I årsskriftet for 2011 hadde Anstein Dyrli Lohndal ein interessant artikkel om skulegang og konfirmasjon i 1940. Med sitt utrulege gode minne fortalde han mellom anna om då han skulle kjøpa konfirmasjonsklede og sko. Han fekk kjøpt dress for 45 kroner hos Tilda og Hans Egeland. Så måtte han ha kvit skjorte, slips og ein grå hatt. Men sko hadde ikkje Tilda rett nummer av. Så gjekk han til Ingvald Gullestad. Der fekk han kjøpt eit par svarte gode sko, Ingvald sa dei var laga av boxcalf som var slitesterkt og heldt vatnet ute. Prisen var 12 kroner og det høyrdest ut som Anstein tykte det var litt dyrt.

Denne hendinga ga meg lyst til å skriva litt om skobutikken til far min, Ingvald Gullestad. Eg kan ikkje minnast slik som Anstein, men med hjelp av litt minne, gamle notater, rekneskapsbøker, foto og samtalar med folk har eg funne litt fakta. Og eg vil ta med noko om livet til Ingvald før han starta butikken.

Barndom og ungdom

Ingvald var fødd i 1900 som nummer fem i ein søskenflokk på tretten. Foreldra var Bernt Hansen Gullestad og Anna Andreasdotter Lindland. Fleire i søskenflokken reiste til USA. Ingvald starta arbeidslivet med å køyra skyss med hest. Etter konfirmasjonen køyrde han i periodar med hesteskyss mellom Flekkefjord og Liknes, mellom Dampskipsbrygga på Øia og Liknes, og av og til vidare til Fjotland. Eg er usikker på om han køyrde heilt til Knaben, men iallfall til Hamarheim på Helle der det var skysstasjon. Varene kunne vera post, gods og varer til butikkane. Av og til var det med folk som handelsreisande og agentar.

Ingvald gjekk Fylkesskulen på Liknes og fekk lyst til å læra meir. Han måtte låna pengar og gjekk først på privat realskule i Stavanger med eksamen i 1921. Så reiste han vidare til Oslo og gjekk på Oslo Handelsgymnasium og blei blåruss våren 1923. Eit av faga var spansk handelskorrespondanse og vi har ei bok der han har skrive ei særoppgåve om Chile. Han sa fleire gonger at han hadde planar om å reisa til Sør-Amerika. Fleire i klassen hans starta verksemder der. I 1973 var Ingvald i Oslo på 50 års jubileum og møtte fleire klassekameratar som hadde starta store verksemder i Sør- Amerika.

Planane om Sør-Amerika måtte han legga bort. For 1. juli 1923 hendte ei tragisk ulykke der familiefaren Bernt H Gullestad omkom i kraftstasjonen ved Stampebekken. Ingvald reiste då heim for å hjelpa mora Anna med å ordna opp. Ho hadde då fem barn under 16 år, dei yngste var tvillingane Arvid og Bjarne på snautt ni år.

Ingvald hadde gjeld etter skulegangen og fekk ikkje noko arbeid i Kvinesdal.

Visittkort fra USA. Foto: Privat

Arbeid USA

I mars 1924 reiste Ingvald til USA.

Året etter kom søstera Rakel som var eit år yngre enn Ingvald. Ho reiste saman med ei god venninne, Alice Kloster, og fleire kvindølar, fjotlendingar og folk frå Herad. Rakel og Alice hadde huspostar saman hos rike jødefamiliar. I fritida var kvindølane saman på turar og andre felleskap. Til jul 1927 kom Alice og Ingvald saman heim og forlova seg i påska 1928. Åtte dagar seinare reiste Ingvald til USA att medan Alice var heime og sydde utstyr. Ingvald hadde godt med arbeid som snikkar og «contractor». Han kom heim, og dei feira bryllaup 1. april 1931.

Fjorten dagar etter reiste Ingvald over att. Planen var å tena så han kunne garantera for Alice som skulle koma etter. Men tidene var dårlege. Ingvald hadde arbeid heile tida, men tente ikkje nok. Så det tok over fem år før han kom heim att etter i alt tolv år i USA.

Gard i Kloster

Alice var yngst i søskenflokken, men brørne var ikkje interesserte i å overta den litle garden i Kloster. Svigerfaren Samuel Kloster selde då ein stor del av garden til Alice og Ingvald, og dei starta opp som småbønder med to kyr, hest, nokre få sauer og høns. I Kloster var det ein del frukttre og bærbuskar.

Garden var for liten til å leva av og Ingvald ville gjerne bruka utdanninga si. Han søkte på enkelte ledige jobbar, men fekk ikkje noko.

Eit nytt levebrød

På Liknes var det fleire landhandlarar som hadde all slags varer, blant dei Tilda og Hans Egeland, Hans H Gullestad og Em. Egelands Eftf. Sven og Nils Kloster, brør av Alice, hadde starta forretningar med elektriske artiklar, bensin, bilverkstad, og snikkarverkstad med fleire folk i arbeid. Andreas Åse, gift med Marie, søster av Alice, dreiv slaktarforretning. Ingvald bestemte seg for å starta den første spesialforretning i skotøy på Liknes. Han fekk leiga underetasjen i Ole W Rødlands hus (seinare Reiersenhuset). Huset låg sentralt mellom Liknes & Fjotland Kooperative Handelslag og Oluf L Egeland sitt hus der kona Lisebeth, og seinare dottera Birgit, handla med manufaktur og klesvarer.

Husleiga for butikken var først 35 kr. månaden, litt seinare 40 kr. og frå 1943 var det 60 kr.

Flekkefjordsposten april 1939:

KVINESDAL

Min skotøiforretning

i Ole W Rødlands hus, Liknes

åpnes fredag 28. april.

Nytt for våren i modeller og farver, til rimelige priser.

Ingv. Gullestad

Av kassadagboka ser vi at 28. april 1939 kom det fem kroner i kassen. Dagen etter, laurdag, var summen 61 kroner. Dei første dagane vidare var det rundt 30 kroner i kassen, laurdag 6. mai var summen heile kr. 90,50.

Truleg var ikkje lageret stort, det var lite sko å få tak i. Og verre skulle det bli då krigen kom.

Sommaren 1939 annonserte Ingvald i Agder med same annonsen sju gonger, den første sto 7. juli:

KVINESDAL

Skotøi

Arbeidssko, dame- og herresko i forskjellige fasonger og prisslag.

Reparasjonsverksted

Ingv. Gullestad

(til høgre øvst var bilde av ein Fresko damesko med halvhøg hæl og vristreim)

17. juli same år var det forresten annonse frå butikken ved sida. Oluf L Egeland annonserte:

Rumbabenklær, bluser, skjerf i rikelig utval og alle størrelsar.

Rekneskapet viser at 1.1.1940 var fortenesta dei åtte første månadane kr. 1553,22. Ingvald hadde vareoppteljing 9.9.1940. Då var lageret 90 par damesko + 37 par gummifottøy, 108 par herresko + 34 par gummifottøy og 148 par barnesko + 15 par gummifottøy.

Vareoppteljinga i 1942 viser at det var varer verdsett til kr. 5.725,-. Det står ikkje tal på sko, men 20 % av summen var lær, gummi og småvarer som skokrem, lisser, skeisereimer og mykje meir.

Lest til å sy sko over. Foto: Johannes Hamre

Konkurrentar

Landhandlarane hadde også sko blant alt anna. Vi veit at Tilda og Hans Egeland hadde sko. Ein annonse for Em. Egelands Eftfl. 3. mars 1939 fortel at dei har vårsalg: «En masse damesko utlagt til meget lave priser» og 19. juni 1939 ny annonse: «Godt utvalg i hvite og kulørte sko for damer og barn. Herresko i brunt og svart. Rullegardiner, malervarer, penaler og malerkoster + mye mer».

Eg veit ikkje kor lenge dette firmaet førte sko, men Hans og Tilda hadde sko i alle år og då Lars Aase Egeland tok over, blei dette mest som ei spesialforretning i sko. Men samarbeidet gjekk greitt, alle som dreiv dei nemnde butikkar var i slekt på ymse måtar. Seinare år då det blei faste utsalg, hadde begge skobutikkane annonse saman.

Didrik Helle i ungdommen. Foto: Utlånt av Solveig og Ingebret Egeland

Skomakarar

Ikkje lenge etter Ingvald hadde starta butikken, fekk han spørsmål om reparasjonar av sko. Han gjorde avtale med fleire skomakarar i bygda. Dei tre første var skomakar Hansen, Didrik Helle og Einar Ellefsen. Heilt i starten reparerte dei skorne heime hos seg.

Då krigen kom, blei det etter kvart vanskeleg å få tak i nye sko, så mest alt Ingvald hadde på lager blei fort seld. Då blei det heilt nødvendig for folk å ta vare på dei gamle skorne. Ingvald hadde då alt starta skomakarverkstad i den delen av butikken som vende mot Handelslaget.

Han kjøpte inn maskinar for heile 3680 kr, og hadde fleire i arbeid under krigen og heilt fram til våren 1948. Ingen av skomakarane var i arbeid heile tida, men eg har notert første og siste dagen dei var på lønningslista.

Anders Aamot heime i verkstaden på Hetleskei. Foto: Utlånt av Gunnulf Eiesland

Om skomakarane

Didrik Helle (1902-1961)

Didrik var den skomakaren som jobba lengst tid i verkstaden, frå 30. mai 1939 og til 27. mars 1948. Og seinare tok han imot reparasjonar i fleire år heime på loftet på Øvre Egeland. Eg gjekk mange gonger til Øvre Egeland med sko innlevert på butikken og tok med dei ferdig reparerte.

Herman Hansen (1885-1951)

Arbeidde 27. mai 1939 – 28. november 1942 og litt på hausten 1947 og våren 1948.

Einar Ellefsen

Arbeidde 1. juli 1939 – 1. november 1939

Anders Aamodt (1891-1961)

Arbeidde 19. desember 1942 – 8. desember 1945

Gunnar M. Faret. Foto: Johannes Hamre

Gunnar M. Faret (1917 – 1998)

Arbeidde 18. november 1944 – 3. april 1948

Læregutar:

Simon Johan Egeland frå 4. mars 1944 til 16. august 1944. Simon Johan fortalde meg at han hadde vore læregut. Søstera Anna fortalde han laga sko til seg sjølv. Simon Johan sat mellom Didrik Helle og Anders Aamodt. Han fekk 10 kroner i feriepengar i tillegg til løna.

Knut Olsen, Åse, frå 13. november 1943 til 12. februar 1944.

Arthur Rødland frå 15. desember 1945 til 23. februar 1946.

Torleif Tallaksen Faret frå 16. mai 1946 til 25. juli 1947. Torhild fortel at faren hadde lært så mykje at han kunne reparera skoa til familien.

Eg starta på folkeskulen hausten 1944. Etter skuletid gjekk eg til butikken og venta til far skulle heim. Det var alltid koseleg å koma inn i butikken og så vidare gå inn til skomakarane. Her lukta det lær, bek, skofarge og mykje meir. Ein skomakar sat ofte ved symaskinen, ein pussa og slipte på store maskinar og ein sat kan henda med munnen full av trepinnar som han festa solane med. Dei hadde alltid tid til å prata med meg. Eg vil tru eg ikkje sa så mykje, men eg minnes spesielt Gunnar som egla litt og alltid fant på noko moro.

Her lukta det lær, bek, skofarge og mykje meir.

Sko med trebotnar kjøpt hos Ingvald 1943. Brukt av Inga Liland til finsko. Ho leverte skorne til Fjotland Bygdemuseum. Foto: Johannes Hamre

Rasjonering

Etter rasjoneringa blei sett i verk, måtte folk levera merke for å få nye sko, men eg er usikker på om dei måtte levera merke for reparasjonar. I alle fall reparerte folk masse. Mykje lær, gummi og mange slag småvarer måtte handlast inn. Men eg ser i protokollane at det er ofte grossistane ikkje kunne skaffa så mykje som var bestilt. Utover i krigen kom det sko med trebotnar og overdel av vevd papir og også fiskeskinn. Blanke skobespar av metall blei slått på under solane og større jern under hælane og under tåa på skoen for å forlenga slitestyrken.

Frå internett ser eg at rasjonering på klede starta september 1940 og varde lenge, rasjonering på sko heilt til 1949. Så seint som i februar 1950 er nemnt merker i bøkene til Ingvald. Medan rasjoneringskort for mat blei delt ut, måtte folk kjøpa kleskort og skokort for 40 øre stykket og fylla ut med nøyaktig og grunngjeven søknad om det ein ønska. Dersom forsyningsnemnda innvilga søknaden, blei kortet sendt tilbake i posten og ein kunne gå i butikken og kjøpa sko – dersom det fans sko.

Merkelapp.

Reparasjonar og salg

Det var ikkje bare sko som blei fiksa på verkstaden. Det kunne vera vesker, belte, seletøy og anna laga av lær og skinn. I august 1940 fekk lensmann Spillebrok reparert ein fotball, pris 75 øre. Hausten 1943 er notert: «Sørlandsbanen» såling av 2 par gummistøvler, pris 17 kroner.

I juni 1946 blei det reparert 3 ballar for Idrettslaget, det kosta kr. 7,50.

Enkelte småting kunne Ingvald fiksa sjølv. Og eg har også festa eit utal med «kauser» (maljer) i belte og i andre ting som kunne snørast.

Mange lånte med sko heim både til seg sjølv og familien, eller fekk dei sendt med bussen. Eg tek med nokre døme for å visa prisane.

15.4.1940 Teodor Tjørnhom Rafoss – 1 par beksømsko kr. 28,75. Litt seinare kjøpte han et par kalosjer for kr. 6,60

14.6.1940 - Daniel Jerstad Faret – 1 par sko kr. 9,50

17.2.1941 – Hedvig Gullestad – 1 par morgensko kr. 7,-

21.7.1941 – Olaf Nilsen Slimestad – 1 belte kr. 4,70

26.7.1942 – Martin Galdal Fjotland – 1 par støvler kr. 13,37 + frakt 0,50

11.12.1942 – Fladmark 1 par sko nr. 23 kr. 13,75

22.12.1943 – Lærar Høyland 2 par papirsko nr. 37 og nr. 40 kr. 13.- og 13,25

9.7.1946 – Inga Kleven – 1 par fjøssko – kr. 11,66

30.9.1947 – Johannes Risnes – konfirmasjonssko kr. 25,55

Ole Rødland huset

Ole Vilhelmsen Rødland var fødd på Rødland i 1885. Han reiste til USA og blei der kjent med Charlotte Johanne Bergstadt f. 1886. Dei gifta seg i La Grange, Illinois i 1907. I 1913 kom dei til Kvinesdal og Ole bygde sjølv det store treetasjes huset på Liknes. Som vanleg på Liknes, hadde også Charlotte og Ole husdyr bak huset. Om sommaren gjekk kyrne på beite i Prestegardsmarka. I 1928 døydde mor til Ole og familien flytta då opp til Rødland. Huset i Neset blei leiga ut. Etter Ole døydde i 1937, måtte Charlotte selja huset og driva garden på Rødland. Charlotte Rødland var ei driftig kvinne. I 1945 var ho den første kvinna i heradsstyret i Kvinesdal, valt inn for Arbeidarpartiet.

Vi ser av annonsen frå 1939 at det står Ole W Rødlands hus, men Oscar Reiersen hadde kjøpt huset i 1938.

Oscar Reiersenhuset

Huset etter Ole Rødland blei kjøpt av Oscar Reiersen som då budde i Lyngdal. Oscar var fødd 1897 på Øye. Han heldt fram å bu i Lyngdal etter han hadde kjøpt forretningsbygget på Liknes. Huset blei leiga ut og det var mange som budde der. Ingvald, som leiga butikken, ser ut til å ha hatt ein slags vaktmestarjobb. Dei som budde i huset betalte leiga til Ingvald og i mars 1947 då vatnet hadde frose, fekk han Nils Kloster til å tina det opp. Det kosta 11 kroner for to timars tining medrekna straum. I 1943 budde desse i huset: Kåre Peersen m familie betalte 35 kr i leige. Sigurd Kimestad betalte 25 kr., Einar Næss kr. 22,50, Theodor Motland 18 kr. og Ingrid Eidjord 15 kr. Dei siste to hadde nok to små hyblar. Med leiga for butikken på 60 kr., blei det leigeinntekter på kr. 175,50 for ein månad. I 1948 ville Oscar Reiersen flytta til Liknes og Ingvald måtte finna ein annan butikkplass.

Annonsen 23. april 1948:

KVINESDAL

Min forretning blir stengt onsdag 28. april på grunn av flytning til andre lokaler i Hans H Gullestads hus Liknes. Reparasjoner mottas ikke foreløpig.

Ingvald Gullestad

Annonse Christiansands Tidende 11. august 1950.

Skobutikk i landhandelen

Hans H Gullestad var onkel til Ingvald og ein god ven og støtte etter at faren Bernt døydde. Hans dreiv butikk sjølv, men var då 79 år og hadde nok trappa litt ned i 1948. Hans hadde sin lange disk som før og Ingvald brukte den inste delen av butikken med ein kort disk på tvers. Eg kan i dag ikkje heilt forstå korleis det kunne vera plass til skobutikken, men det gjekk på eit vis. Eg ser av bøkene at Hans av og til hjelpte til med skosalet, truleg når Ingvald såg etter nybygget. Skobutikken blei i landhandelen i to år. Leiga hos «onkel Hans» var 30 kr månaden. Hans held fram til han var over 100 år. Meir om Hans i årsskriftet 1998.

Huset 1951. Vindu og dør til venstre høyrde til legekontoret. Huset av Selmer Haugland til høgre under bygging. Foto: Privat

Nytt hus

3. november 1947 hadde ein landbruksingeniør utarbeidd eit kart over nye hustufter på Liknes. Tuft nr. 2 var 18 m brei og låg mellom hovudvegen i nordaust og elva Kvina i sydvest, og mellom Olav Fjotland si tuft i sydaust og tuft nr. 3 i nordvest. Ingvald fekk avtale med kommunen om å få festa denne tufta. Eg tek med nokre av festevilkåra.

1. Ingvald Gullestad har rett til å byggja eit hus på tufta. Huset skal liggja i same line som Olav Fjotland sitt hus. Det må sytast for at det er farbar veg for dei som skal driva med laksefiske, mellom elva og muren som tuftefestaren set opp. 3. Festetida er 99 år rekna frå 1.7.1949.

4. I festeavgift skal festaren betala kr. 100,- for året. Derav kr. 60,- til kommunen og kr. 40,- til Kyrkjedepartementet eller soknepresten i Kvinesdal.

5. Stykket må vera husa innan 3 – tre – år etter denne avtalen er godkjend. Det må ikkje byggjast slik at det er til mein eller vanprydnad for granneeigedomane. Formannskapet skal godkjenna byggjeplanane.

Dokumentet er underskriven av Tønnes Oksefjell (ordførar) og Ingvald Gullestad.

Garasjen ferdig med takstein. Ingvald på taket, Anne-Berit, Grethe Peersen, Vesla. 1954. Foto: Privat

Det var ikkje enkelt å byggja eit så stort hus like etter krigen. Det var ennå rasjonering og knapt med mange byggematerialar. Det første var å få støypt muren til åna og det skulle mykje fyll til innanfor. Det blei køyrt mange lastebillass med stein frå eit par steinhagar i Kloster. Hadde det vore i dag, hadde nok både myndigheter og eg nekta dette. Ingvald fekk hogd nokre furutre på Klosterøyna og dette blei saga på Gullestad hos broren Hans. Aanen Aase og Osmund Vatland køyrde tømmeret med hest. Huset er sett opp av sementblokker frå Åmot Sementstøperi.

Artikkel om støyperiet i årsskriftet 2007. Eg minnest ikkje alle som var med på bygginga, men det var Josef Hamre som mura opp huset og John Vik snekra inne i bygget og laga alle kjøkkenskap som mor Alice hadde teikna. Ingvald gjorde mykje arbeid sjølv og hadde oppsyn med alt.

Huset kom på ca. 53.000 kroner i tillegg til eigne materialar og arbeid. Det meste blei lånt i Kvinesdal Sparebank. Mor Alice sa ho trudde aldri dei kunne bli gjeldfrie.

Kilder:

Statsarkivet i Kristiansand.: Valglister

Mikrofilm frå Agder og Flekkefjordsposten.

Takk for opplysningar og foto frå Solveig og Ingebret Egeland, Gunnulf Eiesland, Johannes Hamre, Aagot Holmen, Alf Jonny Rørvik, Signe Solberg, Andy Syvertsen og fleire.

På trappa bak. Familien Alice, Ingvald, Anne-Berit og Vesla med besøk av Gulla Hunsbedt. 1955. Foto: Privat