I årsskriftet for 2014 (og i Lister 9. og 16. november, red. anm.) hadde Ingvar Olimstad ein glitrande artikkel om onkel Jorg (Theodore Jorgenson). Artikkelen inspirerte meg til å skriva noko om andre norsk-amerikanarar eg møtte det året eg budde i USA.

Somme av dei hadde direkte tilknyting til Kvinesdal.

I førstninga av februar 1948 fekk eg brev frå onkel Jorg om eg ville koma til USA eit års tid for å revidera ordboka hans, «Norwegian-English School Dictionary» (1943). Eg skulle også få undervisa ei klasse i norsk ved St. Olaf College der Jorg var sjef for undervisninga i norsk språk og litteratur.

Det vart eit lære- og opplevingsrikt år.

Den 29. juni gjekk eg om bord i Oslo på «Marine Jumper», eit amerikansk troppetransportskip, som den gongen gjekk i rute mellom Europa og USA. På turen gjennom den engelske kanal opplevde vi å sjå dei «solbelyste kvite klippene ved Dover».

I Le Havre i Frankrike kom det om bord 200 «displaced persons» som hadde fått innreiseløyve til USA etter krigen.

Frå øvste dekk hadde vi godt utsyn over ruinhaugane i byen og skipsvraka over alt i hamneområdet.

I Southampton i England kom ytterlegare 200 personar om bord, til saman ca. 650 passasjerar. Det vart ein strålande tur over Atlanterhavet med fint vêr heile tida.

New York

Laurdag 10. juli passerte vi Statue of Liberty og la til kai 95 på Manhattan i New York. Med stor vørdnad og forventning sette vi føtene på amerikansk jord.

Eg var saman med Einar Sæter som eg var blitt kjend med om bord og som skulle studera ved universitetet i Montana.

På kaien vart vi nesten overfalne av arbeidslause som ville bera koffertane våre til næraste taxi nokre få meter unna og som forlangte 50 cent for jobben. Sjåføren kjørte oss til det norske sjømannshotellet i Brooklyn. Det første vi såg, var ein mann som sov med skorne til hovudpute på fortauet på andre sida av gata.

På kaien vart vi nesten overfalne av arbeidslause som ville bera koffertane våre til næraste taxi nokre få meter unna og som forlangte 50 cent for jobben.

Ei norsktalande dame i resepsjonen spurde kor mykje vi hadde betalt for taxien. «5 dollar», svarte vi. Ho sa då at sjåføren hadde kjørt oss dobbelt så langt som nødvendig, men at det var heilt vanleg når utlendingar kom til byen for første gong.

Neste dag reiste Sæter vidare til Montana, men eg stogga eit par dagar for å sjå litt av Brooklyn og Manhattan. Eg tok trikken ut til Bay Ridge, sentrum for nordmenn i Brooklyn. Dei fleste dreiv «floor»-legging i nybygga på Manhattan, men budde i Bay Ridge. Det blei sagt at der snakka annakvart menneske norsk.

Møte med Lista-mann

Medan eg vandra omkring, fekk eg auga på ein bygning med norsk tekst på veggen. Eg spurde ein mann på ein benk om det var ei «Norwegian church».

«Det er den norske frikyrkja i Brooklyn», svarte mannen, «sit ned!»

Det viste seg at han var frå Lista.

Då eg sa eg var frå Fjotland, spurde han om eg kjende Asbjørn Mygland. Eg vart mest mållaus, og svarte at han var min tremenning. Han fortalde at Asbjørn hadde budd hos dei i femten månader under krigen etter at han mønstra av i New York på grunn av sjukdom og til han kunne reisa til Noreg i 1945.

Mannen frå Lista, Marcus Jacobsen, bad meg med heim til familien der eg vart overveldande beverta. Der trefte eg brørne Landro som også var komne over med «Marine Jumper». Ein av dei følgde meg heilt attende til sjømannshotellet. What a strange coincidence!

Eg var også oppe i toppen av Empire State Building, den gongen høgste bygningen i verda. Utsynet derfrå gløymer ein aldri. Folk og bilar nede på gatene likna mest på maur i ei maurtue.

Peder og Adelia Jorgenson. Foto: Privat

Minneapolis

Måndag kveld 12. juli tok eg buss (Grayhound) frå Pennsylvania Station i New York til Minneapolis. Turen tok to netter og ein dag og gjekk gjennom statane New Jersey, Pennsylvania, Ohio, Indiana, Illinois og Wisconsin til Minnesota.

På veggen av busstasjonen i Chicago stod skrive med kjempebokstavar: «Look after your bagage, thieves operate among the travellers.»

Onsdag formiddag 14. juli kom eg til bussterminalen i Minneapolis der eg vart hjarteleg motteken av tante Nora og onkel Jorg, Gertrude (Noras mor), tante Adelia og sonen Harald.

Onkel Jorg helste meg velkommen på sin spesielle måte: «Det er ein stor dag i dag, av tre grunnar: Det er den franske nasjonaldagen. Det er Noras og min 15-årsbryllaupsdag. Det er den dagen du kom til Minnesota.»

Først besøkte vi onkel Peder og Adelia i Robbinsdale i utkanten av Minneapolis.

Peder utvandra til USA kring 1910 og såg ikkje Noreg og Narvestad att før i 1947. Han var bussjåfør i Minneapolis. Kona hans, Adelia, var fødd i USA av norske foreldre og både snakka og skreiv brukbart norsk. Dei hadde to søner, Wallace og Harald, og to adoptivsøner, Dale Matson og Jerry Woodrich.

Wallace og familien hans hadde flytta til Charlotte i North Carolina tidlegare det året, og Jerry hadde også flytta ut.

I kveldinga kjørte vi til Northfield, ca. 5 norske mil sør for Minneapolis. Byen ligg midt på Minnesota-prærien som omfattar heile den sørlege delen av staten. På vestkanten av byen er det ei høgd på ca. 25 m, Manitou Heights, til dagleg kalla On the Hill. Der ligg St. Olaf College, oppkalla etter den norske kongen Olav den heilage. Derifrå er det storfelt utsikt over prærien med dyrka mark, åkrar, skog og hus, men flatt, flatt så langt synet rekk i alle retningar.

Ei lita lita elv, Cannon River, deler byen i to. På austsida finn ein forretningssentret og Carleton College. Spurde ein folk kor mange innbyggjarar det var i Northfield, fekk ein til svar: «5.000 in the summer, 8.000 in the winter.»

I 1948 var det ca. 1.800 studentar ved St. Olaf College og ca. 1.300 ved Carleton College, dei aller fleste utanbys frå.

Inez Frayseth. Foto: Peder Galdal

Inez

Nora og Jorg budde i fint hus på 815 West Second Street.

Utpå sommaren kjøpte han huset på 910 litt lenger oppe i gata. Han hevda at han hadde planar om å kjøpa alle husa på West Second, men trudde det kunne bli vanskeleg å få tak i Northfield Hospital som låg på andre sida av gata rett overfor huset hans.

Vi dreiv målararbeid på det nye huset, og Jorg sa at eg kanskje vende attende til Noreg som målarmeister i staden for magister.

Ein dag gjekk vi frå jobben med nymåla veranda etter at Jorg hadde lagt nokre pinnar i kryss og krok på nedste trappetrinet og forklart meg at det tydde «nymåla» på kinesisk.

Inez Frayseth leigde andre etasje. I 1971 kjøpte ho huset og budde der til ca.1980.

Inez Frayseth (1913-98) stod for registrering av alle studentane ved St Olaf. Ho var ein nær omgangsvenn av familien Jorgenson. Jorg sa ho hadde det så travelt som «recorder» at ho aldri hadde fått tid til å gifta seg.

Slektsnamnet hennar stamma frå Frøyset i Møre og Romsdal, men ho hadde også forfedrar i Telemark. Tre gonger besøkte ho oss i Skien. På Steinhaug nær Lunde i Nome fann vi huset der familien til bestemora hennar hadde budd.

St. Olaf College. I bakgrunnen: Minnesota-prærien mot vest Foto: Privat

Blant venner vart Inez ofte kalla Peewee, men St. Olaf Colleges president, Sidney A. Rand, kalla henne «one of those giants in the St. Olaf tradition». Ho var tilsett ved colleget i 40 år.

St. Olaf College var alt då eit toppmoderne college med i alt fjorten bygningar, mange av dei med namn etter kvinner og menn som hadde gjort spesielt stor innsats for colleget. Nyaste bygningen, Thorson Hall, var oppført av Standard Construction Company, eit firma som Tor og Jonas Knutson frå Årstøl i Fjotland dreiv i Minneapolis. Der budde også ein yngre bror, Harald. Den dagen eg besøkte han, var han heime aleine, men han laga fin middag til oss begge og spurde ivrig etter nytt frå heimstaden.

St. Olaf College var alt då eit toppmoderne college med i alt fjorten bygningar.

Dessverre miste han livet eit par år seinare då han vart påkjørt av eit tog, berre 44 år gammal.

Huset til Sarah og Inga Abrahamson, 318 8. Street South, Virginia (nr. 2 frå venstre). Foreldra deira, Anna og Ståle Abrahamson, flytte inn der i 1911, og sidan budde også broren Jørgen og sønene hans, Abraham, Peder og Jorg, der den første tida dei var i USA. Foto: Peder Galdal
Frå venstre:  Sarah, Nora, Peder, Gertrude, Inga og Jorg. Foto: Privat

Virginia

Den sommaren gjorde vi to lange bilturar. I førstninga av august drog vi alle fire (Nora, Jorg, Gertrude og eg) til Virginia, ein by i den nordaustlege delen av Minnesota, ca. 35 norske mil frå Northfield. Dette var før Vilhelm Moberg skreiv sine berømte utvandrarromanar (1949- 59).

Då eg seinare las bøkene hans, oppdaga eg at Moberg let dei svenske utvandrarane 100 år tidlegare slå seg ned i det området vi kjørte gjennom, St. Croix-dalen, litt nord for St. Paul og litt vest for Stillwater.

Vidare kjørte vi forbi Duluth og gjennom dei store jarnmalmområda i Messabi Range, eit merkeleg gulbrunt landskap med opne gruver, for eksempel ved Hibbing.

Vi vart verande ei heil veke i Virginia. Der budde Sarah og Inga Abrahamson som var pappa og Onkel Jorgs syskenbarn. Sarah gjekk til dagleg under namnet Skees, men Jorg kalla henne erkeengelen Sra. Ho var då også eit strålande menneske med eit fantastisk humør. Det same var Inga. Sarah var lærar ved folkeskulen i Virginia, Inga arbeidde i eit regjeringskontor. Av dei to lærte eg å snakka engelsk, for dei kunne ikkje noko norsk.

Sarah hadde ein gong i 1930-åra besøkt Noreg. Ho hadde då vore i Oslo der mor hennar, Anna, kom frå, og på Narvestad der far hennar, Ståle, voks opp. Inga hadde aldri vore i Noreg.

Med Jorg, Nora og Noras mor snakka eg alltid norsk, noko anna verka kunstig. Men her vart eg nøydd til å nytta det vesle eg kunne.

Ein dag sa Sarah: «You certainly picked up that fast.» Ho meinte språket.

Av henne lærte eg også å kjøra bil. Ho hadde ein ny Ford. Eg minnest ho spurde: «Don’t you feel you have a lot of power under your right foot?»

Ein dag kjørte vi frå Duluth langs Lake Superior heilt opp til den kanadiske grensa. Vi spaserte til midten av brua der grenseskiltet stod. Eg gjekk nokre meter inn på kanadisk område for å kunna seia at eg hadde vore i Canada.

På tilbaketuren overnatta vi i Grand Marais der vi leigde ei hytte. Då vi skulle eta kveldsmat, mangla ein stol. Onkel Jorg kom trekkjande med ei nattpotte som han tilbaud Inga. Då ho avslo tilbodet, sette han seg på ho sjølv, serverte eit par svære vitsar og las deretter bordbønn med tordenrøst. Han las alltid bordbønn, somme gonger lang, andre gonger kort, alt etter som han likte maten.

Om morgonen klaga Inga og Nora over at dei hadde frose om natta. Jorg svarte at før han skulle ha frose, skulle han ha breidd over seg inntil siste lommetørkle.

Artikkelforfatteren Peder Galdal ved grensa til Canada. Foto: Inga Abrahamson

Rølvaags hytte

På turen tilbake til Northfield var vi innom Rølvaags hytte ved Big Island Lake. Hytta var stengd, men vi fekk sjå staden der han skreiv ein stor del av pionerromanane sine (1924-31).

I motsetning til Vilhelm Moberg let Ole Edvart Rølvaag dei norske innvandrarane kryssa prærien i Sør-Minnesota på veg til South Dakota der dei slo seg ned ved Spring Creek.

Då eg på heimturen sommaren 1949 kjørte gjennom Sør-Minnesota på veg til North Carolina, fekk eg sjå utover området der Rølvaag let Per Hansa og følgjet hans kjempa seg veg vestover prærien.

Eg opplevde også å få helsa på Jennie Rølvaag, enkja etter den store diktaren. Ho budde framleis i Northfield. Son deira, Karl Rølvaag, vart seinare guvernør i Minnesota.

Kyrkja i Oklee. Foto: Peder Galdal

Oklee

Den andre bilturen gjekk til Oklee ca. 40 norske mil nordvest for Northfield.

Onkel Jorg skulle tala i kyrkja der sundag 22. august, og eg skulle fortelja litt frå Noreg på friluftsmøtet etter gudstenesta.

Eg minnest vi kjørte oppover langs Mississippi og hadde kaffirast på elvebredda. Vi passerte også ei indianarhytte og kjøpte nokre suvenirar av ei indianarjente ved vegkanten. Eg har enno ein liten fargerik kano av bjørkenever til minne om henne.

I Oklee budde mange nordmenn, særleg setesdølar og telemarkingar. Vi fekk husrom hos familien Amund Lindtveit, som dreiv ein stor farm.

Jorg spurde kva han burde tala om på gudstenesta neste dag.

«Gi dei loven!» svarte bonden på ekte setesdalsk.

Presten i Oklee heitte Harald Lie og hadde utvandra frå Telemark. Han fortalde at han i sin ungdom hadde gått på underoffisersskule i Kristiansand saman med Lars Galdal (lærar og kyrkjesongar) og at han hadde vore i Fjotland.

Før vi skildest, sa presten: «Når du kjem tilbake til Noreg, må du hugsa på meg, den ulykkelege presten i Oklee, som heilt sidan eg reiste frå Noreg for 25 år sidan har lengta attende dag og natt, men no ser det ut til å vera for seint.»

Enno var vi ikkje komne i gang med ordboka. «Kan ikkje nytta å begynna med vitskapen så lenge det er så varmt», sa onkel Jorg.

Når du kjem tilbake til Noreg, må du hugsa på meg, den ulykkelege presten i Oklee, som heilt sidan eg reiste frå Noreg for 25 år sidan har lengta attende dag og natt, men no ser det ut til å vera for seint.

College-livet

Den 15. september opna colleget haustsemesteret. Brått var byen full av ca. 1800 St. Olaf-studentar og ca. 100 professorar og lærarar. Eg fekk to norskklasser i staden for ei.

Det kom seg av at ein av norsklærarane, Reidar Dittmann (opphavleg frå Tønsberg), hadde bestemt seg for jobb som musikkorganisator hos keisar Haile Selassie i Etiopia. Han drog i førstninga av september med heile familien til Addis Abeba for ein treårsperiode, men dei tålte ikkje klimaet, og alt hausten etter var dei tilbake i Northfield.

Ettersom eg berre hadde studentvisum, måtte eg registrera meg som student for tolv timar i veka. Jorg rådde meg til å velja seks timar i faga hans, men bruka tida på ordboka, fire timar i spansk og to timar i religion.

Han spøkte med dette som med alt anna, og sa at han aldri hadde hatt ein student som så regelfast skulka timane.

Undervisninga i to norskklasser gjekk greitt. Eg lærte fort det engelske grammatikkvokabularet og hadde interesserte elevar, 19 i den eine klassa, 24 i den andre. Nokre av dei kunne litt norsk heimanfrå, men dei fleste kunne ingenting, endå mange av foreldra deira var innflyttarar frå Noreg. Slik hadde det norske språket gått tapt berre på ein generasjon.

Mange morosame episodar hende i timane. Ei av jentene teikna meg medan eg underviste utan at eg la merke til det, skreiv ei tekst til teikninga og sende meg ho i posten: «I am not a good drawer, my model just would’t stand still, but you are my favorite teacher, so I would ask you to be my Valentine. P. S. I am not a good poet either.»

Brevet med teikninga har eg framleis.

Klassene visste at eg var elev i ei spanskklasse, og i ein norsktime spurde ein av gutane: «Baila usted señor Galdal?» Før eg fann eit høveleg svar, kom det lynraskt frå ei av jentene: «Claro que sí !»

At St. Olaf College var ein norsk-amerikansk skule, gjekk klart fram av namna på mange av lærarane, ofte med noko tilmåta stavemåte, for eksempel Bjork, Hoiness, Houkom, Foss, Nordstrand, Shefveland og mange fleire. Presidenten heitte Clemens Matthew Granskou.

Etternamnet er det heilnorske «granskog», fornamna viser at han ikkje tilhørte første generasjon nordmenn i USA.

Tonette Pedersen mellom Ingeborg og Ralph Luckhurst. Foto: Peder Galdal

Professor Mellby

Ein særeigen personlegdom var dr. Carl August Mellby (1869-1963), fødd i Noreg, professor ved St. Olaf 1901-49. Han vart alltid nemnd med tittel, kanskje fordi han var den eldste av professorane, eller kanskje fordi han var den einaste med to doktorgrader.

Gjennom eit langt liv hadde han under- vist i gresk, tysk, fransk, religion, filosofi, historie, sosiologi og økonomi. Denne lærde mannen var også ein stor humorist, og mange historier vart fortalde om han.

Ein gong blei han innlagd på hospitalet i Minneapolis, og då kirurgen spurde korleis det stod til med samvitet, svarte dr. Mellby: «Good, very good, has never been used.»

Eit studium ved St. Olaf College tok fire år og gav grunnutdaning på universitetsnivå. Studentane budde i store internat (dormitories) på sjølve skuleområdet (campus). Der var det også matserveringsstader og bokhandel. Alt i alt fanst det meste On the Hill. Dei fleste lærarane budde nede i byen, mange i eigne hus.

Skulesystemet var heilt annleis enn i Noreg. Det var kvar enkelt lærar som laga og vurderte alle prøver i sitt fag, også til avgangseksamen. Studentane var derfor livredde for å koma på kant med lærarane sine, noko som hindra alle disiplinproblem.

Elles hadde eg inntrykk av at sosialt samvære og kulturelle aktivitetar var like viktige som undervisninga. Det var ofte store konsertar både av eigne krefter og utanfrå. St. Olaf Choir, stifta av norsk-amerikanaren Melius Christensen, var verdskjent, og julekonserten var alltid ei storhending.

Amerikanarane har ein sterk tendens til å overdriva, og onkel Jorg høyrde til dei verste. Ein dag fortalde han at ein av dei norske studentane hadde spurt han korleis nevøen hans klarte seg økonomisk ved colleget. Jorg hadde svart: «Han klarer seg framifrå, han har eit par fabrikkar nede i Chicago.»

Ein annan dag fortalde han ved middagsbordet at han hadde sagt til klassa: «From now on nobody will be excused from going to weddings except they prove to be either the bride or the bridegroom and swear to be back the next morning.»

Ein glovarm ettermiddag støytte eg på dr. Bjork, proff i historie ved St. Olaf. «A terrible heat», sa han, «let me give you a cup of coffee».

Vi gjekk inn på Jessie James Café, og Bjork spurde innehavaren: «How is your coffee today?»

Han svarte: «Usually I have the best coffee in the world, you know, but today it is extra good.»

Slik humor var vanleg og gjorde dagane spennande.

Wallace, Solveig og Kristin Jorgenson. Foto: Privat

Julefeiring

Det nærma seg jul, som eg feira saman med familien i Robbinsdale. Eg hugsar eg vandra i strålande solskin i Minneapolis sentrum ved 12-tida julaftan, og tenkte at no er klokka 20 heime i Noreg, no opnar dei julepakkane. Men eg kjende ingen heimlengsel, for eg var hos gode og nære slektningar.

Vi var samla hos Mrs. Forse, syster til tante Adelia. Eg fekk så mange julegåver at eg vart heilt overgitt.

Tilbake i Northfield vart det ytterlegare utveksling av julegåver, ein ekstra «julaftan».

Enno var ikkje vinterkulden komen til Minnesota. Hausten hadde vore fin, og eg hadde fått oppleva «the Indian summer». Når vinteren kan bli så ekstrem, kjem det av at Midvesten ligg open for kalde luftstraumar frå Nordishavet. Sommaren kan bli frykteleg varm fordi ingen fjell stengjer for varme luftstraumar frå Mexicogolfen.

Dette året kom våren tidleg med varme og gode dagar.

Skuleåret gjekk sin gang, og ein vakker vårdag skulle eg opp til avsluttande eksamen i spansk.

Sarah og Inga var i Northfield, og då dei skulle reisa ved 12-tida, sa Inga: «We are going to pray constantly for you from two o’clock till four o’clock.»

Det hjelpte. Eg fekk A på eksamensprøva.

Black Hills

Sommaren 1949 var eg med på ein tur til Black Hills i South Dakota ved grensa til Wyoming. Vi var fire i onkel Peders bil: Adelia og Peder, Dale og eg.

Vi starta i Robbinsdale, og i kveldinga kom vi til familien Luckhurst nær den vesle byen Garden City. Der budde Tonette (i daglegtale kalla Netta) Pedersen, 93 år og tvillingsyster til bestemor Tøri på Narvestad. Ho talte det gamle Fjotlands-målet ekte og uforfalska, men hørte dessverre dårleg.

Mannen hennar, Peder Pedersen, hadde vakse opp på Åtland i Gyland. Dei hadde utvandra og slått seg ned på prærien i South Dakota. Han hadde vore død i fleire år, og dottera Ingeborg, gift med Ralph Luckhurst, hadde overteke farmen.

Dei hadde stor familie, og fleire av barna med familiane sine var komne heim for å treffa slektningar frå Robbinsdale og Fjotland.

Farmen deira var stor med 60 acres (ca. 240 mål) poteter, tre traktorar, tre bilar og eit flott hus med tre omkring, planta til vern mot vinden. Vi overnatta der og opplevde eit vedunderleg måneskin over prærien.

I mange år etterpå utveksla eg julebrev med Ingeborg Luckhurst, og slik fekk eg greie på at Tonette døydde alt året etter.

Black Hills er eit mektig naturlandskap, med vatn, skog og fjell opptil 2207 m o.h., ikkje ulikt norsk natur. Den store attraksjonen er Mount Rushmore National Memorial, eit syn og ei oppleving ein aldri gløymer. Ein fjelltopp er omforma til fire presidenthovud, frå venstre George Washington, Thomas Jefferson, Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln. Dimensjonane er kolossale med ca. 20 meter høge hovud som er synlege på lang avstand. Arbeidet vart utført i åra 1930-39 under leiing av den danske bilethoggaren Gutzon Borglum og er eit av dei mest berømte amerikanske nasjonalminnesmerka.

Vidare kjørte vi gjennom Badlands, eit vilt og livlaust fjellområde med sylspisse toppar (The Needles) før vi tok fatt på prærien igjen tilbake til Robbinsdale. Turen varte i seks dagar, og trippelteljaren viste 1423 miles (229 norske mil).

Når varmebølgjene set inn, stansar mest alt utearbeid. Folk søkjer tilflukt i rom med air-conditioning eller i kjellarar. Verst er det å få sove om nettene.

I slutten av juni slo brått ei slik varmebølgje inn over Sør-Minnesota med temperaturar rundt 100 grader F (ca. 38 grader C).

Vi pakka bilen og kjørte nordover, for oppe i Virginia var varmen passe.

Allereie eit stykke nord for St. Paul hadde temperaturen gått ned, og i Virginia var det helst kjølig, ein merkeleg skilnad mellom sør og nord i same staten.

Onkel Jorg var reist til California, i staden var Inez Frayseth med. Vi hadde ei herleg veke saman med Sarah og Inga.

Sjølv om Jorg ikkje var med, fornekta hans galgenhumor og utrulege påfunn seg ikkje. Ein dag fekk Inez eit prospektkort med hans lett kjennelege skrift og med følgjande helsing: «Dear Lady! Professor Jorgenson of your city was kind enough to bring me your devoted greeting. Tyrone Power (kjend filmskodespelar i Hollywood på den tida).»

Treff på Utsikten Turisthotell. Frå venstre bakarst: Torvald Narvestad, Peder Galdal, Syvert Galdal,Gudrun Taule og Tore Narvestad. I midten: Wallace Jorgenson, Asbjørg Helle og Jørgen Galdal. Fremst: Ingeborg Narvestad Galdal og Teodor Narvestad. Foto: Privat
Treff på Utsikten Turisthotell. Frå venstre:  Bjørg Galdal, Ida Narvestad, Solveig Jorgenson,Eva Galdal, Herdis Narvestad og Margit Galdal Foto: Privat

Heim igjen

Opphaldet mitt i USA nærma seg slutten.

På heimturen stoppa eg ein dag i Iowa City der eg vitja venner frå St. Olaf. Dei tok meg med til Rock Island der vi besøkte krigskyrkjegarden med tusenvis av kvite gravstøtter, eit mektig syn.

Det finst fleire slike kyrkjegardar i Midvesten frå den amerikanske borgarkrigen 1861-65 då meir enn 600 tusen soldatar miste livet, også norske innvandrarar.

Frå Iowa City gjekk bussturen vidare til Charlotte, største byen i North Carolina, der eg møtte fetteren min, Wallace Jorgenson, kona Solveig og dottera Kristin.

Eg fekk sjå kringkastingsstasjonen der Wallace arbeidde og der han seinare vart kringkastingssjef. Sidan besøkte dei oss fleire gonger i Noreg, siste gongen i 1987 på eit to dagars besøk i Kvinesdal.

På førehand hadde dei arrangert ei familiesamkome på Utsikten Turisthotell laurdag 12. september. Det vart eit minnerikt samvære der alle slektningane var til stades.

Wallace døydde av kreft i 1995, 71 år gammal.

Solveig bur framleis i Charlotte og er flink til å skriva til oss. Ho voks opp i Kina som dotter til ein norsk-amerikansk misjonær og snakka som barn både norsk og kinesisk.

Wallace var med i krigen i Stillehavet og vart etter kapitulasjonen 1945 sjefsoffiser for Armed Forces Radio Network på øya Kyushu i Japan. Solveig påstod at han kunne meir japansk enn norsk. Dei trefte kvarandre for første gongen ved St. Olaf College.

Frå Charlotte gjekk turen nordover gjennom veldige bomulls- og tobakksplantasjar.

I Washington bad bussjåføren oss sjå mot venstre medan han kjørte sakte over eit gatekryss. Då fekk vi eit glimt av The White House og den 170 meter høge Washington-obelisken i bakgrunnen.

Fredag kveld 29. juli kom eg til Pennsylvania Station i New York. Dermed var eg tilbake til utgangspunktet for mine bussreiser gjennom tretten amerikanske statar. Det rare var at New York med sine veldige skyskraparar ikkje på langt nær verka så overveldande som då eg kom dit eitt år tidlegare.

Neste dag gjekk eg om bord i «Stavangerfjord». Då var det gått eitt år og tjue dagar sidan eg steig i land omtrent på same staden.

Dagen etter vart eg overraska av brev og pakkar. Det var helsingar og gåver til min 27. fødselsdag med påskrift om utlevering 31. juli.

What a year of experiences and surprises!

«Stavangerfjord» gjekk nord for Skottland, og det var storm eit par dagar. Etter å ha vore innom Bergen og Stavanger gjekk eg i land i Kristiansand. Jørgen møtte meg på kaien, og vi drog straks til Galdal. Eg kjende ei stor glede ved å vera heime igjen, ikkje minst fordi dei gamle, Ingeborg og Peder, framleis var i full vigør.

Innhaldet i denne artikkelen byggjer i høg grad på minne («Memoarer») eg skreiv for ti år sidan til bruk i familien og blant nære venner. Desse minna bygde igjen på notat og dagbøker eg har skrive ved alle store høve i livet.

Arbeidet førte med seg at fortida kom merkeleg nær. Det var både gledeleg og vemodig: Gledeleg fordi det drog fram minne frå lykkelege dagar og høgtidsame stunder saman med gode menneske, vemodig fordi dei fleste av desse menneska er borte for alltid.