Samuel Samuelsen Åmot blei født 31.03. 1910. Foreldre var Josefine og Samuel Åmot. I 1935 gifta han segmed Cecilie Kristoffersen, født 21. 06. 1912.

Foreldre var Marthe Tellefsen frå Grimstad og Kristoffer Kristiansen. Dei fekk borna Judith og Kari.

Dette fortalde Judith og Kari meg om faren:

Når begynte han som sjåfør på Fjotlandsruta?

Det var det året han gifta seg, i 1935.

Det er akkurat 80 år i år (2015). Då flytta mamma og pappa til Netland, der dei leigde hos Anton Netland. Det er der Judith og Kari blei født. I 1938 flytta dei inn i det nye huset sitt på Netland.

Korleis var arbeidsdagen?

Bussen gjekk frå Netland i sekstida om morgonen, og returnerte i firetida om ettermiddagen. Han begynte tidleg om morgonen og kom attende seint om kvelden. Særleg om vintaren blei det lange dagar.

Kva for strekningar køyrde han?

Han køyrde Auster- og Vesterdalen annankvar dag, med Liknes som endemål. Måndag, onsdag og fredag køyrde han Austerdalen, og tysdag, torsdag og laurdag Vesterdalen. Etter kvart blei det meir konkurranse mellom dei tri ruteselskapa: Kvina Bilruter, Fjotlandsruta og Slimestadruta.

Då blei køyrestrekninga utvida til Flekkefjord. Dei konkurrerte om å få med seg passasjerane som skulle til byen.

Fjotlandsruta hadde ein fordel ved at ho starta opp frå Hansens Kafé. Kvina Bilruter stod utanfor huset til Nils Nilsen. Ruteselskapa hadde same avgang, og det galdt om å vera fyrst på plass for å få med dei som stod og venta på skyss langs vegen.

Men det hende at sjølv om du var fyrst på plass, så ville passasjeren heller køyra med konkurrenten, og då var det bare å køyra vidare.

Store snøfenner skapte utfordringer for Fjotlandsruta i gamle dager. Foto: Privat

Vedgass

Under krigen fekk du ikkje tak i bensin, så då måtte bilrutene køyra på vedgass.

Om kvelden, før pappa kom heim til oss, måtte han kutta opp ved til små trebitar, knott. Han var oppe i otta om morgonen for å fyra opp bussen.

Under krigen fekk du ikkje tak i bensin, så då måtte bilrutene køyra på vedgass.

Det tok tid før det blei så varmt at det var gass nok til å starta opp. På køyreturen hadde han med seg sekkar med knott, og så var det å stoppa ruta og fylla på med knott frå toppen av bussen. Så det var ikkje enkelt.

Når hadde han fri?

Det måtte vera om sundagane, elles køyrde han kvar dag heile veka.

Vegane var ikkje bygd for biltrafikk men for hestetrafikk. Dei var smale, svingete og bratte mange plassar. Foto: Privat
Snørydding på Fjotlandsvegen i tidlige år. Foto: Privat

Sosialt

Når bussen kom til Netland, hadde alle folk der møtt fram for å høyra nytt og henta posten. Pappa hadde også handla for mange, og dei møtte opp for å henta varene. Likeeins hadde han med seg medisinar frå Flekkefjord Apotek. Han kjøpte ein gong konfirmasjonsdress til ein gut frå Fjotland.

På Åsemoen fekk pappa kaffi mens dei ordna med posten og sånt.

Ny stoppestad

Det er ikkje sikkert når det var, men dei begynte å køyra en dag i veka til Kvinlog. Då måtte pappa overnatta hos Olav Bø, men det hendte at han hadde med seg ein sykkel på bussen.

Då kunne han sykla ned til Åmot for å sova heime.

Kor mange gonger om dagen køyrde han denne strekninga?

Det var ein gong om dagen. Tidleg om morgonen frå Netland, og tilbake om kvelden. Frå Liknes var det å returnera i firetida. Det siste sjåføren gjorde, var å gå innom posthuset for å få med seg posten som låg klar der.

Frå krigen

Til vanleg køyrde bussen bare til Netland. Var det noko spesielt kunne det bli ein tur til Knaben.

Pappa fortalde at ein gong han kom med bussen til Netland om kvelden, og var ferdig for dagen, var det ein tyskar som stod der med gevær og truga han til å køyra vidare til Knaben.

Pappa gjorde det utan eit mukk, og slepte soldaten av på Knaben. Det blei seint før han kom heim att om kvelden.

Elles var det sånn at ikkje reint sjeldan hadde pappa med passasjerar som skulle til Knaben, og då overnatta dei hos oss. Neste dag kom dei seg vidare med Anton Netland. Han var tilsett på Knaben og køyrde lastebil der. Ein av dei som overnatta hos oss var B. B. Gullestad. Han var tilsett som arbeidsformann ved Knaben Gruver.

Ein av bussane til Fjotlandsruta. Til høgre Cecilie Åmot. Foto: Utlånt: Kari Edvardsen

Historiar

Det er jo mange historiar frå denne tida. Slikt som at kalvar blei gjerne slakta ved busstoppet då rutebilen kom, og så blei skrotten lagt bak på lemmen. Det seiest at ein gong som kalven hadde blitt slakta på busstoppet før, fant sjåføren kalven ståande oppreist då han stoppa ved det neste. Så då måtte kalven slaktast på ny. Så der gjekk det føre seg.

Ei annan historie blei me fortald av Albert Aamodt, som også var sjåfør på Fjotlandsruta: Ein gong dei køyrde langs Galldalsstronda var Albert sjåfør, og pappa låg på taket og skulle skyta ryper. «Det einaste Samuel greidde var å skjota stein i auga på rypene», sa Albert. Om historia er sann veit me ikkje.

Albert Åmodt, «Bia» og Samuel Åmot. Foto: Privat

Gebisset til mor

På eit av møta til Kvinesdal Historielag stod eg fram og etterlyste historiar om Fjotlandsruta. Ei lita stund etter kom Tønnes T. Kvinlaug bort til meg med ein lapp der han hadde skrive denne historia:

«Mor mi hadde sendt gebisset sitt til Flekkefjord for reparasjon. Ho fekk beskjed om at tennene skulle koma med ruta om kvelden. Bror min, Sigurd, fekk i oppdrag å møta ned til ruta for å henta tennene. Det var Samuel Åmot som køyrde, og Sigurd spurde Samuel: «He du tenne av mor?». «Nei eg he mine eigne», svara Samuel.»

«Venter på far, venter på far, trykker seg mot ruten og venter på far.»

Akkurat som i «Tre søte småbarn» var det også nokre som venta på at far skulle koma heim til Netland. Judith og Kari minnest spesielt ein julekveld som dei venta og venta på at pappa skulle koma heim: «Tida gjekk, og det blei seinare og seinare. Til slutt måtte me ut på trappa for å lufta oss, slik at me ikkje skulle sovna. Det snødde og var eit veldig rennefok. Den gongen var det brøyteplog på bussane, så det var ikkje lett å koma seg fram under slikt uvær.

Me minnest framleis kor glade me blei då me såg billysa borte i svingane. Det kom jo ikkje andre bilar, så me visste at det var pappa som kom.

Det var stummande mørkt då han kom heim, og me er sikre på at dei andre på Netland var ferdig å feira julekvelden då me begynte.»

Korleis var det for dykk to systrene den tida Netland var heimen?

Me ville ikkje flytta frå Netland. Det var ein god plass å leva opp. Mange ungar å leika med, så det einaste som mangla var butikk. Næraste butikken var Kvinlog, men pappa handla alt for oss på Coop, så det mangla aldri noko. Mi hadde jo kyr, sauer, gris og høns, så det var inga naud. Mamma baka flatbrød, lefser, brød og anna bakst.

Det var allstødt noko å ta seg til, heile året. Me var veldig gode på ski den gongen, men slik er det ikkje i dag.

Skulegong

Skulen me gjekk på var i Gunstensli, og dit var det tri kilometer å gå. Det var også skulen for ungane på Lindefjell og Moland. På andre sida av åna var Risnes skule, og der gjekk ungane som høyrde til på Risnes, og gardane innanfor, for eksempel Nordbø. Brua kom ikkje før i 1943. Me gjekk annankvar dag på skulen, akkurat som i Neset.

Fyrste 17. mai etter krigen, i 1945

Den dagen køyrde Fjotlandsruta mange av dei som budde på Netland ned til Fjotland kyrkje, der det var samling for å feira 17. mai. Det var ei flott oppleving.

Kor mange år arbeidde han som rutesjåfør?

Han begynte i Fjotlandsruta i 1935 og slutta i Kvina Bilruter i 1980, slik at det til saman blei 45 bak rattet. Den siste tida køyrde han bare ut til Håland, i gamle Feda kommune, på fredagane.

Kontoret til Olav Netland. Foto: Privat

Skuleruta

Han køyrde også skuleruta ei stund, og henta elevar rundt om i bygda, for å levera dei på Liknes folkeskule. Han fortalde oss om ein gong han skulle henta ungane på Øye. Det var så forskrekkeleg glatt og alle elevane ville inn på ein gong i bussen med ranslane på ryggen. Det var ein sjau. Ein annan gong var det ein elev som hadde skore ut eit stort stykke av skinnet i eit bilsete på ein brenn ny buss. Pappa var alltid så kry når dei fekk ein nye buss, så då var han ikkje blid.

Etter krigen begynte Fjotlandsruta å køyra til Knaben Gard. Det førte til at pappa måtte overnatte der, og han leigde hybel hos Hans og Karen Tonette Knaben. Han var mest aldri meir heime hos oss på Netland, så det var då me flytta inn i nytt hus på Åmot, i januar eller februar 1947. Judith gjekk då i 4. klasse og Kari i 2. klasse, og dette heldt dei fram med på Liknes folkeskule. Huset på Netland blei seld til Ivar M. Netland. Cecilie døydde 21. 04. 1980 og Samuel 31. 12. 1986.

Jakob B. Eiesland fortalde meg dette: Olav Netland kjørte Fjotlandsruta, og han var så veldig gild ein mann. Når han hadde hatt med seg nokre passasjerar nedover dalen, og dei ikkje møtte just når han skulle opp att, så gjekk han rundt og leitte etter dei i Neset til han fant dei så han fekk dei med heim att. Så hadde han ein gong Harald Hansen, svogeren, til å køyre for seg. Men, han venta ikkje på folk som ikkje hadde møtt fram til rett tid når ruta skulle køyre. Nei, han bare køyrde når tida var inne. Så var det ei kjerring som blei så hakkande galen skjelte han så ut fordi han hadde køyrd frå ho. Du veit, Olav skjemde dei ut, snill som han var.

Fyrste tida brukte han lastebil til både passasjerar og varer. Seinare brukte han ein sjusetar, som hadde snøplog på om vinteren. Han var aldri på tida. Folk møtte opp ved postkassane, for han hadde med seg posten. Det var møtt opp folk med hestar, for det kunne vere passasjerar som kom med ruta og var dårlege til beins, eller det var tunge varer som kom. Det var mykje folk som stod og venta på at Olav skulle kome med posten. Fleire av dei hadde ikkje noko ærend anna enn å treffe folk og sjå om det kom post.

Særleg føre jol stod me der og fraus og hakka tenner. Så kikka me framover for å sjå om me kunne sjå nokre lysglimt i mørkret som teikn på at ruta kom. Så kom han då langt om lenge. Han var jo mest åleine på vegen, men det var vanskeleg å kome fram. Kanskje måtte han ut å moke med snøskuffa dersom han stod fast i snøfonna.

Særleg føre jol stod me der og fraus og hakka tenner.

Var nokre av sjåførane frå Fjotland?

Ja, etter kvart kom det også sjåførar frå Fjotland. Ein av dei var Olav Egeland, også kalla Olav Bø. Ein periode var han ordførar i Kvinesdal.

Korleis var ruteopplegget?

Annankvar dag køyrde han Austerdalen og Vesterdalen. Den eine dagen var ruta: Netland – Austerdalen – Flekkefjord. Den andre dagen: Netland – Vesterdalen – Flekkefjord. Dei starta opp tidleg på morgonen.

Under krigen var det endå verre, då var det mangel på bensin og dei fekk montert denne vedgassgeneratoren. Særleg vinterstid måtte det vera ein sur jobb når dei skulle opp og fyra opp denne veden (knotten). Kaldt og fælt var det, og dei måtte opp i otta. Men ein fordel var det med vedgassgeneratoren, det var alltid godt og varmt i bussen.

I 1945 blei ruta utvida til å gå heilt frå Knaben Gruvor, og då måtte dei gå endå tidlegare. Eg har sjølv vore med ruta frå Knaben, og då måtte eg opp tidleg.

Eg minnest ein av desse sjåførane frå den tida som kjørte ruta. Han var så sur at det ikkje kunne nytta å spør han, for du fekk ikkje opp munnen på han.

Ein gong kom han køyrande ned Austerdalen, og så var han veldig sein, for det hadde tatt tid å fyra opp. Eg stod der ved postkassen og venta og fraus saman med Øyvind Eiesland. Så kom ruta endeleg. Men du måtte ikkje tru at sjåføren helste, langt i frå. Så krekte me oss inn i bussen, og Øyvind spurde: «Når me toget på Sandvatn stasjon i dag?» Han sa det bare for å erta han. Sjåføren svarte han ikkje. Det var under krigen. At han heldt ut er ufatteleg.

Under krigen hadde dei også desse snøproblema. Det var nokre fæle bakkar på vegen opp mot Knaben gruver, som ved Stakkhomsbrotet og Hattevarden. Vegen var smal, og det var vanskeleg å koma fram. Rett som det var måtte dei ut for å leggja på kjettingar. Kaldt og fælt var det, så det var ein sur jobb.

Minnest du kor mykje det kosta å køyra til Neset?

Nei det minnest eg ikkje, men eg veit om ein som fekk gratis skyss ved å sitje på motorpanseret. Skal tru om ikkje sjåføren måtte kikka til sida for å sjå kvar han køyrde. Du veit, det var slike narrestrekar. Eg trur ikkje det var den vanlege passasjerruta, men ein privatlastebil som gjorde dette.

Tidene forandrar seg, men jamen er det moro å minnast den gamle tida.

Var det andre som køyrde passasjerar i Fjotland?

I 1920-åra var det fleire som hadde lastebilar som dei brukte til både passasjerar og gods. Under krigen kom det ein del lastebilar til Fjotland, personbilar og bussar noko seinare. Handelsstyrar på Haddeland Handelslag, Per Mygland, hadde ein lastebil som han køyrde folk i. Han hadde fått montert seta på tvers i lastebilen, slik at du sat i same retninga som bilen køyrde. Den fyrste tida hadde han ein brukt trøford som han køyrde varer med. Då han kom til ein bratt bakke i Austerdalen måtte han leggje av nokre 100-kilos sekkar (mjøl kom i 100 kilos sekkar) i botnen av bakken før han køyrde opp til toppen.

Så måtte han gå tilbake og ta sekkane, ein for ein, på ryggen for å bera dei opp på toppen. Der kunne han leggja frå seg sekken på lasteplanet før han tok turen om att ned til sekkane.

Når alt hadde blitt boren opp, kunne han køyra vidare. Hundre kilo kvar gong på ryggen. Dei var vane med å bera den gongen. For eit slit det måtte vera. Trøforden drog ikkje meir enn ei kyr! Det er noko anna i dag når ein ser dei svære tømmerlassa dei kjem med på kjempestore bilar med svær tilhengar oppover bakkane over Haddelandsheia.

Bilane kom vel litt for tidleg til Fjotland. Vegane var ikkje bygd for biltrafikk men for hestetrafikk. Dei var smale, svingete og bratte mange plassar. Dei som kjøyrde varer hadde store problem vinterstid med snøen, og om våren med teleløysinga. Då sat dei fast i grusen. Det hende at vegen kunne vera stengd for biltrafikk i lange tider grunna snø. Då måtte dei ta i bruk att hest og slede.

Bilane kom vel litt for tidleg til Fjotland.

Tron Mygland

Kva slag ruteplan hadde Fjotlandsruta?

Garasjen til Fjotlandsruta var på Netland, der Olav Netland budde. Det var her ho starta opp om morgonen når turen gjekk gjennom Austerdalen eller Vesterdalen. Eg trur det var klokka sju. Til Mygland kom ho i åttetida.

Stoppet var ved postkassane som hang på veggen: Fyrste stoppet var ved Åsemoen. Deretter kom Mygland, Under Bakkan, i krysset til Eiersland. Deretter fylgde Haddeland og så vidare nedover i Austerdalen.

Kva var det Fjotlandsruta frakta på?

Utanom passasjerar var det alt mellom himmel og jord. Skulle du sjølv til Liknes eller Flekkefjord, var ruta einaste måten å koma seg dit. Det var få eller ingen som hadde bil den gongen, bortsett frå nokre lastebilar. Du stilte deg opp ved stoppet og venta til ruta kom.

Sjølv var eg gjerne med far min med Fjotlandsruta heilt til byen. Ho var brun på fargen. Men du veit at både Kvinaruta og Slimestadruta køyrde til Flekkefjord. Det hende at eg var med lastebilen til Andreas Mygland, naboen. Han hadde butikk og køyrde varer med lastebilen.

Eg minnest ein gong om vintaren at isen var så sterk at me kunne køyra på Galldalsvatnet. Han tok sjansen, Andreas. Albert Åmodt, «Bia» og Samuel Åmot.

Posten

Om kvelden kom Samuel opp att frå Liknes og la pakken med post i kassen på veggen. Det var inga sortering, alt var samla i ein bunt. Mange hadde møtt fram, og så blei posten delt ut. Fekk me pakkar eller posttilvising, måtte me til Åsemoen for å henta dette.

Småslakt

Dersom nokon hadde ein nyfødt kalv som skulle slaktast, kan hende bare nokre dagar gamal, gjekk dei med kalven til stoppestaden. Så venta dei til Samuel kom køyrande. Då slo dei kalven, stakk han, og sendte han med Samuel til Andreas Aase. Så lett var det.

Eg minnest som det var i dag ein gong far min og eg stod og venta på bussen. Bussen leverte posten i kassen ved Haddeland Handelslag, så der stoppa han. Då far såg bussen koma, slo han kalven med ein gong, og stakk han. Bak på bussen var det jo eit bagasjebrett, og dette blei lagt ned. Så heiv me kalven oppå dette. I det same høyrde me ein smell, og då viste det seg at det var bakakslingen som hadde gått av. Så då blei han ståande der, kom ingen veg. Samuel var ikkje mykje blid då.

Elles kinna me smør og sende det i smørambrane til meieriet, som låg i kjellaren til Liknes & Fjotland Kooperative Handelslag. Ein gong i veka blei desse send nedover med Fjotlandsruta, og så kom dei opp att tome. Smørambaren vår var det Lars Høydal som hadde laga.

Grisungar

Grisungar blei også sendt med ruta. Ein av dei som hadde griseavl var Tobias Biktjørn. Folk bestilte gjerne ein grisunge kvar som dei alte opp. Eg minnest ein gong Samuel hadde med seg grisungar i ein kasse dei hadde fått opp på biltaket. Då ruta stoppa på Veggeland såg dei grisungane som spaserte att og fram.

Kassen hadde gått sund, og dei naut fridomen. Det var nok eit syn. Det var eit heilt strev å få dei inn att i kassen.

Krigsåra

Under krigen blei Fjotlandsruta brukt til mykje. I tillegg til passasjerar var ho mest allstødt fullstappa av ulike ting som folk skulle ha. Eg veit ein gong det gjekk rykte om at dei hadde fått koppar som du kunne få kjøpt på Liknes. Kjerringane nedover dalen skulle prøva å bli med bussen for å prøva og få kjøpt seg nokre koppar.

Dei var jo mest koppelause under krigen. Men då dei kom fram, viste det seg at det var sjukdomen koppar som gjekk på Liknes. Så det var vaksinasjonen mot koppar, småkoppar, som blei til ryktet om å kunne få kjøpt koppar.

Køyring på knott

Under krigen køyrde bussane på knott. Eg trur knotten blei laga av osp eller bjørk. Eg trur det blei sett opp ein knottfabrikk i Øydna, og der trur eg Fjotlandsruta kjøpte knotten. Så hadde dei vel eit lager på Netland. Eg minnest dei skar ut ein plass bak på bussen til plass for vedgeneratoren. Det gjekk ein stige bak på bussen sånn at dei kunne klatra opp på taket. Der var det ei luke på toppen av vedgeneratoren. Den kunne dei opna, og så hadde dei knotten oppi. Det blei brukt stakar til å stappa tett med, slik at det ikkje blei tomrom. Kor tidt dei måtte opp på toppen og fylla opp att med knott veit eg ikkje, men eg minnest at når ruta kom til Mygland, til Haddeland Handelslag, så måtte sjåføren ut og fylla opp med knott. Dei hadde vel ein plass på bussen der dei kunne lagra slike sekkar med knott. Det var eit strev å køyra på knott.

Kven var sjåførar på Fjotlandsruta?

Samuel S. Åmot var den fyrste eg kan minnast. Han var veldig ung då han begynte som sjåfør på Fjotlandsruta. Dei hadde frå før ein buss, men då han begynte kjøpte Olav Netland ein ny buss, ein Bulldog. Han hadde ikkje motorkasse. Den bussen Samuel køyrde med under heile krigen, ein Reo, gjekk på vedgass, og han gjekk mest like godt som ein med bensindrift.

Samuel bygde seg eit lite hus på Netland, der han budde saman med kona Cecilie. Døtrene Judith og Kari blei født og vaks opp der. Sidan flytta dei til Åmot. Albert Åmodt køyrde også Fjotlandsruta i mange år. Så var det Alfred Hunsbedt.

Var du nokon gong med på turar med Fjotlandsruta?

Ja, eg meiner eg har vore med på slike turar utan at eg minnest kvar me var. Men eg minnest fyrste gongen eg var til Flekkefjord reiste eg i bussen til Ivar Nere Kvinlaug, eller Ivar B. Kvinlaug. Eg var seks år den gongen, og det var Anton Mygland som køyrte oss. Eg skjønar ikkje korleis han fant fram i Flekkefjord. Det var ei stor oppleving.

Eg minnest også at Ivar køyrde den gamle vegen til Eiersland. Me var nokre ungar som var med han i bussen, og dette var eit storhende for oss. Det var lite me reiste med buss den gongen, så det er ikkje så mange minne eg har.

Korleis var det om vintaren?

Vegen var mange gonger stengd. Bussene kunne ikkje koma fram i det heile tatt. Eg minnest i 1939. Det var rett borte med toppen av Myglandkjydna.

På Knaben Gruber hadde dei kjøpt ein liten beltetraktor. Den trudde dei at dei kunne ta opp kva dei ville med, men du veit. Han låg og stanga og herja der borte, og kom ingen veg. Så då måtte dei til å moke med handemakt. Det var den fyrste traktoren.

Somme tider var det så gale at bussen ikkje kom lenger enn til Mygland. Sjåførane måtte då liggja over hos oss. Om morgonen måtte dei gjera vendreis ned Austerdalen.

Kvar fekk dei drivstoff frå?

På Mygland var det to butikkar og to bensinpumper, så der kunne Fjotlandsruta fylla på drivstoff. Den eine bensinpumpa var BP, og den hadde Andreas Mygland. Den andre var Shell, og den var det Haddeland Handelslag som dreiv, med Helene Eiersland som bestyrar.

Bensinpumpa var fyrst på Haddeland, men sidan flytta dei Handelslaget til Mygland, i kjellaren i huset til far min, Martin. Bensinpumpa fylgde med. Det blei sagt den gongen at dei hadde ikkje meir varer enn at det var plass på ei langkjerre då dei flytta. Då Knut Mygland bygde seg nytt hus, blei det gamle flytta ned til hovudvegen, og Haddeland Handelslag blei i 1920 flytta frå kjellaren hos oss over til gamlehuset etter Knut Mygland.

Etterord

Siste opptaket blei gjort 13. 03. 2014.

Tron Mygland døydde 21. 10. 2014.

Takk

Fyrst må eg få lov å takka dei fem personana som har vore så greie å la meg få samtalar med dei.

Så ein stor takk til Jan Stokkeland som har vore til stor hjelp når det gjeld detaljer om Fjotlandsruta: Bussmerke, registreringsnummer og datoer.

Og sist, men ikkje minst: Alt arbeidet Johannes Hamre har hatt med fotografering, registrering og plassering. Han har i sanning synt eit stort tolmod.