Utvandrarvinden har i uminnelege tider blåst over Kvinesdal. I boka «Niew Amsterdam, Nordmenn i dent hollandske Amerika 1624-1674» skriv Frans Arne Hedlund Stylegar om nordmenn i det hollandske Amerika. Han har funne dokumentasjon på at det var 69 nordmenn som budde i Niew Amsterdam. Rundt halvparten av desse nordmennene hadde opphav i det som den gong heitte Lister og Mandal amt, i dag Vest-Agder. Så kanskje alt den gongen var det det ein eller fleire kvindølar der?

Den offisielle utvandringa til Amerika starta i 1825 med dei 52 personane frå Stavanger som reiste over med SS «Restauration». Båten var ei gamal ombygd sildeskøyte, 4 meter brei og om lag 18 meter lang. Turen tok om lag tre månadar. Det var nok litt av ein tur med 52 personar om bord i den litle skøyta i tillegg til proviant, klede, verktøy og utstyr. Dei skulle jo ikkje heim igjen.

Då dei kom til New York var dei 53. Det var nemleg født ei jente på turen over Atlanteren.

Artikkelforfatteren: Jan Helge Fladmark f. 1939 i Kvinesdal. Pensjonist. Foto: Privat

Mange utvandrarar

Frå nå av begynte folk frå alle kantar av landet å reisa til Amerika. Etter kvart som det kom brev og bilete heim til gamlelandet som fortalde kor fint og gildt alt var «over there», så auka jo reiselysta i Noreg.

Utover på slutten av 1800 talet og fyrste del av 1900 talet reiste folk i tusenvis kvart år til Amerika. I perioden frå 1825 til 1965 emigrerte meir enn 900.000 nordmenn.

Frå Kvinesdal utvandra totalt 5.500. Frå Farsund, som også var ein stor utvandrarkommune, reiste over 10.000 personar.

Kvifor ei slik stor utvandring?

Dei fleste reiste nok i håp om å skaffa seg eit levebrød der borte. Det var lett å få arbeid og løna var mykje høgare enn i Noreg. Mange reiste også for å skaffa seg jord til ein farm, som var mykje lettare å driva enn eit småbruk heime i Noreg.

Sleppa unna kyrkja

Men, det var også mange som reiste for å sleppa unna kyrkja i Noreg. På 1800-talet måtte alle i Noreg høyre til den protestantiske kyrkja. Frikyrkjelydar var forbode, så mange som ikkje ynskte å tilhøyra den norske kyrkja emigrerte til Amerika. Der var det lettare å tilhøyra ein frikyrkjelyd.

Kva jobba emigrantane med i Amerika?

Det var mange ulike former for arbeid. Mange fekk arbeid i anleggsbransjen. Bygging av bilfabrikkar og andre fabrikkbygg trengde mykje arbeidskraft. Andre skaffa seg jord og begynte med farming. Sørlendingane var elles berømte som gode snekkarar og «floorleggarar». Elles var tømmerhogging eit yrke mange valde. Ein god del skaffa seg båt og dreiv fiske på aust- og vestkysten. Alt var stort i Amerika.

Utvandringa blei kraftig redusert på 1930 talet. Då herja jo den store depresjonen i Amerika. Og så kom den 2. verdskrigen, som stoppa all utvandring.

Utvandringa etter 2. verdskrig

Etter krigen var det slutt på utvandringa frå Noreg til Amerika, med unntak av Kvinesdal og resten av Sørlandet. Her starta utvandringa opp igjen på ny, og varte til begynninga av 1970-talet. Dei fleste slo seg ned i Brooklyn. På det meste heiter det at om lag 60.000 norske budde der.

Mange av dei som reiste over før krigen kom heim att etter krigen. For dei som reiste over etter krigen kom mange heim att på 70-80 og 90-talet.

Ein gong på 1980-talet fant dei ut at 10 prosent av dei som budde i Kvinesdal var amerikanske statsborgarar. Amerikanske namn som Stanley og Steven vrimlar det av i Kvinesdal. Ei undersøking viste at 17 prosent av alle som heitte Steven og Stanley i Noreg budde i Kvinesdal, mens kommunen bare har vel 0,1 prosent av innbyggarane i Noreg.

Ein gong på 1980-talet fant dei ut at 10 prosent av dei som budde i Kvinesdal var amerikanske statsborgarar.

Økonomisk har også innvandringa hatt stor betyding for Kvinesdal. Det er bygt mange hus og uthus, og dyrka mykje nytt land opp gjennom åra med dollar frå Amerika.

Legeundersøking på Ellis Island Kjelde: Lister Utvandrarmuseum. Foto: Helga Narvestad

Den fyrste organiserte emigrantreisa

Seglskipet SS«Restauration» (ofte omtalt som «Restaurationen») var opphavleg ei jakt, bygd i Hardanger i 1801. Skipet er særleg kjend for å ha ført det første selskapet utvandrarar til Amerika i 1825.

«Restauration» segla frå Stavanger den 4. juli 1825 (nokre kjelder nemner 5. juli 1825) og kom til New York tre månader seinare, den 9. oktober, etter ei strabasiøs ferd. Skipet var på kring 39 tonn, 54 fot (17 meter) langt og 16 fot (5 meter) breitt. Det var 52 menneske om bord, dei fleste kvekarar eller andre dissentarar.

Kaptein på båten og leiar for «sluppefylgjet» var Lars Larson Jeilane. Under turen fekk Larson og kona Martha ei jente som vart døypt Margaret Allen, etter ei kjend engelsk kvekarkvinne. Sluppefylgjet vart møtt av Cleng Peerson i New York, og slo seg ned ved Ontariosjøen i Kendall township, i delstaten New York.

Skiltet er utlånt av Per Hompland. Foto: Kvina Fotosenter
Leikarringen åt Bondeungdomslaget på Silokaia 1961. Foto: Utlånt av Else Jensen

Nokre av dei fyrste som utvandra frå Kvinesdal

Johannes Risnes fortel:

Fyrste utvandraren frå Fjotland var truleg Ånen Atlaksson Spillebrok, (1808 - 1866). Han reiste i 1848 til Amerika med kona Tonette Katrine Larsdotter Berrefjord (1820 - 1899) og dei fire borna: Anders, f, 1840,Gerhardine, f. 1842, Georg, f. 1844, Theodor, f. 1846. Han var skulehaldar i Hidra sokn (Berrefjord) då han blei gift med Tonette. Alle borna var fødde i Egersund, der Aanen var boktrykkar og handelsmann. Dei slo seg ned i Brooklyn, NY, men var og ein kort periode i Wisconsin.

Men i 1826 kom Rolleiv Gunnarsson Salmeli tilbake til Tonstad sokn frå Amerika. Fødd i 1764 hadde han vore dansk soldat i to-tre tiår. Han hadde vore soldat i dei danske koloniane i det karibiske hav, St. Croix. Rolleiv må ha kome til «Amerika» på slutten av 1700-talet.

Utvandring frå Liknes

Nils Kristian Mikalsson Aamodt. Han skal i fylgje den tredje delen av bygdeboka til Ånen Årli, Kultursoga, kulturbindet (Kvinesdal) ha reist til Amerika i 1850. I bokverket Norwegian immigrants to the United States, Vol 5, fann eg eit notat som antyda at han kom til Amerika alt i 1841.

Så har vi «venneflokken?» frå Øye som reiste til Amerika i 1848. Det var: Inger Christine Andersdotter (Øvre) Øye, Mads Andersson Øye, Gunhild Tønnesdotter Øye, og Jens Mikal Mortensson Øyestrand. Truleg var det med briggen Herkules frå Farsund dei reiste, men skonnerten Helvetia sigla og frå Farsund i 1848.

Utvandring frå Feda

Her er det ein gjeng som flytta til Fulland i Herad i 1835 før dei reiste til Amerika, truleg i 1848. Med den siglasen som det ikkje er tilgjengeleg passasjerliste for? Dette er henta frå bygdeboka for Herad: Jakob Kristiansson (Opofte) Fulland f. 1823, med kona Katrina Ånensdotter Gysland. I tillegg, Martine Kristiansdotter (Opofte) Fulland, f. 1826 og Grethe Kristine Kristiansdotter (Opofte) Fulland, f. 1829.

Men i 1849 reiste desse frå Feda med Hercules frå Farsund.

Michal Hans-Jacobsson Hellenes/Sande, f. 1820 og kona Anne Marthine Kristoffersdotter Sande, f. 1815 og dottera Marie Benedikte, f. 1845. Sjømann Jakob Elias Olsson Refstie, f. 1818, og hans søster Rebecca, f. 1819.

I passasjerlista for Hercules finn ein desse to som Jacob E. Fedde, 31 år gammal, Rebekka Fedde, 28 år gammal. Dei er begge fødd i Refstie, men Fedde var kanskje eit meir fornemnt namn?

Han eine frå Feda var sjømann.

Eg finn det ganske sannsynleg at sjømenn, då gjerne frå alle tre sokna som i dag er Kvinesdal kommune, må ha vore i Amerika og «jumped ship» i amerikanske hamner lenge før dei fyrste utvandrarane me kjenner til.

Men for å finna fram til desse må ein vel gjerne studera skipslister eller sjømannsarkiv. Eller ha flaks og koma over eit slektstre med etterkomarar etter nokon av desse.

Om ein søker i bygdebøker for kystområda vil ein sikkert finna fleire frå innlandet som har reist til Amerika tidleg. I tillegg har ein alle som var i teneste på «Austlandet» og «Nordlandet».

Dei som reiste ut frå Kristiansand, Arendal, Grimstad eller Stavanger, Haugesund, Egersund er jo heller ikkje oppført som utreist frå fødestaden sin. Og eg veit om fleire som kjem inn under desse, mellom andre Ånen Atlaksson på toppen av lista mi her.

Så langt Johannes Risnes.

SS Restauration. Foto: norwayheritage.com
Briggen Hercules av Farsund. Kjelde: Lister Utvandrarmuseum. Foto: Helga Narvestad

Emigrantskutene

Når me les Johannes Risnes si utgreiing om dei fyrste utvandrarane frå Kvinesdal er det briggen «Herkules» og skonnerten «Helvetia», begge frå Farsund, som tar med seg ferdafolket til Amerika. På Lister Utvandrermuseum heng dette biletet av Herkules.

Ellis Island var det store immigrasjonssenteret i New York. Det blei oppretta i 1892. Alle emigrantar som kom til Amerika måtte gjennom dette mottaket. Her fekk dei ein grundig helsesjekk. Hadde dei pengar? Var dei politiske anarkistar? Dersom undersøkinga var positiv slapp dei igjennom nålauga. Dersom ikkje risikerte dei å bli nekta innreise og måtte reisa heim att. Ellis Island var i drift til 1954, då det blei nedlagt.

«Empress of Ireland» var eit linjeskip som gjekk i rute mellom Canada og England med post, passasjerar og last. Mange norske emigrantar reiste med dette.

I mai 1914, bare ein månad etter at «Titanic» sokk, var skipet på veg frå Quebec til Liverpool. Det hadde plukka opp posten, tatt avskjed med losen og var nær Pointe au Père i den vide ST. Lawrence-elva då ei tjukk skodde plutseleg hindra sikt. Det var eit stort sjokk då det norske lasteskipet DS «Storstad» plutselig dukka opp frå skodda bare nokre få hundre meter unna. Dei to skipa kolliderte, og rundt 14 minutt etter samanstøyten sokk «Empress of Ireland». Det var 1.477 menneske om bord på skipet, av desse var 21 nordmenn. Det drukna 1012, av desse var 14 nordmenn. Bare sju av nordmennene som var på veg heim overlevde.

Denne ulykka har nesten ikkje blitt omtala i det heile tatt. «Titanic»-ulykka overskygde det heile.

RMS «Empress of Ireland». Kjelde: Lister Utvandrarmuseum. Foto: Helga Narvestad

Var med borgarkrigen

Den amerikanske borgarkrigen varte i dei fire åra frå 1861 til 1865. Bakgrunnen var usemje om slavehald og sjølvstende for delstatane i sør.

Krigen var veldig blodig og brutal. Då nordstatane hadde vunne krigen, var 600.000 soldatar døde.

Over 6.500 nordmenn var med i borgarkrigen, dei aller fleste på nordstatssida. Meir enn tusen fall, og ennå fleire blei såra.

Av dei 905 norske soldatane i 15. regiment, som blei leia av nordmannen Hans C. Hegg, døydde nærare 350 i slag eller av sjukdom. Dette er ein tapsprosent på om lag 40. Det var ein av dei høgaste tapsprosentane for eit regiment i borgarkrigen.

Det er sagt og skrive at nordmennene nesten alltid var i fremste rekkje, at dei var stae, og trakk seg for seint tilbake. Såg dei ein annan nordmann i fortsatt kamp, skulle dei ikkje gi seg fyrst. Men generalane gav dei mykje ros for tapper og dyktig innsats.

Ein av dei var frå Kvinesdal

Frå Listerregionen var det om lag 50 emigrantar som var med i borgarkrigen . Av desse var det bare ein frå Kvinesdal, Nils Olaus Thorson frå Eiesland. Nils Olaus var eldste son til Tor Oddson på Eiesland. I 1861 reiste han til Amerika saman med Didrik Mjåvatn., men han hadde ingen slektningar han kunne reisa til. Derfor verva han seg i det seinare så namngjetne 25. Wisconsin regimentet og blei med i borgarkrigen, som då var i gong. I løpet av dei tri fyrste åra tok han del i 15 slag, og det rare er at han ikkje blei såra ein einaste gong. Seinare i livet sa gamle Nils Olaus: «Hadde det ikkje vore for bønene til far min hadde eg aldri kome gjennom dette slik eg gjorde.»

På slutten av krigen blei han teken til fange av soldatar frå Sørstatane. I elleve lange månadar sat han som krigsfange i det berykta Libby Prison i Andersonville. Her døydde 12.286 krigsfangar frå Nordstatane i løpet av 14 månadars tid på grunn av mishandling og sult.

I fangeleiren åt dei kattar og rotter. Prisen for ein katt varierte frå 15 til 19 dollar. Nils Olaus hadde vore så lur at han hadde rive av hælane på støvlane sine, hola dei ut, lagt pengane sine oppi der, og så lagt dei på att. På det viset overlevde han, men då han kom heim etter krigen vog han bare 37 kilo, og måtte berast på ei båre. Kommandanten i denne fangeleiren blei hengd etter krigen.

Då krigen var slutt busette Nils Olaus Thorson seg i Winchester. Han blei seinare gift med Betsy Johnson frå Telemark. Dei fekk fem døtrer og fem søner. Dei kjøpte ein farm i Tangen. Her budde Nils Olaus Thorson til han døydde i 1918, 76 år gamal.

Han er omtalt i bygdeboka frå Fjotland. Her er det også tatt med ein nekrolog, som stod i emigrantavisa «Skandinaven» då han døydde i 1918.

Krisetid

På 1870-80 talet gjekk mesteparten av den norske seglskuteflåten konkurs saman med mange av dei norske bankane. Dei norske seglskutene kunne ikkje konkurrera med dei nye stimskipa frå Europa. Både tømmer- og fiskeeksporten på Sørlandet ble kraftig redusert. Noreg var nå inne i ei økonomisk krise. Arbeidsledigheita auka dramatisk og utvandringa til Amerika blei redninga for mange. Problemet nå var at det blei slutt på at seglskutene plukka opp emigrantane i småbyane langs kysten. Nå måtte dei reisa til Frankrike eller England for å ta dei store emigrantskipa som nå begynte å kryssa Atlanteren.

I 1913 blei «Den norske Amerikalinje» etablert. Med skip som Kristianiafjord (1913 - 1917), Bergensfjord (1913 - 1946/1956 - 1969), Stavangerfjord (1918 - 1964), Oslofjord (1938 - 1940/1949 - 1969), Sagafjord (1965 – 1983) og Vistafjord (1973 - 1984) heldt dei det gåande i 71 år.

I Kvinesdal var det Jens Hompland og sidan dottera Jenny Hompland som hadde agenturet for NAL.

Nå kunne norske emigrantar reisa frå norske hamner til Amerika på ein mykje raskare og behagelegare måte.

Stor stas i Kristiansand

I 1961 blei eg med i «Bondeungdomslaget i Kristiansand», og ikkje lenge etter var eg med i «Leikarringen åt Bondeungdomslaget». Me var mykje rundt og hadde framsyning av folkedans. Ei stor oppleving var det å få dansa for passasjerane på amerikabåtane då dei la til kai ved Silokaia i Kristiansand. På kaia stod eit musikkorps, og passasjerane blei møtt med kjente tonar.

Me synte 4-5 folkedansar til tonefylgje av Otto Furholt på hardingfele. Oppvisinga hadde me før passasjerane til Kristiansand forlèt båten. Det var «svart av folk» langs rekka som såg oss dansa, og dei såg ut til å vera svært fornøgde. Etterpå blei me invitert om bord på dekket for å visa oss fram for passasjerane. Ein av dei som møtte opp var ein tidlegare instruktør i folkedans og aktiv dansar. Nå hadde han slutta, men hadde svært lyst til å bli med om bord. Men han visste råd. Han lånte felekassen til Otto Furholt og bar han opp landgangen på Amerikabåten. Så då fekk også han lov til å bli med om bord.

99th Infantry Battalions emblem. Foto: brainerddispatch.com
Amerikansk og norsk flagg utanfor «Sons of Norway Building» i Lake Street, Minneapolis i Minnesota. Foto: Privat

99. infanteribataljon

Den norske 99. infanteribataljon (99th Infantry Battalion) ble oppretta under 2. verdskrig etter ordre frå president Roosevelt.

Meldingane om det tyske angrepet på Noreg blei mottatt med sjokk og raseri i dei norske miljøa i Amerika. Snart strøymde norskamerikanarane til for å melda seg til teneste i dei amerikanske styrkane. Innanfor alle våpengreiner fanst det etter kvart mange 1. - 2. og 3. generasjon norske. Kor mange som eigentleg deltok er vanskeleg å fastslå, for alle blei registrert med den adressa dei hadde i Amerika.

99. Infanteri bataljon var likevel spesiell. Den bestod av 950 mann, og alle som skulle vera med måtte ha norsk avstamming, kunne gå på ski og kunne snakke norsk.

Bataljonen blei oppretta den 9. mai 1942, etter direkte ordre frå president Roosevelt.

Den fekk eit vikingskip som kjennemerke og gjekk derfor under namnet 99. Viking bataljon. Det eigentlege formålet med bataljonen var å trena opp soldatane til å kunne drive vinterkrig i norsk terreng, slik at dei kunne kjempa bak dei tyske linjene og driva sabotasje ved ein eventuell invasjon i Noreg. Soldatane måtte gjennomgå ei knallhard trening i kulde og snø i ulendt fjellterreng i Coloradofjella. Treninga varte i omlag 2 år. Amerikanske, offiserar fortalte etter krigen at denne bataljonen fekk den lengste og tøffaste treninga i vinterkrigføring som soldatar i den amerikanske arméen nokon gong hadde fått. Då det blei klart at invasjonen ville koma i Frankrike blei bataljonen sendt til England. Då invasjonen starta i juni 1944, var 99. bataljon i fremste rekke. Gjennom heile Frankrike og inn i Tyskland var bataljonen med i dei hardaste kampane. Og tapa blei deretter. Cirka 300 ble drepne eller hardt såra i denne perioden. Men tapa blei raskt erstatta av nye soldatar.

Då tyskarane endeleg kapitulerte i mai 1945 blei 9. Viking bataljon sendt til Noreg. Dei blei stasjonert i Drammen og Oslo området og skulle ha ansvaret for vakthaldet av kong Håkon, samtidig som dei deltok i vakthaldet i samanheng med tilbakesendinga av dei 350.000 tyske soldatane som var i Noreg. Dei av soldatane som var frå sør Noreg eller hadde familie i dette området fekk permisjon så dei kunne koma heim, eller eventuelt besøkje familie. I oktober blei bataljonen sendt tilbake til USA. Meir enn 50 soldatar kom heim til USA med ei norsk kone, som dei hadde gifta seg med i løpet av sommaren.

Fellesskap

Opp gjennom tidene har menneske med felles interesse søkt saman. Det kan ha vore av religiøse, sosiale, ideelle, kulturelle eller andre årsaker. Det gjaldt i heimemiljøet, men ikkje minst for dei som reiste til andre stadar, både her i vårt eige land, men kanskje endå meir for dei som reiste ut i verda. Ukjent og framand gjorde det godt om dei fant andre frå eige land å dela uvissa med. Etter kvart blei det stifta mange ulike organisasjonar som dei utflytta kunne bli med i og kjenna seg heime der.

For dei mange nordmennene som utvandra til Amerika vaks trongen til å bli med i eit fellesskap. Me har lest i denne artikkelen historia frå dei fyrste utvandrarane som reiste til Amerika og fram til vår nære fortid, då det tok slutt.

Her kjem historia om organisasjonen som førte til at me i dag har så vel Utvandrarfestivalen som Lister Utvandrermuseum, nesten 200 år etter at SS «Restauration» segla fyrste turen til Amerika:

Stiftarane av Sons of Norway. Fyrste rekkje frå venstre: Peder Larsen, Knute Rasmussen, Peter G. Balstad, John O. Stokke, Engebret O. Rognaas, Ole Lodgaard. Andre rekkje frå venstre: Lewis J. Stokke, Ole A. Russeth, John S. Johnson, James Peterson, Bersvend O. Draxten. Tredje rekke frå venstre: Anton Johnson, Einar Dramdahl, Ludvig Pedersen, E. M.Wold, Peter Johnson, Edvard Larsen, Eskild Pedersen. Foto: Boka Sons of Norways røtter
Det fyrste styret i Viking Lodge 8-007 Kvinesdal. Fyrste rekke frå venstre: Eddie Edvardsen, president, Fred Bjerke, president i distrikt 8, Magda Stuestøl, sekretær. Andre rekke frå venstre: Reidun Edvardsen, finanssekretær, Kjell Egeland, Eva Treland, kasserar. Foto: Sons of Norway. Distrikt 8, 30 år i Norge

Sons of Norway

Ifylgje Wikipedia er Sons of Norway ein interesseorganisasjon for «norskamerikanarar». Han blei grunnlagt av 18 nordmenn den 16. januar 1895 i Minneapolis, Amerika som ei hjelpeforeining for norske innvandrarar. Ved utgangen av 2012 hadde organisasjonen 390 lokale losjar (lodges) med 59.388 medlemer, hovudsakleg i USA, men også i Canada og Noreg. Organisasjonen tilbyr medlemene sine med familiar eit utval forsikringar og økonomiske støtteordningar.

Så langt Wikipedia.

I 1995 kom boka «Sons of Norways røtter», forfatta av Oddstein Rygg, ut. Her kan ein lesa om grunnlaget for at «Sons of Norway» blei stifta. Eg har fått lov av forfattaren til å bruka stoffet i boka som kjelde.

I 1850, 25 år etter at SS «Restauration» segla fyrste turen til Amerika utvandra fire personar frå Selbu i Sør Trøndelag. Turen tok fem månadar. Dei busette seg i Decorah, ein av dei viktigaste stadane for norsk og nordisk utvandring heilt fram til våre dagar. I dag samlar Decorah nærmare 50.000 norsk-amerikanarar kvar sommar til den store Nordic Festival.

Dei mange positive meldingane heim til Selbu frå utvandrarane gjorde at mange utvandra frå bygda. Ein trur at det på slutten av 1890-talet budde over 1000 bare i Minneapolis.

Tanken om ei eiga foreining for nordmenn vaks fram mellom utvandrarane frå Selbu, den såkalla venneflokken. Ved juletider 1894 stod det klart for venneflokken i den såkalla «Selbukolonien» at dei måtte konstituere seg, og på møtet den 16. januar 1895 var alt klart. Denne datoen blir rekna for stiftingsdagen. Formann blei Engebret O. Rognaas.

Oskar Gilbertson er den som har sitte flest år. Han var president i 3 periodar, med til saman 11 ½ år. Foto: Sons of Norway, distrikt 8, 30 år i Norge

Namnet

Det var fem forskjellige forslag til namn, og utfallet blei «Sons of Norway» (Sønner af Norge) Lite visste desse unge mennene i Selbukolonien at foreininga skulle vekse utover heile Nord Amerika Canada og Noreg, og bli den største etniske foreininga i heile Amerika.

Så langt boka til Oddstein Rygg.

I 1998 fekk Viking Lodge si eiga fane. Ho blei teikna av Theoline Dugan og Stein Arve Haugland, sydd av Anne Åmot og fargesett av Helga Narvestad. Foto: Helga Narvestad

Oppstarten i Noreg

I 2017 kom boka Sons og Norway med undertittelen Distrikt 8, 30 år i Norge ut. Redaksjonskomiteen for boka fekk tilsendt informasjon frå kvar einskild lodge for å samla stoff til boka. I Kvinesdal blei det danna ein komité der desse var med: Arne Øyulvstad, Eva Høydal og Marry Solås. Dei sende opplysningane om Viking Lodge til redaksjonskomiteen for boka. Tor Arild Halvorsen var med i redaksjonskomiteen. Eg har fått lov til å sitera det eg vil frå boka.

Her kan ein lesa dette.

På den internasjonale kongressen som blei halde i Madison, Wisconsin august 1982 blei det bestemt at i staden for å vera underlagt District 3 i Amerika, skulle Distrikt 8 opprettast i Noreg.

Stiftingsdagen

Den 20. november 1982 blei Sons of Norway, Distrikt 8, stifta, og over 200 menneske deltok i den høgtidelege innstiftinga som blei halde i Kristiansand. President blei Fred Bjerke. Kontoret for Distrikt 8 blei lagt til Kristiansand. Arbeidet blei leia av internasjonal president Trygve Søyland, som sjølv flytta til Noreg for å leia kontoret. Tilstellinga blei halde i Kristiansand, og den same datoen blei offisielle fødselsdagar for Lodgane i Tønsberg, Skien og Kristiansand.

Kvinesdal var utvandrarbygda nr. 1 i Noreg, og hadde blant anna heimkomne norskamerikanarar. Det same hadde bygdene omkring. Med den sterke tilknytinga Kvinesdal har til Amerika er det ikkje rart at det var interesse for å starta opp med Sons of Norway.

Kvinesdal var utvandrarbygda nr. 1 i Noreg, og hadde blant anna heimkomne norskamerikanarar.

Etter nokre møte hausten 1983 blei det valt eit interimsstyre der desse var med: Eddie Edvardsen, president, Magda Stuestøl, sekretær, Reidun Edvardsen, finanssekretær, Kjell Egeland, Eva Treland, kasserar.

Namnet blei «Viking Lodge».

Den høgtidelege opninga av Viking Lodge var 9. mars 1984 på Utsikten Hotell, og innsettinga blei gjort av Fred Bjerke frå Bernt Balchen Lodge. Til stades var 93 chartermedlemer.

I 1998 fekk Viking Lodge si eiga fane. Ho blei teikna av Theoline Dugan og Stein Arve Haugland, sydd av Anne Åmot og fargesett av Helga Narvestad.

Viking Lodge 8-007. har hatt eige medlemsblad, VIKING NEWS, som blei stifta 9. mars 1984.

Det er mange som ser fram til å få bladet i postkassa si, ikkje minst på grunn av artikkelen «Amerikabrevet», skriven av vår Amerikakorrespondent Bertha Eikerapen Lindefjell. Heilt sidan tusenårsskiftet har ho ein gong i månaden sendt oss det koselege brevet med nyheiter frå det norske miljøet i New York området. Referat frå førre møte står også referert i avisa slik at dei som ikkje var der likevel kan fylgja med på kva som gjekk føre seg. Avisa blir sendt til alle lodgar, medlemer i Viking Lodge, sponsorar, og elles spesielle kontaktar.

Viking Lodge 8-007. har hatt eige medlemsblad, VIKING NEWS, som blei stifta 9. mars 1984. Foto: Sons of Norway, distrikt 8, i 30 år.
I tillegg til å vera redaktør var Arthur Svennevik den store pådrivaren for å få starta Viking Lodge i Kvinesdal. Det var også han som sto bak då me fekk Utvandrarfestival i Kvinesdal. Foto: Sons of Norway, distrikt 8, i 30 år

Trong økonomi

Me strevde svært med økonomien frå begynninga av. Då hadde me kakelotteri med heimebaka kaker og tigga gåver frå forretningane som me lodda ut på møta. Me hadde til og med kaker med til serveringane. Så selde me lodd for D-8 som gav oss litt forteneste.

Nå for tida er det spesielt Utvandrarfesten, og Rekefesten på Feda som gir oss dei største inntektene. Opp gjennom åra har den viktigaste programposten for Viking Lodge vore Utvandrarfestivalen.

For å ta vare på og styrke dei banda som framleis bind Sørlandet og det norske Amerika saman har det kvart år frå 1989 blitt halde ein utvandrarfestival. Festivalen blir arrangert i månadsskiftet juni/juli, og er eit tilbod til befolkninga i landsdelen, men fungerer også som ein treffstad for norskamerikanar frå begge sider av Atlanteren.

Mange kjem heim frå Amerika og andre stadar i verda for å delta på denne festen, og det har vore opp mot 500 personar til stades. Det har også vore representantar frå dei forskjellige amerikanske delstatane til stades. Fleire lodgar har stilt opp med fanene sine under innmarsjen før festen startar.

Mange kjem heim frå Amerika og andre stadar i verda for å delta på denne festen, og det har vore opp mot 500 personar til stades.

Viking Lodge er ein aktiv lodge. I gjennomsnitt har lodgen hatt omtrent 90 medlemer, oktober 2011 hadde me 110 medlemer.

Annakvart år blir det halde kongress her i landet og der sender me 4 delegatar. Viking Lodge har vore vertskap for kongressen 2 gonger, i Lyngdal i 1992 og i Kvinesdal 2010.

Distrikt 8 sender annakvart år to representantar til kongressen i USA.

På handarbeidskonkurransen som kongressane held har medlemer frå Viking Lodge med sine dyktige handarbeidarar blitt premiert fleire gonger.

Bowlingturnering blei tidleg starta opp som ein aktivitet i lodgen. Dei fyrste åra i Kvinesdal, seinare er det Terje Vigen Lodge som arrangerer denne turneringa i Arendal. Viking lodge har alltid gjort det godt i desse turneringane der lag frå fleire lodgar deltek.

Ein kry bestefar, Ingvald Tjørnhom, med det fyrste barnebarnet sitt, Emmy Christina på armen under Utvandrarfestivalen torsdag 29. juni 2006. Foto: Johannes Hamre

Turar og arrangement

Det har alltid vore stor interesse for turane Viking Lodge arrangerer. Det kan vera skjergardsturar, bussturar, utanlandsturar eller besøk til andre lodgar. Dei siste 10-15 åra har me hatt ein årleg Blåtur, alltid med full buss. Då er reisemålet ein ukjent stad som har litt av kvart å by på. (Ut i det blå).

Viking Lodge har profilert seg i nærmiljøet. Med utdeling av gåver til gode formål, har fått god PR både i lokalavis og nærradio, ikkje minst fordi me også driv kafe på aktivitetssenteret kvar sjette veke.

Lodgen har vore vertskap fleire gonger for amerikanske studentar frå Universitetet i Oslo. Dei kjem på weekendbesøk hit, og overnattar hos medlemene.

Det har også vært arrangert karneval, opptog, der me var kledd i amerikanske klede, med god støtte frå andre lodgar. Det har også vore mannekengoppvisning med amerikanske klede, 17. mai-parade under eiga fane, «brothers night» der dei mannlege medlemene stod for maten og underhaldninga på møtet, og med sketsjar framført av medlemene våre.

Oskar Gilbertsons minnesamling

I 2007 fekk Lister Utvandrermuseum ei verdfull gåve frå Sjur Jahnsen, ei av eldsjelene på Sletta museum. Jahnsen kalla gåva for Oskar Gilbertsons minnesamling, og er eit handskrive arkiv over falne sjøfolk frå den andre verdskrigen og norske veteranar frå borgarkrigen. Like eins arkiv over prestar som utdanna seg i Amerika og arbeidde der. Arkivet er bare over personar frå Agder. Dette er det einaste i sitt slag i Noreg.

Jo, det er sjølvsagt alle desse heimvendte kvindølane som har skapt det norskamerikanske miljøet i kommunen, og som har gjort ein stor jobb med å få på plass og ikkje minst å halde liv i dei prosjekta vi snakkar om her. Men også dei mange som ikkje har vore i Amerika skal ha mykje av æra for dette.

Lodgen har fleire gonger hatt besøk av fleire prinsesser frå 17. Mai feiringa i Brooklyn, og elles mange prominente gjestar. Forfattarane Siv Ringdal og Sverre Mørkhagen har begge vore her og intervjua fleire av medlemene om tida deira i Amerika. Siv Ringdal si bok «Lapskaus Boulevard» og Mørkhagen si bok Farvel Norge» Medlemmer av lodgen har også bidratt til Siv Ringdals siste bok «På høye hæler i Amerika».

Distriktet har vore prega av mykje amerikansk, både når det gjeld hustypar, bilar og klede, ja til og med namn. Ein av ti heiter Stanley. 10 % av befolkninga i Kvinesdal er amerikanske borgarar, det høyrer ein att på dialekta, for eksempel «trunken på bilen». Me har til og med ei forretning som sel amerikanske matvarer både i Kvinesdal og på Lista.

«Kjellvis» er jo ein god kopi av Elvis både når det gjeld utsjånad og song. I Kvinesdal har me reisebyrået «USA Experten» som har kundar frå heile landet. Kvinesdal og Lista er nok dei mest amerikaniserte stadane i Noreg.

Utvandrarfestivalen i Kvinesdal

I 1988 blei det sett ned nokre komitear til idédugnad (brainstorming) på forskjellige stadar i kommunen. Desse skulle kome opp med gode forslag på aktivitetar som kunne setjast i gang for å gjere kommunen meir synleg. Det einaste forslaget som ble sett ut i livet, og som framleis er i live, er Utvandrar festivalen.

Denne har blitt arrangert kvart år sidan 1989 og planlegginga for neste års festival er nå i full gang.

Denne store årlege kulturhendinga med spennvidd frå hav til hei har vore plogspissen i Kvinesdal si satsing på reiseliv. Utvandrarfestivalen er eineståande i sitt slag ved at arrangementa har blitt fordelt over heile kommunen frå Feda i sør til Knaben i nord, og alle deler av bygda har kunne vist seg fram. Dette har nok vore med på å halde liv i festivalen i 30 år. I åra som har gått har festivalen utvikla seg til å bli ein slags gjensynsfest for alle som gjennom åra har utvandra frå Kvinesdal. Utvandringa til Amerika står i ei særstilling. Folk reiste fram og tilbake, og det var eit aktivt kontaktforhold heile vegen. Kvinesdalmiljøet i Amerika, spesielt i Brooklyn, hadde ein fot i Kvinesdal heile tida, og festivalen har vore med på å knyta band mellom Kvinesdal og dei som har vandra ut. Festivalen har vore eit møtepunkt der utvandrarane heime på ferie treffer slekt, venner og kjente.

Utvandrar festivalen er eineståande i sitt slag.

Utvandrarfestivalen har med andre ord kome til «skjels år og alder», og tradisjonen med kulturarrangement spreidd over fleire dagar, på ulike stader i kommunen er behalde sidan den spede starten i 1989. Ein omfattande bygdedugnad ligg bak festivalen.

Eigne «dagar» på Liknes, Knaben og i Fjotland, bygdeutstillingar, konsertar og så vidare, er framleis med i det omfangsrike festivalprogrammet.

Som eksempel på populære innslag opp gjennom årene kan nemnast Utvandrar festen i Idrettshallen. På festen i 1996 var det gjester frå 66 SON-losjer i Amerika. Rekefesten på Feda, Bygdedagen i sentrum, Knabedagen, Fjotlandsdagen og Promenadeløpet er også populære innslag.

Ingvald Tjørnhom var ein trugen deltakar på Promenadeløpet gjennom mange år

Mange prominente gjestar har besøkt festivalane opp gjennom åra. Her kan nemnast nokre: Hjalmar Andersen (Hjallis), Erik Diesen og ikkje minst veteranane frå 99. bataljon i Amerika, John Pettersen og Tom Skattum som var med på invasjonen i Normandie. Me har også hatt besøk frå Den Amerikanske Ambassade fleire gonger.

Fleire internasjonale presidentar frå Minneapolis har også gjesta festivalane: Cyril Whitrock med frue til 10-års jubileet i 1994, Egil Olsen, Ted Forsberg i 2008, Eivind Heiberg i 2009 og Audun Greydtfeldt med frue til kongressen i 2010.

Ei eige kulturnemnd hadde ansvaret for festivalprogrammet dei fyrste åra. Martin Skjekkeland var leiar av nemnda det fyrste året, men altmoglegmannen Jan Rob overtok leiarvervet alt året etter. Seinare er det blitt vanlig å velje ein festivalkomité med representantar frå lag og foreiningar som deltek på festivalen. Den som har sitte lengst som leiar i komiteen er Alf O. Nilsen, Han representerte Viking Lodge, og sat i 10 år.

Kva så med framtida for Utvandrarfestivalen? Det minkar på dei utvandrarane som kom tilbake etter krigen. Barn og ungdomar som kom heim med foreldra ser ikkje ut til å vera interessert i å halda oppe kontakta med slekt og venner i Amerika. Dei har det travelt og er opptatt med andre interesser. Og frå Amerika kjem det ikkje fleire norskamerikanarar. Kanskje me nå må satsa meir på kvindølar som bur i bygda og kvindølar som har flytta ut og bur andre stadar i Noreg.

Utvandrarmonumentet. Foto: Helga Narvestad

Utvandrarmonumentet

I 1998 blei det slått frampå om ikkje Kvinesdal burde hatt eit utvandrarmonument for å minnast ein periode i historia som snart var slutt. Det året reiste Magda Dugan til Brooklyn for å feire 17. mai. Der trefte ho Arthur Nilsen, som tente på alle pluggane på denne ideen. Han gav henne 1000 dollar med lovnad om meir dersom det blei noko av monumentet.

Ein komité ble sett ned, med Arthur Svennevik som komitéleiar. Han blei dessverre drepen i ei bilulykke eit års tid seinare. Nå var heile monumentprosjektet i ferd med å havarere. Dei attverande komitémedlemene vedtok då at monumentet, som opphavleg skulle vere eit utvandrar monument for Kvinesdal, i staden skulle døypast om til utvandrar monumentet for Sørlandet. Monumentkomiteen blei forsterka med solide folk frå Arendal og Kristiansand. Nå blei det igjen fart i arbeidet. Det blei utlyst ein anbodsrunde der 3 aktuelle kunstnarar deltok.

Billedhoggaren Bjørn Thore Skjølsvik, fødd og oppvaksen i Tvedestrand, hadde etter komiteen si meining det beste forslaget og fekk jobben med å lage monumentet. I løpet av eit år blei det samla inn litt over ein million kroner. Jobben med sjølve monumentet tok 2 år.

Og så, under Utvandrarfestivalen i 2002, kunne Utvandrarmonumentet for Sørlandet avdukast.

I strålande sol og med sentrum i Liknes fullt av folk kunne den amerikanske ambassadøren John Doyle Ong, saman med Noreg sin ambassadør til USA, Knut Vollebæk, endeleg avduka monumentet Til stades var også begge fylkesordførarane i Agderfylka saman med alle ordførarane frå dei 30 kommunane i Agderfylka.

Monumentet har fått mykje skryt. Det viser ein eldre mann (bestefar) som tar farvel med sonen, svigerdottera og barnebarnet, med sekk på ryggen. Dei er klar til å gå ombord på skuta som skal ta dei over Atlanteren. Alle er klar over at det truleg er siste gongen dei ser kvarandre.