Vi har delt artikkelen opp i to. Første del ble publisert forrige lørdag.

Ny butikk opna

Eg har ikkje greidd å finna annonsen for opninga, men det ser ut til å vera onsdag 3. mai 1950. Den dagen var salet på 600 kroner. Varene var då flytta over i nybygget og sjølv om det framleis var knapt med varer hos grossistane, prøvde han å få tak i nye varer til opninga. På ein faktura på 57 par sko frå grossist Ole D Danielsen i Kristiansand 26. mai 1950, er føydd til med hand: Dette hjelper vel litt i de nye fine lokaler. Hilsen H.J.»

Eg minnest ikkje at det var kø første dagen. Den første som ville kjøpa sko, skulle få dei gratis. Og eg er nokså sikker på at det var ein skuleelev som heitte Svein Tjessem. Han ville ha eit par tennissko, i dag hadde det nok vore joggesko. Det var mange skuleelevar i bygda og eg minnest dei leverte inn mange sko til reparasjon og litt sal blei det nok. Ingvald hadde annonse i fleire russeaviser. Annonse i Agder 14. mars 1951:

I dag tilbys:

Herrekalosjer, alle nr.

Slagstøvler herre, nr. 39-46

Herregummistøvler nr. 40-47

Grubestøvler nr. 39-47

Fjøssko til barn fra nr. 25 og oppover

Har ennå en del sko i herre, dame og barn til gamle priser.

Ingvald Gullestad

Liknes

Skotøyforretning

Etter kvart kom det fleire varer og salet auka. Det var populært då vi fekk aurlandssko. Eg sleit ut fleire par - og fekk alltid gnagsår når dei var nye.

Døme på skokjøp:

6.2.1950 - Gunnar Omland - grubesko kr. 22,15

27.2.1950 - Trygve Galdal - støvlar kr. 17,65

16.3.1950 - Ola P Røinestad - arbeidskalosjer kr. 10,70 + 0,50 i frakt

6.5.1950 - Sverre Amundsen - lakksko kr. 22,95

21.5.1950 - Asbjørn Fjeld - sandaler kr. 12,80

25.5.1950 - Trygve Rafoss - turnsko kr. 5,75

23.8.1950 - Thora Berghom - beksøm kr. 33,85 + såler 0,75

26.9.1950 - Tilda Tjørnhom - aurlandssko kr. 29,70

Vi hoppar 18 år fram i tid:

9.9.1968 - Andreas Londal - tøflar kr. 30,-

18.9.1968 - Oskar Paulsen - tennissko kr. 29,-

25.9.1968 - Tønnes Rob - sko kr. 63,-

3.11.1968 - Anne Lise Toresen - støvlettar kr. 124,-

20.12.1968 - Sven Grøtteland - skistøvlar kr. 66,50

27.3.1969 - Andreas Trælandshei - kalosjer kr. 21,-

17.4.1969 - Gunnar Hunsbedt - fotballsko kr. 47,-

Etter krigen kom etter kvart nye produkt; springstepsko, sko med rågummisolar, platåsolar, kilehælar og etter kvart støvlettar, mokkasinar, badesko og mange slag sandalar. Av småvarer nemner eg: innleggssolar (mange frå Isaksen i Flekkefjord), strømper av mange slag, lærfarge, skokrem, skolisser, kippekapper, gummilim, skohorn, skobørster, skeisereimer, arbeidsvottar og mykje meir. Skomakarane brukte mykje sålelær. Fleire grossistar selde lær frå Årenes Garveri. Det gjekk også mykje gummiplater, ferdige gummisolar og hælar, skogarn og tråd, bek og bektråd, sylar og sylskaft, bust, teks (småspiker), maljer og ymse verktøy. Etter at heile etasjen blei butikk, hadde han i ein periode damevesker.

Ein populær julepresang var tøflar, men alle her sa «måransko».

Det var større skilnader på kva slag sko aldersgruppene brukte då enn nå. Kven av oss damepensjonistar vil gå inn i ein skobutikk og seia vi vil sjå på eit par «konesko» eller «fjøssko»? Og kven ville for 60 år sidan gå i kyrkja i sandalar eller joggesko?

Annonse Agder 30. januar 1967.
Skilt malt av Odd Dubland i 1966. Foto: Andy Syvertsen

Sko med «Ruta»

Det var ikkje lett for folk i dalane, på Austheia og i Fjotland å koma til Liknes for å handla. Mange brukte telefon eller skreiv eit brev og bad Ingvald senda sko dei trengde. Han blei ganske flink etter kvart til å finna sko som passa til den enkelte. Det var lett med støvlar og arbeidssko, litt verre med damesko. Mange gonger sendte han opp fleire par for prøving. Før 17. mai 1970 sendte han 3 par sko til Taletta Stakkeland, det var eit par ballerina og to par kvite sandalar. Det var eit par av dei kvite som passa jenta som truleg skulle bruka dei 17. mai. Til Knaben blei sendt mange par «grubesko». Eg gjekk mange gonger på «Ruta» med skopakkar, mest Kvinaruta, men også til «De Forenede» på Hansens Kafè. Frakta i mange år var 50 øre, litt seinare 70 øre og i 1970 var frakta kome opp i 3 kroner.

Mange brukte telefon eller skreiv eit brev og bad Ingvald senda sko dei trengde.

Karl Rørvik i skomakarbua 1981. Foto: Johannes Hamre

Den siste skomakaren

Karl Rørvik 1912-2001.

Han var den faste skomakaren dei siste tiåra av butikken. Karl hadde bygd ei lita skomakerbu ved sida av huset sitt på Øye. Han køyrde moped og kom og henta reparasjonar og kom att med det som var reparert og kjøpte lær, gummi og alt han trong. Karl var ein uvanleg gild mann og han kunne minnast mykje. Alice og Ingvald var av og til barnevakt for barnebarnet Anne. Ho likte godt å vera hos morfar på butikken og når skomakaren kom, spelte dei Gnav. Dette minna han Anne om fleire gonger seinare.

Karl Rørvik i skomakarbua 1981. Foto: Johannes Hamre

Leigefolk

Det var plass til fleire i nybygget enn skobutikken og bustad for familien. Det passa slik at ein ny lege ville opna praksis i bygda. Lege Per Peersen hadde legekontor på sida av butikken og familien fekk bustad i tredje etasje. Dei flytta inn samstundes med butikken.

Dr. Peersen

har begynt praksis i Kvinesdal

Kontortid 10 – 2

tel. 38

I 1957 flytta Per Peersen til Flekkefjord, då hadde han hatt eit avbrekk på eit år der Odd Kogstad var vikar for han. I 1957 kom Enok Sanne og så i 1960 Einar Fjulsrud, alle med familiar. Alle desse legane var sers godt likte i bygda.

Då det blei slutt på legekontora i huset i 1967, blei 3. etasje leiga ut til andre, i periodar til nær familie. Ut på hausten 1967 opna Ingvald opp veggen mellom legekontoret og butikken slik at heile etasjen blei brukt til skobutikk.

Merkelapp for skomakerne der reparasjonane blei spesifisert. Trykkfeil der gummihæler har blitt til gummiseler.

Ingvalds bilar

Første bilen var K 8405, ein Ford 31 modell kjøpt i 1947 for 1000 kroner. Denne bilen kjøpte Samuel Aamot i 1958 og han betalte også 1000 kr. fortel dottera Judith Gjemlestad.

I 1958 kjøpte Ingvald ein Plymouth av nevø Kjell Gullestad, han hadde bilen med frå USA. Kjell seier han fekk 6-7000 for bilen.

Siste bilen var Taunus 12 M kjøpt ny i april 1965 for 17.000 kroner.

Eple i skobutikken!

Det var rikeleg med eple i Kloster og eg minnest godt at vi selde eple på butikken. Dei låg i store skokassar (vi sa aldri skoesker), og blei voge på same vekta som vi brukte til lær, gummi og småspiker – såkalla teks.

I rekneskapen finn eg dokumentert at det var meir salg av eple enn eg trudde. 4. september 1947 kjøpte lærar Kvinlaug 30 kg eple a kr.1,15. Kvinlaug Kafè kjøpte 32 kg då og fleire gonger seinare. Fleire eple blei sendt til Fjotland. 17.12.47 sendte Ingvald 15 kg eple til Peder Homme, Helle, for kr. 1,65 pr. kilo pluss 75 øre i frakt. Dette måtte truleg vera «Laugeple» som skulle vera til jul. Nå vil ingen her eta desse epla, fuglane et dei på trea. Ein gong sendte han eple til Snartemo.

Barnebarn Ingvald fekk skinntøflar av morfar til jul i 1973. Foto: Privat

Ein sosial møteplass

Mange fant vegen inn ikkje bare for å handla, men og for å prata litt. Ein som var her mykje, var Andreas Trælandshei. Han hadde av og til «kontoret» sitt på den raude damesykkelen med fargerikt nett på bakhjulet utanfor butikken. Der ordna han med forsikringar og ga gode råd. Av og til løyste han av i butikken når Ingvald skulle ordna ting. Hans Kristian Aamodt var ein fast gjest, då blei det mykje snakk om tida i Amerika og det dei hadde opplevd der. Ingvald likte alltid når det kom inn norskamerikanarar. Ekstra moro var det dersom dei hadde med folk som bare kunne engelsk, då kunne Ingvald få praktisert engelsken. Mange fjotlendingar tok bussen ned om morgonen, og hadde god tid til å prata.

Før kvart einaste forstanderskapsmøte eller andre møte i banken var det mange som kom inn for å diskutera det som skulle opp. Eg minnest spesielt Sverre Førland og Hans Nordhelle i tillegg til Andreas S Hamre. Og Sinius Egeland prata om bedehuset og politikk.

Lestar i seks størrelser. Foto: Johannes Hamre

Grossistar og handelsreisande

Grossist og handelsreisande var ord eg lærte tidleg. I den tida Ingvald handla, var det ingen store kjedar, men mange små og større grossistar og skofabrikkar. Eg har notert minst 15 norske skofabrikkar som leverte sko til butikken. Dei tre første grossistane Ingvald handla med i 1939, var SS Bredal i Stavanger, O Martin Olsen og Ole D Danielsen, begge Kristiansand. SS Bredal og O Martin Olsen var dei to han kjøpte mest varer av i alle år. Dei hadde same handelsreisande i mange år og dei blei mest som vener av oss. Vanlegvis var dei to gonger i året med vår og haustkolleksjonen. Då kom dei inn i butikken med store koffertar og for meg vart det spennande å sjå nye motar. Av og til fekk eg lov å ta ut eit par som eg blei åleine om. Det var Einar Rasmussen hos Bredal som skaffa meg første hybelen i Stavanger og vi fekk til og med bryllaupsgåve av han.

I den tida Ingvald handla, var det ingen store kjedar, men mange små og større grossistar og skofabrikkar.

Dei siste tiåra

Butikken var heile tida ei einmannsbedrift. Ingvald var stort sett heile tida åleine. Broren Bjarne, som i ein periode budde i 3. etasje, avløyste på butikken nokre timar i blant. I slutten på 60 talet leiga han inn nokre damer både til avløysing og når det var travelt. Dei to som var der mest, var Lilly Jerstad og litt seinare Solveig Egeland.

Eg hadde frå 1950-åra vore med når eg var heime på ferie og etter vi gifta oss og budde i Kloster. Når det var salg, var det godt å vera fleire til å ekspedera. Det var veldig triveleg og mange koselege folk å møta. Det var bare få skopar som sto framme, så av og til kunne det vera vanskeleg å finna dei skoa kunden ønska. Noko som eg ikkje likte så godt, var når det kom folk som skulle ha gummi og lær til å sola skorne sjølv. Dei hadde teikna av størrelsen på eit papir og vi måtte skjera ut med den krumme skarpe skomakarkniven. Det var greitt når det var skomakarar som kom eller folk som var vant med kniven, då fekk eg dei til å skjera sjølv.

1970 fylte Ingvald 70 år og tok litt meir fri.

Om hausten var han glad i å gå på heia etter bær. Ingvald og venen Teodor Mygland hadde nokre gilde turar etter molte og tyttebær.

Då Ingvald passerte 75, ville han leva som ein vanleg pensjonist. Rolf og eg kunne få overta, men vi fant ut at det kravde for mykje og vi trudde heller ikkje at ungane våre ville bli interesserte.

Lest på stativ. Foto: Johannes Hamre

Ingv. Gullestad`s Eftg.

Ingvald var glad då han hadde fått avtale med nevøen Helge Gullestad og kona Elrid som ville leiga butikken og overta varene. Dei dreiv butikken i 10 år og etterpå kom det bank i lokala og nå har Tonning og Egeland hatt klesbutikk i mange år.

Banken

Ingvald sine to bestefedre og to av oldefedrene var med og starta Kvinesdal Sparebank i 1870. Faren Bernt H Gullestad og fleire i nær familie var tillitsmenn i banken. Så det var naturleg at Ingvald kom inn i forstanderskapet i 1944, som formann frå 1964 til han slutta i 1972. Då banken bygde eige hus i 1954, var Ingvald i byggekomiteen. Han var også med i komiteen då banken feira 100 år i 1970. Då hadde bankbygget frå 1954 vore for lite i mange år. Ingvald var med og forhandla med Ingeborg og Jenny Hompland som til slutt sa seg villig til at banken fekk kjøpa huset der det nye bankbygget kom.

Kommunestyret

Då Kristelig Folkeparti stifta lag i Kvinesdal etter krigen, fant Ingvald seg til rette der. Partiet stilte liste ved valet i 1947 og fekk inn 6 representantar. Ingvald var nr. tre etter Torvald Kvinlaug og Sinius Egeland. Dei andre tre var Hans Nordhelle, Harald Hunsbedt og Sverre Førland. Det blei bare med denne eine perioden. Sidan han var aleine om butikkdrifta, følte han at politikken tok for mykje tid og prioriterte andre ting.

Bedehus og misjonen

Dette arbeidet hadde ein stor plass i livet hans. Han var med i styret, han var kasserar i mange år og han var også med på basarane på Slimestad. Der overtok han kasserarjobben etter svigerfaren Samuel Kloster. Enkelte predikantar og emissærar budde av og til i huset på Liknes. Då Odd Dubland budde der nokre dagar, malte han namneskiltet til butikken.

Noko av det siste Ingvald var med på, saman med Berg Biktjørn, var auksjonen etter barndomsvenen Ludvig Gullestad på Øye i august 1977. Pengane gjekk til misjonen.

Siste bilde vi har av Ingvald. Frå avisutklypp august 1977.

Pensjoniståra

Eg trur Ingvald treivs godt med arbeidet i butikken, sjølv om det kan henda ikkje var det han hadde drøymt om. Han hadde stor glede av å prata med kundane. Det viktigaste var ikkje å prøva å få dei til å handla mest mogeleg og eg har høyrt av fleire at dei sette stor pris på dette. Eg var vitne til fleire gonger at han slo av på prisen eller ga bort sko når han såg det var folk som sleit.

Ingvald hadde gleda seg til å ha meir fritid og vera meir saman med barnebarna. Helsa hadde vore god i alle år. Men i september 1977 fekk han hjarteinfarkt og levde bare ei snau veke før han døydde 9. september.

Kilder:

Statsarkivet i Kristiansand.: Valglister

Mikrofilm frå Agder og Flekkefjordsposten.

Takk for opplysningar og foto frå Solveig og Ingebret Egeland, Gunnulf Eiesland, Johannes Hamre, Aagot Holmen, Alf Jonny Rørvik, Signe Solberg, Andy Syvertsen og fleire.