg og alltid i stand til å finna ein utveg, og i boka fortel han om ein episode der Hans og ein annan mann frå Øye dreiv på med å dra inn nota på eit berg nedafor Hangeland i Feda. Det kom til ei kone som var namngjeten i Feda for argskapen sin. Ho nekta dei å dra nota på hennar berg. «Denne kona er galen», sa Hans, me lyt ta og binda henne». Men då rømde kona.

Hans var son til Daniel Larsen på Åmodt og Anne Kristine frå Øvre Egeland. Ho var datter til lensmann Hansen på Øvre Egeland.

MORFAR NILS blei født den 24.desember i 1868. Han var midt i rekka av 6 barn. Han hadde ei halvsøster frå faren sitt første ekteskap. I papira fant eg fleire brev frå søskena hans. Eldste broren Daniel var sjømann. Han kom ut for ein fæl storm og holdt på å forlise. Han fekk retta opp skuta, men fekk varig skade og døydde ei tid etter. Frå broren Kristian fant eg fleire brev frå Amerika. Han kalla seg Chris Hansen og budde i Chinook i staten Washington. Å dømme etter breva dreiv han med oppdrett av skalldyr, skjell. Han var gift med ei jente frå Kvinesdal, Oline Faret. Men eg trur aldri at dei var heime i Kvinesdal noen gang. Eg veit ikkje når han døydde og om kven familien etter han er i Amerika. Men eg fant brev som var skrive etter krigen der han skriv at han er glad for at dei heime hadde kome gjennom krigen. Sjølv hadde han ein son som hadde vore med i krigen. Hans Andreas var også i Amerika. Han kalla seg Andrew, og i eit brev frå 1934 fortel han at det står dårlig til med han. Han har vore sjuk lenge og det finnest ikkje arbeid. Kona hans hadde også blitt sjuk. Dei kom aldri tilbake til Norge, og eg veit ikkje om det er slektningar etter dei i Amerika.

Nils hadde to søsken som blei verande igjen i Norge. Ingeborg var den einaste søstera hans. Ho gifta seg til Håland i Lyngdal. Dei flytta seinare til sentrum i Lyngdal og har ei stor slekt etter seg der. Ho døydde i 1968 og blei 104 år gammal. Ho var klar til det siste, og mor mi besøkte henne ofte. Ho hadde eit spesielt forhold til henne, for det året mor mi blei konfirmert, var ho på Håland og hjelpte til med slåttonna og ungepass. Mor mi fortalte ofte at ho og faren gjekk frå Øye til Håland. Då rodde dei frå Rob til Gusevika og gjekk til fots opp Gusedalen til Håland. Mor mi kalla alltid Ingeborg faster Ingeborg. Dei brukte ordet faster i plassen for tante. Blant papira låg eit brev frå Ingeborg til broren Nils. Det var skrive ei stund før han døydde. Han var då på sjukehuset. Brevet vitnar om ei kjærleg søsters omtanke for han. Det er omtrent som ein preken der ho skriv at ho er glad for at han har Jesus som sin Frelsar og må halde ut i trua. Brevet fortel derfor noe om Ingeborg, men også om den tids omsorg for at deira næraste ikkje skulle gå fortapt.

FARBROR MATHIAS som mor mi kalla han, var Nils sin einaste bror som var igjen i Norge. Han fekk ein del av garden etter bestefaren på Åmodt og budde der. Han var far til Hans Åmodt som eg minnest som rutebilsjåfør. Dei hadde garden der Vollan Bo- og behandlingenhet ligg. Eg minnest at då Vollan skulle byggjast, forhandla eg med Hans om å selja tomt til kommunen. Kona til Hans bur pr. i dag (27.09.09) fortsatt i det huset Mathias og Ida budde i. Eg var ofte på besøk hos Mathias og Ida i min barndom. Då var me ungane innom sementstøyperiet som Mathias og onkel Hans hadde. Seinare selde dei støyperiet til Albert Åmodt. Det er sementstein derifrå som er på grunnmuren på huset på Omland.

Nils Hansen med rester etter «bombinga» i Lervik. Foto: Johannes Hamre

Nils kjøpte garden på Rob på auksjon i 1901. Garden hadde hus, men Nils bygde nye uthus og bygde også på huset. Eg fann tilsagnsbrevet frå Sorenskrivaren der budet hans på kr. 1660, - blei godtatt. Den gongen var mye av jorda på Øye myr og var ikkje oppdyrka.

Eg fann fleire tegningar og planar om grøfting og oppdyrking, og kvitteringar på utbetalt tilskott frå Vest-Agder Landbruksselskap. Det var mange dokument frå krigen med oppgave over kor stor avling han hadde og kor mange dyr. Han hadde 2 kalvekyr og 2 sauer. Så var det fleire dokument der han blir pålagt å levera gardsprodukt til den tyske Wehrmacht. Eit år skulle han mellom anna levera 80 kg høy og fekk også eit kvasst brev om at han leverte for lite melk frå dei to kyrne sine. I 1943 skulle Kvinesdal levera 550 tonn poteteter, og Nils blei pålagt å levera 1600 kg. Det var ganske mye. Han oppgav at han sette 3,5 da. med poteter, og hadde ikkje meir enn 5-6 mål med eng og korn. Eg fann også kvitteringer på kor mye mjøl han kunne beholde. Han hadde hest. Det låg ein annonse frå Flekkefjordsposten om ein 9 årig hest til salgs, og at han selde slåmaskinen og ein god karjol. Abonnementsprisen på Agder var 2 kr. for eit kvartal, og kvitteringane var enten underskrivne av Ingvald Seland eller Kari Seland( seinare Kari Olimstad, gift med gartner Erik Olimstad).

Eg minnest også at mor mi fortalte at ho var på besøk på Øye den dagen engelskmennene bomba dei tyske båtane i Lervika. Eg var bare noen månader då, og ho og dei andre i huset sprang ned i kjelleren og gøymde seg. Bestefar harva potetåkeren, og dei ropte at han måtte koma inn. Men han måtte først sala av hesten og få han på plass. Så det gjekk ein del tid. Men det gjekk godt. Eg minnest at me seinare hadde kassevis av tomhylser som me brukte å leka med, og ei stor granathylse brukte me som lodd i ei veggklokke.

Rester etter «bombinga» i Lervik. Foto: Johannes Hamre

NILS GIFTA SEG med Anne Birgitte Andersdatter Lindland. Ho var halvsøster til Andreas Lindland som dominerte det politiske livet i perioden 1874 - 1898. Ånen Årlig kallar denne perioden for Andreas Lindland perioden i si kultursoge frå Kvinesdal. Han var ordfører det meste av tida. Samtidig var han med som grunnlegger av Kvinesdal sparebank og sat i forstanderskapet der i mange år. Dei fleste som var i banken hadde også sentrale verv i kommunen. Så det er frå denne perioden Andreas Hompland har henta uttrykket i ei av bøkene sine om at «me tala om det i bankjen.» Då var det så godt som avgjort i formannskapet og kommunestyret.

Nils og Anne Birgitte fekk 10 barn. Det blei ikkje noko lett liv. Hans var eldst. I ungdommen reiste han ei tid til Amerika til onklane sine der, men kom heim att og busette seg på Øye. Han var i mange år aktiv som politikar for Arbeiderpartiet, både i formannskapet og kommunestyret. Men då eg ein gong spurde han om kva han mintest best frå tida i kommunepolitikken, drog han fram arbeidet i Likningsnemnda saman med Tønnes Oksefjell. Den tid sat valde medlemmer i nemnda og likna kvar enkelt innbygger. I nemnda var det folk frå dei ulike kretsane. Dei kjende folk i kretsen godt. Hans fortalte at dei fekk godt innsyn i folks problem, og at dei ofte tok omsyn til det då dei skreiv ut skatten. Ei av jentene til Nils og Anne Birgitte heitte Nelli. Ho reiste til Amerika som ganske ung, knapt 18 år gammal. Ho var ikkje tilbake i Kvinesdal på besøk før ho fylte 60 år.Likevel hadde ho beholdt Kvinesdal dialekten som om ho ikkje hadde vore ute av bygda. Ho var gift med søskenbarnet sitt frå Håland i Lyngdal og budde i Traverse City i Michigan. Dei fekk ei datter som heiter Ilene, og ho bur der i dag(27.09.09).Nelli døydde for ein del år sidan, 90 år gammal. Eg og Else var i Amerika i 1987 og besøkte dei.

DEI FLESTE av barna busette seg i Norge og har ein stor famile etter seg. Dei er nevnt i Årli si bygdebok, og me har også lagt dei inn på slektsprogrammet Geni. Eg går derfor ikkje nærmere inn på dei. Men eg vil bare nevna Hermann og Dina.

Dina var fødd den 11.januar i 1911. Ho var halvanna år yngre enn Thelma. Thelma fortalte ofte om Dina. Det var ei så fin jente, sa ho alltid. Ho var nesten åtte år gammel då ho døydde i desember 1918. Ho døydde i Spanskesjuka. Denne pesten tok mange liv i Kvinesdal. Thelma fortalte at ho og Nelli sat på loftet og såg ut i vinduet då Nils og ein nabo kjørte kista til begravelse. Rundt på Øye var det heile barneflokker som døydde. Det var i desember, så graveren hadde problem med å grava gravene. Dei samla opp fleire begravelser om dagen, og det var ingen samling av familien.

Thelma fortalde at Hermann var ein flink og kjekk mann, flink til å synga. Og så var han veldig flink til å gå på skeiser. Den gongen låg isen sikker heile vinteren, og det kjekkaste ungane på Øye visste var «å gå på isen». Dei første skeisene eg gjekk på, var noen skeiser som hadde vore Hermann sine. Han gjekk på ingeniørskulen i Porsgrunn då han blei sjuk ved påsketider. Det var ein nyresjukdom. Han låg heime på loftet i fleire måneder før han døydde. Han låg og sang mye på ein sang. Om han hadde skrive han sjølv, veit eg ikkje. Men eg fekk han på eit ark som tante Agnes hadde.

I EIT BREV til likningsnemnda den 20.11.1938 skriv Nils at Hermann er sjuk og ikkje kan arbeida. I tillegg er kona Anne Birgitte sjuk og sengeliggande og må bruka medisinar. Dessutan fyller han snart 70 år, og då kan han ikkje få arbeida meir på Trælandsfoss.

Han ber derfor om to ekstra skatteklassar i frådrag. Det er rett at bestemor var mye sjuk. Ho hadde hjerteflimmer og måtte liggja til sengs i fleire år. Likevel sette ho barn nummer 10 til verden i 1918. Det var Birgith som blei fødd den 26.09.1918. Då var bestemor Birgitte 50 år. Både Thelma, Nelli og Birgith måtte vera heime noen år og hjelpa til.

Bestefar arbeidde for Trælandsfos A/S frå 1911. Eg kom over ein attest som sliperibestyrar Kolbjørnsen hadde skrive. Eg tar attesten med i sin heilhet:

«Attest.

Herr Nils Hansen har vært ansatt ved A / S Trælandsfos Træsliperi ifra I911 og til i dag og fortsetter fremdeles i sitt arbeide som formann for bedriftens taugbane.

Han har vært med på opsetning av taugbanen og bygget stativene om 2 ganger, siste gang i I926 da jernstativer blev bygget i stedet for træstativer. Samtidig blev bærekabler og trekkline innskiftet.

Den hele tid har han vært leder av dette arbeide, og arbeidet utførtes uten uheld. Han er en dyktig, nøiaktig og pålitelig mann og har en inngående kjendskap til en taugbanes drift og vedligehold og gis vor beste anbefaling med takk for godt utført arbeide.

Trælandsfos den 10/12 1934.

Sliperibestyrer.

P. Kolbjørnsen»

DET VAR SLITSOMT å ha oppsynet med taubanen. I allslags ver enten det var sommer eller vinter måtte han gå langs traseen frå Lervika til Træland for å sjå at taubanen fungerte. Dei måtte smøra og vedlikehalda. I tillegg var det ofte noen som med vilje spora av vognene for å ta kubbane og bruka dei som ved heime hos seg sjøl.

Andreas Hompland skriv om streiken på Trælandsfoss i boka «To kyrs industriarbeidar.» Både bestefar og sonen Hans blei dratt inn i konflikten, men på kvar si side. Det var ei dramatisk tid, og frontane var sterke. Eg minnest Thelma av og til fortalte om korleis ho og Nelli opplevde denne striden.. Nils var medlem av

Kvinesdal Arbeiderforening, og eg såg medlemsboka hans i papira. Men Thelma fortalte at Nils ikkje ville streika. Han heldt fram med å passa taubanen. Taubanen var som ein unge for han, og det var heilt utenkelig at han skulle stoppa han.

Men det kunne vera hardt. Ofte blei dei ropt etter på Neset: «Sjå der går jentene til streikebrytaren». Og det hende at noen reiste seg og gjekk ut då dei kom inn i Losjelokalet.

HO MINTEST ei hending der Nils var på fjorden og fiska, og at ein av arbeidarane som streika rodde bort til båten hans og tok frå han årene. Han dreiv rundt på fjorden til noen som hadde sett det, rodde bort og hjelpte. Dei var derfor ofte redde for Nils. Ein gong kjørte dei ein konvoi med hestar frå Lervik til Træland. Då naudbad dei han om å ikkje vera med å kjøra, for dei var redde han skulle bli angrepet. Men då streiken var over, var motsetninga også over. Det blei aldri noe vondt mellom Nils og Hans eller dei andre arbeidarane. Mange var kundar hos han på skomakerverkstedet.

Og eg minnest at mor mi Thelma hadde eit godt forhold til dei som streikte. Ho begynte som hushjelp og legesekretær hos distriktslege Hørsdal og var der til ho gifta seg i 1938. Eg høyrde aldri at ho tala vondt om dei folka ho møtte att på dokterkontoret. Kanskje ein av grunnane til at striden la seg, var at dei mest aktive var tilreisande agitatorer. Då dei reiste att, opptok bygdefolket snart sin vanlege sosiale omgang.

Då Nils slutta på taubanen som 70-åring i 1938, fekk han ein liten pensjon frå Trælandsfoss. Men frå då av og gjennom krigen og i åra etter så lenge han levde, var det garden og skomakerarbeidet som gav utkomme. Då han døydde litt over 80 år gammal, var det eit hardt og slitsomt liv som tok slutt.