Som nemnt i del 1 hadde Olav fyrst den heimelaga bussen. I 1929 kjøpte han Reoen og i 1930 ein ni setars Buick frå England, som han brukte når det var behov for å avhjelpa den heimelaga bussen. Seinare i trettiåra kjøpte han tri bussar til av merket Reo, mens han selde dei gamle. Dei nye bussane var meir økonomiske, og auka inntektene. Vidare inn i krigen gjekk det godt. Det var ikkje mange som hadde privatbilar den gongen, så dei fleste var avhengig av å ta bussen. I denne perioden, i trettiåra, må det ha vore veldig bra. Olav sette opp hus og garasjar på Netland og i Fjotlandsgata. I klesvegen var han heller ikkje snau. Han gjekk i flott skinnfrakk og fine klede. Så det må utan tvil ha vore pengar.

Hjulspora. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen
Olav sin Volvo i 1992. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen

Til dårlege tider

Men då krigen tok slutt i 1945, var det slutt med dei gode inntektene. Då begynte folk å kjøpa sin eigen privatbil, og dei var ikkje lenger avhengig av bussen. Det blei jo bare dårlegare og dårlegare.

Under krigen var det ein kamp om å få tak i tobakk og brennevin. Kor Olav fekk tak i det veit eg ikkje, men under krigen planta han Virginia tobakksplantar i hagen sin i Fjotlandsgata.

Det var heilt fullt av tobakksplantar i hagen, og desse tørka han i garasjen sin, Fjotlandsbua. Det hang ståltråd under heile taket, og den dag i dag, 70 år etter freden kom, heng det framleis tobakksblad på ståltrådane.

Det er heilt ufatteleg. Då eg var liten hadde eg fått tak i ei gamal pipe, og så gjekk eg i Fjotlandsbua og tok tobakksblad. Dei var knusk tørre. Han som eig bua i dag ville rydda det vekk, men eg fekk talt han frå å gjera det. I dag er det bare ein tobakksplante att. Det er jo eit klenodium.

Før krigen måtte dei brøyta sjølv når det kom snø. Det viste seg då at den nye bussen som blei kjøpt i 1935 var ubrukeleg til brøyting. Han var høgt gira, medan den gamle Reoen var lågt gira og hadde stort volum, slik at han var den beste brøytebilen du kunne ha.

Slik var tappen i Lunden på slutten av 1930-tallet. Foto: Utlånt: Bjørn Ingemann Kjørmo
Bjørn Ingemann i 1952. Foto: Utlånt: Bjørn Ingemann Kjørmo

Krigstid, vedgass og anna

Under krigen, då dei sette på vedgass, gjekk Reoen like godt på vedgass som dei andre gjekk på bensin.

Det kom av di han var så saktegåande på motoren, lågt gira motor og stort volum. Alt dette gjorde at den bussen var framifrå som brøytebil. Olav fekk nye dekk til rutebilanne sine, mens dei andre ruteselskapa måtte reparera på dei gamle dekka. Det var svært viktig for tyskarane at vegen opp til Knaben var open heile året slik at transporten kunne gå utan hinder. Derfor fekk Olav dekk til Fjotlandsruta.

Sein som ein snigel

Før 1927 hadde Knaben Gruber sjølv bil, ein gamal trøford (T-Ford). Han var ikkje sterk nok med bare ein 20-hestars motor. Det dei gjorde var å setja inn to girkassar etter kvarandre. Då kunne dei gira ned så lågt at han gjekk som ein snigel.

Eg kan fortelja kor seint han gjekk: Det var på vinterstid. Då sjåføren kom til butikken på Kvinlog, spurde butikkmannen kor i all verda han hadde bilen. «Han kjeme bagette», var svaret. Det var sporete og isete i vegen, og farten deretter. Sjåføren orka ikkje å sitja på, så han gjekk frå bilen, som fylgde etter i dei djupe spora. Då bilen kom fram til butikken, kunne sjåføren gå ut og stoppa han.

Tappen var i alle år treffstaden i Lunden. Her er Ellen Sande og Torunn Ryen cirka 1952. Foto: Utlånt: Bjørn Ingemann Kjørmo
Snømåking. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen

Ung bussjåfør

I 1946 kjøpte dei ein Volvo, 46 modell, med registreringsnummer K-8258.

Den har eg bilde av, og den har eg kjørt. Då var eg vel omtrent 8-9 år gamal. Eg hadde jo vore med onkel Olav så mykje fram og tilbake, at eg hadde sett korleis han gjorde når han starta opp bussen. Så var det ein dag bussen stod på utsida av Fjotlandsbua, rett utanfor huset vårt. Eg sette han i fri, ut med handgassen og starta han. Inn med clutchen, og sette han i fyrste gir og køyrde med handgassen på heilt ut til «Sven i Kløster» (Sven Kloster). Der fekk eg stoppa bussen, og gjekk ifrå han. Ingen såg at eg gjorde det.

Olav Netland og bilforhandlar Trygve Iglebæk

Olav hadde eit veldig godt samarbeid med Trygve Iglebæk i Kristiansand.

Den fyrste tida kjøpte han fleire bussar av merket Reo der. Sidan blei Iglebæk Volvoforhandlar, og då heldt Olav fram og begynte å kjøpa Volvo.

Etter at Fjotlandsruta og Slimestadruta blei slått saman med Kvina Bilruter, blei det bestilt ein Scania-Vabis som ny buss utan at Olav visste om det. Dette tykte han lite om, så då måtte disponenten avbestilla denne, og Olav fekk det som han ville: Den nye bussen blei ein Volvo.

Så lenge Olav var der, blei det Volvo dei bestilte.

Ved samanslåinga i 1951 hadde Olav tre bussar, medan Johannes Reiersen hadde ein. Olav hadde då 25 prosent, mens Johannes Reiersen hadde 15 prosent og Kvinaruta hadde 60 prosent.

Brøytebil på Førland. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen
Brøytebil. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen

Samanslåing

Alt då krigen var over, såg Olav problemet han hadde med handa si. Han vende seg til Kvinaruta for å høyra om rutebilselskapa skulle slåast saman, men det ville ikkje Kvinaruta.

Då var det at overingeniør Barth ved Vegkontoret i Vest-Agder, som hadde styringa med bussane i fylket, gav ordre til Kvinaruta at dei måtte slå seg saman med Fjotlandsruta. Etter ei tid selde Olav ut 10 prosent til Kvinaruta, og sidan ein del prosentar til. Han kjende på seg kor vanskeleg det var å greia seg, og så blei han sjuk tidleg i femtiåra. I 1951 fekk Trygve Iglebæk også agentur for Volvo personbilar. Så då kjøpte han ein Volvo PV 444 som demobil. Han henta sjølv bilen i Sverige og køyrde han til Kristiansand.

Bilen gjekk truleg bare på prøveskilt, og fekk registreringsnummer K–2. I 1954 kjøpte Olav Volvoen av Trygve Iglebæk, og han fekk eit godt kjøp. Bilen blei køyrd til Kvinesdal, men han blei ståande i garasjen til 1956 då det blei fritt å kjøpa bil.

Hansens Kafe. I døråpningen Tomine og Alfhild og til høgre Olav. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen

Garasjane

På eit eller anna tidspunkt tok Olav over Fjotlandsbua. Når og på kva for ein måte veit eg ikkje. Eg veit at den fyrste tida var garasjane til Fjotlandsruta ved Mil bensinstasjon, Tappen i Lunden. Han kom opp ein gong i trettiåra.

Der var det to garasjar, vaskeplassen, bensinpumpe, sjølve stasjonen og bukken på sida for smørjing av bussane. Denne brukte Olav til Fjotlandsruta. Då ruteselskapa slo seg saman, brukte Kvinaruta stasjonen til å smøra bussane sine. Mil-stasjonen var i bruk til dei fekk den nye stasjonen i Faret. Det var i 1950-åra. Når stasjonen blei riven veit eg ikkje. Det einaste minnet som er att, er kontorstolen som eg har. Om det var Olav som starta opp denne bensinstasjonen, veit eg heller ikkje.

Etter kvart må han ha kjøpt Fjotlandsbua i Fjotlandsgata, for der hadde han to bussar.

Snøbrøyting på Kvinesheia

Fram til 1926 gjekk all brøyting føre seg med hest og plog. I tillegg brukte dei spade. Slik var det også på Kvinesheia.

Tar du Kvinesheia frå Solås til Førland, kalla dei denne vegen for høgfjellsveg. Dei hadde eigen oppsynsmann, vegvaktar og eigne maskinar. Fyrste gongen dei brøytte Kvinesheia med plog var vintaren 1926-1927. Det var Even Øveraasen som bygde den fyrste brøyteplogen som det var litt størrelse på.

Kort historikk

Det er godt over 100 år siden Øveraasen startet med motorproduksjon, og allerede i 1923 kom de opp med verdens første snøplog som kunne monteres på bil. Deretter har det gått slag i slag. I dag jobber snøryddingsmaskiner fra Gjøvik på flyplasser i Europa, Nord-Amerika, Grønland, Tibet og til og med på Sydpolen.

Kjelde: http://www.plastforum.no/

De Forenede Bilruter måtte sjølv brøyta strekningane på Sørlandske hovudveg. Dette gjorde dei iallfall 1926-1927. Det har eg haugevis av bilete med brøyting på Kvinesheia som bevis på.

Men Kvinesheia greidde dei ikkje bare med det brøytemannskapet som høyrde til høgfjellsvegen. Dei leigde inn Håland frå Lyngdal. Han hadde ein firehjulsdriven lastebil, ein GMC, som han brøytte med frå Lyngdal til Førland.

I 1928 fekk dei ein engelsk lastebil av merket Rugles til å brøyta med på Kvinesheia. Dei reknar han som den beste lastebilen dei har hatt. Han var heilt fantastisk. I tillegg hadde dei førti mann som skuffa snø. Ved Grunnevatnmyra ser du om lag 35 mann som skuffar snø.

Fjotland

Då Olav begynte å køyra med den sjølvlaga rutebilen i 1926, var det ikkje kome brøytebilar i Fjotland. Dei brøyta med hest og plog. Møtte dei snøfenner eller andre hindringar, måtte dei spa seg fram på dårlege vegar. Hjulspora rutebilen laga i den hestepløgde vegen var smale. og bilane så høge at dei kom seg gjennom. Dei måtte ha med seg folk på rutebilane til å spa seg fram når det trongst.

Men det blei ei ganske stor utvikling i 1927-1928. Då kom det brøyteplogar som var ein halv meter høge. I baugen på dei var det slik at midten kunne lyftast opp, slik at dei bare brøytte for hjula. På den måten blei det eit hol som bare var for hjula. Det var på den tida dei begynte å brøyta med lastebil i Fjotland.

I 1932, då Olav kjøpte Reoen, hadde det kome store brøyteplogar som var tilpassa bussane.

For å få konsesjon måtte bussane ha brøyteutstyr, og dei fekk ingenting for dette. Dei måtte gjera det gratis.

Dersom det kom store snøfall, slik at dei måtte ut og brøyta både to og tri gonger for å halda vegen open, fekk dei ikkje «et rødt øre» for det. Dette galdt bygdevegane. Når det galdt hovudvegen var det annleis. Pappa fortalde at det låg snøskuffer i Fjotlandsruta. Fekk dei problem med brøytinga, fekk dei passasjerane med seg til å skuffa snø. Sånn var det bare.

Ikkje akkurat autostrada

Den gongen pappa køyrde Fjotlandsruta, måtte dei brøyta snøen sjølv om vintaren. Det var ein spesiell ting han fortalde meg om: Det var ved Kvidingen. Der var det så mykje vatn som rann over vegen frå innsida, og vegen var veldig smal der.

Stabbesteinar mangla. Vegen blei skakkare og skakkare. Om vintaren fraus det til is, og det var uråd å passera der utan at det måtte gjerast tiltak.

Du måtte ut med øks, og hogga spor i vegen, slik at hjula på bussen kom ned spora. På den måten fekk du styrt han over den kritiske staden.

Det er heilt utruleg.

Hansens Kafé

På Hansens Kafé dreiv systrene Alfhild, Alma og Marie. I tillegg hadde dei to og tri jenter som arbeidde ekstra der. Marie var der frå tidleg morgon til seint på kveld, så til Olav var det å bera opp mat. Han likte seg ikkje på kafeen.

Hansens Kafé var ei gullgruve. Dei hadde heile pakkeposten til De Forenede Bilruter. Dei køyrde over heile fylket. I tillegg hadde dei Fjotlandsruta som gjekk lengst opp i dalen. Alt av varer som kom austanfrå gjekk med Fjotlandsruta.

Kva med fritida til Olav Netland?

Han hadde i grunnen ingen hobbyar, men det blei bygd ei hytte ved Gaustadvatnet på Kvinesheia.

Famelien Hansen og Olav Netland gjekk saman om dette. Der var Olav mykje av fritida si. Eg minnest at han kjøpte seg ein luftkjølt påhengsmotor som han hadde på pråmen når eg var med onkel Olav over til Gesine og Olav Gaustad. Då blei det fiska med oter. Eg minnest bare at eg var med på slike koseturar med han. Ein gong me var til kalas på Gaustad, stilte Olav opp med båten sin med påhengs, og så hadde han fire pråmar på slep. Det var særleg Sankt Hans dette kalaset på Gaustad var.

Elles var det mest bilar han interesserte seg for, men også for fine ting. Dersom han kjøpte seg noko, var det ordentleg fine ting. Han var ein del til Sverige, og då kjøpte han med seg heim leikar som eg fekk. Eg har framleis nokre av dei nede ved trappa her hos meg.

Stakk til meg pengar

Olav var veldig godhjarta, og likte å stikka til deg lite grann. Eg veit mest ikkje kva det var å ikkje ha pengar den gongen.

Det gjorde forresten også alle på kafeen. Det var mest ingen andre ungar i famelien Hansen enn eg og syster mi, Laila, som var fleire år eldre enn meg. Hos tante Tonny og onkel Leiv hadde dei Turid. Dottera Berit døydde då ho var sju år. Så eg blei jo mest som eit einebarn med omsyn til alder. Og det på ein syskenflokk som var fem. Det var ein famelie utan ungar.

Når eg kom inn på kafeen stakk dei til meg ein femmar. Så måtte eg lukka handa og ikkje seia det til nokon.

Mennesket Olav Netland

Som menneske meiner eg Olav var den greiaste i bygda. Eg blei født 26.april 1945 og blei døypt eit par månadar etterpå. Då eg blei innskriven hos presten var det som Rolf Harry, men då mamma kom i kyrkja og presten spurde om namnet, så sa mamma at eg skulle heita Bjørn Olav. Ho ville sjølv bestemma namnet, utan press.

Så eg er oppkalla etter Olav Netland.

Mamma sa at eg skulle kallast opp etter Olav, for han var så gild. Bjørn fekk eg fordi eg var den største i det kullet som jordmor Netta Hamre hadde den gongen. At dette er sant, har eg bevis for på eit foto som er tatt utanfor huset til Netta og Josef Hamre. Der står ei rekke av mødre med ungane sine på armen. Og eg er utan tvil den største av dei. Om eg ikkje blei født fyrst av dei, var eg likevel den største. Så då blei eg kalla Bjørn.

Du kan seie at eg sprang ut og inn av huset til Olav. Me budde jo på andre sida av vegen i Fjotlandsgata. I andre etasje budde tante Alfhild og onkel Kristian Hansen. Onkel Kristian dreiv med drosjeforretning og lastebil på Feda, Olav med bussar og pappa dreiv med drosje og turbuss.

Alt var bare bil.

Eg har vore med og mekka og sett i motorane frå eg mest ikkje kunne stå.

Olav sat veldig mykje på benken utanfor huset, og eg sat tidt ved sida av han. Eg merkte dei siste åra at det skranta for han.

Korleis Olav var

Eg har ei historie om han. Ein dag Olav spaserte frå kontoret sitt hos Nilsen, på veg til Nils Kloster for å levera inn ein tippekupong, kjem Bia (Alf Nilsen) køyrande baketter, stoppa og sa: «Olav kan ikkje du ta denne bussen og køyra ut i Lunden for han må smørast?» «Eg skal gjera det, men då må du gå til Nils Kloster og levera inn tippekupongen.» Olav tenkte ikkje meir på dette før han høyrde tipperesultata på radioen, og då hadde han vunne kr. 25.000. Det var mange pengar den gongen. Då Olav fortalde Bia at han hadde vunne, og ville ha tippekupongen svarte Bia: «Æ, æ.» Så hadde han han truffe nokon, lagt tippekupongen i lomma, og gløymd det vekk. Olav sa ikkje eit ord. Slik var han bare. Det seier litt om korleis Olav var som menneskje.

Dei siste orda frå onkel Olav til meg

Eg gløymer aldri då Olav låg for døden på Flekkefjord Sjukehus. Pappa og eg sat ved sengekanten. Då tok Olav meg i handa, og så sa han: «Du er ein gild gut Bjørn, nå må du oppføra deg fint. Då skal det gå deg godt.» Det var Olav sine siste ord til meg.

Onkel Olav døydde i 1961 og tante Marie i 1987.

Så langt Bjørn Olav Hansen.

Takk

Fyrst må eg få lov å takka dei fem personana som har vore så greie å la meg få samtalar med dei.

Så ein stor takk til Jan Stokkeland som har vore til stor hjelp når det gjeld detaljer om Fjotlandsruta: Buss merke, registreringsnummer og datoer.

Og sist, men ikkje minst: Alt arbeidet Johannes Hamre har hatt med fotografering, registrering og plassering. Han har i sanning synt eit stort tolmod.