Eg veit ikkje kva tid det første sauesjået blei halde i Kvinesdal. I Kvinesdal fotoklubb si bok med gamle bilder frå Kvinesdal, er det eit bilde frå Liknes der det står at me ser sauesjået rundt 1900. Bildet er også tatt med i Kvinesdal historielags årsskrift for 2012 i artikkelen til Anstein Dyrli Lohndal om Tingstova i Kvinesdal. Eg har fått lov av fotoklubben å bruka bildet og bruker det med den teksta det har fått i årsskriftet.

Der er sjået plassert på Kyrkjevollen.

Dette var eit sauesjå omkring 1900. Kyrkja i Liknes er einaste bygningen som framleis står. Sauene sto langs steingjerdet og det var mykje folk til stades. Foto: Utlånd av Kvinesdal fotoklubb

Bildet viser vel eigenleg eit fesjå der sauen også er med. Ånen Årli skriv i bygdeboka at det første fesjået blei halde på Liknes i 1892, og to år seinare var det også dyrskue.

På landsplan hadde fesjå vore vanleg ein del år. Selskapet for Norges Vel blei stifta i 1809 og hadde som formål å fremja norsk jordbruk. Det var på slutten av 1800 talet at dei store fesjåa hadde si glanstid.

Fesjåa var eit viktig verkemiddel for å forbedra storfeholdet i Norge. Det var for å få fram best mulig avlsdyr at dei møttest på fesjå og fekk dyra bedømt. Dei beste skulle så setjast inn i avlen. Men fesjåa var også store folkefestar. Diktarane Bjørnstjerne Bjørnson og A.O. Vinje besøkte ofte fesjåa. Og det seiest at det var på desse fesjåa at Bjørnstjerne Bjørnson talte til fleire tusen menneske.

Arnold Omland Foto: Torrey Enoksen

Stian Holmesland skriv i jubileumsskrifta for Vest – Agder Landbruksselskap 1830 -1980 at sauen var med på dei første fesjåa, og det heldt fram utover til 1900. Men det var bare verar som blei dømde individuelt. Hodyra blei dømde i flokk. Først frå 1928 blei det individuell dømming av hodyr.

Då det blei innført eit system for storfe der kyrne skulle møta til utvalssjå, blei det litt uvisst for sauen noen år. Men frå 1905 blei sauen tatt med på utvalssjå, når desse kom til Sirdal. Frå 1910 blei det bestemt at Sirdal skulle ha årleg sauesjå. Sirdal fekk dermed det første faste sjået i Vest-Agder. Sirdal var på mange måter ein føregangskommune for sauavl på den tida. Frå 1916 kom så det ambulerande sjået for Tonstad, Eiken og Åseral der sauen fekk vera med.

KRISTIAN Hauan seier at faren Oskar fortalte at han mintest det første sauesjået han var med på. Det var i 1918, året han blei konfirmert. Sauesjået var i Neset, i Knivsvika. Knivsvika var omtrent der Statoilstasjonen er.

Sauesjået var ikkje årleg dei første åra. Men frå 1934 fekk både Kvinesdal og Åseral årlege sjå.

I 1919 fekk sauen eigen statskonsulent. Det var eit stort framsteg i arbeidet med å forbedra saueholdet i Norge. Jon Sæland blei tilsett som statskonsulent. Jon Sæland var ein markant skikkelse som kom til å bety utruleg mye for saueholdet i Norge. Han ivra veldig for få til sauesjå over heile landet og er vel rekna for å vera grunnleggaren av den type sauesjå som me kjenner frå Kvinesdal.

DALASAUEN: Jon Sæland starta eit bevisst avlsarbeid. Han er kjend for å ha berga den gamle norske sauerasen og vidareutvikla den til det me i dag kjenner som Spælsauen. Det var bare att ein liten flokk av den gammalnorske sauen på noen øyer i Sunnhordland og på ein del fjellgardar i Setesdal.

I 1912 blei det oppretta to avlsstasjoner, ein i Valle og ein i Rogaland.

Jon Sæland starta avlsarbeid på spelsau og fekk henta inn avlsdyr frå Island. Der hadde den opprinnelege norske sauen overlevd i fleire hundre år frå den tida nordmenn tok landnåm på Island. Frå avlsstasjonane blei det seld mange avlsdyr, og rasen blei utbreidd over store delar av landet.

Jon Sæland er rekna som opphavsmannen til Dalasauen. Rundt om i landet var det ein del ulike sauerasar. Desse var ofte veldig lokale og hadde blitt til gjennom kryssing av forskjellige saueflokker. Noen av desse lokale rasane hadde opphav i engelske sauerasar som hadde blitt innført til Norge. Dei første rasane frå England var dei tunge rasane Leicester og Oxforddown. Men dei store og kravfulle dyra greidde seg dårleg i Norge, og resultatet blei oftast at både dei innførte dyra og kryssingane etter dei fort gjekk ut. Dei fekk derfor liten innvirkning på den norske saueavlen. Bare i dei aller beste sauestroka der forings- og beitetilhøva var noelunde bra, greidde desse innførte saueslaga å endra den opprinnelege sauetypen. Dette var tilfelle i Rogaland der denne blandingssauen var opphavet til Rygjasau. Denne rasen er ennå vanleg der.

Det same var tilfellet i dei indre bygdene i Hordaland – Voss og Hardanger, og i midtre Sogn. Det var noen kapteiner frå Vik i Sogn som innførte dei engelske rasane Leicester og Sutherland. Dette var store dyr. Kryssingane mellom desse rasane og den mindre rasen Sjeviot med opphav i Skottland, var mest vanleg i dei store sauebygdene Vik i Sogn og Voss. Den blandingssauen ein fekk i desse bygdene, blei opphavet til Dalasauen. Rasen blei første gong vist fram på sauesjået på Voss i 1919 under navnet Vossesauen. Desse blandingsdyra var nokså ulike. Jon Sæland valgte ut dei dyra han meinte skulle vera idealet på den nye sauerasen og avla fram dyr etter dei. Under Jon Sæland sitt avlsarbeid fekk rasen navnet Dalasauen frå 1923.

Det var Dalasauen som blei den dominerande rasen i Kvinesdal og bygdene omkring. Og det var på mange måter i Kvinesdal at det sterkaste sauemiljøet var, spesielt i Vesterdalen der sauholdet stod sterkt, og der mange dyktige sauebønder blei pionerar i avlsarbeidet.

Sigurd Bell blei staskonsulent etter Jon Sæland i 1945. Han skriv i boka si Sauen (1955) at Dalasauen var den største og tyngste av dei norske sauerasane. Vaksne verar kunne ha ei levandevekt på opp til 150 kg og risbitverar (eitt år gamle verar) 120 kg. Vanleg haustvekt for vaksne søyer kunne vera 70-75 kg. Dalalam frå gode fjellbeite vog ofte kring 50 kg levande vekt. Til og med tvillinglam kunne nå opp i den vekta, skreiv han.

Dalasauen blei beskrevet som spak og roleg, eit stillfarande dyr som heldt seg roleg på beite. Sauerasen passa derfor godt i dalføra i Agder med små gardar og ulendt utmarksbeite.

JON SÆLAND var ein fargerik person det går mange historier om. Han var sjølv kvikk i replikken, men humra godt når noen kom med eit godt svar tilbake. Men han kunne vera streng i dømminga og ramsalt i kritikken over dyr han tykte var for dårlege til å bruka i avlen.

Det er ei kjend historie om han frå eit sauesjå i Kvinesdal. Berg Biktjørn fortel at det var ein mann som heitte Martin Øygarden. På sauesjået hadde noen sett ein lapp på veren hans der det stod 140 kg. Martin kikka rundt på veren og kommenterte at han visste at veren var stor, men at han var så tung, hadde han ikkje tenkt. Då han kom og ville få veren bedømt, tykte Sæland lite om dyret og gav tydeleg uttrykk for det. Veren var liten og pjuskete, og alt på veren var dårleg. Han heldt fram med å omtala kor dårlege bein han hadde, ryggen var smal, hovudet stygt og pungen altfor sid. Så veren blei «kasta ut» som dei sa då dei måtte gå med veren utan å få premie for han. Men då Martin luska bort med dyret sitt, snudde han seg og gjekk bort til Sæland og spurte: «Men du Sæland, tru du eg kan eta kjøtet?» «Hau, hau», humra Sæland.

Jon Sæland var ivrig etter å få spreidd dei beste dyra rundt i landet. På Tonstad var det ein ver som heitte Leif 53. Jon Sæland hadde kjøpt inn lammet frå Voss i 1923 til Moen saualslag på Tonstad. Denne veren var ein av føregangsverane som førte dalasauen vidare og var med på å starta opp arbeidet med å ala fram Dalasauen som rase i Agder. Tønnes Tjørnhom kjøpte fleire lam etter denne veren. Og Kristian Hauan fortel at far hans Oskar kjøpte gimra Store Sirdøla. Ho var ei av dei beste gimrene på sjået eit år og la mye av grunnlaget for den gode saueflokken Oskar avla fram.

Oskar hadde i slutten av 20 åra det beste verlammet på utstillinga. Sæland ville kjøpa det. Han hadde fått i oppdrag å skaffa eit godt lam til ordfører Svennevik i Spangereid. Han var villig til å gi 75 kroner, som var ein god pris. Oskar ville ikkje selja. Men far hans meinte at han måtte, for dei hadde bruk for pengane. Så det blei til at Oskar selde.

Oskar kjøpte gimra Store Sirdøla av Tor Tonstad. Det var far hans Mads Tonstad som hadde fått i stand Moen saualslag. Det blei ganske vanleg at fleire bønder slo seg saman og laga eit lag som kjøpte inn gode dyr. På den måten fekk dei råd til å kjøpa dei dyraste og beste verane. Me fekk mange slike lag i Kvinesdal. Det førte til at fleire sauebønder kunne nytta dei beste dyra og heva kvaliteten på flokken sin. Samtidig spreidde ein risikoen og reduserte tapet dersom det skulle gå gale. Og det gjorde det av og til.

Alfred Regevik heitte ein sirdøl som var rundt på alle sauesjåa i bygdene omkring. Han var ivrig med å hjelpa til å med å få fram dyra til dømming. På eit sjå leidde han på ein ver som Jon Sæland tydelegvis ikkje tykte noe om, så han kvessa til: «Du Alfred, du som vil vera sånn ein god sauemann, du tenkje vel ikkje at du fær premie for den stygge veren.» «Nei», sa Alfred. «Eg vil bare syna Sæland det verlammet du kjøpte til naboane mine i fjor.»

Beer Gausdal var ein dyktig sauemann frå Kvinesheia og ivrig utstillar. Han stilte veren Båtsmann på ei jubileumsutstilling i Mandal i 1923. Veren fekk 1.premie, og Beer fekk med seg heim eit fint sølvstaup. Men han var ikkje alltid tilfreds med den dømminga Sæland hadde gjort. Då gav han uttrykk for det og kommenterte heile tida. Kristian Hauan seier at onkelen hans Øyvind Hauan fortalte at då Jon Sæland hadde stilt opp dyra og skulle omtala dei, ville han ha ro og begynte alltid med å seia: «Nå må Beer Gausdal tia stille.»

På bildet ser me frå venstre: Jakob O Omland og Karl Johan Kvinlaug, Netlandsnes. Dei to bak trur eg er Håkon Sindland og Tønnes Røyseland. Vidare ser me Tønnes R. Tjørnhom og Jakob Kvinlaug, Kvinlog. Bildet må vera frå midt på 1930 talet. Foto: Privat

SOM NEVNT mintest Oskar Hauan at sjået var i Knivsvika i 1918. Kor lenge det var der, veit eg ikkje. På kasseten fortel Berg og Osmund at sjået også hadde vore Under Helleren.

Men seinare blei det flytta til Prestegarden. Berg fortel at sjået noen år var på Prestegardsjordet omtrent rett nedafor prestegardshusa. Eit år var det rett ved sida av Farbrua. På eit bilde frå midt på 1930-talet ser me at det må ha vore omtrent der krysset mellom gamle E-39 og Åsevegen er. I bakgrunnen ser me huset til Kjørmo.

Seinare var sauesjået også på Prestvollen.

Det var der den gamle prestegarden låg, altså der ballbanen ved Kvinesdal Ungdomsskole er.

I Ættebok frå 1937 er det eit bilde frå sauesjået der i 1936. Osmund Røyseland fortel at dette året var det første gongen han stilte ut, så han mintest at det var der. Osmund fortel også at dei jaga sauene i flokk ned dalen for å møta med dei på sauesjået. Då måtte dei opp gry tidleg om morgenen for å fora dei før dei tok fatt på turen.

Sauesjå i 1936: Reinert Tjørnhom med veren Rapp (t.h.), Gunhild Kvinlaug med veren Josdølen (midten) og Sverin S. Versland med veren Villmann. Foto: Ættebok fra 1937

På eit bilde ser me Reinert Tjørnhom med veren Rapp som far hans Tønnes eigde. Veren vog 118 kg og fekk 2.premie i 1936 og 1937.

Som nummer to står veren Josdølen. Det var ein stor ver som vog heile 128 kg. På sjået i 1936 fekk han 2.premie. Det var Gunhild Kvinlaug frå Fjotland som hadde denne veren. Ho selde han til Espetveit og Fed Saualslag. Han fekk 1.pr. på Tonstad i 1937. Det må ha vore ein uvanleg god ver, for det var svært sjeldan at det blei gitt 1.premie til verane i den tida.

Som nummer tre står Severin S. Versland med veren Villmann – Versland. Denne veren vog 119 kg og var stilt i Åseral både i 1936 og 1937 der han fekk 2.pr.

Sjået i 1936 er det nest siste året sauesjået var her. Det siste sjået her var i 1937. Glenn Røynestad fortel i eit avisintervju at det året stilte han ut for første gong. Den nye Fylkesskulen (gamlebygget på ugdomsskolen), blei påbegynt året etter og stod ferdig i 1939.. Om det var grunnen til at dei flytta, veit eg ikkje.

Sauesjået i Kvinesdal hadde høg status. Det var bare Kvinesdal og Åseral som hadde statssjå. Så var det andre sjå som heitte Statsfylkesjå. Og så var det ein del mindre sjå rundt omkring i bygdene. Dei blei kalla Bygdesjå og hadde ikkje så stor betydning. Der stilte dei ikkje verar. Dei måtte til Statsjået eller til Stats-fylkessjået for å bli bedømt.

TIL STATSSJÅ og Statsfylkessjået trykte dei opp katalogar med oversyn over alle dyr som blei stilte ut. Kvart dyr fekk eit katalognummer med informasjon om kven som eigde det, når og hos kven det var født og kven som var foreldra til det.

Det første året med katalog for sauesjået i Kvinesdal er frå statssjået den 21.september 1934. Før den tida hadde dei bare skrive ned opplysningane om dyret på eit ark etter kvart som dei møtte til dømming.

I 1934 stilte Tobias T.Biktjørn veren Ruggen som fekk 2.pr. og ullpremie og stod spiss. Adolf Versland hadde risbitveren Berger som fekk 2.pr. og blei spiss(beste ver). Ut frå katalogen veit me at det også var sauesjå i 1930 og 1932, for sauen Vena som Tønnes R. Tjørnhom fekk 1. pr. for og bassau(beste sau) i 1934, hadde også fått 1.pr. desse åra. Av katalogen går det også fram at mora til sauen hadde fått 1.pr. på fylkessjået i Mandal i 1927.

Stats- og fylkessjå var store sentralsjå. Men i tillegg var det Bygdesjå på mange mindre plassar. Ein må hugsa på at det ikkje var så enkelt å koma fram med dyra over lange avstandar i den tida, så dømming av sau og gimrer blei ofte gjort på meir lokale sjå .Men bygdesjåa hadde ikkje same prestisjen som stats-og fylkessjå. Det blei heller ikkje laga katalogar til bygdesjåa. Då førte dei bare navna inn direkte på eit skjema når dyret blei stilt slik dei tidlegare hadde gjort for alle sjå.

Eksempel på ein katalog. Bilde av framsida av katalogen frå 1949. Foto: Privat

ETTER SAUESJÅ om hausten blei det trykt ei Ættebok. Der førte dei inn navn og premiegrad til verane. Dei tok også med ættetavla. Vekta på dyret blei oppgitt. Dei utstilte sauene og gimrene blei også ført inn i Ætteboka. Katalogen og Ætteboka gav eit godt oversyn over avlsdyra som var stilte ut. Mange kjøpte derfor dyr usett basert på den informasjonen som var i desse trykksakene. På den måten kunne ein vera trygg når ein handla dyr frå andre plasser i landet.

Bilde av framsida på Ættebokfrå 1945. Foto: Privat

SAUESJÅET blei flytta til Breimoen i 1938. Berg Biktjørn fortel at far hans dette året hadde ein svært god ver som heitte Lesjaruggen og stod spiss. Han seier at sauesjået var på Breimoen det året.

Det var ikkje alle som likte at sjået blei flytta. Beer Gausdal var ein av dei. Emanuel Jerstad har fortalt til Kristian Hauan at far hans, Simon Jerstad, hadde herma etter Beer Gausdal: «Det er vel ikkje lenge før dei flytte kjørkja au».

På eit bilde av sauesjåplassen i 1943 ser me ein del folk samla bakerst i bildet, men den store sauebingen framst er tom. Eg veit ikkje grunnen til det. Likevel viser bildet godt måten sjået er organisert på. Det var vanleg å ha alle gimrene samla i den store bingen. Rundt denne bingen var det to mindre bingar. Dommarane såg på dyra i flokken og begynte å plukka ut dei som skulle ha 3. premie, og deretter dei som skulle ha 2.premie. Dei som fekk 1. premie blei gåande igjen i den store bingen. Så delte dommarane ut sløyfene. Dei med 3. premie fekk blå sløyfe, dei med 2.premie fekk rød, og dei med 1. premie fekk kvit.

Ein grunn til at sauesjået blei på Breimoen, kunne vera at det hadde blitt eit sterkt sauemiljø i Vesterdalen. I Vesterdalen var det sauen som stod sterkast, i motsetning til i Austerdalen der storfehold var viktigare. Mange av dei framste pionerane i sauavlsarbeidet budde derfor i Vesterdalen

I 1934 tok statskonsulent Jon Sæland med seg Osmund Josdal frå Tonstad til sauesjået i Kvinesdal. Osmund Josdal hadde ein fin flokk med 1.premiesauer. Sæland spanderte skyss på Osmund og saueflokken hans til Kvinesdal for å visa kvindølane korleis ein god Dalasau skulle vera. Osmund hadde med seg mange lam, og han selde dei alle.

I KVINESDAL var det dei unge sauebøndene som kjøpte både desse lamma, og i åra etter fleire lam og gimrer frå saueholdarane på Tonstad.

Trygve Hompland var ein av dei som kjøpte dyr frå Tonstad. Han kjøpte ei 1. premie gimre som heitte Valdis. Ho blei stammor til noen av dei beste dyra han hadde i flokken sin. I denne tida begynte Røyselendingane å visa seg som dyktige saueavlsfolk. Hans Røyseland kjøpte dyr frå Tonstad og fekk med seg brørne sine Tønnes, Torkel og Osmund. Dette er navn me møter igjen på alle utstillingane i mange år framover og som var blant dei som tok mest for seg av dei beste premiane. Osmund fortel at i 1941 var han og broren Hans på sauesjået på Tonstad og kjøpte dyr. Beer Gausdal var også med. Frå Åseral var fleire av Kaddebergbrørne med. Dei kjøpte fleire dyr og dreiv dei over heia frå Tonstad. Dei overnatta på Falkefjellstølen og dreiv dagen etter vidare til Risnes og ned dalen.

Det var mange dyktige sauefolk i Vesterdalen i denne tida. Ein kan rekna opp ei lang rekke navn som sette preg på utstillingane, mellom anna Ommund Sindland og seinare sønene hans Tønnes, Håkon og Sigurd.

Ånen Versland hadde basgimra i 1936. Han hadde kjøpt to saulam på Tonstad og gav dei navna Guldis og Judith. Då han blei spurt om kvifor han hadde gitt dei desse navna, sa han at han hadde oppkalt dei etter to fine jenter på Vatland.

Gustav Basgård med ein ver. Foto: Privat

BERG BIKTJØRN seier på ein kassett at Tønnes R Tjørnhom, Beer Gausdal, Osmund Åse, Samuel Egenes og Gabriel Omland var dei første pionerane for betre saueavl. Berg nevner at Gabriel Omland var den første som gjekk inn for å skaffa seg gode sauer, men han stilte aldri sauene på sjå.

På Basgård var det mange dyktige sauefolk. Eg minnest best Gustav Basgård.

Det er mange historier etter Gustav. Eit år hadde han ein ver som hadde mye «daudhår» i ulla. Det var eit stort minus for ullkvaliteten dersom ulla hadde «daudhår». Daudhår var enkelthår i ulla som ikkje var ein naturleg del av ullfellen og som svekka styrken i ulla ved spinning. Dommaren frå Flekkefjord Ullvarefabrikk undersøkte nøye ulla på Gustav sin ver. Det viste seg at veren hadde my daudhår. For kvar gong han tok neven i ulla gjentok han: «Daudhår, daudhår, daudhår». Gustav viste tydeleg at han ble meir motlaus for kvar gong dommaren sa «daudhår» til stor fornøyelse for dei som stod rundt ringen. Ein av dei nippa ut eit hår frå brystkassa si og spurte Gustav om han visste kva slags hår det var: «Daudhår», brumma Gustav tilbake.

Ein av dei nippa ut eit hår frå brystkassa si og spurte Gustav om han visste kva slags hår det var: «Daudhår», brumma Gustav tilbake.

Gustav var på eit sauesjå i Åseral og stod og såg på noen flotte gimrer han gjerne kunne kjøpa. Så spurte han Jon Sæland om kor mye den 1.premie gimra var verd. «Tusen kroner,» sa Sæland. «Å, det er dyrt å vera fattig,» sukka Gustav.

Kristian Hauan fortel denne historien etter Gustav: «Gustav hadde ein ver som hadde god kropp men ringt hove, og Ola Stiland hadde ein med ring kropp og godt hove. Det var då Gustav sa: Hvis min ver hadde hatt hove av Ola Stiland, så skulle du sett guten(veren).

Gustav Basgård med veren sin på sauesjået på Breimoen i 1956. Foto: Privat

Gustav Basgård og Ola Stiland jobba på jernbanen. Dei budde saman i omformerboligen på Sandvatn. Om kveldane diskuterte og prata dei om sau heile kvelden til dei sovna. Ein kveld gjekk diskusjonen fram og tilbake om veren Lesjaruggen som far til Berg Biktjørn, Tobias, hadde kjøpt av Harald Berle frå Lesja i Gudbrandsdalen. Han selde mange dyr til Kvinesdal i 1930 åra. Lesjaruggen fekk 2.premie og stod spiss på sjået på Breimoen i 1938. Seinare blei han seld til Åseral der han fekk 1.premie. Det siste Ola Stiland sa om kvelden var «Lesjaruggen», og så sovna han som ein stein.

Berg Biktjørn fortalte at då dei bygde vegen frå Tjørnhom til Vatland i 1938-1939, budde vegingeniøren hos dei. Faren Tobias hadde kjøpt ein ver frå Voss som han var veldig kry av og gjerne ville visa til vegingeniøren. Men han hadde ikkje interesse av sau, og ikkje skjønte han seg på sau heller. Men flåsete i kjeften var han og kom med denne kommentaren: «Det hove ser ut til å ha sete på ein ver før.» Då datt Tobias i hop, for det var ein fæl attest å få. Han studerte lenge på dette og lurte på om veren verkeleg hadde eit så stygt hove. Så han gjekk til Tønnes Tjørnhom og spurte om han tykte at veren hadde stygt hove. Då seier Tønnes: «Stygt hove? Nei, den veren he eit så fint eit hove at det kunne ha sete på den finaste Trælandsjenta». Det var det beste skussmålet han kunne få, for på folkemunne var det alminneleg kjent at det det var ein flokk med ekstra flotte jenter på Træland.

Bildet viser Adolf Versland med veren Stolt 1923 heime på jordet på Breimoen der utstillinga var i mange år. Dette bildet er frå 1958. Foto: Privat

ADOLF VERSLAND var ein annan veteran. Han stilte ut første gong i 1918.

På Austheia var Oskar Hauan ein ivrig utstillar. Han kjøpte to gimrer frå Tonstad. Dei heitte Sirdøla og Store Sirdøla og var stilt ut på sjået på Tonstad i 1940. Der hadde dei fått 2.og 3.premie. Begge gimrene var etter veren Leif 53 som eg tidlegare har nevnt var kjøpt frå Voss. Dette viser kor innstilt dei ivrigaste sauefolka var etter å få gode avlsdyr at dei fekk verar heilt frå Voss og andre stader i landet. Og det var ikkje lett å handla dyr under krigen. Oskar Hauan har fortalt at det var litt av ein sjau når ein skulle handla dyr utafor kommunen. Då måtte ein ha tillatelse frå prispolitiet og rekvisisjon frå forsyningsnemnda på godkjenning av kjøpa. Og ein måtte ha kjøretillatelse for å frakta dyra frå Tonstad. Oskar hadde også ei stor og flott gimre på utstillinga i 1943. Jon Sæland sa at det utan tvil hadde vore basgimra hadde det ikkje vore for at ulla var for dårleg.

I NEDRE DEL av kommunen var Andreas Åse ein stor føregangsmann. Han var slaktar og hadde god greie på korleis sau og lam skulle vera for å få god kjøtkvalitetet. Det var sikkert Andreas som inspirerte Lars Åse Egeland og broren Ola. Dei hadde kvar si gimre på utstillinga i 1945. Ola si gimre heitte Dresa og blei basgimre det året. Lars hadde tvillingsøstera Drysja som også fekk 1.premie.

På sauesjået i 1944 var det 5 sauer som fekk 1. premie. Andreas hadde 3 av dei. Av dei to andre var det Beer Gausdal og Olav Liland som hadde kvar sin.

Men Andreas var også ein god forretningsmann. Kristian Hauan fortel at onkelen hans Peder kjøpte eit saulam av Andreas Åse i 1944 for 500 kroner. Det var mye penger den gongen. Det fekk 2. premie på sjået i 1945.

Det var ein gild og roleg sau, men han var så kitlen. Så då han skulle klyppast, sparka han så fælt at ein gong sparka han til sauesaksa så ho traff sauen i munnen og gav han eit kutt i leppa.

Kristian seier at han sjølv var svært interessert i sau alt den gongen. Han var så liten at han fortsatt ikkje talte reint då han var med i sauefjøset. Han kunne ikkje uttala lyden r. Han var så liten at han knapt såg over høykrybba. Så då sauene stod med hovet nedi høyet og åt, kunne han ikkje sjå kven av sauene han såg på. Derfor tok han dei i øyrene og drog opp hovet for å sjå dei i ansiktet. Sauen Peder hadde kjøpt av Andreas Åse heitte Frida. Peder hadde også ein som heitte Frilla. Så då Kristian drog opp hovet på sauen for å sjå kva for ein sau det var, fortel Kristian at mor hans hadde herma dette etter han: «Det er ikkje Filla, men Fida.» Det viser at Kristian alt den gongen hadde god evne til å kjenna att dyr.

Ola Stiland hadde gode sauer og selde eit fint saulam til John Hauge i Eiken. Mor til lammet var ein ung sau som heitte Fin. Ola hadde kjøpt sauen av Beer Gausdal. Beer hadde stilt han på utstilling, og han hadde fått 2. premie. Lammet Ola selde til John Hauge blei ein god sau. Han hadde navnet Fjellfrua og fekk 1. premie og var bas i Eiken i 1944. Kristian Hauan har eit bilde av den flotte sauen med to store lam. Dei vog 62 kg og 58 kg og var første lamma til sauen. Fjellfrua sjølv vog 84 kg. Dette er jo uvanleg høge vekter når ein set det i samanheng med det statskonsulent Bell skreiv i boka si, og som eg har sitert tidlegare.

Fjellfrua. 1. pris og bas i Eiken 1944. Her sammen med to lam. Foto: Privat

I 1944 oppstod det strid om kor sauesjået skulle vera. Det enda med at sauesjået blei på Englemoen dette året. Eg spurde Osmund Røyseland om han mintest kor sjået var, og han svarte straks at det var ved mølla. Mølla stod på tomta Nils Mygland bygde huset sitt på i 1965.

Då fann dei ein møllestein som er på tomta den dag i dag. Sauesjået var på jordet rett ved sida.

Bøndene på Åmodt hadde mølla i fellesskap og mol kornet sitt der. Mølla blei drive av elektrisitet. Det var også eit sagbruk i tilknytning til mølla. Både mølla og sagbruket brann ned rett før krigen.

Men sauefolket i Vesterdalen likte ikkje at dei flytta sauesjået frå Breimoen.

Dei boikotta like godt heile sjået det året i protest. Og det blei med det eine året på Englemoen, for neste år måtte dei som styrte med sjået bøya av for vesterdølane og gå tilbake til Breimoen att.

Det står eit fyldig referat med resultatliste i Flekkefjordsposten frå dette sjået i 1944. Avisutklyppet er ein dårleg kopi, så det er vanskeleg å få det scanna inn her. Eg synest likevel at det er så interessant å lesa at eg gjengir det som avskrift. Han som har skrive artikkelen kallar seg for «Meldar». Eg minnest at same signaturen skreiv både i Agder og Flekkefjordsposten. Eg er ikkje sikker på kven det var, men eg trur det var Einar Ljosdal som skreiv under denne signaturen. Han skreiv mye for avisene og hadde blant anna lange og utførlege referat frå kommunestyremøta.

Her er det han skreiv:

«Sauesjået i Kvinesdal.

Statssauesjået vart i år halde på Åmot ved Liknes og såleis meir i bygdas sentrum enn dei siste åra når det har vore oppe i vestredalen. Dei fleste i vestre dalen trur visst at det skal verta fast utstillingsstad der i dalen ved Store Kvina stasjon, og i år streika dei og ikkje møtte fram med sauane sine. Men utstillinga samla sauer frå andre krinsar i bygda. Det burde ha vore endå betre frammøte frå desse stader, så hadde nok og premielista vorte større. I alt vart utstilla 20 verar, 107 sauer med lam og 38 gimrer. Av vaksne verane fekk 3

2. premi, 4

3premi. Av yngre verar fekk 5

3.premi. Av sau med lam fekk 5 1.pr., 32

2.pr., 50

3.pr. 5 gimrer fekk 2.pr. , 14

3.pr.

Forholdsvis mange av dei premierte verane var frå andre bygder. Folk møtte lite fram med verar, mellom anna av den grunn at dei tenkte det lite gagna når dei skulde slaktast likevel. Men med omsyn til ættetavla for lamma, ville det vore til nytta og fenge verane dømd. Prisdomarar på sjået var Jon Sæland og Jesper Ravndal. M. Rødland var styrar.

På sjået i fjor ved Store Kvina var det mange fleire premiedyr, og Sæland tala for å få sjået dit opp att. Rødland delte ut pengepremiane, i alt kr. 479. Han nemnde at sume dyr i år hadde vorte premiert utan at ættetavla var i orden. Men for framtida vil det verta slik at skal dyra få premi, må dei kjenna deira avstamning.

Forsyningsnemnda var tilstades så kjøp og sal av livdyr kunde gå for seg etter lovlege former. Noko handel var der. Flekkefjords Ullvarefabrikks ekstra premie på 75 kr. for beste ullver vart tildelt risbit veren Besse, 3.pr. eigar Sigmund Seland, Nes.

Sjået slutta så tidleg at utanbygdsfolk kunde rekka toga, godstog vestover og ekspresstog austover. Kor mange utanbygdsfolk som skulde med tog hadde kjøpt sauer, kjenner me ikkje til. Men om til dømes også vesterdølene hadde møtt fram på sjået med sauene sine og seldt i aust og vest, så kunde i det minste kjøparane reist same dagen, og vesterdølene hadde sauene og kunde sendt sauene dagen etter til dei som ikkje fekk dei med seg med det same. Forresten vert ikkje sauesjå halde berre med tanke på handel, men for at folk skal få seg dyr som det løner seg å halda på, som gjev mykje både kjøtt og ull.

Dei som utstilte sauer i år, bør dei fleste av dei, meir enn dei har gjort, leggje seg etter å få bra dyr, så kan dei med tida meire enn no taka del med vesterdølene i livdyrshandelen til høge prisar. Og så dersom utanbygdsfolk lagleg kan koma til utstillinga med tog og bil så ikkje handel vert hindra, så skulle vel ikkje vesterdølene sine sauer vera betre enn andre sine så dei ikkje skulde kunda gå med dei til utstillingsstad ved bygdas sentrum.»

Dersom utanbygdsfolk lagleg kan koma til utstillinga med tog og bil så ikkje handel vert hindra, så skulle vel ikkje vesterdølene sine sauer vera betre enn andre sine så dei ikkje skulde kunda gå med dei til utstillingsstad ved bygdas sentrum.

BERG BIKTJØRN og Osmund Røyseland kjem med ei interessant opplysning på kassetten dei talte inn. Dei fortel at sidan sauebøndene i Vesterdalen streika og ikkje ville stilla ut på Liknes, laga dei seg si eiga private utstilling dette året. Den blei holdt på jordet heime ved husa til Trygve Hompland. Meir opplysningar om dette sjået har eg ikkje. Men Osmund Røyseland fortel at statskonsulent Jon Sæland støtta dei som heldt sjået, men han kunne ikkje sjølv vera med på grunn av stillinga si som statskonsulent.

Han sende likevel Jesper Ravndal som dommar. Jesper Ravndal var ein dyktig dommar og sauemann som var med på sjåa i mange år. Han var heiesjef og gjetar for den store drifta ved Roskreppfjorden

i Sirdalsheiene og er omtalt i boka Driftesmalen som Jæren smalelag gav ut som jubileumsbok.

Men som ein ser frå avisutklyppet ovenfor, var Jon Sæland av den meining at det offisielle sjået burde flyttast opp til Vesterdalen att. Det blei det året etter, og dermed blei det med den eine private utstillinga den gongen.