Jan Aage Nilsen har fortald meg dette om faren sin:

NICOLAI Nilsen blei fødd 23.10.1912 og døydde 19. 08. 2004. Foreldra var Gesine og Nils Nilsen. Han vaks opp i ein syskenflokk på ni. Dei andre syskena var: Kristine, Sally, Nils, Ågot, Leif, Rudolf, Alv og Knut.

Nicolai blei gift I 1941 med Astrid, som blei fødd 11. 09. 1914 og døydde 17. 08. 2005. Foreldra var Olava og Thorvald Rafoss. Syskena til Astrid var: Alfhild, Anstein, Toralf og Martha.

Dei fekk tre born: Nils Tor, fødd i1942, Jan Aage, fødd i 1946 og Rolf, fødd i 1957.

På folkemunne var det bare Nico. Ingen snakka om Nicolai Nilsen.

Frå venstre: Nicolai, f. 23.10.1912, Alv, Ågot (Sandvand), Knut, Leif og Rudolf. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen
Den 23. Juni 1937, 25 år gamal, starta Nicolai Nilsen opp med slakteri og slaktarbutikk, og denne annonsen stod i avisen Agder same dagen. Foto: Faksimile Avisen Agder

ETTER FOLKESKULEN gjekk han på fylkesskulen og deretter på landbruksskulen i Søgne.

Før han begynte i slaktaryrket , var han i tre år lensmannsbetjent hos lensmann Anton Egeland. Det var mykje heimebrenning og mange inndrivingar på den tida.

I Nils Nilsen sitt fyrste ekteskap, med Anne Mathilde Hansen, var eit av borna som blei fødd ein gut, som dei gav namnet Nils. Populært blei han kalla «Litle Nils». Han var eldsteguten, og såleis odelsgut, esla til å ta over garden på Ytre Egeland. Nicolai blei fødd i andre ekteskapet til Nils Nilsen, med Gesine. Han kjøpte eit stykke av garden til Litle Nils. Det var alt landet på nedsida av den gamle riksvegen.

Som så mange andre av dei som skulle bli slaktar eller pølsemakar, gjekk han i lære hos A. S. Svindland i Flekkefjord. For å få handverksbrev var læretida fire år. Han var bare i lære mellom eitt og to år, lenger hadde han ikkje tid til, slik at han ikkje fekk tatt handverksbrevet.

Den 23. Juni 1937, 25 år gamal, starta Nicolai Nilsen opp med slakteri og slaktarbutikk, og en annonse stod i avisen Agder same dagen. Dette var før han blei gift, så han var heilt åleine.

Nicolai Nilsen. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen

DÅ NICO starta opp var det alt to slaktarbutikkar frå før i Neset, og som han skulle konkurrera med: Andreas Aase, som hadde tatt over etter faren, Lars Aase i 1935 og Magne Dahlin som kom til Neset i september 1935.

Faren til Nicolai, Nils Nilsen, eller Nils Postmann som han blei kalla på folkemunne, begynte som poståpnar og handelsmann i 1890. Han tok over etter Bernt Olsen, som hadde drive med same verksemda då han flytta til Lyngdal. Det var Bernt Olsen som sette opp huset og Nils Nilsen leigde det av han. I 1898 fekk Nils Nilsen sett nytt setehus og uthus som siste huset i husrekka mot åna. Då Nils Nilsen flytta tok Hans H. Gullestad over handelen og dreiv butikken til han var opp i nittiåra. I dag er det Kenneth Trælandshei som eig huset.

I AUGUST 1932 brann seks hus i rekka ned til grunnen, eitt av dei var huset til Nils Nilsen. Alt same året stod nytt setehus og flor med husdyri bakgarden ferdig, slik som var vanleg i Neset den gongen. Det var den gamle floren og uthuset Nico starta opp med i juni 1937. Etter krigen blei det sett opp nytt pølsemakeri.

Seinare blei dette riven, og nye bygningar kom opp. Pølsemakeri og slakteri var ferdig omlag 1950, og leilegheita i andre etasje om lag 1952.

Før det moderne kjølelageret si tid brukte dei å blanda is med flis eller sagspon som dei la i eit rom, kjølerom/ fryserom, for å halde temperaturen på kjøtet nede.

Nico kunne ikkje driva slaktarbutikken utan handelsbrev, så han brukte handelsbrevet til kona Astrid. Ho hadde gått på Kvås Folkehøgskule og sidan på handelsskule i Flekkefjord. Før det hadde Astrid vore på Liknes og Fjotland Kooperative Handelslag. Det var på ein litt underleg måte ho blei tilsett. Når ho søkte jobben var han nemleg utlyst på anbod, på pris. Kor mykje ville ho ta for jobben? Du måtte by på han. Og sjølv om ho ikkje var billegast, fekk ho jobben likevel. På handelslaget var onkelen, Thorvald Rafoss, ei tid styrar der før han starta opp i Flekkefjord. Ho sykla til jobben frå Rafoss og heim att kvar dag.

Fra venstre: Kristine (Mathiassen), Nils d.e., Nicolai, Sally, Gesine og Nils d.y. Trulig frå 1913. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen
Midt på biletet er grisehuset på Monan ca. 1960. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen

NICO hadde etter kvart funne ut at dersom han bygde seg grisehus ville han få lett tilgang på slaktegris. Etter krigen bygde han derfor grisehus på Monan der det tidlegare hadde vore fotballbane. Grisehuset var mellom førti og femti meter langt. Dette blei seinare påbygd. På 60- talet bygde han eit eige grisehus for sugger til avl. I fleire år hadde han 500 grisar som hobby. Men, sjølv om han hadde det som hobby, var det eit frykteleg slit. Etter endt slaktedag måtte han ut på Monan for å fora grisane. Rett nok hadde han røktarar, men det meste gjorde han sjølv. Grisefòret kom i sekkar på 50 kilo, og det måtte hentast på Store-Kvina stasjon. Det var ein hard jobb å lempa sekkane frå henteplassen og opp i bilen. Og vel framme på Monan skulle dei berast inn i grisehuset. Han hadde ein eigen kjele der han kokte slakteavfallet som han etterpå blanda med griseforet. Dette brukte han til å fora grisane med. Det eldste grisehuset blei riven i 1972, då sonen Jan Aage sette opp nytt hus til seg sjølv på same staden. Det nyaste blir i dag nytta til lager.

Utanom Nico var det to tilsette i pølsemakeriet: Bendik Endresen og Johan Røyseland. På butikken var det 1-2 utanom kona Astrid.

Forutan syskena til Nico som var med og hjalp til, var det Bendik Endresen som arbeidde lengst, frå 1952 til 1978. Opp gjennom åra var det mange som stod på butikken. Mellom dei var Gerd Moi, Marit Jensen Sandvand, Jofrid Jerstad Hersvik og Irene Hjemlestad Haugland. Eli Hunsbedt blei brukt som ekstrahjelp.

Tidlegare tilsette var: Johan Røyseland, Asbjørn Londal, Leif Egeland og Øystein Øysæd. I kortare periode var også Reidar Liland og Olav Omland. Rune Svindland har også vore tilsett der. Han er i dag dagleg leiar hos A. S. Svindland i Flekkefjord.

Olava Rafoss, Thorvald Rafoss og Astrid Rafoss Nilsen. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen
Gesine, Jan Aage og Astrid Nilsen 1956. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen

ØYSTEIN FORTALDE meg at han var litt kry ettersom han måtte vera den einaste som blei «headhunta» til jobben. Ein dag etter at han var ferdig med framhaldsskulen kom Nico bort og spurde om han hadde lyst til å begynne i arbeid hos han. Det sa han ja til, og blei der eitt år, frå 1960 til 1961. Av dei som er tilsett i dag har Odd Gullestad hatt arbeid der i 30 år.

Under krigen okkuperte/ lånte tyskarane pølsemakeriet på ettermiddagane.

FØRST OG FREMST var det eit veldig slit den gongen å drive med slakteriverksemd. Tysdagane var det Fjotlandsdag. Då kunne turen med slaktebilen starta opp i fem seks tida om morgonen. Det var om å fylle opp bilen og returnera så snart som mogeleg tilbake til Neset, der dyra skulle slaktast før kvelden kom.

Når Nico skulle køyra slaktebilen om vinteren hadde han på seg ei tjukk ullfrakk. Frakka var så tjukk og stiv at det mest var uråd å røre seg i ho. Denne skulle han rundt med og hente dyr. Han stod gjerne oppe i fire-fem tida, og starta opp så fort han hadde fått i seg noko mat. Det var ein hard jobb å hente dyra i den stive og tunge frakka. Det var jo ikkje varmeapparat i den første slaktebilen, så ein måtte vere godt kledd for å halde på varmen. Det var lite tid å gå på. Han skulle eigentleg vera nede att i Neset klokka 12.00. Bilen måtte jo tømast for slakt. Så skulle dyra slaktast, og etterpå skulle heile slakteavfallet leggjast opp i den åpne tilhengaren og køyrast gjennom Neset og ut til Monan. Slakteavfallet låg og «dissa» bak på hengaren, og det var ikkje alltid det var lok på! Dei som er gamle nok minnest sikkert at tilhengaren blei festa til slaktebilen og kjørt gjennom Neset frå slakteriet til både Andreas Aase og Nicolai Nilsen. I dag ville det ha blitt stoppa på dagen.

Blodet tok snarvegen ut i åna. Dette var før hovudkloakken kom, så det var åpen kloakk rett ut. Det var fint for ålen, som kosa seg der. Jan Aage minnest at dersom dei fiska ål kunne dei gå til Fladmark, for han kjøpte dei. For dei største gav han to-tre kroner.

Blodet tok snarvegen ut i åna. Dette var før hovudkloakken kom, så det var åpen kloakk rett ut. Det var fint for ålen, som kosa seg der.

DEI TO ELDSTE sønene til Nico, Nils Tor og Jan Aage var med på å hente slakt, og ei av oppgåvene var å opne dei mange leda som var langs kjøreruta. Særleg ille var det langs Kvåsvegen, men også på veg til Kvinlog var det fleire led som måtte opnast og lukkast. Så dette var liksom fyrste «jobben» for dei to brørne.

Nico henta slakt både i Kvinesdal, Fjotland, Feda og Kvås. Når det gjeld Austerdalen og Vesterdalen, var det nok mest i Vesterdalen Nico henta slakt. Det verka på ein måte som om bøndene hadde ei samvirke-innstilling og ei privat-innstilling. Austerdalen var samvirke-innstilte og valde Samslakteriet, etter at det tok over etter Andreas L. Aase. I samband med opprettinga av Samslakteriet fekk Nico tilbod om å bli styrar der, men han takka nei. Det verka som om dei hadde ein baktanke med dette tilbodet: Fekk dei Nico til å bli styrar ville dei ha blitt kvitt ein konkurrent. Det var mykje dei same kundane som kom tilbake. Dei heldt seg til same slaktararen.

Dersom dei på ein av gardane fekk ein spedkalv dei ikkje ynskte å ale opp slo dei han i hel, tok ut vomma og sende han nedover med Kvinaruta til ein av slaktarane i Neset. Skrotten blei lagt i ein striesekk i kofferten på personruta.

MERKNAD: Eg har blitt fortald, i den tida eg intervjua folk om heimeslakting, at dersom det var så mykje slakt å hente at det ikkje var plass inne i slaktebilen, visste dei råd.: Dei slo i hel slaktedyret og tappa det for blod. Så la dei slaktet på utsida av motorkassen oppå det halvrunde vernet for bildekka. Så batt dei bakbeina og frambeina saman slik at slaktet ikkje skulle ramla av. Andre har sagt at det på dei gamle bilane var utståande lykter og at slaktet bleilagt mellom lykta og panseret på bilen.

Elgjakta var også ei hektisk tid på hausten. Då blei elgane levert på slakteria. Nokre kom sjølv og leverte elgskrottane medan Nico mange gonger måtte køyra og henta dei. Talet på elg den gongen var ikkje så høgt som i dag, så i grunnen var det ikkje så mykje elg som kom til slakteria.

I 1963 var det slutt med slaktinga, og kjøtet blei nå kjøpt hos Agder Samslakteri. Ein av grunnane til dette var at det kom nye krav. Når det galdt takhøgda var kravet minimum fem meter, og det var det ingen som hadde den gongen. Så då forsvant dei gamle slakteria som ikkje hadde minstekrava.

NICO VAR SETT OPP til å køyra brannsprøyta ved utrykkingar. Når brannalarmen gjekk måtte han møta fram. Det var ikkje så lett når bilen var full av slakt. Det var lettare då det kom tilhengarfeste på den nye bilen, 1952 modellen, og sprøyta kunne plasserast på tilhengaren. Det var ikkje så mange bilar den gongen, og det var ikkje så lett å få tak i ein bil, i alle fall ikkje når det måtte skje i full fart. Om ein med lastebil hadde plikt til å møta fram var det ikkje alltid så lett å få tak i han. Bilen kunne vera langt avgarde i oppdrag. Den gongen blei du utskriven til å møta opp ved brann, og sonen Jan Aage var ein av dei siste som blei utskriven. Rett etter forandra dei på reglane, og då var det lettare å få folk til å koma ettersom dei fekk betaling for det. Rett etter blei det frivillig frammøte, og etter kvart fekk dei frammøtte betaling . Då blei det endå lettare å få folk med seg.

Nico var ikkje med i nokon form for politikk eller organisert arbeid. Jobben var så kravfull at han måtte bruke all si tid på dette.

I FEBRUAR 1945 blei Nico arrestert og send til Ladegårdsveien i Stavanger. Seinare kom han til Grini, der sat han til freden kom. Etter at han hadde blitt arrestert og send avgarde møtte det opp kundar dagen etter som ville ha oppgjør for slakt dei hadde levert. Dei var redde for å mista det dei hadde til gode. Det var noko som han aldri gløymde, men slik var tidene den gongen. Folk var redde for å mista pengane sine.

Grunnen til at Nico blei arrestert var på grunn av moststandsrørsla. I eit intervju som Johan Egeland hadde med han for ein god del år sidan, fotalde han dette: Eg fekk spørsmål av ein mann om eg ville vera med i Milorg, men eg svarte at det ikkje passa for meg. Han kom igjen, men eg svarte på ny at eg ikkje kunne vera med på dette. Eg traff same mannen igjen på Grini, og då sa han til meg: «Nå kan eg forstå kvifor du sa at du ikkje kunne vera med oss», Eg svarte han ikkje.

I staden for Milorg. blei eg seinare med i Sivorg, forkortinga for Sivilorganisasjonen. Denne organisasjonen hadde ingenting med militæret, Milorg (Militærorganisasjonen), å gjere.

Wikipedia har denne forklaringa på Sivorg:

Sivorg var Hjemmefrontens sivile organiserte del under andre verdenskrig. Det operative arbeidet i Sivorg var organisert gjennom fylkesutvalg. Disse var «dannet» (ikke valgt eller utnevnt).

Nicolai kom heim frå Grini i mai 1945. Frå venstre: Nils Stiland, Nicolai og Nils Tor Nilsen. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen
Rasjoneringskort. Foto: Privat

ORGANISERING: I fylkesutvalgene var det én hovedkontakt som hadde ansvar for kommunikasjon med ledelse. Utvalgene hadde videre ansvaret for kommunikasjon med fylkesadministrasjon, herunder fylkesmannsembedet, kultur og skole, for kirke, illegale aviser, understøttelse, for kontakt med Milorg (Militærorganisasjonen)og for kontakt med politi og advokater.

I løpet av krigen måtte utvalgenes sammensetning og organisering forandres eller de måtte reetableres avhengig av krigshverdagens små og store «slag». I forbindelse med arrestasjoner og opprullinger ble det illegale arbeidet rammet og fylkesutvalgene måtte reorganiseres eller reetableres med nye medlemmer. Eksempler på oppgaver:

Fremskaffelse av (falske) pass og/eller grenseboerbevistil flyktninger

Organisering av transport for folk som må flykte (f.eks ved hjelp av pålitelige togkonduktører)

Ordre om registrering av NS og SB-lærere (samt andre «upålitelige»)

Distribusjon av parole om bedriftsvakter (fra Hjemmefrontens Ledelse og Den Frie Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon i fellesskap)

Distribusjon av «Lovboka» med 13 lover i forbindelse med forsøkene på registrering til arbeidstjeneste og annen mobilisering for okkupasjonsmakten

Retningslinjer for distribusjon av paroler og for støtte til familier med forsørger i arrest i Norge eller Tyskland

Distribusjon av paroler til lærere om ikke å ta sensur ved avgangsaksamen i høyere skoler (medio mars 1945)

Overføring av pengestøtte (sko/mat) til familier med forsørger i arrest via «fordelere»

Lokaler for illegal avisproduksjon, trykkeriutstyr

Rekruttere redaktør/ hjelpere/ distributører for illegale aviser

Beredskap for iverksettelse av direktiver om blant annet streik i tilfelle alliert innsats

Distribusjon av forholdsordre til bønder fra Hjemmefrontens ledelse.

FOR OSS var det å spore opp svartebørshandel og elles dårlege norske haldningar. Dette blei notert og rapportert inn til Kristiansand. Her blei listene trykte og distribuert til utdeling. Der blei dei som hadde slike dårlege haldningar, og var på tyskarane si side, namngjevne. Dette var eit varsko at me måtte vera forsiktige med kva me sa dersom me skulle koma i samtale med dei. Om et var eg eller Thoralf Pedersen som fekk skriva utdelt, eg er ikkje heilt viss på lenger. Thoralf Pedersen var innflyttar til Kvinesdal under krigen. Skriva blei delt ut til dei som var med i Sivorg.

Så blei du etter kvart arrestert?

Ja, det var bare ei lita stund me hadde halde på med dette då me blei tatt. Det var heilt utruleg at det gjekk så fort. Me blei seinare fortald at det var ein som fullstendig «hadde mista hove» og oppgjeve alt han visste. Det blei fortald, om det er sant veit eg ikkje, at denne mannen hadde vore til forhøyr mellom tjuge og tredve gonger denne dagen, slik at det sprakk for han.

12. FEBRUAR 1945 blei Nicolai Nilsen arrestert saman med Thoralf Pedersen. Om morgonen, i femtida, kom dei og henta oss. Me blei putta i ein bil, eg trur det var bilen til Harald Hansen, og køyrd til byen (Flekkefjord) og inn i arresten. Der overnatta me. Neste dag kom me i forhør hos Ackermann.

Same dag kom Astrid på besøk. Eg hadde ein lapp som eg ville senda med henne , så eg omfamna kona mi og fekk lagt lappen i lomma hennar. Lappen hadde ei melding til Harald Hunsbedt. Han skulle ta over dersom me blei arrestert. Til stades var ein ung jypling av ein nazist som vakta på oss. «Inga scener her», sa han. Etter det blei me send vidare med toget til Stavanger, og Ackermann og nazisten fylgde med. Me hadde det for så vidt fritt på toget, men augene deira fylgde oss heile tida. Det var uråd å røre seg utan at dei såg det. Midt på natta kom me til Stavanger, blei henta på toget og køyrd i kvar sin bil til Ladegårdsveien. Der sat me ein månads tid før det bar vidare til Grini. Det var ingen forhør under opphaldet i Stavanger. Siste natta på Ladegårdsveien var det sikkert tredve fangar på det romet me var i. Det var alt for lite plass til oss, golvet var ikkje stort nok. Me blei send med toger frå Stavanger, og etter to dagar nådde me fram til Grini.

Det var folk som hadde fått nyss om denne fangetransporten, så på Sira hadde nokon møtt fram. Her skulle dei nemleg lempa inn fleire spann med melk som dei skulle ha med seg, så det blei eit opphald der. Så kunne fangane få snakka med dei pårørande som hadde møtt fram. Etter dette sjoga dei bare forbi stasjonane i Kvinesdal og vidare.

Sat du saman med andre kvindølar?

Ja, det var mange kvindølar der.

Ein av dei, som eg rett nok ikkje delte rom med, men kom i kontakt med på toget, var Smith- Øverland. Han hadde ikkje lide nokon større overlast, med unnantak av ei tann som hadde blitt brekt, men psykisk hadde han fått mykje juling. Det hadde tatt på nervane, så han var svært nedfor. Årsaka til at han blei tatt var «Bernt i Borhommen» som hadde ein radio som var åpen for alle, og det var mange som møtte opp for å lytta på London. Ein av dei var Smith-Øverland. Han hadde blitt sett inn tidlegare i samband med den kontakten hadde med Milorg inne på heia. Eigentleg skulle han ha blitt frigitt. Men, så blei dette med radiolyttinga rulla opp, og han blei straffa for dette. Under forhøra sprakk aldri Smih-Øverland. Doktor Thørn, som delte rom med han, sa til meg at ein gong Smith-Øverland hadde vore i forhør kom han svært nedfor tilbake. «Han sa til meg at han ville tilstå, for nå orka han ikkje meir, men eg fekk overtalt han ikkje å gjera det. Og slik blei det», sa doktoren. På Grini var det lite å ta seg til. I papira til okkupantane var eg oppført som slaktarmeister. Dette hadde dei funne ut av i arkivet, og eg fekk beskjed om å koma på kontoret. Så viste det seg at dei hadde ein stor okse som skulle slaktast, og dei hadde ikkje folk. Så det endte med at eg skulle ta meg av dette. Det blei ein gestapist som heitte Heilmann som skulle skyta stuten. Han hadde seks skot i geværet. På dei fyrste fem skota stod stuten like godt. På det sjette skotet datt han. Eg torde ikkje trø til, for han kunne like godt ha skote meg som stuten. Han var heilt vill. Mannen visste ikkje kvar hjernen på dyret var, så han skaut utan mål. Etter at stuten var tatt av dage kunne eg ta over det vidare arbeidet.

Etter at du kom i slakteriet fekk du vel feitt på kroppen?

Det var ikke rare anledninga til å få feitt på kroppen. Eg minnest eg var nede i 60 kilo. Me fekk den vanlege rasjonen vår Det var lite kjøt. Til 5.000 menneske blei det brukt70 kg. Det blir 70 gram på kvar.

ALBREKTSEN-GUTANE frå Farsund, som sat på Grini, sa at dei ville ha ein mann til å hjelpa seg i pølsemakeriet, og då blei det til det. Det var freistande å eta av det eg produserte, og eg fekk formaningar om å vera forsiktig. Men det frista slik at eg ikkje kunne la vere, og etter eit par dagar fekk eg ei voldsom magesjuke. Eg hadde ete for mykje. Me hadde pint oss så lenge at magen ikkje tålte noko større inntak. Så då gjekk det galt. Eg tenkte mykje på mat, og av og til kom det ein pakke med kaker frå Astrid. Dei siste dagane fekk me danskepakkar, og då blei det litt meir kø på doane.

Kor langt blei opphaldet på Grini?

Eg blei der i to månadar, til freden kom i mai.

Korleis fekk du greie på at dykk var fri?

Me fekk eit tips om at det skulle bli ein appell om ettermiddagen den sjuande mai. Så gjekk appellen. Det var ein alarm som gjekk over heile området. Då fekk me bekjed om å møta opp på appellplassen som vanleg. Så kom ein svenske, som jo var nøytral, med denne meldinga over høgtalaren: «Ni er nu fri!» Me var 5.000 som stod på appellpassen og det fyrste me gjorde var å synge «Ja, vi elsker». Me song så høgt at det blei høyrt langt av lei. På den siste delen blei det meir lågmælt, for då kom tårene.

Når du kom du heim?

Det var den 11. mai. Det skulle jo organiserast dette svære apparatet. Då kom alle fangane frå Akershus og Møllergata, og dei blei eit par dagar på Grini før dei kunne reisa heim som dei fyrste. Sidan gjekk det slag i slag. Me blei frakta i bussar til Universitetet i Oslo. Der skulle me i forhør. Det var norske menn som forhørte oss, og dei skulle ha greie på alt: Kva me hadde blitt sett inn for, kva me hadde blitt utsett for og så vidare. Forhøret tok om lag eit kvarter.

Korleis gjekk det vidare?

Etter forhøret blei me anvist til eit hotell. Det var ein stor sal i øvste etasje på hotellet, og der skulle me rigga oss til for å sove over natta. Men så var det ein av kameratane mine som hadde vore på jernbanstasjonen. Han hadde undersøkt togtidene og fått greie at det var eit tog som skulle gå på ei bestemt tid. Mannen heitte Gjervoldstad og varfrå Kristiansand. Han og eg, eg veit ikkje om det var fleire, for avgarde. Me rakk toget og blei med. Neste dag kom me fram.

Var det mange som tok imot deg på Storekvina?

Det minnest eg faktisk ikkje. Eg trur det mest var ingen der, for eg var vel den fyrste som kom tilbake.

Men du blei jo tatt imot av nokre som du visste du kom?

Ja, Astrid og Tor, som då var 3 1/2 år gamal, blei kjørt opp med drosje til stasjonen av bror min, Leif Nilsen, som var drosjesjåfør. Så då var krigen over, og godt var det.

Kva med tyskarane? Sette dei krav om å okkupera slakteriet?

Tyskarane fekk ein avtale med Nico om at dei kunne låna slakteriet om ettermiddagen, etter stengetid, laga mat.

Då Nico, etter at krigen var over, skulle ha nye arbeidsklede til seg sjølv eller dei tilsette måtte han søkje Forsyningsnemnda om løyve til å kjøpe slikt. Og ikkje nok med det. Han måtte også oppgi kva dei hadde av arbeidstøy frå før. I 1949 blei ein slik søknad send til Forsyningsnemnda.

Meir utvidelse 1986. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen
Bendik fekk klokke i 1975. Frå venstre: Nicolai, Bendik og Astrid. Foto: Utlånt frå Jan Aage Nilsen

FØR VAR DET IKKJE VANLEG med innbrot i forretningar, men under krigen var det eit slikt i kjøtbutikken. Det var ikkje mykje å stela i ei kjøtforretning den gongen, ettersom alle kjøtvarene måtte fjernast frå disken etter stengetid. Då var det ingen frys eller kjøl. Kanskje var det nokre sekkar med jordeple og nokre grønsaker. Det måtte vera nokre som trengde mat som braut seg inn. Mot Risnes Hospits var det nokre vindauge som dei på ein eller annan måte hadde greidd å få opp. Så hadde dei kome seg inn gjennom vindauga og trødd på ein sekk med mjøl eller noko anna før dei kom ned på golvet.

Julehandelen i dag er er travel, men det var noko heilt anna før kjølerom og frys kom. Då måtte alt pakkast, hentast og sendast dei to- tre siste dagane før jul. Det same galdt dei andre store høgtidene. Det var eit hardt slit. Det kom bestillingar frå alle kantar av bygda. Folk ringde og sa frå kva dei skulle ha. Det var vanleg å snakka lenge i telefonen. Som eit eksempel kan nemnast at bare frå ein butikk kunne dei sitje i telefonen ein halv time for å skrive opp på lappar kva dei bestilte. Av kundar kan nemnast desse: Anton Hunsbedt, Risnes Landhandel, Storekvina Samvirkelag, Olava Rafoss, Øye Handelslag, Feda Samvirkelag, Simon G. Røynestad og Rørvik og Feda Handelslag. I mellomtida stod butikken full av folk som venta på å bli ekspedert. Og så var det å pakka alt dette så det var klart for sending med rutebilen. Det same galdt for Kvinlog, Øye, Knaben, ja alle stadar. Det var også viktig å få tak i nok slakt for å kunne laga all maten. Kjøtet blei sendt i små kassar utan nokon form for kjøling, over lange distansar.

Når dyrlegen kom og snakka om bakteriar, meinte dei gamle slaktarane at det var jo ingen som hadde døydd av det! Det var jo bare tullprat.

Då kom svaret kontant frå dyrlege Hortemo: «Kå veid dokke om det?»

Det blei nytta trefjøler når kjøtet skulle handterast. Det blei sagt at treet samla bakteriar som kunne gå i kjøtet Det har i ettertid vist seg at bruk av tre var betre enn ein trudde. Bakteriane formeirte seg seinare på tre enn til dømes på plast. Så sjølv om fjølene ikkje var heilt reingjorte levde ikkje bakteriane så godt på trefjølene. Dessutan hadde pølsemakarane ikkje noko val. Det var før plasten si tid.

Rundt om på slakteria kunne det vera så som så. Bendik Endresen kunne fortelje frå Flekkefjord at om vinteren fraus skorne mest fast i golvet ettersom det rann vatn heile tida, og det ingen varme var i romet. Det kunne også by på vanskar å halde seg på beina når gleid i blodet på golvet.

I 1963 begynte Jan Aage i bedrifta som Nico starta opp med. Elleve år etter, i 1974, begynte broren Rolf. Men, Nico heldt fram som før. Ja, han heldt på ut livet sitt. I 1987, då bedrifta feira sitt 50- års jubileum, fylte Nico 75 år. Den siste tida, etter fylte 80 år, blei det mest rydding. Nicolai Nilsen døydde i 2004 og kona Astrid i 2005.

Den gongen Nicolai Nilsen starta opp var han åleine. Etter kvart blei det fleire: To i slakteriet og mamma og ei jente i butikken. I tillegg var det vanleg med hushjelp.

I dag er det totalt 20 årsverk i Nico Mat. Forutan brørne Jan Aage og Rolf er dei to borna til Jan Aage med: Merete på kontoret og Geir i butikken.

GAMLE OPPSKRIFTER er framleis i bruk, og det er merkbart at folk lagar mindre julemat sjølv. Mosaikkrull eller kalverull slik me lagar han er det få i landet som lagar. Sylteflesk, lammerull suss, blodpudding, middagspølse, wienerpølse og fleskepølse er av dei gamle spesialitetane som Nico mat kan tilby kundane sine, i tillegg til deigar, pølser og pålegg.

Så langt Jan Aage Nilsen.

For meg, som blei fødd året etter at Nicolai Nilsen starta opp verksemda si i 1937, og vaks opp i same husrekka, tykkjer eg det er morosamt at det heile syttitre år etterpå «gjenge så det kvine». Gratulerer.