Militærtjeneste 1929. Magne Dahlin nr. 5 frå høgre framme. Foto: Utlånt av Axel Johan Dahlin

Fortald av sonen Axel Johan Dahlin. Dessutan har Arvid Brastad, son til Magne si syster, Solveig, vore til stor hjelp.

FARFAREN til Magne Dahlin, Olof Nicolaus Magnusson Dalèn, kom frå Töcksfors i Sverige, ikkje langt frå norskegrensa. Han kom til verda 28.juli 1840 Faren, Lars Magnus Dalèn, var prest og foreldra ville at Olof også skulle gå same vegen. Ettersom Oslo låg nærare enn Stockholm, sende dei han til Oslo for å ta presteutdanninga si der. Han fekk med seg ein slump pengar, som skulle vera til utdanninga og livets opphald. Så gjekk han landevegen til Oslo. Men, han ville ikkje utdanna seg til prest og fekk etter kvart, som det har blitt fortald, for stor sans for det såkalla «søte liv» i hovudstaden. Pengane tok slutt og det same gjorde studiane. Han tok seg arbeid på Raumabanen, som då var under arbeid. Seinare skal han ha vore anleggsarbeidar på Voss. Før han og kona kom til Flekkefjord. Der heldt han truleg fram som anleggsarbeidar. På Vestlandet traff Olof ei jente frå Kristiansund, Marit Einarsdatter, som han blei gift med. Dei fekk sonen Axel Olav Julius Dalèn. Han blei født på Brudvik i Kristiansund 19. 02.1883. Dei flytta alle tre til Flekkefjord. Olof døydde i 1901 og Marit i 1920. Begge ligg gravlagd på Tjørsvåg i Flekkefjord.

Barndomsheimen på Skjeggestad. Foto: Utlånt av Axel Johan Dahlin
Magne Dahlin. Foto: Utlånt av Axel Johan Dahlin

AXEL gifta seg 29.12.1902 med Nelliken Sofie Nilsdatter på Skjeggestad, i gamle Bakke kommune, som nå er innlemma i storkommunen Flekkefjord. Ho blei født 24. 07. 1877. Nelliken Sofie var odelsjente og sat med garden, Axel blei såleis gardbrukar. I tillegg fekk han arbeid som vegvaktar i Bakke. Før han kom til Skjeggestad var han truleg, slik som far sin, anleggsarbeidar på jernbanen mellom Flekkefjord og Stavanger. Han døydde i 1942. Kona, Nelliken Sofie, døydde 1958. Dei fekk desse åtte borna saman:

Olav Mylander Akselson Dahlin, født 01. 10. 1903.

Napoleon Alfander Akselson Dahlin, født 13. 12. 1905.

Magne Oliver Akselson Dahlin, født 31. 12. 1907.

Johan Alfred Akselson Dahlin, født 22. 07. 1910.

Martha Akselsdatter Dahlin, født 27. 06. 1913.

Solveig Alvilde Akselsdatter Dahlin, født 09. 03. 1916.

Marry Akselsdatter Dahlin, født 05. 06. 1917.

Erna Marie Akselsdatter Dahlin, født 10. 05. 1920.

Axel Johan Dahlin. Foto: Jan Helge Fladmark

I 1940 blei Magne Dahlin gift med Martha Larsdatter Rafoss, født 1916 av foreldre Lars Stålesen Rafoss og Marie, født Tjørnhom. Dei fekk borna:

Solfrid, født 1941

Axel Johan, født 1943

Liv Marion, født 1949

Når og kvifor etternamnet blei endra frå Dalèn til Dahlin har det ikkje lukkast å få greie på.

Magne Dahlin var ferdig med folkeskulen i 1921, same året som han blei konfirmert. Det er uvisst om kva Magne gjorde etter at han slutta på folkeskulen. Ein teori er at han kanskje, som far sin og farfaren var med på anleggsarbeid. Det er også dei som meiner at han ei tid arbeidde hos slaktar og pølsemakar Sigbjørnsen. Det som er visst er at han i ein periode var han i arbeid hos Bendig L. Endresen, faren til Bendik Endresen. Dette var om lag 1925. Så gjekk han fire år i lære hos A. S. Svindland for å utdanna seg til det som skulle bli levevegen, slaktarmeister og pølsemakar. Han fekk då «Håndverksbrev» og kunne titulera seg som «mester» innan pølse og slakt.

I 1929 veit me at han var i militæret. Det var truleg etter dette han begynte si eiga verksemd, altså om lag 1930, på Birkeland, nær Sira i gamle Bakke kommune.

Slakterlærlinger hos AS Svindland 1925. Frå venstre: Peter Haukland, Josef Skjeggestad, Magne Dahlin og Bjelland. Foto: Utlånt av Axel Johan Dahlin

SYSTER til Magne, Martha Akselsdatter Dahlin, dreiv krambu der. Ho hadde ei lita bu som i si tid blei fløyta på Sirdalsvatnet frå Haukhom i Sirdal, og vidare frakta til Birkeland. Det var bestefaren til Oddvin Birkeland, Olaus Birkeland, som fekk flytta bua til garden sin, gardsnummer 31 bruksnummer 16. Huset ligg på det såkalla Birkelandstunet som dem gamle Prestevegen gjekk forbi. Bua blei påbygd slik at ho kunne nyttast slik Martha ynskte det.

Oddvin Birkeland (1941) kunne fortelje dette om dei to syskena Martha og Magne:

Martha hadde butikken sin i første etasje ut mot hovudvegen, på venstre side av huset. På høgre side hadde broren Magne kjøtbutikken sin. I dag er det ingen ting att som minner om desse to butikkane. Kjøtbutikken til Magne er bygd om til det som i dag blir kalla Tinget. Om vinteren sit me her og fyrer i omnen og drikk kaffi.

Også krambua til Martha er bygd om. Han minnest framleis at det var der han kjøpte den fyrste Lohengrinen sin.

Martha hadde eit lite kvilerom på bakromet i butikken, med plass til ein divan og ein stol. Ho hadde også plass til eit lite kjøkken. Toalettet hadde ho i kjellaren. Det var bare nokre få gonger ho overnatta der. Både Martha og Magne reiste heim til farsgarden på Skjeggestad etter at arbeidstida for dagen var slutt.

Bendig Emil Endresen. Foto: Utlånt av Bjørn Åge Endresen

OM MARTHA og krambua hennar fortalde Tora Skregelid (1921), som er fødd og har vakse opp på Birkeland, dette:

Martha Dahlin hadde jo ei god gamaldags krambu med eit rikt utval av varer. på Birkeland. Av og til stod eg der på butikken når Martha var og kjørte rundt med bilen sin. Det var ein liten svart bil med kalesje. Ho selde grislabrød og leverte varer som hadde blitt bestilt. Kundar hadde ho både i Bakke og bygdene ikring, til dømes Gyland. Martha tok også imot bestilling på kjøtvarer for broren Magne. I krambua selde ho mellom anna tobakk Når anleggsfolka høyrde at Martha hadde fått ei ny forsyning, kom dei springande og stod i kø for å få kjøpt seg tobakk. Kolonialvarer selde ho også. Dessutan tøyarer som stoff, truser, sokkar, arbeidsklede og liknande. Når det var sal på dette stod også folk i kø for å få kjøpt billege varer. Eg minnest at me kunne få kjøpt pølser og andre kjøtvarer i kjøtbutkken til broren hennar. Dersom Martha og Magne ikkje var til stades hende det at faren til Oddvin Birkeland, Olav, styrte i butikken. til Martha. Han henta kjøt- eller pølsevarer frå kjøtbutikken til Magne, dersom folk skulle kjøpe slikt.

Martha flytta frå Birkeland til Kristiansand og starta opp med delikatessebutikk på Kuholmen. Eg trur det måtte vere rundt 1950.

Så langt Tora Skregelid.

Leif Egeland og Magne Dahlin utenfor butikken i 1936. Foto: Utlånt av Axel Johan Dahlin

I 1941 selde faren til Oddvin Birkeland, Olav Birkeland huset til Martha Dahlin Ho fekk skjøte på det med bruksnummer 39. Martha selde seinare huset til Oddvin si tante, og sidan tok Oddvin over. Det er han som i dag eig huset.

SLAKTEHUSET: Eit lite stykke unna krambua og kjøtforretninga ligg Kvednhusbekken, der dei vaska klede på Birkeland før i tida. Her var det også ei kjelde der dei henta vatn. Den gongen var det bare ei smal bru som gjekk over bekken, seinare blei det bygd ei breiare. Her var det Magne Dahlin sette opp eit lite slaktehus med røykeri. Dette var på gardsnummer 31, bruksnummer 12. I dag er det May- Lise Svindland som er eigar. Eldre folk minnest ennå at det blei levert dyr til slakt hos Magne Dahlin. Slaktehuset står der slik det var den gongen det blei sett opp. Med løyve frå May Lise Svindland viste Oddvin Birkeland meg rundt. Inne på betonggolvet er framleis ringen som dei tredde toget som var rundt halsen på slaktedyret igjennom. I takbjelken heng krokane som han brukte til å hengje dei slakta dyra opp i for flåing og partering. Og lenger inne i det vesle slakteriet er framleis eit lite røykeri.

Oddvin Birkeland og artikkelforfatteren i den gamle butikken. Foto: Johannes Hamre

ODDVIN Birkeland, født 1941, har blitt fortald denne historia:

Då den fyrste stuten skulle slaktast var det ein «himmelens» haug med folk som hadde møtt fram for å sjå på. Magne hadde snakka med gamlelensmannen, Lygren. Han hadde ein pistol, og hadde sagt ja til å skyte oksen. Men, ammunisjonen var det så som så med. Så då skotet gjekk, stod stuten like godt. Så bura han noko «galnesleg» og «slo seg vill». Folk «sprang i taket» og rundt forbi, og elles kvar dei kunne for å koma seg unna. Stuten måtte bøta med livet, men om det var med øks eller ikkje skal vere usagt.

Då den fyrste stuten skulle slaktast var det ein «himmelens» haug med folk som hadde møtt fram for å sjå på.

Butikken i Birkelandstunet. Foto: Johannes Hamre
Slakteriet på Birkeland. Foto: Johannes Hamre

ODDVIN kom også på denne historia om Martha: Martha var grei og lånte bort bilen sin til undomen på Birkeland. Så var det ein gong dei hadde lånt bilen og var på veg til Ersdal, som låg nokså høgt opp frå Birkeland.. Langt oppe i bakken stoppa bilen like godt. Han hadde gått tom for bensin. Så måtte dei gå frå bilen og loffa tilbake til Birkeland. Det var ikkje gjort i ei snarvending å finna noko til å ha bensinen i. Men, dei visste råd. Eit vaskevannsfat blei fylt opp, og så var det å gå forsiktig opp att bakkane med vaskevannsfatet til bilen, så dei kunne få starta på ny.

Kor lenge Magne Dahlin var på Birkeland har det ikkje lukkast å finne ut, men 24. september 1935 flytta han til Kvinesdal. Kvifor han flytta er det fleire teoriar om. Ein av dei er at anleggsarbeidet på Sørlandsbanen tok til i Kvinesdal, og at Magne var interessert i å selje til dei. Han var godt likt og kom lett i kontakt med folk.

Kjøtvarene Magne selde var etterspurde. Pølsevarene var svært smakfulle og kjøtet av god kvalitet. Vanlege folk hadde ikkje så god råd, men det var mange anleggsfolk der på den tida, og dei tente godt. Dei var kresne i matvegen og kjøpte dyre kjøtprodukt.

I KVINESDAL starta han opp med kjøtbutikk på Liknes, i huset til Oluf Egeland. Han leigde lokale i fyrste etasje, på venstre side, mot Emanuel Egeland. På høgre side hadde Bergit Egeland, dotter til Oluf, klesbutikk.

I eit rom innanfor butikken hadde Magne ein benk for tilverking av kjøtet. Dessutan hadde han pølsemakeri og røykeri der. I tillegg laga han fiskemat. Det var ei luke i taket dei kunne opne, slik at det blei lufting. Lenger inne var det slakteri.

Magne Dahlin blei den andre av dei tre slaktarane i Neset. Då han kom til Kvinesdal var Andreas Aase der frå før. Faren, Lars Aase, hadde drive forretning frå 1911 og Andreas tok over i 1935.

Slaktekrokane. Foto: Johannes Hamre

DEN FYRSTE TIDA var Magne aleine om slaktinga. I 1936 fekk han hjelp av Leif Egeland, som begynte som lærling. Leif var då 18 år gamal. Då Leif begynte hadde Magne slutta med å slakta dyra i Neset. Då gjekk det føre seg på på Monan, hos Oluf Egeland. Han fekk laga til eit rom der somhan kunne driva med slakting i.

I butikken fekk Magne hjelp av av dei to systrene sine Erna og Solveig. Solveig var bare 20 år då ho blei enke etter Jon Hansson på Birkeland. Sonen Arvid var då bare eitt år gamal. Solveig hjalp truleg broren Magne heilt frå 1936 og fram til 1941/1942. Då flytta ho til Kristiansand. Her blei ho gift i 1943 med Kaare Brastad. Det hende også at systera, Martha,som dreiv krambu på Birkeland, kom for å hjelpa han. Skulle dei tre systrene ha problem med å hjelpe kunne svigerinna til Magne Dahlin, Solveig Egeland, trø til.

I likskap med kjøtprodukta sine på Birkeland blei desse også godt mottatt i Kvinesdal. Hansens Kafe kjøpte ein god del kjøtpålegg hos Magne Dahlin. Etter ei tid begynte han med eit nytt produkt som blei svært populært: Fiskekaker. Spør ein eldre folk kva dei minnest best om produkta han hadde svarar alle mest utan unntak: Fiskekakene. Mange kjøpte dei som snadder og åt dei mens dei framleis var varme. Fiskepudding laga han også. Magne køyrde rundt med varer til kundar som han hadde fått bestilling av Han la kjøtvarene og dei andre produkta i små margarinkassr, som han la bak i bilen. Så køyrde han opp Austerdalen og ned Vesterdalen og leverete dei bestilte varene. I tillegg selde han selde han til folk som møtte opp langs vegen. varene sine.

Den fyrste tida lånte han bilen av syster si, Martha. K 4031. Etter ei tid kjøpte han sin eigen bil, ein grøn kassebil av merket Ford. Også den hadde bilnummeret K 4031. Truleg blei den gamle bilen til til Martha avskilta og skilta ført over på kassebilen. Då Martha flytta til Kristiansand hadde ho ingen bil med seg.

Røykeriet. Foto: Johannes Hamre

MAGNE FEKK seg etter kvart mange vener i Kvinesdal. Han var svært interessert i jakt og fiske, og ein av dei mykje nytta jaktstadane var Trelsgård. Han hadde jo Leif Egeland i lære, og faren til Leif var Ludvig Trelsgård. Han var født og vaks opp på Trelsgård. Han gifta seg med Charlotte Nilsen og tok etternamnet Egeland då han flytta til Ytre Egeland.

Magne Dahlin dreiv butikken sin i Kvinesdal til 1949. Då reiste han til Kristiansand og starta opp kjøtforretning i «Bjorvands hus» på Kuholmen. Her selde han kjøt, pølsevarer og pålegg, som han var flink til å lage.

Økonomien var ikkje god. Han tilsette billeg hjelp i butikken som hadde vaskar med å rekne ut rett pris. Dette blei kjend utover den vanlege kundekretsen, og folk kom reisande frå andre delar av byen for å få billege varer. Etter kvart gjekk han over til å ekspedere sjølv, men dette var ei tungvint ettersom pølsemakeriet låg i kjellaren. Dei seinare åra gjekk han inn i eit samarbeid med slaktar Jacobsen på Lund Torv når det gjaldt pølser og pålegg. Produksjonen gjekk føre seg hos Magne. Han dreiv kjøtbutikken fram til 1965.

I 1955 reiste Magne til Amerika. Der hadde han ein bror i Brooklyn, som tok imot han. Han tok seg arbeid som «floorleggar». Elles var han ein «altmuligmann» som fekk til det meste. Mellom anna var han med på å laga bowlinghallar. Dei var eit lag på to menn som bygde hallen frå kvar si side, i staden for å gå ut frå same side. Dermed gjekk det mykje fortare, og dei vart svært ettertrakta. Om vinteren, då det var vanskeleg å få arbeid, laga han komper og fiskekaker som han selde på «Eight Avenue». Han var av garde på fiskeauksjonane og kjøpte fisk, og så laga han fiskekaker. Kunsten å lage komper hadde han lært av syster si, Martha, som hadde delikatesseforretning på Kuholmen, bare nokre få meter unna der han sjølv hadde kjøtforretning. Denne kunsten tok han med seg frå gamlelandet til Amerilka.. Etter kvart gjekk det så godt med salget av fiskemat og komper, at han slutta som «floorleggar» og dreiv butikken på heiltid. Jula 1957 reiste han tilbake til Kristiansand.

Medan Magne var i Amerika leigde slaktar Jakobsen lokalet på Kuholmen. Vel attende starta Magne opp att. Han dreiv kjøtbutikken fram til 1965. Då tok han til med å produsere komper. Produksjonen gjekk føre seg i kjellaren. Det skulle vise seg å vere mykje meir lønsamt enn å selje kjøtvarer.. Han tok over systera Martha si delikateeseforretning, som ho dreiv i «Lislevands hus» frå 1950, og flytta ho til eige lokale. Han heldt fram med «Delikatessen» til 1973. Då blei han uføretrygda, 65 år gamal. Ei anna syster, Marry, som hadde hjulpe Martha medan ho dreiv «Delikatessen» i «Lislevands hus», heldt fram til 1975. Då var det over med drifta i «Bjorvands hus».

Axel Johan hjalp til både hos faren og tanta Martha. Han laga ein kompemaskin til far sin. Kompene blei like gode som dei handlaga, og det gjekk mykje fortare. Magne Dahlin døydde i 1982 og kona Martha 2006.

Magne hadde fire systre: Martha, Marry, Solveig og Erna. Etter kvart flytta alle til Kristiansandsområdet, der dei busette seg. Martha døydde i 1991. Marry i 1990. Solveig 1999. Erna i 1981.

KVA MINNEST folk om Magne Dahlin?

Sigurd Lervik (1923):

Det kom seg på den måten at det var lite kjøt å tak i for Magne Dahlin på den tida. Så fant han på at han skulle starta opp med fiskemat. Det var jo ein lokal fiskehandlar her på Øya, Oskar Gusevik. Han betalte fiskarane 40 øre kiloen for torsken før Magne begynte. Det ville ikkje vere rett å gå over til Magne Dahlin utan grunn. Me kjende jo meir Oskar enn Dahlin. Men du veit, Dahlin var forretningsmann. Han ga 10 øre meir for kiloen, altså 50 øre. Fleire av oss gjekk då over til Dahlin. Me såg på forskjellen mellom dei to. Ti øre meir for kiloen var mykje den gongen. Me sa til Dahlin at Oskar au ville gje oss 50 øre kiloen. Han måtte jo ha noko fisk han au. Ja, sa Dahlin, så skal eg kome ut og setje opp prisen og så visste alle det? Men, me gjorde det ikkje. Me som hadde gått over til Dahlin heldt oss til han. Han var veldig «utadvendt» og grei å preke med. Ja, me likte Dahlin, han var alle tiders. Dette var under krigen, og denne fisken laga han opp til fiskemat. Dei likte fiskkakene til Dahlin. Eg minnest bror min og eg alltid var innom Dahlin og prekte når me var i Neset. . Han var så «skoien». Han steikte fiskekaker, og dei var varme og gode. Etter kvart som han steikte dei åt me. Me måtte telje kor mykje me åt, for det 25 øre «stykken». Det var så godt at me mest ikkje kunne få stoppa, så det blei dyrt for «okke».

Han steikte fiskekaker, og dei var varme og gode. Etter kvart som han steikte dei åt me.

Det seiest at Magne Dahlin kjørte ut på isen med bilen sin når han skulle kjøpe fisk.

Ja, det var dei seks åra at isen var så sterk. Det var ikkje som nå. Dei kjørte med bil heilt ut til Anghomlen. Eg er sikker på at dei kunne ha kjørt heilt ut til Feda for den saks skuld. Ute med Angholmen er det ein grunne og der er alltid straum, Så der var det farleg for isen var ikkje sterk.

Magne kom ut på isen isen med bilen sinog kjørte frå hol til hol der fiskarane var. Han kom som regel to timar etter at me hadde kome ut der, så mykje at me fekk tid til å trekke opp garna og fått torsken ut av dei. Så kjørte han frå fiskar til fiskar for å kjøpe.

Kor mange var det som fiska på denne måten?

Den gongen budde me i Lerviga. Det var far min og oss tre brørne. Me arbeidde saman, to på kvart parti. Det var bare under krigen me dreiv med slikt fiske for ikkje å bli tatt av tyskarane. For dei som ikkje hadde arbeid risikerte å bli send til Knaben eller nordover. Fiskarane let dei vere, for dei var viktige i sitt arbeid. Og fisken var det ingen problem å bli av med. Du fekk seld unna «jysst dæ du kunne hala opp». Alle som hadde garn var ute og fiska under krigen. Problemet var at du ikkje kunne få kjøpt nye reiskapar. På slutten av krigen var det mest ikkje krokar att.

OSKAR Helle var storfiskaren. Han dreiv fiske på heiltid med rullebåt (gavlbåt).og leverte fangsta til «laget» (Fiskernes Salgslag).

På vinterfisket var det mykje fisk. Som regel let me garnet stå over frå lørdag til mandag fordi det blei så mykje arbeid å setje dei ut. Det var nok nokre som tok dei opp lørdagen, men flesteparten let dei stå over helga. Fisken var ikkje så god når han stod over slik. Me kalla det ”sjøsteien tosk”. Mange av dei som kjøpte fisken hadde ikkje greie på dette, men dei som visste om det tok opp hjella på fisken og kikte. Så dersom han var kvit der, så nei, Dei ville ha ein annan. Men elles var det det ingen problem å bli kvitt fisken. Det var mange som ville ha han.

Korleis gjekk det an å få garnet under isen?

Ja, det er det mange som har spurt om. Fyrst hogde me eit hol. Så hadde me ei om lag ti meter lang stong som det var festa tau på. Stonga blei sett ned i holet.. Var det blank is var det greitt nok, for då såg me kor langt stonga hadde gjenge. Så hogde me eit nytt hol der.Stonga blei dregen framover og tauet fylgde med til me hadde fått lengda. Me hadde målt lengda på garnet, og det var fem famnar (9,40 m). Heile lengda var tredve famnar (56,40 m), altså seks garnlengder. Det var eit heilt stykke langt. Nå firte me garnet ned med søkkesteinan fyrst, selvfølgelig, og kulene låg på toppen. Så var det ein som drog, som regel meg, mens bror min sette. Det kaldaste var å dra, for då hadde me ikkje gummihanskar, og det var himlande kaldt under krigen. I dag er det bare moro å dra når du har slike gode gode hanskar, Det var så kaldt under settinga at me mange gonger måtte stoppa opp for å slå floker. Så det blei mykje «naglebed». Når garnet var ute dei 30 famnane, flaut det under isen. I enden var det steinar, og dei blei søkte så dei stod på botnen. Me var over heile fjorden, så djubda kunne variera mellom 15 og 30 famnar. Det var veldig spennande. Om morgonen kunne du snautt venta til du skulle ut og dra. Somme gonger når du dro kjende du det spende i tauet. «Han spenne i tauet», ropa me. til den andre. «Eg kjenne det», svara den andre. Me dro så fort me kunne. Me kunne snautt venta. Det gjekk ikkje fort nok.

Så dro me. Opp kom dei, den eine etter den andre. Det var ikkje så greitt når nokon sa: «Nå kjeme det ein». Det greiaste var når ein sjølv såg dei kom.. Du kunne få fire og fem på.kvart garn, og det var ordentleg skrei. Same fisken som dei fangar i Lofoten. Det blei mindre med åra, og nå er det heilt slutt. Den siste eg veit om som gjorde det slik var Bendik Gusevik. Det same galdt sild. Dette var om vinteren. Elles dreiv me med bakke og line.

Kva med resten av året? Kjøpte Dahlin fisk då?

Nei, eg trur bare det var om vinteren. Hos oss var det ingen ting å få om sommaren. Dersom han då ikke kjøpte fisk i Flekkefjord. Oskar Gusevik dreiv det jo heile året. Han kjøpte fisk i byen og selde rundt forbi. Etter krigen sette han opp kafeen med fiskebutikk.

Det var skoi å handle med Dahlin. Alltid godt i lag. Det var så greitt når han kom ut på isen for å kjøpe fisk. For me var jo «hoga» på røyk, og det blåste jo tidt der ute. Då kunne me stå bak kassebilen for å kome i livd, og ta ein røyk.

Det var skoi å handle med Dahlin. Alltid godt i lag.

SOLVEIG Egeland (1918):

Magne leigde i fyrste etasje hos Oluf Egeland på hjørnet mot huset til Emanuel Egeland. Eg minnest at Marie, mor til mannen min Magne, miste ei kyr under krigen. Ho meinte at han skulle selje kyra til Andreas Aase, men Magne fekk ho til å selje kyra til Magne Dahlin. Då kom han seg voldsomt, for det var ei svær kyr og han kunne selje mykje kjøt. Det gløymer eg aldri. Det var ein god start for han.

Kva minnest du om dei som var tilsett hos Magne Dahlin?

I slakteriet var det Magne Dahlin sjølv og så hadde han Leif Egeland som hjelpar. I butikken stod systera Solveig. Ho blei forlova med Bernt Espeland, som dreiv urmakarforretning, men det blei ikkje noko ut av det. Magne og Solveig leigde rom i tredje etasje hos Oluf. Elles var også to andre systre systre til Magne, Erna og Martha og hjalp til innimelleom. I Kvinesdal traff Magne syster mi Martha og då dei gifta seg , flytta dei inn i andre etasje hos Lars Rafoss, far min, på sida mot Fladmark. Magne og eg budde på sida mot Andreas Aase.

Dersom systera Solveig ikkje hadde tid til å stå på butikken hende det at eg hjalp til.

Kva med fiskekakene?

Dei lagde han sjølv. Han var perfekt til det. Det gjekk så fort når han laga dei med hjelp av to skeier. Fisken han brukte til laginga av fiskekaker kjøpte han på Øye Han møtte opp ved Klevebrygga og venta til fiskarane kom inn med fangsten. Eg trur også at han selde fiskepudding. Om han selde fisk er eg ikkje heilt sikker på.

Kva med kjøt og kjøtprodukt?

Han hadde jo slakteri, så han selde kjøtet. Slaktet henta han rundt forbi. Eg veit han var på Hamre, og også i Fjotland. Slaktedyra kjørte han ut til Monan der han hadde eit rom hos Oluf Egeland til å slakta i. Før det hadde eit lite slakteri i bakgarden hos Oluf i Neset. I tillegg laga han alle dei vanlege kjøtprodukta som pølser, blodpudding, pålegg og vidare. Det gjorde han i eit rom innanfor butikken. Der hadde han pølsemakeri og røykeri.

Det var lite kjøt å få tak i under krigen. Bøndene brukte det til seg sjølve, så det var lite som blei seld. Det var ei forferdeleg tid. Men fisk og fiskemat var det lett å få tak i.

MARTIN Fjeld (1918):

Eg har ei historie frå den gongen doktor Thorvald Hjemlestad hadde kontor i andre etasje hos Oluf Egeland. Han fekk tidt besøk av folk som skulle trekke ei tann. Han var svært god til slikt. Så hadde han fått besøk av ein mann som skulle trekke ein jeksel. Jekselen sat så besett fast fast at det var uråd å få han ut. Vent litt her, så skal eg henta slaktaren for å få han til å dra jekselen ut. Då Hjemlestad forsvant ut av kontoret seiest det at han som sat att i stolen gjorde eit svalestup ut av vinduet i andre etasje.

Viggo Tønnessen (1926):

Det eg minnest mest med Magne Dahlin er når han starta opp bilen sin. Eg meiner det var ein gamal Ford eller Chevrolet. Han hadde ikkje ikkje nykel til å starte bilen med. I staden hadde han to tampar som hang lause Han sprang inn gjennom døra i bilen og kopla dei to tampane saman, og så starta bilen. Han var som eit lyn. Det gjekk greitt kvar einaste gong. .

Elles var Magne Dahlin med på å starte opp fotballaget i Kvinesdal. Han var i B- eller C-laget. Han var ikkje med på det laget eg sparka fotball på.

Ei historie om fotballen: Det skulle vera fotballkamp og det mangla ein spelar. Magne ville stilla opp, men han hadde ikkje fotballbukser. Men dei visste råd. Dei fekk lånt håndballbuksene til Anny Hagen. Deu var mange nummer for store, men det gjekk greitt.