Han var ordførar i bygda i åra 1874-76 og 1880-99. «Lindlandsepoken» har tida då han virka blitt kalla. Likevel har mannen blitt litt borte i soga, og få har tenkt over kven som var den sterke drivkrafta bak mykje av det som voks fram i bygda i det siste kvart hundreåret av 1800-talet. To brannar må ta ein del av skulda for det. I 1916 brann alle kommunestyreprotokollar og –papir, og i 1937 brann Lindland-huset med det som måtte vera av privatarkiv. Men protokollar frå skulestyre og fattigstyre, veghistorie, avisreferat og andre kjelder kan likevel gi eit bilde av mannen og tida.

Kom heim

Andreas Lindland arbeidde i Stavanger i unge år. Han kom heim etter den store bybrannen i 1860. I Stavanger kom han i kontakt med haugianarane. Deira sterke tru og åndelege liv gjorde stort inntrykk på han, og endå meir blei han gripen av denne rørsla då han såg dei mange næringsverksemdene dei skapte til gagn for by og folk.

I Stavanger kom han også i kontakt med Asbjørn Kloster si avhaldsrørsle og såg korleis den var med på å lyfta folk opp frå dei uslaste sosiale kår. Drukkenskap, fattigdom, naud og tunge gjeldsbører var på den tida utbreidd både i by og på land.

Kristendom og avhaldssak kom seinare til å prega Andreas Lindlands liv og gjerning.

Artikkelforfatteren: Ingvar Olimstad f.1939 i Kvinesdal. Foto: Privat

I styre og stell

Heimkomen til Kvinesdal kom han snart med i styre og stell. Han kom med i kommunestyret i 1866 og sat der like til 1899, og også etter århundreskiftet var han med ein periode. Men det var då han kom i kontakt med stortingsmann Søren Jaabæk og hans bondevennrørsle at den partipolitiske interessa vakna. Det var først og fremst sparepolitikken som prega denne rørsla. Det offentlege skulle bygga skular og vegar, driva fattigomsorg og anna som var heilt nødvendig, men skulle elles bruka minst muleg pengar som la skattebører på folket. Økonomiske fordelar til embetsstanden måtte det bli slutt på. Ein måtte legga til rette for at bøndene kunne få gode vilkår, mellom anna ved å skapa eit bankvesen som kunne gi rimelege lån og ved å fremma ulike former for samvirke.

I 1870 fekk Andreas Lindland med seg andre bønder i Kvinesdal og starta eit bondevennlag som snart blei eit av dei største i Agder-fylka. Då Søren Jaabæk slo seg saman med Johan Sverdrup og hans flokk på det nasjonale planet og stifta partiet Venstre, følgde Andreas Lindland med og tok initiativet til å stifta venstrelag i Kvinesdal. Men partipolitisk kom han til å hoppa hit og dit, og han prøvde seg og med å stifta sitt eige parti. Sparepolitikk, kristendom, avhaldssak og god bondepolitikk stod likevel alltid fast.

Førland skulehus. Foto: Privat
Torridal. Foto: Privat

Ordførartid

Feda og Kvinesdal var ein kommune i heile Andreas Lindland si ordførartid. Mest utan vegar, var det tungvint å driva denne kommunen på ein god måte. Feda hadde meir velstand enn Kvinesdal, og med alle skipsreiarane og den store sjømannsstanden var der ein meir utoverretta kultur. Bygda kjende seg likevel ofte overkjørt i kommunestyret som var samansett med 8 representantar frå Feda og 16 frå Kvinesdal. Det førte til gnissingar og interessemotsetningar. Mange fedabuar ønskte å riva seg laus frå Kvinesdal. Andreas Lindland hadde stått i mang ein strid med fedabuane, men støtta dei i kravet og sende innstilling om «skilsmisse» til styresmaktene. Kommunane blei delte frå 1. januar 1900. Før det kom Andreas Lindland sine bygdepolitiske hovudinteresser, skule og veg, til å prega både Feda og Kvinesdal. Åtte skulehus blei reiste i hans ordførartid. Det var: Opofte, Frøytland, Jerdalsmoen (seinare flytta til Moi), Haugland, Skjekkeland/ Røynestad, Åse, Førland, Slimestad. Rafoss (bygt 1865) blei ombygt. Sinland og Voran skulehus var under arbeid (stod ferdige i år 1900).

Det var få vegar og ingen bruer over Kvina før «Lindlandsepoken». Den viktigaste vegen var postvegen ned Rørvikkleivane, med ferje over fjorden. Særleg for Feda var det ein svært viktig sambandsveg, ja, det var sjølve livsnerven gjennom bygda. Mykje skjedde på vegfronten i Lindland si ordførartid. Han var ein meister til å få fylkestinget (amtstinget) med seg når han tala vegsaker.

Av veganlegg frå denne tida kan vi nemna som dei viktigaste: Omlegging av vegen Feda-Frøytland med arm til Øyekleiva. Vegen Frøytland - Kongevollvannet i Gyland. Røynestadbrua. Farbrua. Ny Åmotbru etter at flaumen tok den gamle.

Arbeidet med Møskedalsvegen over Kvinesheia kom i gang.

For Kvinesdal var dette anlegget det aller viktigaste, men det var også denne vegen som skapte størst strid mellom Kvinesdal og Feda. Fedabuane forstod at når vegen over Kvinesheia stod ferdig, ville vegsambandet gjennom bygda og Rørvikkleivane bli nedlagt.

Røynestadbrua. Foto: Privat

Bankmann

Vi skal ikkje i denne artikkelen ta med meir frå ordførartida hans, men det er så mykje anna å trekka fram når ein nemner Andreas Lindland. Først og fremst gjeld det bankmannen. Alt på stiftingsmøtet av bondevennforeninga i 1870, blei det bestemt at ein skulle gå inn for å starta ein sparebank i bygda. Kvinesdal Sparebank (eller Liknæs Sparebank som namnet var då) blei starta same året med Andreas Lindland som formann i direksjonen. I heile 56 år hadde han ulike verv i banken. Han var formann, kasserar, revisor og formann i forstandarskapet. Det siste vervet hadde han heilt til 1926 då han fylte 90 år.

Til hans mange gjeremål ved sida av å vera ordførar, bankmann og bonde, høyrer også med at etter at han opplevde bybrannen i Stavanger, blei han svært opptatt av kor viktig det var å sikra eigedom og liv og helse, og han dreiv som forsikringsagent heilt til siste leveår.

I ein periode var han disponent for eit båtlag som dreiv rutetrafikk mellom Øye og Flekkefjord. Nemnast må også hans iherdige innsats for å gjera Kvina til ei god lakseelv.

Indremisjonsmann

På den åndelege sida må ein nemna indremisjonen. Haugianarrørsla kom han i kontakt med i Stavanger. Seinare kom Lars Oftedal og alle indremisjonsforeningane som voks fram i kjølvatnet av hans forkynning, til å bety mykje for han. Han kom med i styret for Flekkefjord og Omegns Fellesforening, og framfor alt kan ein framheva kampen hans for at lekfolk kunne få lov til å tala og forkynna i indremisjonen. Det blei hard kamp mot prestane, ein kamp som Lindland vann.

Ja, han hadde ein finger med i det meste i bygda.

Det er klart at ein slik mann blei omstridd. Han var sikkert ikkje alltid lett å omgåast, tok aldri eit nei for eit nei, men stod på til han hadde sigra – eller ramla med eit plask. Sta kunne han vera. Nokre tykte han var ein stabukk som blei komisk. Han fekk uvenner, og etter kvart som han hoppa frå parti til parti og stod steilt på eigne standpunkt, gjekk også mange av dei gamle vennene frå han. Det er noko tragisk over den siste tida hans som politikar. Likevel blir ein imponert over at han heile tida stod fast på ideala frå si første politiske tid. Det var offentleg sparsemd, bondesak, kristendom og avhaldssak.

Han var eit av dei store mastetre i Noregs gamle storskog.

Då eg fekk oppdraget av Kvinesdal Historielag om å skriva boka om Andreas Lindland, «Ordførar og opprørar» kjende eg ikkje mykje til mannen. Etter som eg arbeidde med boka, blei eg somme tider sinna på han, men meir og meir blei eg glad i han og kan skriva under på sokneprest Sigfred Sigurdson sine ord: «Han var eit av dei store mastetre i Noregs gamle storskog.»

Denne artikkelen ble første gang publisert i Kvinesdal Historielags årsskrift for 2019.