Fortald av sonen Bjørn Åge Endresen.

BENDIK Endresen blei fødd i Flekkefjord 11. 01.1918. Foreldre var Thilda og Bendig L. Endresen. Han blei gift med Rakel Malene Laudal frå Kvinesdal, fødd 09. 02. 1917. Dei fekk eit barn, Bjørn Åge, som blei fødd 09.11.1946.

Bendiks håndverksbrev fra 1949. Foto: Privat

FAREN til Bendik, Bendig Emil Endresen blei fødd i Kristiansand 11. 08. 1878. I 1893 blei han, 15 år gamal, med Otto Junker til Kristiansand. Otto hadde utdanning som pølse- og slaktarmeister. Faktisk var dei tre brør som alle hadde same utdanninga: Hermann, Otto og Johan Henrik. Ein av dei, Hermann, ville ikkje ha konkurranse av brørne sine i Kristiansand, så han fekk Otto til å starta opp i Flekkefjord og Johan Henrik i Arendal..

Bendik begynte sin karriere hos faren, Bendig L. Endresen, si forretning i Kirkegata, som han hadde tatt over etter Otto Junker i 1923. Junker hadde då fått jobb som leiar for Felleskjøpet i Stavanger.

B døydde faren til Bendik bare 49 år gamal. Han let etter seg kona Thilda og seks born, fem gutar og ei jentre. Seksten år gamal, i 1934, fekk Bendik seg jobb i slakteriavdelinga hos Flekkefjord og Nes Samvirkelag. Der blei han i seks år. Av desse åra hadde han fire år som «læregut» og dei to siste åra som «svend». At han arbeidde godt er denne attesten eit bevis på: «Hrr Bendik Endresen har vært ansatt i vaart firma i ca. 6 aar. Herav de 4 første aar som læregutt og 2 aar som svend.

Endresen har vist sig som en interisert og dyktig mann. Han har faatt en alsidig utdannelse saavel i slakteriet som pølsemakeriet. Endresen er villig, strevsom, edruelig, og absolutt paalitelig. Hvorfor vi herved gir ham vaar beste anbefaling.

Flekkefjord den 21/11 – 1940"

For Flekkefjor og Nes Samvirkelag Slakteravdeling Johs. Svendsen slaktermester.

Bendik på Mønstermyr i 1937. Foto: Privat

DEI NESTE NI ÅRA hadde han jobb som «førstemann» i slaktar- og pølsemakarforretninga til A.S.Svindland i Flekkefjord. Også her fekk han rosande omtale: «Bendik Endresen har arbeidet som førstemann i min slakter- og pølsemaker fra september 1940, og er fremdeles i arbeidet. Flekkefjord, 20. mai 1949

A. S. Svindland»

Den 10. februar 1949 fekk han sitt «Håndverksbrev» utskriven av kontorfullmektig Birger Haaland hos Politifullmektigen i Vest-Agder, Flekkefjord.

I 1950 kom han til Kvinesdal, der han fekk jobb hos Nicolai Nilsen. Der blei til han slutta i 1983, då helsa svikta. I 1977 hadde Bendik vore i arbeid hos Nico i 25 år. Då blei han tildelt ei verdfull bordklokke som takk for lang og trugen teneste. Det sette han stor pris på.

DET VAR IKKJE LANGT mellom bustad og arbeid, så han sykla eller gjekk. Den siste tida han vat i arbeid hos Nicolai Nilsen hadde han fått seg moped.

Heimeslakting gjorde han på fritida. Han var fleire gonger på Gullestad, Ytre Egeland og Øvre Egeland. Under krigen dreiv han med heimeslakting i Gyland.

Frå Flekkefjord fortalde Bendik at dei venta ein svær stut frå Loga den tida han var hos A. S. Svindland. Dei grudde seg fælt til dette. Så kom det ein gut på 12 år leiande med stuten i band. Han hadde gått frå Loga dei 5-6 kilometrane til byen.

Fleire gonger mens han var hos Nico måtte han sykla heim etter rifla for å skyta stutar eller hestar som hadde blitt ville i Opel Blitzèn til Nico.

Bendig Emil Endresen, far til Bendik. Foto: Privat

DÅ HAN SLUTTA fekk Bendik ei verdfull bordklokke av Nico. Etter at kona, Rakel, døydde og sonen Bjørn Åge reiste «på sjøen» og seinare i marinen, åt han middag saman med Astrid og Nico. Det sette han veldig pris på.

Rakel døydde 14. 11. 1962. Bendik Endresen døydde 04. 06. 2005.

EI HISTORIE: Før han begynte hos Flekkefjord og Nes Samvirkelag var Bendik ei tid tilsett hos Otto Junke,r der også faren, Bendig Emil, arbeidde. Då Bendik hadde vore der ei tid, utan å få meir løn, manna han seg opp og fortalde Junker at han tykte det var på tide å få meir løn ettersom han hadde vore i arbeid meir enn eitt år. «Ja, kven kan du takka det for?»; savbrøyt Junker han med. Det blei ikkje meir ut av den samtalen. Men han fekk meir utbetalt på den neste lønninga.

MINNE etter Bendik Endresen.

Jan Aage Nilsen:

Slaktar- og pølsemakermeister Bendik Endresen flytta til Faret i Kvinesdal i 1950 saman med kona Rakel og sonen Bjørn Åge., som var fire år. Bendik hadde då fått arbeid hos Nic. Nilsen i Neset.

Bendik bygde sjølv nytt hus på eigedomen til svigerfaren, Ånen Laudal. Han tok over eigedomen i 1951. I 1952 stod det nye huset ferdig.

Flekkefjord hadde fram til1970-talet fem kjøtorretningar og var nok mellem byane på Sørlandet som hadde mest erfaring og kunnskapinnan faget. Fleire av dei reseptane som me nyttar i dag kar kome til Kvinesdal gjennom Bendik.

Mens han budde i Flekkefjord var han ei tid borte frå slaktaryrket medan han var tunnelarbeidar. Under krigsutbrotet møtte han til mobilisering, fyrst i Kristiansand og deretter i Setesdalen. Han tykte dei fekk utretta lite og at det var dårleg organisert.

Arbeidet i firmaet vårt var allsidig. Fyrst var det laging av pølser og pålegg. Deretter var det slakting. Pølselaginga var om førmiddagen, mens slaktinga var om ettermiddagen, etter at at slaktedyra hadde blitt henta hos bøndene og køyrd tilbake til Neset. Alle dyra måtte slaktast på dagen, då det ikkje var oppbevaringsplass for levande dyr. Dette var etter at pappa fekk sett opp nye bygningar, og dei gamle uthusa etter Gesine og Nils Nilsen blei rivne. Før dette kunne dei slaktedyra som dei ikkje rakk å få slakte same dagen bli sett inn i floren til Gesine, og slakta dagen etter. I 1963, same året som eg begynte i firmaet, var det slutt med slaktinga.

Bendik las mange bøker, og sidan det var stunder som bare me to var saman hadde mykje å fortelje. Han fortalde om kummerlege arbeidsforhold over alt på den tida. Det var så kaldt at vatnet fraus til is på golva. Bendik slutta i 1983 men heldt fram med å hjelpa til i julesjauen utpå 90-talet.

HAN FEKK TIDLEG sertifikat, men fornya det ikkje. I fleire år køyrde han på moped. I 1965 tok han det på ny.

Bendik var ein ivrig jeger og fiskar. Dei blei mange turar ettersom han var eit friluftsmenneske.

Rakel døydde i 1962. Frå då av åt Bendik middag saman med oss klokka 12. Mamma hadde delvis hjelp av Jenny Solberg nokre dagar i veka som hushjelp. Irene Hjemlestad arbeidde i butikken. Alle desse var til middag. Det blei mange diskusjonar så vel om politikk som andre aktuelle ting i bygda. Når eg tenkjer tilbake har desse måltida blitt eit minne for livet.

Den gongen var det fast rutine at både på Agder Samslakteri og hos Nic. Nilsen med ein time middagsfri. Mange vil nok minnast at i sommarhalvåret var Parken var tilhaldsstaden. Då låg det fullt av kvite trøyer der.

Eg kan aldri minnast at det var noko usemje mellom Bendik og pappa. Dei respekterte kvarandre, så dei var aldri i tottane på kvarandre.

Bendik var stolt av faget og heldt høg kvalitet på alt det han utførte. Me har mykje å takke Bendik for.