2. november 1894 blei Jørgen Teodor fødd på garden Narvestad i Fjotland.

Foreldra var Jørgen A. Narvestad (1859 – 1947) og Tøri (f. Åsen. 1855 – 1932). Ho var frå Ryggesås i Fjotland. Heime brukte dei berre Jørgen-namnet på guten. Han var nummer fem i ein søskenflokk på sju. Dei to eldste var jentene Ingeborg og Oline. Så kom det fem gutar på rad: Abraham, Peder, Jørgen Teodor, Torvald og Teodor. Garden dei voks opp på ligg på austsida av Kvina. Den gamle ættegarden låg på vestsida. Det var besteforeldra, Abraham og Ingeborg, som rudde gard og bygde dei første husa på Austre Narvestad. Eldste guten deira, Ståle, blei fødd i løa. Andre hus var ikkje komne opp då. Men her blei det bygd ein gild heim og rudd ein god gard, endå Jørgen kunne minnast at «torvpyttane sto like heim til floren, og borte ved Bergenasa var det så blaut og så djupt at ein måtte gå rundt for å komme forbi. Du å du for ei forandring!» (1)

Jørgen og søskena måtte tidleg ut og gjeta kyr og sauer i Fjotlandsheiane. Det kunne bli lange dagar med heimlengt og nokre gonger ei kjensle av uhygge. Men mest blei han fylt med naturglede, og den var med han heile livet. Det kjem tydeleg fram i diktet «Ein heim» som han skreiv i Amerika, 56 år gammal:

Heimegarden på Narvestad. Foto: Privat

Ein heim

Der ligg ein heim blant Noregs fjell

med berg og djupe dalar,

med skog og li og bakkehell

og vatn som hugen svalar.

Der hev eg gjenge titt som gut

og kjent så tung ei kvida;

men likevel, når ein kjem ut

og må i verdi strida,

då stiger barneheimen opp

som Hermons fjell med sol på topp.

Der gjeng ei elv med stille straum,

med kulp og kvite strender.

Ho kjem frå bre og høgfjellflaum,

med hug og von ho renner.

Ho stig om vår med risemakt,

om sumar mildt ho drøymer.

Eg ser ho helst i morgonprakt,

når solgull på ho strøymer.

Du gamle elv med livsens mod,

du er mitt eige hjartas blod!

Der stend eit fjell med krans av bjørk,

og blåe sva mot stranda;

og der gjeng elva djup og mørk,

men ljos er fjellets panna.

Du er mitt fjell, min tanke fri

i morgonsolas rødme.

Eg veit så titt eg på din sti

fekk kjenna livets sødme.

Ja, høge tind med guddomshåp.

Du eiger heimens himmeldåp.

Der ligg ein gard på Kvinas strand

med voll og myr og beiter,

med kvit og solfin elvesand,

og gull for den som leiter.

Der er det høge Nonansfjell;

der er den vesle knatten.

Der kveikte far den varme eld,

og der var mor og katten.

Ja, når eg ser den garden nå,

den kviler trygt i himlens blå!

Der stend ei bjørk ved åkerrein

så kvit og grøn om våren,

med ange rik og fugl på grein,

og namn i borken skoren.

På torva kjem det jonsokblom,

blåklokkor små og kløver kvit.

Der er det livd og leikerom,

og ingen sut og slit.

Du grøne bjørk i vår og vind,

du har så fint eit vennesinn!

Der stend eit hus på tufter små,

med tømmervegg og stova,

med taket lågt og seng av strå;

men der er godt å sova.

Der er det utsyn over fjell,

med sol i morgontime;

der er det dåm av mat og eld,

av omn og seng og lime.

Du gamle hus med bøygde rygg,

du stend i barneminnet trygg!

Der ligg ein heim blant Noregs fjell

med berg og djupe dalar,

med skog og li og bakkehell

og vatn som hugen svalar.

Der gjeng min tanke titt ennå,

til folk eg aldri gløymer.

Der får ein glade augo sjå,

og der er sinn som drøymer.

Du norske heim ved fjellets fot,

du er mi djupe hjarterot! (2)

Narvestadungane fekk skuledagane sine i skulestova ved Hamaren på Helle. Då Jørgen var 10 år gammal, fekk han den unge Tollak Eiesland som lærar. Han var lærar der frå 1904 – 1918. Seinare kom han til Liknes og var lærar og kyrkjesongar der til han døydde i 1930. Eiesland var mykje nytta som talar på kristelege møte, han hadde eit varmt hjarta for misjonen, og han brann for andre ideelle saker, som målsak og fråhaldssak. Då han døydde skreiv redaktør Ingvald Seland i «Agder»: «Eit sterkt andlit, som hogge ut or gråberget. Men dette berget kunde smila so godt og barneblidt. Der var noko bergfast ved Tollak Eiesland.»

Hausten 1909 blei Jørgen konfirmert. Det var Rasmus Høyland som var prest. Han var også ordførar i Fjotland då.

Samstundes som Jørgen las for presten, og ei stund utover vinteren, gjekk han på ein framhaldsskule som Tollak Eiesland heldt om kveldane. Noko meir skule enn den han fekk i skulestova ved Hamaren på Helle fekk ikkje Jørgen her heime. Men her hadde han ein lærar som hadde «ånd og vilje god og tolsemd sterk», og lenge etter at Jørgen var blitt lærd og kjend professor, mintest han skulestova der «din eld var sann, den vermde meg; ditt hjarta var ein glod.» Han skreiv diktet «Ei skulestove»:

Lærar Tollak Eiesland fekk mykje å seia for Jørgen. Som godt vaksen skreiv han om læraren sin i dikt og forteljing. På biletet frå 1919 ser vi Tollak saman med dottera Ellen. (Utsnitt av foto s. 501 i «Kvinesdal-bilder II».) Foto: Johan Veggeland

Ei skulestove

Du gamla skulestova

ved Hamaren på Helle,

du hev meg livet lova,

du gav meg livsens bod.

Ved Hamaren på Helle,

der stod du både grå og trong;

der bles det kaldt om nova

og ulte vinter snøfokks song.

Men der var omnen raud

av sterke bjørkeskier;

og der var inga naud.

Det var 'kje større flokken

på benkeraden der den gong,

enn at me såg den stokken

som brann i elden varm.

Sjøl visdommen var så som så,

for lærdom den vann sakte fram;

men mang ein fot var kald og arm,

og mang ein hug var gram.

Der sto han Knut på venstre fløy

med opprørsmot og salta språk.

Der han gjekk fram, der blei det bråk;

han var 'kje meint te sau.

Han var 'kje meint te sau, nei,

han var 'kje meint te sau.

Men om ein fot var kald og arm

i toffel-ler og slups og snø,

du gamle skulestova,

du fekk den alltid varm.

Og gjentene var rauste folk;

dei tolde både støyt og ståk.

Ja, der var kjerringemne nok,

og inga sjel var låk.

Ein mann fekk lov å virka der

som lærar for ein vilter flokk.

Dei var 'kje meint te saue, nei;

han fekk då arbeid nok.

Men Tollak hadde ånd

og vilje god og tolsemd sterk;

han låg i guddomshånd.

Og når så våren spratt ved bekk,

når elva gjekk med elskhugs brann,

då var kvar sut og soge vekk;

me gjekk mot solas land.

Ved Hamaren på Helle,

me gjekk mot solas land.

Du gamle skulestova,

du stend i einsemds fattigdom;

men du meg livet lova,

du gav meg livsens bod.

Og derfor vil eg prisa deg

her langt av lei på ferdaveg.

Din eld var sann, den vermde meg;

ditt hjarta var ein glod. (3)

I 1910 fekk 16-åringen Jørgen arbeid på det nybygde Trælandsfoss tresliperi på Træland. Det blei ikkje så lange arbeidsbolken han fekk her, men han såg det verdfulle i å ha med seg erfaring frå ein industriarbeidsplass. Seinare tykte han det var gildt å tenkja på at yngste broren blei formann på same fabrikken.

«SS Oscar II» Foto: Privat
«Steam log skidder», moderne tømmerhogstutstyr frå Virginia, Minnesota. Kort, posta i 1911. Foto: Privat

Til Amerika

Utvandringa til Amerika frå Fjotland tok til kring midten av 1800-talet, skaut fart frå 1860-åra og heldt seg stor til langt ut på 1900-talet. Såleis reiste 239 fjotlendingar over havet i åra 1900-1921..(4) Mellom dei som drog var Jørgen A. Narvestad og dei to eldste sønene, Abraham og Peder. Faren kom nokså snart heim att, men dei to sønene blei verande; Abraham for nokre år, Peder for godt. Dei budde hos farbror sin, Ståle A. Narvestad, i Virginia, Minnesota.

Våren 1911 drog Jørgen Teodor etter.

Kva 17-åringen tenkte og følte då han reiste, veit vi lite om. Slikt heldt han for seg sjølv. Kort og nøkternt står det på eit kort han sende til søster Ingeborg: «Chr.sand 8/4. Vi er nu kommet ombord paa baaden, avgaar fra Chr.sand om 1 time. Hils alle kjente. Hjertelig hilsen Jørgen.» Kortet har bilete av båten han reiste med, dampskipet S/S Oscar II frå Scandinavian America Line. Skipet gjekk i rute København – Kristiania (Oslo) -Kristiansand – New York. Båten brukte normalt 10 dagar på strekninga Kristiansand – New York. Det gjekk tolv år før Jørgen såg igjen dei heime.

Han reiste til farbroren og brørne sine i Minnesota. Virginia, den vesle gruvebyen, hadde då 10 – 12.000 innbyggarar. Folketalet hadde tredobla seg det siste ti-året på grunn av gruvedrifta. Mange av innbyggarane kom frå Finland, Sverige og Noreg. Ennå har mest 40 prosent av innbyggarane finsk, svensk eller norsk avstamming. (5)

Han fekk seg arbeid for Virginia and Rainy Lake Lumber Company og hadde det som arbeidsplass i fire år, fram til hausten 1915. Tømmerstokkar hadde han arbeidd noko med på Trælandsfoss, og truleg kom det godt til nytte når han nå fekk arbeid som tømmer-sorterar (lumber grader). Det kunne vera frykteleg kaldt vinters tid. I eit brev til søster Ingeborg skriv han:

«Well, nu har vi riktig vinter her og en bidende kulde, igaar var det 44 grader og det er den koldeste dag jeg har været ude i. Du kan tro man klæder sig bra her. 4-5, ja op til 7 par strømper paa og 2-3 par votter og mange har masker for ansigtet ogsaa og andre klæder saa meget en kan trække paa sig omtrent, og ligevel er det kvikt gjort at skadefryse om en ikke ser sig for. Men jeg haaber det blir ikke saa længe før det blir mildere igjen. Januar skal nu være den værste maaned. Jeg holder paa den samme job og blir der vel i vinter, kanske til sommeren ogsaa. Jeg maa sige jeg har været heldig til denne tid, jeg har arbeidet hver dag siden jeg kom hit og frisk har jeg været til alle tider.»(6)

Jeg maa sige jeg har været heldig til denne tid, jeg har arbeidet hver dag siden jeg kom hit og frisk har jeg været til alle tider.

Han fekk stor respekt for dei som arbeidde i gruvene og i verksemdene kring gruvedrifta, men sjølv hadde han andre framtidsplanar. Tanken om å få seg ei høgare utdanning hadde slått rot. Men det kosta å gå på skular. Kveldane nytta han til å gå på kveldsskule i Virginia, og han tok forskjellige korrespondansekurs. Elles var han mykje med i den norsk-lutherske kyrkja i Virginia, og ikkje meir enn 19 år gammal fekk han oppgåva med å vera kasserar for kyrkja.

Så var tida komen til å satsa på vidare utdanning. Presten i kyrkja, pastor Reinertson, hadde lagt merke til den arbeidsame og skuleflinke ungdommen, og fekk han til å reisa til Waldorf college i Forest City i staten Iowa for å ta high school der. Reinertson hadde vore der og kjende godt til skulen. Jørgen reiste, var der i tre år og nytta tida godt. Då skuletida var slutt etter tre år, gjekk han ut med dei beste karakterane. I tillegg var han redaktør for skulebladet, skreiv redaksjonsartiklar, dikt og innlegg. Men ikkje nok med det; han var også postmann ved skulen, og han dreiv bokhandelen der. (7)

General John Joseph Pershing, øverstkommanderande for dei amerikanske styrkane i Europa. Theodore var stasjonert ved hovudkvarteret hans i Frankrike.

Frå Jørgen til Theodore, frå Narvestad til Jorgenson

Sommaren 1918 blei Jørgen Teodor amerikansk statsborgar. Det var vanleg at norsk-amerikanarane endra noko på namna sine. Jørgen er eit vanskeleg namn på amerikansk sidan bokstaven ø ikkje finst i det engelske alfabetet. Då var det andre namnet hans, Teodor, meir høveleg. Ein -e i enden gjorde namnet amerikansk. Det var også vanleg å endra etternamnet frå stadnamn til eit -son, og då helst med faren sitt namn framføre. Slik blei namnet hans til Theodore Jorgenson. Når han skreiv på norsk, brukte han ø, Jørgenson. På sine gamle dagar trega han noko på at han hadde skifta ut Narvestadnamnet, for han var interessert i stadnamn.

På eit fjotlandsfarga nynorsk skreiv han om dette til ein venn:

«...Nå hev me kver sitt -stadnamn til bruk; men eg hev dess verre lagt det til sides. Ikkje for det at eg hadde noge imot Narvestad, men farbror og kåna hans, som var byjente frå Horten og heitte Syvertsen, dei hadde teke til å bruga «Abrahamsen» alt den tida dei var i Oslo, og dei lika visst godt det namnet. Rart nok var det bror min, Abraham og den andre bror min Peder, som kom til Amerika noge seinare, som tok i bruk Jørgenson-namnet. Far okka var jo Jørgen, og stamma frå den tidlege Jørgen Narvestad på Leikneset, han som kom til ære med det namnet den gongen han hadde kro på Leikneset – etter Jerstads utreikningar. Nå var det ei lang tid me trudde me visste tydinga av Narvestad. Det skulle vera ein mann – rimelegvis frå Kvinlog – som tok seg utover Vestheia gjennom stølane frå Spikkeland-udøve og sto då ei stund på Stemskaret og såg nedover til Storågeren og Åna ned i dalen. Så blei det til det at han slo seg te der, og garden fekk namnet Narvestad etter han, som skal ha heitt Narvi.

Nå hev me kver sitt -stadnamn til bruk; men eg hev dess verre lagt det til sides.

..... Men dæ æ dette med namnet. Torfistathir er blitt til Torfastathir; ein skulle då tru det ville ha vore Norvastathir eller Norvastad. Men det æ det altså ikkje. I Oslo æ det ein lærd mann som trur at namnet kjem frå same bøyning som Norvasund, og at Narvestad derfor tyder den garden som ligg der åna er smal. Ikkje lide tala for det. Før vegen kom opp dalen i 1850-åra var det bratte bergveggar både ovafor og neanfor Narvestad. Sundet ovafor Narvestad er så smalt at ein kan kasta ein stein langt opp i berget på den andre sida. Dæ æ ingen gard utan Narvestad, i heile dalen, der ein kan stå så høgt som på Nonansheia og sjå ned til Storågeren, og nå til gardane på austre sida. Så dæ æ myje som tala for at dæ æ detta som hev gitt garden sitt namn.»(8) Men sjølv brukte han altså namnet Jorgenson eller Jørgenson, alt etter kva språk han skreiv på. Då han seinare blei ein kjend og lærd professor, kalla kollegaene og studentane han for «Jorg». «-det ligger beundring og respekt i det navnet,» skreiv professor Reidar Dittmann. (9)

Suvenir-kort med silkebroderi. Tøri fekk dette kortet frå Theodore då han var i Frankrike. Foto: Privat

Krigsteneste

Planen var at han og Peder skulle koma heim før 17. mai 1914.(10)

Slik gjekk det ikkje. Den spente situasjonen i Europa etter Balkankrigane hadde skapt stor krigsfrykt. I august 1914 braut krigen,1. verdskrigen ut. USA heldt seg utanfor krigen og ønskte det skulle bli slik. Men då Tyskland gjekk til uavgrensa ubåtkrig, som også råka mange amerikanske handelsskip, lyste USA krig i april 1917. Ved årsskiftet 1917-18 stod dei første amerikanske soldatane ved vestfronten, og snart kom 250.000 mann i månaden.

Våren 1918 blei Theodore utskriven til arméen. Han reiste først til University Farm Schoo i St. Paul, og tok eit teknisk kurs der.

Tidleg på hausten blei han sendt til Frankrike og fekk oppleva sluttfasen av krigen. Det store vendepunktet kom 18. juli då dei tyske styrkane måtte dra seg tilbake etter slaget ved Marne. Frå då av gjekk dei allierte fram utan avbrot.

Ein kjenner ikkje til at Theodore Jorgenson var direkte med i krigshandlingar. Han var menig soldat ved hovudkvarteret til general John Joseph Pershing, sjef for dei amerikanske styrkane i Europa. Han blei verande ved Pershing sitt hovudkvarter fram til sommaren 1919, og fekk oppleva sigersrus, men også lidingane krigen hadde påført land og folk.

St. Olaf College. Foto: Privat

Til St. Olaf College

Heimkomen frå militærtenesta begynte han hausten 1919 som student ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota. Frå nå av er Theodore Jorgenson sitt namn uløyseleg knytt til denne lærestaden. St. Olaf College er den største av dei høgre skulane som norske immigrantar har grunnlagt i Amerika. Det var i 1874 at pastor B. J. Muus grunnla skulen. Den evangelisk lutherske kyrkja i USA eig colleget, men ein eigen samskipnad driv skulen med eit styre som vel rektor.

St. Olaf College er eit Phi Beta Kappa-college, det vil seia at det høyrer med mellom dei collega som kjem inn under den høgaste rangen i amerikansk skulestell. Færre enn 10 prosent av skulane høyrer til der. Innslaget av norske og norskætta studentar og lærarkrefter har alltid vore stort ved dette colleget.

Professor Ole E. Rølvaag er den mest kjende, og endå meir kjend er han som forfattar av «I de dage» og dei andre klassiske romanane om dei norske nybyggarane i Amerika. Han blei tilsett der i 1906, og då Theodore kom dit, var han leiar for avdelinga for norsk språk og litteratur. Alt i studentdagane knytte Theodore varig vennskap med Rølvaag.

Han studerte ved St. Olaf fram til 1923 og gjekk ut med dei beste karakterane. Som ved Waldorf, var han også her svært aktiv i skulemiljøet; var ivrig med i ordskifte med talar og debattinnlegg, var medredaktør i magasinet «The Viking», skreiv dikt og innlegg i vekeavisa «Manitou Messenger» og var aktiv i det poltiske miljøet. To somrar var han religionsskulelærar i Wild Rice nær Twin Valley i Minnesota, og våren 1923 vikarierte han som lærar i norsk språk og amerikansk historie ved Red Wing-seminaret.

Ole Edvart Rølvaag. Foto: Privat

Ole E. Rølvaag la fort merke til den oppvakte studenten og meinte at her var det ein kar som St. Olaf College kunne få mykje glede av framover. Han fekk ordna det slik at Theodore kunne reisa til Oslo og studera ved universitetet der. Det var Rølvaag som ordna med reisa, stipendium frå kyrkja sitt skulefond og lån frå St. Olaf College. Sommaren 1923 kunne Theodore igjen stå på norsk jord. Det var 12 år sidan sist.

Han fekk eit godt studieår ved universitetet, men det var to andre ting som blei vel så viktige for han. Det eine var eit tettare samarbeid med Rølvaag. O. E. Rølvaag arbeidde det året med den store pionerromanserien sin, og over nyttår kom også han til Oslo. Saman med Theodore og Clarence Clausen, Theodore sin skulekamerat frå St. Olaf (og seinare lærar ved St. Olaf), sat dei dagleg og las og diskuterte det Rølvaag hadde skrive. Om ettermiddagane gjekk dei tre lange turar i lag.

Det andre som blei så minnerikt for Theodore, var turane heim til Narvestad, møta med far og mor, med søskena og andre kjære, med heimen og med landskapet. Minna frå barneåra braut på. Avskilsstunda med dei heime, og særleg med mora, blei gripande. Kanskje forstod dei at det var siste gongen dei såg kvarandre. Tårene trilla på Tøri, og Theodore hadde heller ikkje lett for å halda dei att.

Ombord på S/S «Dronningen» skreiv han diktet «Mother weeps». Det var 17. juli 1924. Han fekk ikkje sjå mor si igjen. Ho døydde i 1932. Neste gong han kom heim att var i 1933.

Mother weeps

My heart is heavy in my breast;

My mother weeps for me.

My mother is not like the rest

within our family.

She says not: Such is wise and best.»

She only weeps for me.

My mother is not highly trained

In learned culture's ways.

But one great treasure she has gained.

For that will God her praise.

Through all she tenderness retained

To beatify her days.

My mother now is old and gray

Life soon reclaims its lease.

Yet I must onward on my way;

Her heart I cannot ease.

But I will pray, her evening may

Be blessed with noble pease.

(11)

Notar:

1. Frå brev til bror Teodor

og kona hans, Anna, 11. mars 1970 2. «Ein heim» er skrive i Northfield, Minnesota i februar 1950. Trykt i «Agder» 3. mars 1950. Diktet er også trykt med tittel «Narvestad» i Fjotland Lesebok (1983), men der er ikkje første og tredje verset med.

3. Datert i Northfield, Minnesota 9. juli 1950. Trykt på framsida i «Agder» 21. juli same året.

4. Fjotland Sogebok: Amerikaferdene s. 170

5. Opplysningar frå Amercan FactFinder

6. Opplysningane om tida i Virginia og ved Waldorf college er henta frå Th. J. sitt sjølvbiografiske manuskript. Det er også seinare faktaopplysningar om studiar og arbeid fram til 1946.

7. Frå brev til Ingeborg Narvestad, 6. desember 1912.

8. Frå eit brev til Erik Olimstad, 6.aug. 1967

9. Reidar Dittmann i Fjotland Lesebok.

10. Frå brev til Ingeborg Narvestad, 18. april 1912: «Paa denne tid i fjor vaar var jeg paa Atlanterhavet, det er svært som tiden gaar. Ja, om jeg har hilsen og gaar nogenlunde bra til vaaren 1914 saa har jeg og Peder avtalt at vi skal være i Norge den 17de mai. Det er jo ikke saa svært lang tid.»

11. Handskrive manuskript. Har truleg ikkje stått på trykk i norske blad.

Skriftlege kjelder:

Johan Jerstad: Fjotland – Sogebok, 1949

Johan Jerstad: Fjotland – Lesebok, 1964

Reidar Dittmann (professor ved St Olaf): Theodore Jorgenson, artikkel i Fjotland – Lesebok, 1964

Peder Galdal: Theodore Jorgenson, artikkel i Norsk Allkunnebok, 1956

Theodore Jorgenson: Sjølvbiografi (manuskript, 4 s.), 1946

Theodore Jorgenson: A Record of teachers of Norwegian at St. Olaf College (manuskript, 13 s.) 1950

Theodore Jorgenson: «The Trumpet of Nordland» and other masterpieces of Norwegian poetry from the period 1250-1700. Utg. 1954

Theodore Jorgenson: Henrik Ibsen – Life and drama, 3. utgåve, 1963 (1. utg. 1945)

Sidney A. Rand (president ved St. Olaf): The worth of a life, minnetale ved Th. Jorgenson si gravferd, 17. febr. 1971

Northfield Paper: Jorgenson long taught at St. Olaf (artikkelserie om professorar ved St. Olaf) 1996

«Agder» 1950 – 1958, fleire dikt av Theodore Jorgenson.

Andre kjelder

Diverse brev og kort frå Th. J. til søsken og familie.

6 brev frå Th. J. til Erik Olimstad.

Så takkar eg spesielt Peder Galdal som har sendt fleire brev med opplysningar, bilete og personlege minne om «onkel Jorg». Det har vore til mykje hjelp i dette arbeidet.

Mykje takk også til Asbjørg Helle.

Frå henne har eg fått låna ein heil koffert med brev, kort, bilete og anna av interesse.