Grunnlaget for denne historia er samtalar med fem personar som alle hadde ei nær tilknyting til Olav P. Netland og Fjotlandsruta: Bjørn Olav Hansen: Nevø til Olav, Judith Gjemlestad og Kari Edvardsen, døtrer til sjåfør Samuel S. Åmot på Fjotlandsruta. Jakob B. Eiesland og Tron Mygland: To fjotlendingar som begge kjende Olav godt og brukte Fjotlands ruta som kommunikasjonsmiddel då ho tok over etter hesten. Det var tida før personbilen blei allemannseige.

Personalia: Olav Pederson Netland blei født på Netland i Fjotland 30. 04. 1902. Foreldre var Sigrid og Peder Johan Netland. I 1933 gifta han seg med Marie Hansen, født 13.10.1907. Foreldre var Tomine og Lars Hansen. Dei var barnlause.

Brudebilde av Marie og Olav. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen
Olav P. Netland. Foto: Utlånt Bjørn Olav Hansen

Innleiing

Då Olav Pederson Netland gifta seg med Marie Hansen blei han svoger til drosjesjåfør Harald Hansen. Dei to svograne fekk eit nært samarbeid. I 1945 fekk Ruth og Harald Hansen sonen Bjørn Olav, og han fekk Olav til onkel. Mellom Bjørn Olav og Olav blei det knyta tette band som varte ut heile levetida til Olav.

Her er kva Bjørn Olav fortalde meg:

Vegnettet i Fjotland

Den fyrste vegbygginga gjekk føre seg frå om lag 1880 fram til 1900-talet. I 1906 hadde vegen kome heilt opp til Netland. Før det var det bare ein kjerreveg, noko anna var det ikkje, men dei køyrde likevel med bilar på vegen før han blei utvida. Fram til Knaben kom det ikkje ordentleg veg før i 1940. Før det var det bare ein kjerreveg som laste- og personbilar kom seg fram på. Frå 1940 kunne du køyra med buss til Knaben.

Trekkferja på Netland. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen

Trekkferja på Netland

Pappa fortalde at den tida han budde hos Olav på Netland var det trekkferje over til Netland. Så blei det flaum og vaieren som trakk ferja rauk.

Dermed dreiv ferja nedover åna, og heldigvis fekk dei huka tak i ho og dradd ho inn til land. Så hadde faren til Olav og nokre andre ved hjelp av lange tau drege ho opp att til Netland.

Dei fyrste bilane

Den fyrste bilen som kom til Kvinesdal var ein Buick som kom frå Mandal med laksefiskarar. Det var i 1912. Det var det året pappa blei fødd. I 1920 fekk Reidar Aamodt konsesjon til å køyra frå Myra (Storekvina) og ut til Øye. På den tida hadde Harald Hunsbedt ein lastebil som han køyrde med til Knaben. Han var vaskerimeister der.

Ein annan bil som kom var vegvesenet sin, ein Benz 1918 eller 1919 modell, som kom frå eit overskotslager i Tyskland etter fyrste verdskrigen.

Bilen kom til vegvesenet i Kristiansand, men dei ville ikkje ha han. Så køyrde oppsynsmann Paulus Ryen han til Kvinesdal, og han som køyrde bilen for vegvesenet i Kvinesdal frå 1922 og fram til 1925 var «Småen på Åmot». Rette namnet var Ingvald Faret, eller Ingvald Gabrielsen, født 09.01.1903. «Småen» reiste sidan til Amerika, og kom heim att til Kvinesdal då han var 80 år. Med seg hadde han eit foto av Benzen som han køyrde i 1920-åra.

Deretter overtok Hans Risnes, som den gongen var tilsett i vegvesenet, køyringa av Benzen fram til 1927. Då kjøpte Kvinaruta fyrste bussen sin.

Ole Johan Gullestad hadde vore i Amerika, og då han kom heim, bygde han seg hus i Fjotlandsgata med garasjeverkstad på baksida. Der bygde han den fyrste Kvinabussen, og Hans Risnes blei tilsett som den fyrste sjåfør der.

Benzen blei sett ned ved Vilhelm (Velum) Omland sitt hus. Der stod han heilt fram til Gunnar Hunsbedt bygde den nye verkstaden sin. Det er så trist at det gjekk slik, at han ikkje blei tatt vare på. Eg har vore inne i den bilen så mange gonger.

Hans Risnes køyrde i 1919 ein bil for fem personar, ein Ford. Eg har nemleg eit vognkort som eg fekk avfotografert av Kjell Risnes. Det er truleg den bilen som Nils Nilsen, doktor Oscar Moy og Bernt H. Gullestad sette i gong som den fyrste persontransporten i bygda. Bilen blei kjøpt hos Fordforhandlar Gitlestad i Lyngdal. Men dei hadde bilen bare i eit år, for det gjekk ikkje. Hans Risnes var sjåfør på Forden.

Fyrste bussen – K- 328 – ved Hansens Kafe. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen
Vognkortet til Hans Risnes. Foto: Utlånt: Bjørn Olav Hansen

Olav Netland og Fjotlandsruta

Olav Netland var gardsson. Han arbeidde saman med faren Peder Johan på sagbruket. I 1926 søkte Olav om konsesjon for eit nytt ruteselskap som skulle heita Fjotlandsruta, og fekk han godkjend. Konsesjonen galdt Netland-Liknes-Øye to dagar i veka, og Netland-Flekkefjord to dagar i veka. Seinare blei det endra til Netland-Flekkefjord alle seks verkedagane.

Med ein gong han fekk konsesjonen kjøpte han og faren, Peder Johan, eit lastebilchassis. Så sette dei i gong å byggje ein lastebil, slik ein lastebil såg ut på den tida. Det vari grunnen bare ein lastekasse, med fire stolpar opp, med segldukstak over, og med rullegardin på sida som dei kunne slå ned når det regna. Dei laga trebenkar til å sitja på. Det var den fyrste bilen til Olav. Han fekk registreringsnummer K-328.

Billett. Foto: Utlånt: Jan Stokkeland

Alle var heimelaga

Den gongen var alle rutebilane like, med kalesje over og opne sider. Så vel Bakkeruta som Gylandsruta og alle dei andre var slik. Dei hadde lause benkar som dei kunne ta ut når dei ikkje skulle køyra passasjerar. Då blei det ei lasterute.

Den gongen var alle rutebilane like, med kalesje over og opne sider.

Også på Feda var det ei rute, Fedaruta, som køyrde mellom Feda og Flekkefjord. Eg veit at onkel Kristian (Hansen) ein gong køyrde Fedaruta til Flekkefjord og heim att, før han blei konfirmert. Eg har eit bilde frå Torvet i Flekkefjord, der også Fedaruta er med. Du kan sjå onkel Kristian som står oppetter bussen.

Klyppekort og billettruller. Foto: Bjørn Olav Hansen

Nye bussar

I 1929 kjøpte Olav ny buss, ein Reo, som fekk registreringsnummer K-8046. Denne selde han i 1933 til bilforhandlar Ole A. Iglebæk. Tri år seinare, i 1932, kjøpte Olav ein Reo av medeigar i De Forenede Bilruter, Aasulv Bygland. Denne fekk same registreringsnummer som den førre, K-8046.

Frå 1929 og fram til 1949 kjøpte Olav Netland 10 bussar til Fjotlandsruta, av desse to i 1935. I tillegg kjøpte han i 1930 frå England ein høgreratta Buick, 9-setar, til bruk som ekstrabil.

Dessutan brukte han denne bilen til å køyra privat for direktør Sverre Blekum på Knaben Gruver.

Saga av seg eine handa

På den tida, eg trur det måtte vera i 1933, skar Olav av seg handa då han arbeidde saman med faren på saga.

Handa blei sydd på att, men han fekk jo ei lam hand for resten av livet.

Pappa fekk sertifikat i 1931. Han kjøpte då ein Chevrolet, 1927 modell, i Lyngdal, som han skulle køyra drosje med. Då Olav skar av seg handa måtte pappa setja frå seg drosjen, og begynte å køyra for svogeren Olav.

Han køyrde bussen for Olav i eitt år, og busette seg på Netland i denne perioden. Der oppe var jo garasjane og verkstaden. Pappa tykte ikkje det var noko greitt å bu der oppe, 21 år gamal som han var. Det var saktens greie folk, men dei var jo så gamle.

Olav kunne køyra bussen med bruk av den eine handa, smøra bussen og elles ting som ikkje var vanskelege.

Han kunne for eksempel ikkje leggja på kjettingar om vintaren eller ta av og på tunge varer som skulle med bussen.

Pappa sluttar å køyra for Olav

I 1934 ville ikkje pappa køyra ruta for Olav lenger. Då ville han til å køyra drosje att. Den Buicken som Olav hadde kjøpt frå England i 1930 fekk pappa kjøpt. Truleg gjorde han ein god handel som takk for at han hadde vore så grei å køyra bussen den tida. Den bilen hadde pappa heilt til 1939. Han hadde to bilar til som han brukte, men under dårleg snøvêr var Buicken den einaste bilen av drosjane som greidde å koma fram til Knaben. På dei nye bilane var det altfor dårleg clutch, men på den gamle Buicken var clutchen så stor at han kunne støyta og støyta i snøen og koma seg fram. Dei andre måtte gi opp.

Pappa fortalde at det var handspeed på Buicken. Ein gong han køyrde ned frå Knaben på vinterstid, hadde han fått ein sigar. Han drog ut handspeeden, slik at farten blei mindre. Då fylgde bilen greitt dei djupe isspora, og han sette seg i baksetet og røykte sigaren i fred og ro mens bilen seint drog seg nedover. Då var han kar.

Då fylgde bilen greitt dei djupe isspora, og han sette seg i baksetet og røykte sigaren i fred og ro mens bilen seint drog seg nedover. Då var han kar.

Privatsjåfør for direktør Blekum

Pappa tok over køyringa som privatsjåfør for direktør Blekum etter Olav, og hadde denne jobben i 13 år. I 1939 sa Blekum at pappa måtte kjøpa seg ny bil, for våren 1940 ville kong Haakon koma på besøk Knaben. Så då kjøpte pappa ein ny gedigen bil, men så kom jo krigen, og det blei ikkje noko besøk.

Ny sjåfør på Fjotlandsruta

Då pappa slutta måtte det inn ny sjåfør. Pappa kjende Samuel S. Åmot veldig godt, og då sa han til Olav: «Nå skal du gå til Litle Samuel, og då fær du den beste mannen du kan få». Det gjorde Olav, og Samuel blei tilsett. Sidan blei Albert K. Aamot også tilsett.

Kva kosta det den gongen å reisa med Fjotlandsruta?

Det veit eg ikkje, men det var eit klyppekort dei brukte. I tillegg var det billettrullar. Så der får du eit inntrykk av kva prisane var den gongen.

For langt å få varer frå Øye

Før vegnettet blei ordentleg utbygd var det langt for fjotlendingane å måtte heilt til Øye for å få varer som hadde kome med dampbåten. Dei brukte hest og slede eller kjerre, og rakk ikkje fram og tilbake på dagen, så dei måtte overnatte.

Det var fleire stadar du kunne få husrom for natta. Eg veit det var på Øye, i Neset, på Helle og sikkert fleire andre stadar. I Neset hadde Oluf Egeland skysstasjon, og pappa var skyssgut der då han var 10 år gamal.

Der kunne dei som ynskte det leiga hest, og pappa blei med på karjolen opp dalen. Vel framme gjekk dei som hadde leigd hesten av, og så køyrde pappa hesten heim att til Oluf.

Fjotlandsbua. Foto: Bjørn Olav Hansen
Fjotlandsbua inni slik ho er i dag. Foto: Bjørn Olav Hansen
Fjotlandsbua inni slik ho er i dag. Foto: Bjørn Olav Hansen

Fjotlandsbua

Etter kvart vart fjotlendingane meir og meir misnøgde med denne ordninga.

Det som då skjedde var at Fjotland kommune, etter reguleringsplanen frå 1918, kjøpte tri tomter i det som seinare fekk namnet Fjotlandsgata. På den eine tomta blei Fjotlandsbua sett opp som det fyrste bygget. Nå blei varene som kom til Øye køyrd med hest og kjerre til Fjotlandsbua. Så kunne fjotlendingane henta varene sine i Fjotlandsbua, og køyra heim att same dagen.

Nytt hus i Fjotlandsgata

Då Marie og Olav blei gift, ville ikkje Marie bu i Fjotland. Ettersom Olav Netland var fjotlending fekk han lov av Fjotland kommune til å setja opp eit hus på ei av dei to tomtene som dei eigde i Fjotlandsgata. Det blei reist i 1934. Der leigde Fiskeguri (Guri Larsen) halve stova i 1. etasje til fiskeutsal, medan famelien budde i 2.etasje. Dei blei der i to år til dei flytte inn i eige hus i 1936.

Då mamma og pappa gifta seg flytta dei inn i andre etasje hos Marie og Olav, der familien Larsen hadde budd. Det er i dag Fjotlandsgata 4.

Korleis pappa fekk sett opp huset sitt i Fjotlandsgata?

Olav hadde ein 1930-modell Buick som han hadde brukt til å køyra direktør Blekum på Knaben Gruver.

Pappa hadde jo køyrd same Buicken han kjøpte av Olav då han tok over å køyra privat for Blekum i 13 år.

Då pappa ville ha sitt eige hus, var Blekum med i kommunestyret i Fjotland. Under press tok han opp med kommunen spørsmålet om pappa kunne få kjøpt den tredje tomta som kommunen hadde i Fjotlandsgata.

Det var på andre sida av vegen. Kommunen sa ja, og pappa fekk kjøpt tomta. Huset stod ferdig i 1939. Det er i dag Fjotlands gata 5.

Huset etter Marie og Olav i dag. Foto: Bjørn Olav Hansen
Siste tobakksplanta i Fjotlandsbua. Foto: Bjørn Olav Hansen

Økonomien

Økonomien den gongen var så dårleg at Olav ikkje hadde råd til å kjøpa nytt batteri til å starta bussen med. Så når pappa var der gjekk det greitt så lenge det var varmt i vêret. Då starta bussen utan problem. Men med ein gong det blei kaldt, greidde han ikkje å få start på han. Då måtte faren, Peder, spenna føre hesten og så drog dei bussen heilt ned til Kvidingen. Der blei det ein lang utforbakke, slik at pappa kunne renna han i gong.

Korleis dei greidde seg økonomisk er det vel sagbruket som er svaret på. Dei hogg tømmer og skar last, slik at dei fekk inntekter der.

Verdens snillaste mann

Olav var verdens snillaste mann. Når folk kom med varer som skulle vera med bussen, tok han ikkje betaling for dette, om det var aldri så mange kolli. Han tok bare betaling for folka som køyrde med bussen. Det heldt reint på å gå gale økonomisk. Han greidde seg rett og slett ikkje. Då pappa tok over gjekk det betre. Han tok betaling for kvar einaste ting som skulle fraktast med bussen. Når veka var slutt og pappa leverte pengane til Olav, skjønte Olav ingen ting. Han lurte på kvar alle desse pengane kom frå. «Har du betalt bensinen, har du betalt dekket som måtte reparerast og så vidare.» Han forstod ingen ting. «Ja, eg har betalt alt saman», sa pappa. Og likevel var det mykje pengar att.

Når du kom ut i 1933-1934 fekk bussane betre standard, og blei i grunnen ei gullgruve for eigarane.