Ånen Årli skriv at det ser ut til det er bare i Kvinesdal ein brukte lyngløer. I Fjotland, Hægebostad og dei andre grannebygdene bygde dei laftebygde utjordsløer tekt med never og torv. På Kvinesheia var det sers lite skog på denne tida. Til ei lyngløe trong dei bare eit par lass med trematerialar. Bøndene drog dette fram på vinterføre, for det meste sjølv. Det var ikkje mange som hadde hest.

Løa måtte stå på ein tørr plass på håndsteinar. Av lyng gjekk det med 30 byrer til ei lita løe, men ofte mykje meir. Årli skriv at når alle materialar var på plass, kunne to mann bygga ei lyngløe på dagen. Desse løene blei brukt til høy og til torv og det var også sommarflorar tekt med lyng.

Årli skriv at dei hadde åtte lyngløer på deiras bruk i Årli. Sigrid Lien vaks opp på eit anna bruk i Årli, Homman. Ho har skrive ned det ho minnest frå sin barndom om lyngløer.

Bjarne Solås ved ei lyngløe. Foto: Privat
Ingvald Tjørnhom. - Det er med stor sorg vi alle må forholde oss til at Ingvald nå er borte, skriver Kvinesdal Historielag i sitt årsskrift for 2019. Foto: Privat

«I MIN OPPVEKST var det mange lyngløer. Ei av desse gjekk eg framom kvar dag på skuleveg.

Løa sto framom Aleksander og Ågot Moi si hytte. Den var i god stand i 1935-1945 åra. Det var ei torvmyr mellom Årlivegen og Egelivegen. Ein sti gjekk mellom dei to vegane (der vegen nå ligg). Ved denne vegen var det ei lyngløe i god stand. Lenger borte, nærare Årlivegen var der to løer, og mange torvskjer. Enkelte torvskjer var store – og sto ofte fulle av vatn.

I min oppvekst var det mange lyngløer. Ei av desse gjekk eg framom kvar dag på skuleveg.

Langs Egelivegen var det torvmyrer. Folk på Moi hadde kvar sin teig. Der var to-tre løer minst. Alle var ikkje i like god stand.

På heimegarden der eg vaks opp, var det ei løe. Det var dyrka då, men tidlegare slo dei ruskehøy og skar torv her.

På Fredheim på garden til Maria og Nils Årli sto ei fin lyngløe. Eg minnes at dei oppbevarte hesjestaur i den.

Siste løa eg veit om blei bygd i 1935-36. Far bygde den. Eg minnes den, den sto i Stokkelandsslåttene.

Eg ville gjerne vera med på heia med far den dagen. Men eg var for liten til å gå så langt, sa han. Ut på dagen kom eit kraftig torever. Då var eg glad eg var heime.

Juli 2012

Sigrid Lien

Tor Tjørnhom, Sigbjørn Risnes og Tor Gjemlestad ved ei lyngløe. Foto: Privat
Kristian Hauan. Hegda har Oskar Hauan laga. Foto: Privat

LYNGLØA som far til Sigrid bygde, sto i kanten av ei myr som er kalla Tyskland (eller kan henda er namnet Tysland). Den gamle vegen som nå er merka til Høge Varen, går på vestsida av myra. Løa er rotna ned. Årli skriv at ingen lyngløer er bygd etter siste krigen. Men dette var fram til 2001. Då sette Bjarne Solås opp ei lyngløe i utmarka på Solås.

Etter at barnevandringsstien var merka og tatt i bruk, fant ein ut at det hadde vore greit med ein rasteplass på den lange etappen mellom Årli og Hægebostad. Eit forslag var ein «gapahuk». Kvinesdal Historielag blei spurd om å ta seg av dette. Ingvald Tjørnhom, som hadde vore primus motor under planlegging og merking av stien, sa ja til å styra dette. Ingvald og dei han hadde med seg, fant snart ut at det måtte bli ei lyngløe dei ville byggja. Bjarne Solås, som hadde bygd ei slik løe tidlegare, blei med på planlegginga. Det blei laga eit budsjett og søkt om SMIL-midlar. Fylket lovde eit tilskot på 22.600,-.

Ingvald og dei han fekk med seg sette i gang. Grunneigaren sa ja både til tomt og til at dei kunne henta trevirke og lyng. Det gjekk med ca. 18 ospetre, 24 tverrstokkar av bjørk og ca. 70 byrer med lyng. Det meste av dugnadsinnsatsen blei utført av 20 personar. Dei brukte åtte effektive dagar frå 18. mai til slutten av juli, i alt bortimot 300 timar.

Vi er sikker på at barnevandrarane som gjekk frå Årli, har søkt ly i lyngløer. Og nå kan vandrarane på stien i våre dagar, ta ein pause med nistepakken her eller søkja ly for regn og uver. Ein finn opplysningsskilt med kart og bok til å skriva namn i.

På heimesida kvinesdalhistorielag.no ligg Ingvalds bildeserie frå bygginga av lyngløa.

Reisverket ferdig. Foto: Privat
Sigbjørn Risnes og Tor Gjemlestad i arbeid. Foto: Privat