Leif Egeland døydde i 2010. Dette opptaket blei gjort i 2007 saman med Johan Egeland.

Kvinesdal fylkesskule 1935–36. Foto: Utlånt: Irene Egeland
Leif og Irene. Foto: Utlånt Irene Egeland

LEIF Egeland blei født 06.03.1918 av foreldre Charlotte og Ludvig Egeland. I 1949 blei han gift med Irene Gjøvik, født 05. 08. 1928. Dei fekk borna Bjørn, født 02. 08.1950 og Inger Lise, født 05. 01.1953.

Etter folkeskulen begynte Leif hausten 1935 på Kvinesdal Fylkesskule. Styrar på skulen den gongen var Olav Høyland, medan Ingeborg Hompland og Albert Sandvand var lærarar. Han gjekk der til våren 1936, men ei veke før eksamen slutta han av. Slaktarmeister Magne Dahlin var nemleg «forleien» for hjelp og hadde bede Leif om å begynne i arbeid hos han. Leif svarte ja, og dermed fekk han ingen eksamensvitnemål frå fylkesskulen. Men klassebiletet hadde blitt tatt ei tid før, så det fekk han med seg.

Eg lærte å slakte med ein gong eg begynte. Slakteriet var på Monan, i bygningane til Oluf Egeland.

Slaktedyra henta han rundt forbi i bygdene. Det var mest Dahlin sjølv som henta slaktedyra med bilen sin, men det hende også at eg køyrde. Ei av slakterutene gjekk ein gong i veka opp Austerdalen, over til Eiken og ned Lyngdalen til Hægebostad og Kvås og så over den bratte «Kvåsevegen» tilbake til Neset. Men elles var me over alt. Utanom gamle Kvinesdal kommune henta me slakt i Fjotland, Feda, Gyland og Bakke. Bøndene ringde og sa frå om at dei hadde slaktedyr til henting, og så blei det avtalt når dei skulle hentast.

Så lærte eg å lage pølser i pølsemakeriet. Det låg innanfor butikken som Magne Dahlin leigde i huset til Oluf Egeland.

I lære hos Magne Dahlin. Foto: Utlånt: Axel Johan Dahlin

DET VAR EIN SLAGS undergang inn til pølsemakeriet.

Det var ei jernluke med vindu som kunne åpnast slik at du kunne lufta ut. Kikte du ned frå utsida gjennom luka, såg du rett ned i pølsemakeriet. Her lærte eg å laga alle slag pølser som var vanleg den gongen. Elles laga me blodpudding og dei kjøtprodukta som var vanlege den gongen.

Han var vide kjend for fiskekakene sine. Det var mange som kjøpte fiskekaker der. Også fiskepudding blei produsert. Men dette var på slutten av den tida eg arbeidde der.

Magne Dahlin kjørte rundt i bygdene og selde produkta sine. Han la dei ferdiglaga produkta i nokre spesielle kassar og hadde dei oppi bilen sin Så køyrde han avgarde. Ei av rutene gjekk oppover Austerdalen og ned Vesterdalen.

Hadde Magne Dahlin nokon til å hjelpe seg?

Mest hjelp hadde hadde av systrene sine, Erna og Solveig, men også ei tredje syster, Martha hjalp til når det trengdest. Solveig var enke og blei gift på ny med ein som heitte Brastad.Dei busette seg i Kristiansand.

I 1939 skar eg av meg «hytten» av ein finger hos Dahlin, og då var det lite eg gjorde hos han etter denne hendinga.

Eg gjekk i lære i fire år hos Dahlin og fekk papir på dette. Det tok ei tid før eg begynte i arbeid att., og då var det hos Nicolai Nilsen. Eg trur det måtte vera om lag 1940-1941. Eg slutta hos Nico 1949 då eg begynte eg hos Andreas Aase.

Ikkje lenge etter tok Kvinesdal og Fjotland Samslakteri over, og eg blei disponent der. Eg slutta i 1984, då eg var 66 år.

Er det episodar du minnest frå denne tida?

I den tida hende det ofte at me skulle sende kjøt til Kristiansand eller andre stadar. Me hadde Mathias Reiersen eller andre til å kjøre for oss. For å bli ferdig til Mathias kom for å henta kjøtet begynte me gjerne i fire-fem tida om morgenen. «Magne- hos-Kresten» (Magne K. Faret) skulle vera oppe tidleg, for han skulle vera «svær kar», veit du. Han var så «hoga» på å begynne tidleg.

Så var det Bård på Rafoss Hotell. Han fant ut at han også ville vera med på dette. Så han kom bort på slakteriet tidleg på morgonen. Litt etter kom Agnes (Rafoss Johansen), mora til Bård bortpå slakteriet, og så sa ha ho: «Bård, mamma blei redde for deg!» «Ikkje for meg», sa han. Elles minnest eg at då Agder Samslakteri tok over etter Andreas Aase, leigde me slaktebilen hans. Så var det ein gong at Kristen M. Faret skulle hente slakt ein stad på heia langs Åsevegen. Han fekk ikkje plass i lastekassen til alle dei lamma han skulle henta til slakt. Men han visste råd: Seksten lam blei plassert i framsetet ved sida av seg, og det var litt av eit syn.

Seksten lam blei plassert i framsetet ved sida av seg, og det var litt av eit syn.

I slakteriet. Frå venstre: Kristen Faret, Olav Nilsen, Leif Egeland, Bjørn Egeland, Jakob Røyseland og Magne Faret. Foto: Utlånt: Magne K. Faret

FØR I TIDA kjøpte du slakt «på slump», såkalla slumpehandel.. Du oppsøkte bøndene og høyrde om dei hadde slaktedyr å selje. Der viste dei fram det dei hadde. Me såg på dyra og bedømde vekta. Så rekna me ut kor mykje det kunne bli. Ut frå dette baud me på slaktedyret. Dersom dei godtok tilbodet var det greitt, men dersom dei kravde meir var det to utvegar: Anten måtte me plussa på noko, eller så var det nei takk . Slik køyrde me rundt og bydde på slaktedyra. Etter kvart tok «slumpehandelen» slutt, og det blei etter faste kiloprisar bøndene fekk oppgjer for slaktet sitt.

Elles minnest eg ein episode som kunne ha endt tragisk. Dahlin hadde vore avgarde med varebilen sin og henta eitkvart. Han hadde Klara, minstejenta til Oluf, med seg i bilen. Då dei var mest framme, mellom Oscar Reiersen og Oluf, åpna Klara bildøra og datt ut av bilen. Det gjekk godt, men ho kunne likegodt ha blitt overkøyrd og drept.

DET ER FLEIRE som har gode minne etter Leif Egeland:

Alf K. Faret: Eg blei kjend med Leif Egeland då me flytta frå forpaktarboligen i Prestegarden i 1952 til Samslakteriet, det tidlegare huset til Andreas Aase. Då var eg fire år gamal. Eg var nede i slakteriet og såg på heilt frå me flytta dit. Etter kvart tok eg del i slaktinga og var 15 år då eg blei tilsett i 1963. Eg minnest godt den gongen det hende. Leif stod utanfor der dei tok inn slaktet, då eg kom. «Ja, i dag kan du bare begynne», sa han. Og eg minnest at eg fekk tjugefem kroner veka i løn. Leif var den greiaste sjefen eg har hatt. Til vanleg var han alltid i godt humør. Det hende nokre gonger at han var oppjaga og då kunne han bli litt opphissa. Men elles var han svært grei. Han var godt likt av alle. Til vanleg hadde han med veginga av slaktet og arbeidde også på kontoret, men han kunne også vera med på dei andre oppgåvene.

Så var det ein dag at broren til Leif, Birger Egeland, hadde bruk for hjelp til søppelhentinga som han nett hadde begynt med. Han begynte vel med det i 1969. Leif spurde då om eg ville hjelpa Birger. Eg sa ja og fekk femti kroner dagen kvar gong eg var med.

Elles minnest eg ei historie frå den tida. Det var ein dag at ein loffar som dei kalla Brønnfanten, eller Skjersliparen, skulle inn til Leif for å klaga på sonen Bjørn, som hadde egla han opp. Då fòr Leif etter loffaren med kvitt slaktarførkle og kvit slaktarhue, og med slaktarkniven hyttande i neven. Og Skjersliparen ut gjennom bakgarden som ei kule. Så sånn gjekk det. Ein annan gong var det ein stut som hadde rive seg laus og røymd ut i Neset. Leif og far min, Kristen, fòr etter han og fekk lagt han over ende utanfor Einar Egeland. Dei fekk lagt ei grime på og leidde stuten tilbake til slakteriet.

ASBJØRN Londal:

Eg kjende Leif godt. Då eg jobba hos Nico var eg tidt borte på Samsen i middagspausen og snakka med dei som var der. Leif var jo disponent og sonen Bjørn var tilsett. Elles var jo Kristen Faret og dei to sønene Magne og Alf også der. Me prata og hadde det veldig triveleg.

Så reiste eg jo til Amerika og var der nokre år før eg kom heim att i mai 1960. Då det leid utpå ettersommaren ringde Leif ein dag til far min og spurde om han ikkje kunne få meg til å koma innom han på Samsen. «Du vil ikkje begynne å slakta her utover hausten for me får som regel så mykje slakt då?», spurde han. «Jau, det vil eg», svarte eg.

Eg blei der heile hausten og ei tid over nyttår.

Da vi kom tilbake fra USA noen år etter spurde Leif «Kan du ikkje slakta hos oss så lenge du blir heime?» Eg svara ja til det og nokre dagar etterpå begynte eg, og blei verande til 1967. Det var siste gongen eg var i jobb på Samslakteriet.

Eg likte Leif svært godt. Han var ein alle tiders mann å arbeida for. Akkurat som Nico likte han å stå på, få det gjort. Samtidig var han godt i lag og grei å prata med. Trengde du hjelp var han der med ein gong. Kristen var den som kom fyrst på jobb om morgonen. Han budde jo i huset. Så var Leif der rett etterpå. Han hjalp alltid der det trengdest. For å bli kvitt kjøtet sende me det til Kristiansand med Mathias Reiersen. Jan Alf Reiersen køyrde også ein del. Når det var slike transportar så varskudde Leif oss kvelden før og spurde om me kunne koma noko tidlegare for å senda det kjøtet som hang i hallen, og det var greitt. Så då var det ofte å møta opp i tidlig om morgonen. Då delte me skrottane. Når me hadde arbeidd oss ferdig med det hadde me ein matpause, så begynte me å slakta.

MANGE GONGER arbeidde me overtid. På førehand spurde Leif oss om det var greitt å jobba overtid når det til dømes stod att mykje krettur å slakta den dagen og det neste dag også ville bli mykje å slakta. Når me sa ja til dette kunne han seie: «Eg går bort til Borghild og fær nokre skiver». Så gjekk han til Borghild Risnes på Risnes Hospits og bestilte mat. Ikkje lenge etter kom Borghild med eit brett med oppskorne grislabrød med smør på. Når me hadde ete oss ferdig og prata ei stund, var det å slakta att.

Eg har forresten lyst å seia litt om Borghild, ho klaga aldri på bråket fra slakteriet.

Leif hadde godt humør. Han hadde tid til å prata med oss og var med og slakta når han ikkje var i butikken. Han skar opp kjøt . Dersom me var midt oppi slaktinga og det kom telefon om å henta slakt så trødde Leif til og køyrde til dømes opp Vesterdalen for å henta slaktedyr for ikkje å bryta oss av. Han var også ein roleg kar. Det var det same kor mykje slakt det var i floren så såg du aldri at han blei opphissa for det. Han hadde eit voldsomt pågangsmot og Leif var i det heile tatt ein flink mann.

Han hadde eit voldsomt pågangsmot og Leif var i det heile tatt ein flink mann.

OLAV Lauvås var jo pølsemakar og aleine i pølsemakeriet. Han greidde å få gjort unna utruleg mykje. Dersom han trengde hjelp spurde han Leif om å bli med, slik at dei fekk pølsa klar til røyking og trekking. Folk kom jo i tolvtida og skulle ha ferske pølser. Leif hadde jo utdanna seg til pølsemakar hos Magne Dahlin, så han var god i det faget også. Kunne ikkje Leif var det anten Kristen eller Jørgen som hjalp han.

Leif likte godt å dra på jakt. Mange gonger var Kristen og eg med han. Me jakta på Trelsgård. Kristen hadde gode harehundar og Leif ein god fuglehund. Den eine gongen me var der oppe kunne det vera harejakt og fjorten dager etterpå fuglejakt. Det var mykje vilt på heia på den tida. Så hadde me med oss god mat og hadde det det fantastisk fint. Og dersom det var kulse, kan hende med slut, så gjorde Leif opp eit bål og me sat der og vermde oss. Leif gjorde dette for å koma ut i frisk luft og få rørt litt på seg. Han likte også svært godt å fiska etter aure.

Leif var også ein god kokk. Det var det mange som visste om. Eg blei fortald av ein som saman med Leif og ein del andre var på rypejakt i Sirdal. Leif var då langt opp i syttiåra, så han gjekk ikkje med ut i terrenget, bare nokre småturar i nærleiken av hytta. Geværet hadde han med seg. Han hadde ansvaret for matlaginga, og når han fann ut at tida var komen gjekk han inn i hytta og tok til med middagsmaten. «Maken til kokk skulle du leita lenge etter», sa vedkomande som fortalde meg dette.

Slik er det eg minnest Leif, og eg har bare gode minne etter han.

KJELL Svindland:

Det tok gradvis slutt med slakting i slakteriet vårt og i 1960 var det heilt slutt. Då Kvinesdal og Fjotland samslakteri starta opp i 1949 begynte me å kjøpa slakt der. Det var då eg blei kjent med Leif Egeland. Han var ein veldig skvær og grei mann å samarbeida med. Egeland var jo litt eldre enn meg, så eg kjende han ikkje personleg. Det blei jo liksom litt på avstand.Då me slutta heilt med slakting i 1960 blei eg mykje betre kjend med han.

Det er særleg ein episode som eg minnest spesielt godt. Det måtte vera rett etter at han hadde begynt som bestyrer. Eg hadde akkurat tatt sertifikatet og skulle på eit møte i Kristiansand. Der skulle eg liggje over. Det var jo ei lang strekning å køyre. Den gongen gjekk vegengjennom Feda, over Raustad og ned Øyekleiva. Då eg var midt på Øyesletta kom eg plutseleg på at eg hadde gløymt att lommeboka heime i Flekkefjord. Så eg tenkte på kva i all verda eg skulle gjera. Det ville ta minst to timar å kome fram og tilbake. Det var alt for langt å køyre heim att, så det hadde eg ikkje tid til. Eg var jo så ung den gongen, så eg tenkte at det var ikkje bare å gå inn i rein bank og spørje om eg kunne få nokre pengar der. Det er jo heller ingen som kjenner meg i Kvinesdal. Så tenkte eg med meg sjølv: Eg får gå innom Egeland og spørje han om det går an å få lånt nokre pengar. Eg var jo ung og beskjeden og var mest skjelven då eg kjørte innom og møtte han. Eg måtte forklare han kva besøket mitt galdt. Eg kan ikkje heilt minnast kor stor pengesum det var eg hadde behov for, men eg trur det var tre tusen kroner. Det var mange pengar den gongen. Så eg fekk stamma fram om han kunne låna meg desse pengane. «Eg trur du må ha med deg nok meir. Det er best det. Trur du ikkje det», var svaret eg fekk og eg meiner eg fekk utlevert fire tusen kroner. Dett er eit minne som eg aldri vil gløyme.

Elles blei det mange år som me hadde kontakt med kvarandre, ssærleg frå 1960 då me slutta heilt. Frå då av kjøpte me faktisk alt frå Samslakteriet, så kjennskapen til han blei betre etter kvart. Me hadde dagleg kontakt med Leif Egeland når kjøtvarene blei bestilt. Det var Kvinaruta som køyrde dei til Flekkefjord. Det blei lagt papir som underlag for kjøtvarene, og så blei det vel også lagt papir oppå. Kvinaruta hadde, som alle dei andre rutebilselskapa stoppeplass på Torvet, like ovanfor kjøtbutikken vår. Då ruta kom var det å koma med ei langkjerre for å henta bestillinga. Slik var det i mange, mange år. Og Leif Egeland kunne ein stola på. Det var aldri noko feil der. Eg var forresten innom han for nokre år sidan. Då budde han framleis heime. Innimellom var han til avlasting på omsorgssenteret, men då eg besøkte han var han i heimen sin. Det blei ei triveleg stund saman med han.

EIGNE MINNE: Også eg har gode minne etter Leif. Eg var elleve år då an blei disponent for Kvinesdal og Fjotland Samslakteri i 1949. Me blei fort gode kompisar. Han gav meg lov til å flå men eg fekk grei beskjed at dersom eg skar hol i skinnet måtte eg betala for det! Eg var også med han fleire gonger når dei andre som køyrde slakt var så opptatt med slakting at dei ikkje hadde tid til å henting. Eg hadde som regel ein pose med «Kongen av Danmark» i lomma når eg var med han i slaktebilen. Då me var komen halvvegs opp Sandbrotet heldt Leif Fram høgre handa medan han styrde med venstre handa. Så sa han: «Legg i loven, legg i loven. La ikkje småfuglane døy». Det var fast ritual. Gjeremålet mitt var å opna og lukka dei mange leda som stod var i vegruta vår. Og så hende det også at eg måtte vri rompa på eit slaktedyr som ikkje hadde lyst å gå opp lemmen inn i slaktebilen.

Sjølv om det er om lag seksti år sidan eg var med på dette er minna etter Leif like gode.