Sommaren 1941 fekk ungdom i Kvinesdal gjennom lokalavisa informasjon om at det ville bli sett i gong ein realskuleklasse dersom det melde seg nok elevar.

Ei foreldregruppe under leiing av distriktslege Sverre Thurn stod bak dette tiltaket. Denne fekk leiga husrom hos Harald Hunsbet – to stover vegg i vegg til klasserom - lånte pultar frå fylkesskulen og lyste i fleire aviser etter ein filolog, blant anna i «Aftenposten», med fagkompetanse i tysk, engelsk, historie, gjerne også i geografi og realfag. Også offiserar kunne søkja heitte det i utlysinga. Elles satsa arbeidsgruppa på å tilsetja lokale lærarkrefter.

Austlendingen stud. filol. Ragnar Kvam, 27 år med bifagseksamen i tysk og engelsk, blei tilsett og kom til Kvinesdal i august 1941. Han var nygift og fekk leiga huset til Nils Nilsen senior på ydre Eigeland. Til og frå skulen måtte han bruka sykkel - privatbil var det under krigen svært få i bygda som hadde. Ein av dei privilegerte var dr. Thurn.

Men også syklistane fekk problem: det blei etter kvart vanskeleg å få tak i nye dekk og indreslangar, like eins å få kjøpt lappesaker dersom eit sykkelhjul punkterte.

Det melde seg omkring 20 elevar til realskulen, som skulle gå over to år.

Privatdrivne høgare skular hadde ikkje eksamensrett og elevane måtte derfor gå opp til eksamen i alle fag. Dette kravde stor innsatsvilje og kravde mykje arbeid. Etter fyrste skuleåret var det eksamen i fire fag: teikning, botanikk, religion og verdshistorie.

Flest eksamensdagar var det andre året, med eksamen i fem skriftlege fag: Norsk, tysk, engelsk, matematikk og samfunnsrekning. I tillegg kom munnleg eksamen i over 10 fag. Dei skriftlege eksamensresultata blei offentleggjorde i «Flekkefjordsposten». Det kunne ingen elev eller føresette nekta avisene. Eg høyrde likevel ingen som kritiserte denne ordninga, i alle høve ikkje dei som fekk gode karakterar.

Elevane betalte skulepengar, kr. 30 pr. månad. Og sjølvsagt måtte dei kosta alle lærebøkene og materiell sjølv. Det ligg ikkje føre opplysningar om kva løn lærarane fekk og andre driftsutgifter som husleige, vask, brensel mv.

Noko kommunalt tilskot fekk realskulen ikkje.

Det nye skuleslaget blei ein suksess. Tiltaket opna ein viktig utdanningsveg for ungdom. Mange yrke kravde realskuleeksamen nå, og han var grunnlag for vidare skulegang som gymnas, tekniske fagskular, lærarutdanning mv.

Artikkelforfatteren: Anstein Dyrli Lohndal f 1926 i Kvinesdal. Pensjonert lektor. Foto: Privat

Tidlegare måtte ungdom frå kommunane Kvinesdal, Feda og Fjotland mfl. som ville ha utdanning, prøva å få plass ved middelskulen/realskulen i Flekkefjord eller ein annan by. Då måtte dei bu på hybel og betala skulepengar. Få hadde økonomisk evne til å makta dette.

Landsgymnasa på Hornnes eller Voss tok ikkje skulepengar, men det var svært vanskeleg å koma inn der.

Arbeidsgruppa som fekk realskulen i gang, ynskte nå å utvide med ei ny klasse, og sommaren 1942 stod denne utlysinga i lokalavisa:

«Det blir muligens ny klasse ved middelskolen (!) til høsten. De som har tenkt å begynne melder seg til Ragnar Kvam.»

Denne gongen melde det seg elevar til full klasse - 30 stk. Dei fleste frå Kvinesdal kunne bu heime, men fjotlendingane måtte leiga hybel nær skulen. Så vidt eg har høyrt fekk den nye elevflokken klasserom i Losjehuset – som fråhaldslaget «Tjodolf frå Kvine» åtte. To nye lærarar blei då tilsette: fylkesskulestyrar Olav Høyland og stud. real. Johan Eggen (frå Grimstad). Realskuleprosjektet i Kvinesdal syntest å ha framtida føre seg.

Den positive utviklinga av realskulen heldt fram. Sommaren 1943 melde det seg så mange elevar til ny klasse at skuleleiinga fann det rettast å halda opptaksprøve. Eg var mellom dei aspirantane som greidde denne.

Også ein annan nyskaping etablerte seg i Kvinesdal og Fjotland samtidig med realskulen - Arbeidstjenesten.

Spadepussing i staaden for våpenstell. Foto: Privat
Offiserar frå AT på inspeksjon. Arbeidet skal utføras presist og korrekt etter Føresegnene. Foto: Privat

«Spadens soldater»

Våren 1942 kunne «Flekkefjordsposten» opplysa lesarane sine om at det gamle skulehuset i Moi - og Gjemlestadkrinsen var ombygt til å ta imot arbeidstenestegutar. Ein troppsførar som er komen dit, fortel at det kjem 45 ungdomar - ein tropp er inndelt i tre lag - frå Rogaland midt i mai. Utanom troppsføraren skal det koma tre lagførarar. Det er tilsett tre kvinnelege kokkar som skal koka og servera mat til karane dei tre månadene tenesta varer. Det er enno ikkje fastsett kva slags arbeid troppen skal driva med, men det kan vera tale om å hjelpa bøndene med gardsarbeidet. Lokalavisa hadde seinare dette året ingen meldingar om arbeidet til Arbeidstjenesten - AT.

I dag er organisasjonen Arbeidstjenesten truleg ukjend for dei fleste nordmenn. Eit kort historisk attersyn over organisatorisk oppbygging, ideologi og innhald kan derfor vera nyttig for å forstå dei intensjonane NS-styret hadde med AT som reiskap for å gjennomføra sine politiske mål.

«Arbeidstjenesten» var ein sivil samfunnsinnsats, friviljug eller obligatorisk, som fleire europeiske land organiserte i mellomkrigstida. Føremålet var å utføra samfunnsgagnleg arbeid som ikkje kunne gjerast av den vanlege arbeidskrafta, og som samfunnet ikkje makta økonomisk, dessutan sysselsetja arbeidslaus ungdom og skapa større solidaritet mellom dei.

Tanken var at når staten kunne påleggja folk militærteneste, kunne han også krevja arbeidsinnsats som landet trong.

I Tyskland innførte Hitler-diktaturet obligatorisk Reichsarbeidsdienst frå 1935. Denne skulle vera ei førebuing for militærlivet og eit forum for ideologisk påverknad. Organisasjonen var derfor militært oppbygd. Både kvinner og menn skulle ha ett års arbeidsteneste.

I Noreg var høgreorienterte politiske rørsler og parti talerøyr gjennom mellomkrigstida for ei friviljug arbeidsteneste, og i 1937 organiserte nokre privatpersonar eit slikt tiltak.

Sommaren 1940 sette Administrasjonsrådet i gang ei friviljug arbeidsteneste for å hjelpa til med skogsarbeid, innhausting og byggeanlegg (t.d. øydelagde hus, bruer mv. etter kampane våren 1940) organisert og administrativt underlagd Departementet for arbeidstjeneste og idrett. Frå 1941 gjorde dette tenesta obligatorisk (tre månader) for menn i vernepliktig alder. Dette departementet brukte Arbeidstenesta systematisk for å gjennomføra NS-regimet sin politikk.

Øvste sjef for organisasjonen var NS-mannen O. A. Fosby, oberstløytnant og tidlegare kommandant på Oddernes festning. Storparten av AT-leiarane hadde vore norske offiserar. Desse fekk fire månader opplæring i Noreg, nokre også tilbod om utdanning i Tyskland. Ein del melde seg inn i NS. Ved årsskiftet 1944-45 var 90 prosent av stabsoffiserane innmelde, 80 prosent av troppsførarane og 59 prosent av lagførarane.

Då det i 1943 kom påbod om at leiarane skulle helsa med oppstrekt hand og seia «heil og sæl», slutta ein del offiserar å gjera teneste i organisasjonen.

Etter krigen blei ikkje deltaking i AT halde for straffbart, og ein del av dei yngre offiserane fekk derfor halda fram i Forsvaret, berre nokre få utestengde endå dei ikkje var NS - medlemer. Derimot var medlemskap i NS straffbart.

Den norske organisasjonen blei etter tysk mønster bygd opp halvmilitært med arbeidsdistrikt, fylking, sveit, tropp og lag.

I Vest-Agder var det fem leirar med eit sveit (100 - 150 mann) i kvar: Finsland, Øvrebø, Holum, Vigmostad og Fjotland. Den siste hadde ein tropp på Moi/Gjemlestad, og to troppar i Fjotland herad. Ein sveit inneheldt tre tropper, kvar tropp hadde tre lag (15 mann i kvar).

AT-karane fekk grøne/brune uniformer og spader i staden for rifler. Spadene blei brukte til eksersis og ved paradar i tillegg til å vera tradisjonell arbeidsreiskap. Til leir nytta AT delvis eksisterande offentlege militære bygningar, forsvarsanlegg og skular, men også mange brakker måtte byggjast i nokre av distrikta ( til innkvartering, storkjøkken, kantine, kontor osv.).

I åra 1941 – 42 var tenestetida tre månader. i sommarhalvåret, frå 1943 auka til seks månader. Det var krigskulla av vernepliktige som blei kalla inn til Arbeidstjenesten, dvs. årsklassane 1941 -1944. Ungdom som var sysselsett i primærnæringane, slapp oftast innkalling.

Tenesta tok til med opplæring i bruk av reiskapar, arbeidstrening, disiplin og orden, eksersis og gymnastikk. Dessutan var det teoretisk undervisning i jord- og skogbruk, samfunnsfag og historie, såkalla «kulturell fostring», her under kjennskap til nasjonalsosialistisk ideologi. Denne siste oppgåva var det få leiarar som tok opp, fordi det var lite populært. Av same grunn slapp dei innkalla å bruka «den norske helsinga», men fekk lov til å helsa på militært vis med handa til huva.

Hovudsaka for AT-karane var fysisk arbeid: veg- og brubygging, grøfting av myr og vassjuk jord, stubbebryting, steinrydding og vedhogst. Eit viktig arbeid var også å hjelpa bøndene med innhaustinga, sløkkja skog- og lyngbrannar og andre naturkatastrofar.

I Kvinesdal såg bygdefolket lite til «spadens soldater». Ein laurdagskveld av og til kunne me møta desse uniformerte grønkledde med spademerke på uniforma når dei ville til Folkets hus på kino eller berre rusla rundt i Neset. Stort sett tykte folk at AT var eit nyttig tiltak. Ungdomane der var med på å halda hjula i gang, dyrka opp nye jordbruksareal og hjelpte til i onnene, i det heile gjorde dei ein særs nyttig innsats for samfunnet.

Både London-regjeringa og Heimefronten appellerte likevel til boikott av Arbeidstenesta, men fekk ikkje folk med på dette. Fyrst då okkupanten i 1944 tok til å tvangsutskriva norsk arbeidskraft, blei det utført sabotasjehandlingar som delvis lamma AT, bl.a. blei arkivet med dei rulleførde årsklassane 1944-45 øydelagde, og innkallinga til teneste dermed uråd å gjennomføra etter planen. Vinteren 1942 var det elles heilt andre hendingar som bygdefolket var meir oppteke av enn tysk nærvær og AT- leiren i Austerdalen : Den norske kyrkja og skuleverket gjekk til kamp mot nazifiseringsframstøytane frå NS- styret.

Skulen til kamp mot nazifiseringspolitikken

Den såkalla Statsakten på Akershus 1. februar 1942 markerte ei endring av okkupasjonsstyret i Noreg. Dei kommissariske statsrådane som Reichskommisar hadde nemnt opp 25. september 1940, blei avløyste av ei «nasjonal regjering» med Quisling til ministerpresident (dvs. leiar av regjeringa). Dette var Hitlers vilje.

Men denne regjeringa fekk ikkje full suverenitet, for ordninga med rikskommissariat blei halde oppe. Quislingregjeringa var såleis underlagt Terboven – ho var eit okkupasjonsstyre med vide fullmakter. Reichskommissar peika derfor ut tyske Berater ved sida av dei norske statsrådane.

Som medlemer av Quislings regjering blei dei fleste kommissariske statsrådane oppnemnde på nytt.

Dagen etter Statsakten heldt Quisling statsråd på slottet. Han overtok åleine dei funksjonane som etter Grunnlova låg til Kongen og Stortinget. Tidlegare under okkupasjonen blei offentlege vedtak og føresegner sende ut som forordningar, frå nå av var nemninga «lover» og underskrivne av ministerpresidenten. Den «nasjonale regjeringa» la straks stor aktivitet for dagen og vedtok lover med føremål å gjennomføra nasjonalsosialismen i Noreg i samsvar med partiprogrammet til NS.

Her skal me sjå nærmare på dei lovene som førte til konflikt med skulen (dvs. fyrst og fremst folkeskulen og den høgare skulen).

Den 5. febr. kom «Lov om Norges lærersamband» og «Lov om nasjonal ungdomstjeneste». Den fyrstnemnde avløyste dei private lærarorganisasjonane (Norges lærarlag, Lærerinnelaget, Norsk lektorlag mfl.). Norges lærersamband skulle vera ein fagleg samanslutning og utgjera ein felles møteplass for lærarane og styremaktene. Alle lærarane var pliktige medlemer. Lova nemnde ikkje kva innhald samarbeidet skulle ha, men framståande NS-folk som landsleiaren Orvar Sæter sa klårt frå om det: «Lærerne skal forberedes for den store oppgave de har i den nye stat, og Norges lærersamband er midlet til å oppdra og lede lærerne inn på de veier de må gå, om de skal fylle sin samfunnsviktige oppgave i det nye Norge».

Lærarorganisasjonane gjekk til aksjon mot sambandet og sende ut parolar til medlemene om å protestera mot pliktig medlemskap i sambandet ved å melda seg ut av dette.

Endå større uro skapte lova om nasjonal ungdomsteneste, for få lærarar ville vera med på å oppseda born og ungdom til gode nasjonalsosialistar. Den 14. februar blei det sendt ut parole frå ein hemmeleg aksjonskomite. Denne oppmoda medlemene sine til å senda inn ein likelydande protest til lærersambandet den 20. februar. Teksten kombinerte ei avvising av pålegget i lova med utmelding av Norsk lærersamband:

Jeg finner ikke å kunne medvirke til en oppdragelse av Norges ungdom etter de retningslinjer som er satt opp for NS` ungdomstjeneste, da dette strider mot min samvittighet. Da et medlemskap i Norges lærersamband etter landslederens uttalelser bl.a. pålegger meg forpliktelse til en slik oppdragelse, og dessuten stiller andre krav som strider mot mine tilsettingsvilkår, finner jeg å burde meddele at jeg ikke kan betrakte meg som medlem av lærersambandet.

Kyrkjedepartementet reagerte sterkt på dette utspelet og kunngjorde at ei utmelding av Lærersambamdet var det same som avskilssøknad. I ein del kommunar blei februarløna til lærarane sperra.

Endeleg innførte departementet brenselsferie i heile mars månad og sende samtidig ut eit rundskriv som slo fast at lærarane måtte gje fråsegn om å stå i Lærersambandet for å få utbetalt løn.

I Fjotland kommune hadde alle lærarane meldt seg ut den 20. februar. Til svar på rundskrivet sende dei via skulestyret denne meldinga til Kyrkjedepartementet: Alle lærarane er samde om at etter det som ligg føre, er ein ikkje viljug til å gå inn i Lærarsambandet.

Men læraren ved skulen på Knaben, Andreas Th. Mygland, var ikkje med på dette vedtaket, han hadde like føre arrestasjonane den 20. mars meldt seg friviljug til å bli fengsla og deportert. Som ungkar og ved god helse kunne han tola ei straff betre enn eldre lærarar med familie. Styremaktene godtok argumentasjonen hans.

I mai sende skulestyret i Fjotland (etter nyordninga desember 1940 var dette endra til eit reint fagstyre: ein leiar og ein såkalla formann) ein søknad til styremaktene om at læraren ved Knaben skule måtte bli sett fri slik at skulen også i denne krinsen kunne koma i gang att, for «elles vil det bli misstemning mellom folk som kanskje vil leggja vanskar i vegen for skulen».

Kyrkjedepartementet avslo oppmodinga blankt.

Styret i Knaben skulekrins informerte då foreldra om at dei ikkje ville ha vikar for lærar Mygland, for då kunne dei risikera å få ein NS-lærar. Dei bad foreldra setja i gong heimeundervisning for borna sine.

Lærarlaget i Kvinesdal hadde fleire gonger samrådingsmøte i Neset før den 20. februar og i dei fylgjande vekene. Det eksisterer truleg ikkje nokon møtereferat frå desse, men eg har ikkje hatt tilgjenge til det lokale skulestyrearkivet.

Eg har derfor berre nokre personlege minne å halda meg til. Det har samanheng med den personlege kontakten eg hadde med læraren i Dyrstad skulekrins, for han budde hos oss i Dyrli skuleåret 1941-42.

Etter at han var komen attende frå møta i lærarlaget, fortalde han litt om kva synsmåtar det kom fram der.

Eg nemner at læraren var ny, og tilsetjinga hans kom brått på folk i krinsen og på gamlelæraren vår.

Gabriel Ryen. Foto: Kvinesdal Historielags arkiv

Læraren som handla i panikk

Frå 1933 hadde Anders Moi vore lærar i Dyrstad skulekrins. Men i oktober 1942 fekk han avskil med lovheimel i ei forordning frå 1941. Denne fastsette at aldersgrense for embets- og tenestemenn skulle setjast ned frå 70 til 65 år. I staden for Anders Moi blei det konstituert ein vikarlærar, ein bygdemann som budde i ein annan kommune og var gift med ei odelsjente der.

Som nemnt fekk han hus og kost hos foreldra mine resten av skuleåret 1941 - 42. Han var interessert i friluftsliv , og eg fekk ofte fylgja han på fisketurar i Fedefjorden. Han lærte meg å spela sjakk, og rettleidde meg vinteren etter i praktisk rekning, eit brevkurs eg tok med tanke på å gå realskulen. Me hadde radioen ståande på stoveloftet, og læraren fekk som god nordmann vera med om kveldane og høyra nytt frå BBC.

Så kom lova om lærarsambandet og parolen frå Noregs lærarlag. I slutten av februar samlast lærarane i Kvinesdal seg fleire gonger i Neset og drøfta kva dei skulle gjera. Læraren vår fortalde oss (foreldra mine og meg) om drøftingane og kva synspunkt som kom fram under desse. Eg minnest han nemnde at nokre av deltakarane var redde for tysk militærstyre dersom lærarane ikkje gav etter. Men dei fleste sa klårt frå at parolen burde fylgjast.

Denne rådde til individuelle utmeldingar med felles grunngjeving. Ingen hadde såleis høve til å kontrollera kven som melde seg ut eller ikkje.

Det gjekk så nokre veker, med nye utspel frå lærarsamband/ Kyrkjedepartement. Men så blei det dramatikk landet over.

Styremaktene ved lokalt politi og lensmenn arrestert den 20. mars over 1000 lærarar og sende dei på tvangsarbeid, størsteparten ved Kirkenes. Her måtte dei bu i trekkfulle brakker, utføra tungt kroppsarbeid og blei sveltefôra like til november. Då slapp dei fri etter at styremaktene lova at lærarane hadde fridom til å undervisa som normalt, og at Lærersambandet berre skulle ha faglege oppgåver. Lærarane godtok denne presiseringa og melde seg då inn att i dette. Dermed var skulen berga frå nazifisering.

I Kvinesdal blei Gabriel Ryen, lærar ved Liknes sju-delte skule, arrestert og deportert til Kirkenes.

Men heilt ute av verda var likevel ikkje lærarstriden , for etter krigen kom rettsoppgjeret. Kva med dei lærarane som ikkje hadde meldt seg ut av Norsk lærersamband, kva straff burde dei få?

Lærarorganisasjonane hevda at desse burde straffast – dei hadde svikta og synt unasjonal haldning. Både avsetjing og reprimande burde vera ein høveleg reaksjon. Styremaktene derimot ynskte ein mild reaksjon, og dei fleste sambandslærarane fekk halda fram i postane sine, men måtte tola reprimande. Det ville gå mest ut over elevane dersom desse lærarane (om lag 10 prosent av lærarstanden) blei avsette eller suspenderte i årevis, meinte påtalemakta.

I april 1946 fekk folk i Dyrstad-krinsen vita at læraren deira var avsett og måtte straks forlata posten sin. Skulestyret konstituerte då Anders Moi som lærar der resten av skuleåret.

Grunnen til avsetjinga kom også for dagen. Denne læraren hadde som kollegaene meldt seg ut av Lærersambandet den 20. februar, men så meldt seg inn att i neste månad og truleg understreka at han ville vera lojal mot NS-styret. Brevet hadde han underteikna med «heil og sæl», nazihelsinga. Det må vel helst tolkast som uttrykk for sympati og støtte.

Mange i Dyrstad-krinsen blei sjokkerte over det han hadde gjort, dei kjende han som god nordmann og skjøna ikkje kva motiv det låg bak dobbelspelet.

Eg har ikkje sett dette famøse brevet, kjenner det berre av omtale. Eg vil tru at denne læraren melde seg ut som dei fleste andre, men blei skremd av rundskrivet om lønssperre og fekk panikk då Ryen blei arrestert. Kanskje venta han som andre fleire arrestasjonar av lærarar og trudde han var i faresona.

I så fall har han handla i desperasjon for å gardera seg mot deportasjon og tvangsarbeid. Eg trur ikkje han hadde nokon som helst sympati for nasjonalsosialismen, men vil meina at han «satsa på to hestar».

Kan henda rekna han med at tyskarane ville vinna krigen ? Ennå i 1942 var ikkje dette ei urealistisk oppfatning.

Elles kan nemnast at den oppsagde læraren stod ikkje på berr bakke. Han dreiv ein så pass stor gard at det rokk til eit rimeleg bra levebrød. Etter nokre år fekk han vikararbeid i skulen, men kom aldri attende til heimbygda si som lærar. Om det var fleire sambandslærarar i Kvinesdal, har eg ikkje opplysningar om.

Det gjekk rykte om at minst ein fekk reprimande etter krigen, men slapp oppseiing.

Samtidig med lærarstriden nådde kyrkjekampen høgdepunktet våren 1942.

Skal kyrkja innordna seg?

Etter 25. september 1941 forsøkte Kyrkjedepartementet å sensurera

dei religiøse sendingane i radioen, og det pressa fram ei endring i kyrkjebøna. Forbøna for Kongen og hans hus måtte utelatast og erstattast av nøytrale formuleringar. Same hausten skipa biskopane og dei friviljuge organisasjonane Kristent Samråd som eit forum for samordning av kampen mot nazifisering av kristenlivet. Hirden - ein valdeleg ungdomsorganisasjon innan NS - kom i slåsskamp med gymnasiastar ved bygymnas, og sjikanerte også fredelege folk på gata i Oslo. I februar 1941 las derfor prestane frå preikestolen opp eit «hyrdebrev som i skarpe ordelag kritiserte Hirden si rettslause framferd.

Kyrkjedepartementet svara då med eit rundskriv i april. Der heitte det at prestane måtte «la det rent oppbyggelige og det evighetsmessige i evangeliet stå i forgrunnen». Nå kom det til open strid om kven som skulle styra den norske kyrkja: den verdslege staten eller kyrkje sjølv.

Bispane sende ut eit nytt hyrdebrev, «Kirkens orden» som hevda at kyrkja er eit sjølvstendig «åndeleg samfunn» som staten må akseptera. Kyrkjedepartementet og NS-prestar meinte derimot at kyrkja ut frå Den heilage skrifta (i breva frå apostelen Paulus) skulle lyda lojalt styremaktene, for dei «er av Gud». Det same lærte også Martin Luther.

Kyrkjestriden toppa seg då domprost Fjellbu blei nekta å halda ordinær høgmesse i Nidarosdomen samstundes som bispane protesterte sterkt mot nasjonal ungdomsteneste.

Under leiing av biskop Berggrav utarbeidde ei gruppe teologar og juristar hyrdebrevet «Kirkens grunn», som klargjorde kva posisjon den evangelisk-lutherske norske kyrkja hadde.

Dette blei lese i alle kyrkjene påskedagen 5. april 1942.

Mest heile presteskapet, 93 prosent, slutta seg til hyrdebrevet og la ned embeta sine. Men dei ville framleis forkynna og utføra alle kyrkjelege handlingar i samsvar med ordinasjonslovnaden.

I Kvinesdal las sokneprest S. A. Sigurdsen alle hyrdebreva som kom til embetet. Denne påskedagen var eg ein tur på Åse - hadde visst eit eller anna ærend hos Jens og Lise Åse. Då fortalde Ingrid og Ruth, som var nokre år eldre enn meg, at dei hadde vore til kyrkje, og at soknepresten hadde slutta. Det var mykje folk i kyrkja denne dagen, fortalde dei. Eg fekk elles noko orientering om kva kyrkjekampen galdt gjennom sendingane frå BBC.

I vekene som fylgde høyrde me lite om motstanden mot nazifiseringa av kyrkja. Kyrkjedepartementet kasta ut nokre få prestar frå prestegardane og utnemnde nye , NS- medlemer, utan særleg omsyn til kor vidt dei var teologar. Nokre suspekte emissærar og klokkarar sende dei på lynkurs og let ordinera etterpå. Men tiltaket var mislukka. Desse politisk lojale prestane var det få som ville høyra på. Ein del prestar og alle biskopane blei internerte. Kyrkjedepartementet let elles vera å gripa inn eller hindra dei sokneprestane som utførde vanlege kyrkjelege handlingar bortsett frå at borgarleg vigsle blei lovfesta.

Sokneprest Sigurdsen og prestane i dei aller fleste prestegjelda på Agder fekk bu i prestegardane, men ikkje utbetalt løn. Kyrkjelydane sytte då for pengeinnsamling i løynd, og folk kom ofte til prestegarden med kjøt, smør osv.

Elles hadde det religiøse livet ei stor tid frå 1942 og til eit par år etter krigen. Det var rikeleg med festar og stemne om sommaren, og møteseriar på bedehusa haust og vinter.

Etter kvart kom kjende og veltalande predikantar og heldt møteseriar med vekking som mål.

Mykje folk møtte alltid fram, dei hadde niste med seg og fekk gratis kaffierstatning i møtepausen.

Det viktigaste samtaleemnet når folk møttest, var sjølvsagt korleis verdskrigen utvikla seg. Nå var det aukande optimisme, for tyskarane makta ikkje lenger å føra sigerrik «Blitzkrieg». Nå kom vendinga: offensivar køyrde seg fast, og på frontane stod Wehrmacht i desperate forsvarskampar.

Tyske nederlag skaper glede og optimisme

Det var med stor interesse og spenning me fylgde utviklinga på Austfronten og i Nord-Afrika gjennom 1942. Etter kvart skjøna alle at Wehrmacht kom til å tapa krigen trass ein enorm innsats av soldatar og krigsmateriell.

Austfronten: Hausten 1941 og vinteren 1942 dreiv Sovjet tyskarane tilbake på mid- og sørfronten, men Wehrmacht greidde å stabilisera frontlina våren 1942. Så sette Hitler i gang ein stor sommaroffensiv med særs ambisiøse mål. Han ville okkupera Kaukasus med oljefelta og ta industribyen Stalingrad ved Volga for å sperra sambandet med Moskva-regionen. Store og godt væpna hærar sette så i gang ein offensiv, og slo seg fram mot måla, men blei stansa i september av sterke sovjetiske styrkar langt inne i Kaukasus.

Den sjette tyske armeen, om lag 250.000 soldatar, kjempa seg under sterk motstand fram til Stalingrad, men greidde ikkje å ta byen. I staden omringa sovjetiske styrkar tyskarane og isolerte dei. Dette gjekk føre seg frå november av. Både luftbru og ein motoffensiv frå vest braut saman, og dei tyske soldatane slapp opp for forsyningar, olje og ammunisjon. Svolt, sprengkulde, frostskadar og sjukdom tok livet av fleire enn dei som fall. Hitler forbaud marskalk Paulus å kapitulera, men denne gjorde det likevel sist i januar 1943. Berre 91.000 tyskarar var då att av den sjette armeen. Om lag 200.000 tyskarar mista livet i sommaroffensiven 1943.

Afrika-fronten: Våren 1942 sette britane i gang ein offensiv frå Egypt for å ta den italienske kolonien Libya. Britane hadde god framgang. Etter oppmoding frå Mussolini sende Hitler general Rommel ned med eit Afrika-korps for å hjelpa italienarane. Han hadde straks stor framgang, nådde mest fram til Kairo og truga med å okkupera Suezkanalen og sperra sjøvegen til India for britane. Men nå kom britiske elitestyrkar til fronten – det var dei vidgjetne «red devels». Ut etter hausten blei så Rommel pressa tilbake heilt til grensa mot Tunis, og han førebudde seg, trass i at Hitler var usamd, på å evakuera soldatane sine og gje opp kampen i Nord-Afrika.

Alt dette var særs godt nytt for oss, me såg med stor optimisme det nye året i møte. Kan henda ville okkupasjonen snart vera historie ?

Kjelder:

Hovudkjelda er «Flekkefjordposten» for året 1942

Eigne livsminne

Artiklar i Wikipedia

Knabens historie. band 2, side 54-55

Artiklar i Norsk krigsleksikon