Fortald og skrive av dei to borna til Marie og Andreas: Bjørg og Lars. (Lars døydde i 1997og let etter seg eit handskrive notat. Dette notatet blei brukt i eit hefte som blei gjeve ut i samband med historia om Samslakteriet i Kvinesdal frå 1949-2008).

ANDREAS Aase blei fødd i 1897. Han var eldstesonen til Lars Aase, som blei fødd i 1867 og døydde i 1942. Lars og faren hans, Ole Andreas Larsen Aase (1834–1888) var, i likskap med fleire andre bønder i Kvinesdal, bygdeslaktarar. Dei rodde slaktet ut fjorden til Flekkefjord og selde kjøtet der. Dei gjekk frå dør til dør og baud fram kjøtet. Den gongen var det fleire bønder som var bygdeslaktarar og slakta kringom på gardane.

I 1892 gifta Lars Aase seg med odelsjente Anne Bergitte Andreasdatter Lindland (1867-1938) og dei flytta til Lindland. Der slakta han i det små. Kvar laurdag selde han hakka kjøt og suppekjøt frå ei bu som stod hos svogeren, landhandlar Hans H. Gullestad, tett attmed Åmotsbrua. Dottera Tilda Aase, seinare gift Egeland, selde ut kjøt der etter at ho vart konfirmert.

Kring århundreskiftet 1800-1900 heldt Liknes på å vekse fram som sentrum i dalen. I 1910 kjøpte Lars tomt på Nesågren, som området nær åna heitte den gongen, og i 1911 starta han slakteri og kjøtforretning. Seinare jobba dei to eldste av dei åtte borna deira i forretninga. Det var nødvendig for at dei skulle få råd til utdanning. Lars «sat» i banken i 49 år.

Brudebildet frå 1926. Foto: Privat

ELDSTESONEN til Bergitte og Lars, Andreas, gjekk på Søgne Frilynde Folkehøgskole etter at han var ferdig med folkeskulen. Så gjekk han i slaktarlære hos slaktarmeister Alvik Ståle Svindland i Flekkefjord. Alvik, og Andreas blei bestevener for livet. Alvik var son ti l Salve Svindland, som begynte med slakteri i 1892.

I 1926 gifte Andreas seg med lærarinne Marie Kloster (1898-1989). Dei fekk to barn: Lars, fødd i 1927 og Bjørg, fødd i 1930 Marie og Andreas hadde mange vener, og elles var det mange andre som kom på besøk både til middag og kaffi. Det kunne vera emissærar, folk «på rømmen» eller rett og slett folk frå dalane oppover. Bjørg var så lei av alle desse besøka at ho bestemte seg for to forskjellige ting når ho blei stor: Ho skulle ikkje ha gjestar og ho skulle ikkje ha blomar i vindauga!

Ho skulle ikkje ha gjestar og ho skulle ikkje ha blomar i vindauga!

Frå venstre: Lars, Bjørg, Marie og Andreas. Foto: Privat

ETTER STORBRANNEN i Neset i 1932 bygde Lars straks nye hus med kjøtforretning og kontor i 1. etasje, og pølsemakeri i kjellaren. I bakgarden sette han opp ny løe med slakteri. Alt året etter, i 1933, stod dette ferdig.

Det var etter måten lite med plass for to som arbeidde samtidig. Kjølerom, eller fryseri som det også blei kalla. vart bygd i hovudhuset ved utgangen bak

I 1. etasje var det også venterom og eigen telefonsentral der dottera, Alvilde, styrde.

Elles var det husvære i 1. og 2. høgda, og på loftet var det fire soverom.

Slakteavfallet frå slakteriet blei køyrd til Lindland. Der blei det kokt og nytta som fòr.

Andreas og Marie tok over forretninga etter Lars i 1935 I oppveksten hjalp dottera Bjørg av og til med å skjera opp pålegg på ein handdriven påleggsmaskin. Broren Lars var ikkje interessert i forretninga, og foreldra ynskte ikkje at borna skulle ta over drifta. Forretninga og eigenomen blei difor seld etter at Andreas hadde hatt hjarteinfarkt og difor blei arbeidsufør. I 1949 tok Kvinesdal og Fjotland Samslakteri over. Då hadde det vore slakteri og butikk i 38 år.

Andreas Aase skaffa seg ein stor Harley Davidson motorsykkel med sidevogn. Fotoet av han og Marie er frå ein tur til Oslo. Marie gjekk då på Holmestrand Lærerskole.

Sidan skaffa han seg ein Ford som han brukte når han skulle kringom i bygda og kjøpa slakt. Seinare kjøpte han seg ein ny Chevrolet som var stor nok til å frakta slakt i. Til vanleg leverte folk sjølv slaktedyra sine hos slaktaren. Han hadde også ein stor, spesialbygd kasse som han kunne setje inn i bilen når han skulle rundt i bygda og selje kjøt og pølsevarer.

Med Harley-Davidsson til Oslo. Foto: Privat

I 1930-ÅRA bygde dei Sørlandsbanen, og det kom mange jernbanefolk både i Austerdalen og Vesterdalen. Så han hadde faste køyredagar opp begge dalane. Elles selde han mykje kjøt til Knaben Gruvor.

Andreas hadde ein stor spesialbygd kasse som han kunne setja inn i bilen når han skulle rundt i dalane og selje kjøt og pølsevarer faste dagar i veka. Bjørg var av og til med faren sin opp Vesterdalen. Det var stopp ein fast plass på Treland, to stopp på Rafoss og så vidare. Andreas sjølv var sjåfør. Kjøt blei også med jamne mellomrom send med Fjotlandsruta eller Kvinaruta til Knaben Gruvor.

Både Lars, og seinare Andreas Aase, hadde avlsgrisar og selde grisungar. Andreas kjøpte grisungar og hestar av Martin Sandve frå Vigrestad på Jæren og selde dei i Kvinesdal. Saman med Emil Sørland dreiv han reve- og minkfarm. Der kunne han nytta slakteavfallet.

Syster til Andreas, Tilda, jobba i slaktarbutikken til ho gifta seg Då Andreas tok over butikken etter faren i 1935 jobba Lovise L. Egeland både på kontoret og i butikken. Grete Træland og seinare Elbjørg Moi og Edit Stiland hadde også arbeid i butikken.

Den gamle Forden. Foto: Privat

DÅ SAMSLAKTERIET tok over i 1949 arbeidde desse hos hos Andreas og Marie Aase:

Pølsemakar Olav Lauvås Nilsen, slaktar Kristen M. Faret, slaktar Leif L. Egeland, Lovise L. Egeland og Eldbjørg Moi. Alle blei tilsett hos Kvinesdal og Fjotland Samslakteri. Grete Træland, som hadde stått i butikken arbeidde også seinare for Samslakteriet.

Andreas Aase var venstremann. Han hadde gått på folkehøgskule og var svært oppglødd for rektor Jakob Naadland. I ungdomen var han med i frilynd ungdomslag. Han hadde han ideelle, men ikkje kristelege, interesser. Han var med i idrett, særleg fotball og høgdesprang. Han var overtydd om at han ikkje ville konfirmerast, noko som blei lagt merke til den gongen. Losje Tjodolv frå Kvine stod han som medlem i. Likevel var det nok den frilynde ungdomsrørsla som stod hjarta nærast. «Me kunne sykla milevis til stemne for å høyre Jacob Naadland eller andre kjente høgskulefolk tala», sa han.

Han tok ivrig del i idrett, spesielt fotball og høgdehopp.

Me kunne sykla milevis til stemne for å høyre Jacob Naadland eller andre kjente høgskulefolk tala.

Marie og Andreas. Foto: Privat

ANDREAS Aase var ivrig jegar, og hadde mange jaktvener. Det er mange gode jakthistoriar etter han. Men ein gong gjekk det heilt galt. Ein av slaktarsveinane til faren, Lars Aase, Gerhard Josdal var med Andreas på jakt i 1930. Han døydde av vådeskot I Flekkefjordsposten for 28. oktober fann eg denneskildringa:

«Nogen unge gutter var lørdag paa harejakt, paa heien mellem Jerdal og Hjemlestad. Herunder gled Gerhard Josdal paa en sten, Skuddet gikk av og haglladningen gikk ind i den ene side saa den ene lunge blev sønderskudt. Kameraten fik baaret ham ned til Stokkeland, men før man kom dit var Gerhard død.

Forulykkede var i 18 aars alderen, og var ansat i Lars Aases slakterforretning.

Hans far døde under minering for ca. 15 aar siden. Det var et tungt slag for moren og hans to søskende. Gerhard har den senere tid saa godt han kunde vært en økonomisk støtte for familien.»

ANDREAS Aase var skogbrannsjef i brannvesenet, I mange år var han formann i Forliksrådet og han var med i forstanderskapet til Kvinesdal Sparebank.

Då Marie og Andreas gifta seg var Marie ein kristen, men Andreas var det ikkje. Skiftet kom då sonen Lars, som var to år den gongen, fekk lungebetennelse og var nær på å døy. Han var ein tolerant bedehusmann og venstremann. Andreas blei veldig skuffa då ein Kristeleg Folkeparti-mann hadde sagt til han at han ikkje kunne vere ein kristen når han ikkje røysta på Kristeleg Folkeparti.

Kunst og musikk var han sterkt interessert. Dottera Bjørg var med han ein gong då han køyrde til Kristiansand for å sjå ein av favorittane sine: Cavalleria Rusticana. Dette blei han kritisert for. Tenk å gå på opera i Kristiansand.

Kvinesdal er nok langt frå så svart/ kvitt lenger. Bygda har si flotte operastjerne Silvia Moi.

Andreas Aase døydde i 1964 på heimveg frå ein tur til Sentralsjukehuset i Kristiansand, der han hadde vore til hjartekontroll.

MERKNAD: Eg var med same toget som Andreas Aase den fredagen i 1964 då han døydde. Då me gjekk av toget på Sandvatn stasjon hadde eg han rett framfor meg. Han gjekk føre og inn i Kvinaruta ,som venta på oss, og eg like etter. Andreas sette seg i setet bak sjåføren og eg bak Andreas. Like før ruta skulle køyra merka eg at hovudet han seig ned til venstre sida., og han halla framover. Eg klappa han på skuldra, utan at han reagerte. Så stod eg opp og gjekk fram til han. Då skjøna eg at noko var heilt galt. Eg freista å ta pulsen, men det var ikkje liv. Han døydde truleg momentant. Eg fekk han ned på golvet og prøvde munn-til-munn metoden, men det lukkast ikkje å få liv i han. Det var ein trist start på den komande helga i Kvinesdal.

Som den godlynte, rause og omgjengelege mannen Andreas Aase var fekk han mange vener. Han var god til å fortelje og hadde allstødt ein velmeinande replikk på lur når det låg til rette for slikt.

SJØLV har eg to minne etter han;

Lommeboka: Ein av dei mange gongene eg var på veg for å hjelpa til med slaktinga hos Andreas Aase fant eg ei tjukk, velbrukt lommebok, i «smoget» mellom huset til Solveig og Magne Egeland og Andreas Aase. Då eg opna ho var ho ”»tjukk av pengar». Eg var sikker på at det var Andreas Aase si, og gjekk rett inn i huset. Der fant eg han og spurde: «Er ikkje dette lommeboka di?» «Jau det er det. Nå var du grei», svarte han og gav meg ein tikroning. «Den skal du ha for at du var så ærleg». Eg var heilt himmelfallen og gløymde mest å takka han.

Andeegg; I 1940-åra var det mykje stokkender i åna. Om våren var det tid for egglegging, og det var mange reir på land så vel langs Storåna som Litleåna. I borga, eller muren nedanfor Rafoss Hotell var det eit. Det neste var i borga nedanfor Anna Mydland. Så kom det eit nedanfor løa til Selmer Pedersen. For å kome til dei neste reira måtte du over Åmotsbrua, forbi Kornelius Åmot og så ut til bortimot enden av Odden. Gjekk du heilt ned skråningen til Litleåna-sida låg det tre reir der. Tidleg på morgonen gjekk eg ned til det fyrste reiert på nedsida av Rafoss Hotell og tok til med sankinga. Eg hadde ei korg som eg la egga varleg oppi. Deretter gjekk eg frå reir til reir og sanka egg,. Det var opp og ned med fangsten, ettersom me var fleire om sankinga. Når sankinga var ferdig gjekk eg til Andreas Aase for å selje dei. Eg trur det var ti øre eg fekk for kvart egg. Egga blei brukt til baking. Om han sjølv brukte alle, selde nokre av dei eller gav vidare til famelien veit eg ikkje. Eg var i alle fall glad for salget.

Andre som samla andeegg gjekk til bakar Rudolf Nilsen som hadde bakeri i kjellaren til Solveig og Magne Egeland. Han brukte også egga til baking.

I Bygdebok for Feda står denne historia om Andreas Aase: «I 1683 ble Hangeland delt i to bruk. Det var bare noen få meter mellom husa. Hvert bruk hadde sin egen sti ned til sjøen., og hvert bruk hadde sin sjøbu. Det søndre bruk hadde korteste veien til sjøen, men her var stien så bratt at de måtte legge steintrapper. Den ene bruker fikk ikke lov til å bruke stien til naboen.

Andreas Aase slakta en gris på Hangeland i 1917. Han spurte nabokona om lov til å dra grisen på kjelke ned til sjøen på hennes vei, men hun svarte: «Nei, dæ æ dæ inkje tale om». Han måtte partere grisen og bære den på ryggen ned steintrappene til sjøen.

Naboene lå stadig i krangel med hverandre. Det er sagt at de hadde gevær med på slåttevollen, men det ble aldri løyst skudd».

GODTFRED Pedersen (1921) fortalde meg dette:

Hos Andreas Aase hadde dei fyrst og fremst slakteri. Så hadde dei avlsgrisar, kyr og hest. Dei hadde gard på Lindland. Der var eg med og slo høyet om sommaren, vende og hesja som det var den gongen.

Vemmene (magesekken til slaktedyra) blei lagt i ei tynne. Så hadde du kraftfòr og slakteblod oppi og maka det til. Dermed var grisematen ferdig. Det var ein god og nærande kost.

Elles var eg med Andreas Aase og henta slakt Ein gong hadde me vore i Hunsbedt der han kjøpte ei kvige. Ho blei slakta på staden Han hadde ein jigg på to hjul som kviga blei lagt oppi. (Ein jigg var var eit såkalla lett einspennarkøyretøy for bare ein hest.) Vogna hadde to høge hjul. Bak var det eit sete for ein to personar. På setet sat Andreas, Lala ( Lars, sonen til Andreas) og eg. Framfor oss låg den slakta kviga. Då me kom til Tvøråsan, omtrent der du kjører ned til Sarons Dal, rauk skjækene og hesten ramla. Lala (Lars Aase, sonen til Andreas) ramla blei slengd ut av jiggen og hamna midt mellom beina på hesten. Hesten låg heilt stille. Andreas drog Lala opp på beina. Då reiste hesten seg og sprang nedover med dei to avbrotne skjækene slepande etter seg.

SLIK VAR DET fyrste tida før han fekk kjøpt seg ein gamal Ford. Eg kan minnast. Bilen hadde jo tre pedalar, og når du køyrde opp Åsebakkane måtte du trø inn den eine pedaleen. Når det slaka seg ut og du hadde fart nok måtte du sleppa pedalen ut att., Reversen var i midten, og bremsa på sida.

Det var litt av kvart den gongen. Eg minnest ein gong me var på Røynestad. Der Kjøpte Andreas ei kyr. Så hadde dei eit tog rundt kyra, og så loffa eg med kyra langs vegen «ner a Neset». Då eg kom ner te Neset fekk eg 25 øre for jobben. Eg tykte prisen var grei nok, men kyra ville mest ikkje gå så eg brukte så besett lang tid på turen. Elles var det tidt at Fjotlandsruta hadde med seg kalvar som hadde blitt slakta på staden og lagt i ein striesekk. Så sende dei slaktet med ruta ned a Neset. Der lempa sjføren slaktet utanfor huset der slakteriet var.

På Båstøl hadde Marie og Andreas ein gard. Om sommaren var eg med dei saman med borna deira Bøga (Bjørg) og Lala (Lars). Dei tok med seg kyrne og så var me der i fjorten dagar. Eg var vel i 12-års alderen då eg var med på dette.

I Neset var det jo kyr i annankvart hus den gongen. Hans Egeland og Oluf Egeland var dei største gardbrukarane i Neset. Elles hadde Solveig og Magne (Egeland), Reidar Åmot, Jens Hompland, Selmer Pedersen, Hansens Cafe, Nils Nilsen kyr den gongen.

Andreas Aase var ein ivrig jegar.Han jakta mykje saman med doktor Hørsdal, Andreas Førland og Laurits Kloster. Eg har eit bilde der desse er med.

I det heile har eg mange gode minne etter Andreas Aase.

JOHANNES Reiersen: Til vanleg var eg avgarde og henta slaktedyr for Andras Aase. Men så var det i den tida då han skulle setje opp det nye grisehuset sitt på Fidjan. Eg køyrde sementblokker og materiale ut der. Han hadde ei kolossal stor gryte som han kokte det slakteavfallet som skulle bli grisefor i. Eg hadde med Thorvald, son min, ein gong han heldt på med å koke på dette. Så sa Andreas til han: «Her koker eg det som skal bli middagsmat til skulane. I morgon er det Øye skule som skal vere her og ha mat.» Då svarte Thorvald: «Då kjem i alle fall ikkje eg!»

Andreas skumma av feittet som låg på toppen av gryta og la det i ei tynne for seg sjølv. Feittet sende han til Walhalla Såpefabrikk, der det blei nytta i såpeproduksjonen. Ein gong eg kom ut og skulle henta to tynner med feitt sa han til meg: «Eg kan ikkje hjelpa deg med å lyfta opp desse tynnene. Du må kjøra til Neset for å finne ein som kan hjelpe deg.» Då hadde han begynt å få problem med hjarta sitt. Den einaste eg fant var Martin-på-Neset, gamlaste mannen i bygda. Og Martin var med ut med ein gong, han tykte det va «skoi». Tynnene kom greitt på plass.