Gamledager

Å vekse opp på Galdal for ca 50 år sidan, var ei oppvekst i ei heilt anna tid. Eg har fått oppleve ei enorm utvikling – både når det gjeld materielle goder, teknisk utvikling og bruk av tid.

Eg må alt i starten presisere at det eg skriv, er minner slik eg hugsar dei – andre vil sikkert å opplevd ting på andre måtar. Med andre ord – eg vil prøve å skildre opplevingar, ikke fyrst og fremst tørre faktaopplysningar.

Arbeid og fritid var knytta nær samen på garden. Vi skilde ikkje så nøye mellom det. Det var sjølsagt at vi måtte vere med i det arbeidet som skulle gjerast, men det var likevel alltid tid til leik og moro.

Åse Paulsen Skiftun

Doktorleikar og klespoker prøvde eg og å skygge unna. Eg hugsar det som plagsam intimitet

VI HADDE IKKJE så mange dyre leiker eller tilbod om underhaldning, vi måtte underhalde oss sjølve med det som fanst rundt oss. Å fiske var mest fritid, men å setje garn var også nødvendig matauk. Slåttonna var hardt arbeid, men det var moro – og heilt ulovleg – å krype gjennom hesjene. Heime lika dei helst ikkje at vi hoppa i høyet heller, dei var redd det skulle «gå varme» i det.

Eg var gutejente. Eg lika betre å gå skiturar åleine gjennom skogen, enn å gå «to og to» på do, slik mange av jentene gjorde. Doktorleikar og klespoker prøvde eg og å skygge unna. Eg hugsar det som plagsam intimitet.

PAPPA VAR båtbyggjar ved Nideelva utafor Arendal, før han vart småbrukar på Galdal. Kunnskapane hans synte seg fram i ein kvit båt med kjøl. Denne var vi borna stolte av, og han vart mykje bruka.

Eg hugsar båten som eit positivt element i kvardagen. Sumarsdag kunne vi bruke han som stupebrygge eller tryggleik når vi skulle symje langt. Kvar sommar var det ein eller annan som prøvde styrke med å symje til Hunsholmen, då måtte det vere båt med.

Han var ikkje lett å kvelve, og det var ein tryggleik når vi var mange i han. Eg hadde mange, mange gode sommardager i båten åleine, rodde midt ut på vatnet, drog inn årene, la meg i botnen og let båten drive. Spanande å sjå kvar eg dreiv i land der eg låg og såg på skyene. Å ro inn i kanalen borte ved «Furøyna» og stake seg innover der, var som å oppdage framande land.

Hugsar eg leika at eg var i Afrika, det var nesten så eg venta synet av eit krokodillegap over båtkanten. Og så fiska vi, sjølvsagt. Vi hengde sluken etter båten og rodde rundt i «Flåna», som regel fekk vi fisk, sjølv om det var sol og midt på dagen. Størrelsen på auren var ein heilt annan ting. Av og til var mamma eller pappa med og fiska med oter, eller vi la ut ”nedan”. Alltid tre garn, alltid på dei same plassane.

Oskar og Tordis Paulsen. Foto: Privat

DET VAR VIKTIG å respektere naboane sine fiskestader. Dei vaksne rodde, og eg sette fast pinnen til fiskenetet. Det var ein kunst, som så mykje anna vi skulle lære. Hugsar den gongen eg tok for hardt i, bestefar tok eit åretak og dermed for eg hovudstups i vatnet rett utafor «grunnen».

Men båten var sjølvsagt også framkomstmiddel. Skulle vi plukke ber i Tverli eller borte langs «Granen» så rodde vi over vatnet. Bærplukking var ein av aktivitetane som låg i grenseland mellom arbeid og leik. Vi vart nok lei, men så hadde vi som regel med niste og kosa oss.

Vatnet var ein fantastisk leikestad om sommaren. Kvart år var det diskusjon om når vi kunne begynne å bade, mamma var redd for forkjølingar og det som verre var. Pappa bruka vere den reddaste for ting vi foretok oss, men når det galdt å bade, var han ein tøffing. Han var ofte nede i vatnet og «duppa seg» ved påsketider.

Sommarsdagen var vatnet badekar. Vi vaska oss der – både barn og vaksne – med Sunlight-såpe og mange hårskylingar under vatn. Dei som ikkje lika så godt å bade heile seg, tok båten til hjelp, såpa inn håret og bøye seg over båtkanten for å skyle.

Åse skal lage snømann. Foto: Privat

VI I VÅR FAMILIE bada som regel der båten vår låg – på «Moodden». Der var det ikkje så fin sand, men ikkje brådjupt og greitt å lære å symje. Vi vassa ut, snudde og symde inn att, baderingar hadde vi som regel ikkje medan eg var liten. Eg hugsa at eg misunte nokre av det større naboungane, dei leika seg med eit oppumpa traktor-dekk.

Borte på «Sanden» var vi helst på sundagane eller når vi hadde besøk. Det var fin strand der, men skulle du bade trygt, måtte du kunne symje. Når vi hadde vassa til knes, stod vi på kanten av det brådjupe moldbrotet.

Det var mykje anna kjekt vi kunne gjere på stranda. Året rundt sprang vi der og kikka når det hadde vore flaum, Det hende vi fann «skatter» som hadde drive i land, særleg fine trebitar som beveren og vatnet hadde slipt.

Eg jekk ofte turar rundt på Galdal, fann meg utkikkspunkt og såg korleis landskapet såg ut frå andre vinkler.

EG VAR SVÆRT fascinert av vassplantene i det grunne vatnet. Dei hadde lange kvite røter ned i sandbotnen som vi kunne dra opp og samle saman i store buntar. Kvifor det var så moro, kan eg ikkje heilt svare på. Eg trur det hadde noko med opplevinga der og då å gjere. Røtene var vakre, rett og slett.

Hunsholmen var utferdsstad på sommaren. Eg trur ikkje eg var så stor den gongen vi hadde «Mor på Asdal» (farmor) med oss i båten ut til holmen ein sommerdag. Påsmurt niste og kaffe var obligatorisk. Endå minnar familien meg på at eg forlanga å få «den skiva som det ikkje var fluger på».

Det var så spanande å sjå landskapet rundt garden frå eit heilt anne perspektiv enn vanleg. Dette var noko eg lika veldig godt. Eg jekk ofte turar rundt på Galdal, fann meg utkikkspunkt og såg korleis landskapet såg ut frå andre vinkler.

Birger Veggeland kosar seg i båten "Hos Oskar". Foto: Privat

VATNET VAR OG leikestad på vinteren når isen hadde lagt seg. Nett denne perioden medan isen fraus til, var det dukka for årlege konflikter mellom pappa og bestefar. Bestefar tok øksa og gjekk for å måle tykkelsen på isen. Han gav klarsignal til at isen kunne brukast, men pappa nekta. Det var ikkje tale om. Så vart det laga kompromiss med kvister langs kanten på grunnen, slik at om vi skulle dette i – noko vi aldri gjorde – så kunne vi i alle fall ikkje drukne.

Før eller seinare fekk vi alltid på oss krullskeiene, reimskeiser sjølvsagt. Vi laga baner og vi var både Hjallis, Kupper’n og etterkvart Fred A. Maier. Stilen var nok temmelig individuell, men vi kunne svinge til både sider og hadde det utruleg moro. Vart vi lei, kunne vi setje sekkesegl på spark og kjelke og segle over vatnet. Det gjekk så det susa, vi gløymde reint kor tungt det kunne vera andre vegen!

EIN ANNAN leikestad var skog og mark med hellarar, mørke grantre og hemmelege skogsstiar. Vi bruka alle årstidene i skogen og, utforska, klatra og kraup. Eg synes synd på ungar som ikkje har denne sjansen til å vere nær naturen til dagleg. Det verste med skogen, syntes eg, var alle insekta. Eg var skikkeleg vaksen før eg klarte bli kvitt insekt-skrekken min.

Om vintaren brukte vi skia, laga løyper og hopp, og brøyta oss eigne løyper oppå «Skaret», mot «Jødelsvatnet» og innover mot Høydalen. Ekstra kjekt var det når dei vaksne var med – enten det nå var på skiturer eller på trekjelken på skaren i halvmørke vinterkvelder, rattkjelke kom etterkvart, men eg lika best trekjelken. Ein av naboane, Severin, ein eldre mann var flink til å vere med oss ungane. Ein gong tok han ut ein stor slede dei kunne renne på. Det var ekstra stas, sjølv om eg ikkje kan hugse at eg fekk sitje på denne.

BØKER VAR ein viktig del av fritida i min barndom, ja, ikkje berre i fritida. Det hende nok at eg stakk meg vekk med ei bok når arbeid skulle gjerast og. På utedoen var det fint å lese, eller på låven, bak ripsbuskane om sommaren eller stille bak ein stol. Eg kan ikkje ha vore så stor når eg hugsar at bokbilen frå Kristiansand stogga på posthuset, eller etterkvart den store bokbussen.

Bøkene i skulebiblioteket (les: skapet i klasserommet) på Veggeland inneheldt mange skatter, og alle klassikarane i bokskapet på loftet hos bestefar for eg gjennom. Som ti-åring hadde eg lese både Hans Seland, Jonas Lie og Tarjei Vesaas, sjølv om ikkje alt var like skjønelig. Særleg mange av bøkene til Vesaas tykte eg var rar lesing.

Stanley, Birger og Åse prøver høgdehopp-stativet Foto: Privat

MEDISINSK LEKSIKON høyrde og med, men desse måtte helst lesast når dei vaksne var ute, vi hadde ei kjensle av at vi var på forbudt grunn. Andre blad som heller ikkje var velkomne i vårt hus var Romantikk. Eg lånte nokre av desse, gøymde dei under madrassen og vart sjølvsagt oppdaga – med påfølgjande skjennepreken. Er vel etterkvart av den meining at denne formen for sensur ikkje er spesielt vellukka.

Vekebladet Urd derimot, med gotisk skrift, fekk eg låne når eg var sjuk og låg på divanen nede. Etter litt øving klarte eg tyda skilnaden på s-er og f-er og følgde framhaldsforteljingane med store augo. Det var nesten slik at ein ønskte feberen kunne vare litt lengre. Var vi på besøk, kikka eg meg alltid rundt etter ei bokhylle, særleg dersom eg skulle overnatte. Frøken Detektiv og Hardy-guttane gjekk ned på høgkant, saman med bøker som ”Når våre lamper slukner” eller kjærleiksromaner av Amy Le Feuvre.

4- 5 ÅR GAMAL hadde eg spart opp penger til å kjøpe ei dokke eg hadde sett i vindauga til Anna Brulis Landhandel. Eg fekk gå dit åleine og kjøpe denne. Anna bann dokka fast på ryggen min, så eg kunne få skatten trygt med meg dei to kilometrane heim.

Vi hadde faktisk ein god del leiketøy heime, både dokker og andre ting. Mykje av det var julegåver frå tante og ikke minst frå onkel i Oslo. Han lika å kjøpe morosame tekniske gåver til oss, slik som ein dokkevaskemaskin som gjekk på batteri, eller ein leikesymaskin. Det var utruleg stas, men vi leika like lenge med tøydokker, trebiler og figurer skore ut av grønnsaker. Desse siste hugser eg at bestefar laga til oss om hausten når vi hadde fått inn gulrøter og kålrøter. Pappa laga og leiker dei første åra han og mamma var gift, seinare vart det vel meir politikken som tok tida hans.

Innpakningspapiret til julegåvene var ein skatt. Det var fint bretta samen og brukt om igjen neste jul.

DET VAR ALDRI snakk om å kjøpe dokkeklær. Tøybitar fungerte fint, og så hende det at dei vaksne laga klær til dokkene våre. Ikkje minst kan eg hugse at vi fekk kjoler til dokkene frå Maria Høydal. Dei var veldig forseggjort, eg trur eg har ein av dei endå! Tante Johanne strikka og mamma sydde klær til ei sovedokke til meg ei førjulstid. Dei klarte halde det hemmeleg, sjølv om dokka skreik kvar gong dei snudde på ho!

Sjølv om eg var gutejente, så leika eg mykje med dokker. Vi laga hus av stolar, bord, krakker og pledd og støynivået kunne nok vera ganske plagsamt. Eg undrer meg over at dei vaksne gav oss lov til dette, at dei heldt ut så mykje støy.

Innpakningspapiret til julegåvene var ein skatt. Det var fint bretta samen og brukt om igjen neste jul. Vi fekk også leike med papiret. Eg hugser at vi pakka inn gaver og «gav vekk» i timesvis i romjula. Endå held det hardt i meg, når vi krøller saman julegåvepapiret og kaster merkelappane på julaften om kvelden.

Vi leika mykje saman – både inne og ute.

Eg fekk likevel høyre at Galdalsfamilien «kan ikkje syngje», noko som har gjeve meg rikeleg med komplekser.

INNE FEKK vi leike blindebukk, då var ofte dei vaksne med, det var stor stas. Det hende og at vi leika gjømsel, men dette var av dei leikane som vart stoppa etter ei stund, det vart for vilt. Vi spela gnav, vri åtter og kinasjakk, og nokre gonger song vi saman. Eg fekk likevel høyre at Galdalsfamilien «kan ikkje syngje», noko som har gjeve meg rikeleg med komplekser.

Ute heldt vi på med dei vanlege barneleikane, eg hugsar at både mamma og pappa kunne hive seg med på å spenna boks eller ”bommast og gøymast”. Både bestefar og mamma var opptatt av idrett, vi konkurrerte om å springe 60m, høgdehopp og stille lengde. Pappa laga høgdehoppstativ til oss. Ein spiker for kvar 5 cm og ei tynn trelist. Konkurransen var hard og ubarmhjartig.

I furua på tunet hang det runse og turnringar, vi fekk mange høve til å vere aktive, glade ungar, men vi måtte sysselsetje oss sjølv. Vi fekk ikkje noko gehør om vi sa at vi ”kjeda oss”, og det påstår mamma at vi gjorde ofte. Ho sier at vi klaga oss fordi det ikkje var noko å finne på, men det har eg gløymt.

Av og til år dei vaksne samlast, spela dei ”kråke”. Nokre gonger fekk vi borna vere med. Eg hugsar særleg ”Andrias i Hageskoien”. Han var ofte hos oss på laurdagskveldane. Når han hadde vunne kortspelet, kunne vi høyre han le bortover vegen mot posthuset.

MEDIA I MIN barndom var aviser, radio og «Tresko-posten». Den siste har det vore snakka mykje stygt om dei siste ti-åra frå urbant hald. Mi oppleving var at det var lite negativ omtale av andre i min heim. Dei vaksne snakka lite om kva andre gjorde når vi barn var til stades. Det hende nok at eg synes eg kunne visst meir. Eg hugsar også at når det var besøk heime og dei byrja snakke med kviskrestemmer, så måtte ein vere stille og gjere seg usynleg.

Radioen var den viktigaste kjelda til nyheter, underhaldning og – vermelding. Stemmen frå Oslo Børs framkaller minne om middagskvild og trygg barndom den dag i dag. Eg trur ikkje alle menneske i dag har dette bildet av børsen. Laurdagsbarnetimen var en fast del av fritida. Då var det helg, vi hadde bada og fått helgekleda på. Det vanka ofte eggedosis eller andre godsaker medan vi levde samen med Remi i «Frendelaus», høyrde ulvane tute i «Laila» og andre spanande høyrespel. Uvurderlig stimulering av fantasi og opplevelse av litteratur.

Kåre Galdal kom ofte på besøk – her samen med Åse og søstera, Liv. Foto: Privat

JULENISSANE ER noko av dei tidlegaste minna mine frå avisene. Det var veldig morosamt å finne slike små nissefigurer i annonsane i førjulstida, og då snakker vi ikkje om prangande reklamer. Skipslister og teikneserier var andre ting eg las: MS Brøvig, Ferdinand og Rasmus Klump er alle namn frå avisene på kjøkkenbordet på Galdal.

Vi hadde fleire aviser heime: Agder, Fædrelandsvennen og Agderposten. Bestefar heldt i tillegg ulike blad og sørga for at vi borna fekk Norsk barneblad. Tante tinga Blåveisen til oss.

Alle desse skattane kom med ruta kvar dag i halv fem – femtida. Då samlast folk på ”Posten hos Nils”. Vi kom i god tid for å kunne prate, spørje nytt og vi barna kunne leike litt. Det var viktig å sjå kven som kom med ruta, for det kunne vi få spørsmål om når vi kom heim: Kven kom med ruta i dag? Det var to luker i veggen på venterommet på postkontoret; ei for pakker og ei for ekspedisjon og for å dele ut post. Når Nils – eller Agnes – var ferdig med å sortere, opna dei den store luka og ropte opp namn etterkvart som dei delte ut posten. Vi visste kven som fekk brev og kva aviser dei ulike familiane hadde, men det var ikkje noko vi grunna noko meir på.

Vi hadde ikkje høyrt om «Lambi» eller andre ultra-mjuke toalettpapir i min barndom.

AT VI HELDT Fædrelandsvennen og naboane våre heldt Sørlandet var berre heilt naturleg ut frå politisk tilhøyrighet. Godmodig vitsing med kva avis som fungerte best på utedoen, var det aldri nokon brodd i, same kva aviser ein heldt, så havna dei der. Vi hadde ikkje høyrt om «Lambi» eller andre ultra-mjuke toalettpapir i min barndom.

Ein annan samlingsstad for oss ungane var mjølkerampane. Sidan vegen frå Knibestøl og ”inni garden” gjekk gjennom tunet hos oss i den tida, så var den mest brukte rampa ”mjølkerampen hos Paulsen”. Om sommaren sat vi trufast på den og skreiv bilnummer. I den tida visste vi at når det ein sjeldan gong kom ein bil med L-skilt, så var den frå Rogaland.

EG VAR GANSKE stor før vi fekk eigen bil, ein brukt Moskvitch. Før det bruka pappa traktoren som bil dersom vi skulle på Haddelandsheia på stevne, eller han kjørde medlemmane i bondekvinnelaget over heia til Årstøl. Vi sat på vovne golveteppe på tilhengaren med teppe over lemmane. Det var den tids campingvogn.

Sjølv etter at vi fekk Moskvitchen, var som regel ikkje sundagsturen lenger enn til ut til Sokneskiftet. Ein skulle ikkje bruke bilen unødig. Dette endra seg likvel litt etter litt.

Sidan det meste av slekta mi budde utabygds, var det likevel ein del turar på oss. Om sommeren vart eg sendt åleine til farsslekta i Øyestad utafor Arendal, eller til syster til mamma i Birkenes. Moro var det båe stader, sjølv om eg ofte grua for overnattinga og lengta litt.

Å FÅ VERE MED onkel Torbjørn heilt til Oslo var eit høgdepunkt av ein tur. Vi sat på med han den eine vegen og tok toget den andre. Eg trur eg hadde to slike turer i min barndom.

Mobbing hugsar eg ikkje at det var, men erting og kortvarig uvennskap høyrer barndommar flest til. Eg veit eg fekk ord på meg for å vere hissig og ikkje tole så mykje erting. Mi eiga oppleving av det er vel at eg vart lett lei meg. Alt i alt så hugsar eg barndomen min som god og trygg med mange vaksne omsorgspersoner. At det kunne vere motsetninger og diskusjonar, er ikkje til å stikke under ein stol, men det er vel normalt alle stader der folk er saman.