Michell Jenssøn Bloch var dansk, født i Jylland. Han må ha blitt sorenskrivar i Feda seinast i 1632, for alt på forsommeren 1633 hadde han stelt seg slik at han var kommen i unåde hos bøndene som sende klagemål på han til kongen. Klagemålet gjekk ut på at han tok store skrivepengar for brev og at han krevde to eller tri riksdaler for å sette retten, - klagemål som var vanlige over den utsuging bøndene var utsett for av embetsmennene.

Det var også klage på skrivaren i Helvik tinglag frå bøndene der. Lensherren i Lister len fekk brev frå kongen om at sakene måtte granskast til bunns. Var skrivarane skyldige skulle dei straks avsettast og bøndene få tilbake det skrivarane «utilbørlig dennem annammet haver».

Men et par dagar etter kom det atterbod frå kongen. Det var kommen motklagar frå skrivarane der dei kjærer over at «der til deres bestilling skal ligge en såre ringe ting så de ikke har det de kunne leve av og derfor underdanigst begjærendes at dennem måtte enhver bevilges en gård å bo på».

SKRIVARKLAGANE førte fram. Ved forordning av 1634 gav kong Christian IV pålegg om at alle skrivarane i heile riket skulle få utlagt ein fire huds embetsgard av krongods så snart feste for ein slik gard gjekk ut.

Skrivaren på Lista fekk i 1635 utlagt gard på Lindland, men då denne bare var på to huder fekk han også utlagt ein to huds gard på Biland.

Også Michell Bloch fekk i 1635 tilsagn om skrivargard. Ved brev dagsett Huseby 13. september 1635 frå futen i Lister len, Berent Berentsen, blei han tilvist skrivargard på Sande i Feda. Og 2. april 1636 fekk han festebrev på det firehuds godset som hadde ei årlig landsskyld på ei tønne laks. Han fekk også lov til å «nu straxens at må lade bøgge sig huus og herborg på samme grunn». Men på godset skrivaren hadde fenge feste på, sat to leilendinger, Steinar og Rasmus Bessesønner med feste for seg på livstid. Og så skjer ting som ettertida også har lagt skrivaren til last. Michell bar ikkje navnet sitt til unyttes. Han prøvde nå med revestreker for å få leilendingene vekk. Rasmus hadde gitt stemor si, Ane Lauritsdatter, lov til å bruke litt av si byksla jord ho kunne dyrka et par tønner korn på.

Dette meinte Michell var i strid med bykselbrevet og at Rasmus måtte gå frå godset. Han stemner Rasmus til lagting som blei sett i Farsund 22. september 1636. Rasmus gav 28. august Olav Midfjellså tinglyst fullmakt til å møte med seg i retten. Både Bloch og futen meinte Rasmus måtte gå frå godset fordi han gav stemor si lov til å «så udi samme jord». Dette var et skrøpelig grunnlag til å driva ein fattig leilending frå gard og heim etter han i 1626 hadde fenge byksel på godset stemor hans før hadde byksla og brukt, og attpå til hadde betalt førstebyksel på 30 riksdalar. Det blei gjort alt for å unngå dom i saka. Etter påtrykk av ein lagmann, ein fut og to skrivarar gav Rasmus og hjelpesmannen etter og gjekk med på ein «venlig contract» om innan to år å flytta frå garden. Michell skrivar og Steinar leilending skulle så sitte med kvar sin halvpart i garden. Men de skulle kver betala 10 riksdalar til Rasmus til hjelp med ny gard og underhold til stemora. Rasmus blei utløyst til fastsett tid, og ved kongebrev av 25. juni 1640 fer Michell Bloch festebrev på livstid for seg og kona på ein halvpart av Sande.

Og i kraft av livstidsfestet blir Michell Bloch også etter han seinare blei avsett som sorenskrivar, buande på Sande til sin døyande dag.

Epifatet i Feda kirke. Foto: Hans Alf Slengesol

I 1655 fekk begge skrivarane, Michell Bloch i Feda og Laurisz Kjeldsen i Lister, sparken av lensherren Jørgen Bjelke for deres store forseelses skyld. Det er ikkje kjent kva gale dei hadde gjort. Det kunne vera uforstand eller forsømmelse i embetet sitt, eller utsuging av allmuen, eller at dei var heilt udugelige som skrivarar. Den kongelige forordning av 1634 påla lensherren at dersom ein sorenskrivar, - «hans forseelse skulle groveligen befindes så skulle han av lensherren cassares».

Hans forseelse skulle groveligen befindes så skulle han av lensherren cassares.

Så forseelsen til Michell Bloch må nok ha vore groveligen.

Listaskriveren slapp med skrekken. Året etter er han igjen i embetet.

MICHELL BLOCH levde i 1664. Han er då med på folketellingslista, og alderen er oppført til 46 år. Han skulle etter dette vera født i 1618. Han er ført under Bønder, og eigar av et fire huds gods i Feda. Er alderen rett skulle han bare vera i 14 – 15 års alderen då han i 1632 blei sorenskrivar i Feda. Det er ikkje ukjent at dei danske skrivardrenge som blei sett til sorenskrivarar kunne vera både unge og udugelige. Dette viser også et kongebrev frå 1633 til kansler og statholder der det blir sagt at «det skal settes dyktige folk til sorenskriverar og ikje drenge eller de som intet duge».

Så det kan vera rett at Michell bare var i 15 års alderen då han blei skrivar i Feda. Men det er vel meir rimelig at futen i folketellingslista har skrevet feil 10 års tid eller så.

Kona til Michell Bloch heitte Ane Henrichsdatter og var frå Feda. Ho overlevde mannen og gifte seg på nytt med Povell Hansøn Sckelsøe som var poståpner på Feda. Han var født i 1632 dersom alderen 74 år ved tellinga i 1706 er rett.

Men før 21. november 1679 er også Ane Henrichsdatter død. Denne dag blir det holdt skifte etter henne. Povell Hansøn levde etter henne. Det er ikkje funne skifte etter Michell Bloch. Ved skifte nå er arvingane Malene og Anne Michellsdøtre. Dette er einaste gang ein møter datteren Anne i bok og skrift, så hennar videre lagnad er ukjent. Malene blei gift, og ein del av hennar mange etterkommere blir nemnd seinere.

Michell og Ane hadde også ein sønn, men han er ikkje med på tellinga i 1664 så han var død før den tid. Det er bare menn som blei skrevne i manntallet.

Den skrivargarden Michell Bloch bygde på Sande, - et tostoks (tohøgda) hus med låge lopter, - blei revet rundt 1850.

Michell Bloch og kona skal begge vera gravlagt under kjørka i Feda.

I FEDA KJØRKJE er opphengt et epitafium (minnetavle) over Michell Bloch og kona og dei tri barna. Det er malt på lerret og er ikkje signert. Det er kosta og opphengt av Povell Hansen Sckelsøe den 1. mai 1679. Bildet på epitafiet viser den krossfesta Kristus med ein engel på kvar side som bles i basun. Under står: Kommer minne Faders Vellsignede. Så er det bilde av familien Bloch, mann og kona og tri barn. Nederst et sovande barn, uten at teksta på epitafiet fortel noko om dette barn.

Det ettermæle Michell Bloch hev fenge på epitafiet forgyller dei slagskygger som hadde formørka hans embetsgjerning og som gav grunn til å gje han avskjed i unåde.

Epitafiet hev denne påskrift:

Herunder Hviler Førcht. Kongl. Mayesty Soren Schrifuer i Lister Lehn Erlig achtbar og Vellforstandig Mand Michell Jenssøn Bloch, barnfød i Salling udi Judland oc den Erlig oc Gudfrychtige Matrone Ane Henrichs Datter, Barnfød Her paa Fedde i Fede sogn, nu begge sal. hos Herren: og hafuer den allvidende Gud dennem udi deris Echteskab Velsignet med disse trende Børn. En Søn og tvende Døttre. Sønnen er tilligemed Forældrene før hensoffuet. Gud giffue dennem med alle Guds Børn en glædelig opstandelse paa dommens dag. Og er dette ringe Epitaphium af Salig Matrones Efterlatte Mand Povell Hansøn Sckelsøe bekostet, Gud til ære, Kircken til prydelse oc andre Med Christne til god Exempel. Actum Sande i Fede Sogn den 1. mai 1679.

MALENE Michellsdtr. Bloch var først gift med Didrich Jenssøn Sande. Dei hadde sønnene Jens og Peder og dattera Cathrine. Ho blei gift med Morten Pedersen Bøgvad. Han var danske, frå ein liten landsby før for Vejle på Jylland, og kom som kontorist til sorenskrivar Bloch på Feda. Han blei seinere lensmann og budde på Sande der han hadde gard av skyld einhud og fire engelsk. Det var skifte etter han 3. oktober 1716. To gutter og tri jenter er nemnd i skiftet, og det er stor slekt etter dei.

Didrich Jenssøn var død før 26. juni 1678. Denne dag blei det holdt skifte etter han.

Malene Michellsdtr. (også kalt Magdalene som vel var døypenavnet) gifta seg på nytt med Frederich Gabrielsen Schønemann. Det er ukjent kor han var frå. Etternamnet kan tyda på embetsslekt. Han hadde ein ein og ein kvart huds gard i Øvre Feda, kjøpt i tida 1670 – 1680. Ved skifte 8. februar 1697 etter fut Hans Gabrielsen på Huseby og kona Anne Hansdtr. var mannens bror Frederich Gabrielsen einaste arving. Hans Gabrielsen som var fut frå 1662, var også kommet i unåde, og i 1672 blei han tvunget til å gå av. Malene og Frederich hadde sønnen Gabriel.

Då det blei holdt skifte etter faren 17. juli 1703 er alderen til Gabriel oppgitt til 23 år, f. 1680.

Det er også stor slekt etter Gabriel, og her skal stakast opp den linje som fører til Herad.

GABRIEL Frederichsen Schønemann overtok i 1704 garden i Øvre Feda etter foreldra. Han var gift tri ganger. Første kona heitte Johanne Gabrielsdtr. Ved skifte etter henne 21. mars 1718 var det tri barn:

Gjertrud, f. før 1710. (Den første kjørkeboka i Feda er frå 1710)

Anne Malene f. 1710

Valborg f. 3. februar 1712.

Det var ingen barn i dei andre ekteskap.

Gjertrud blei 21. januar 1736 trulova og seinare gift med soldat Willem Willumsen Ulland. Det var skifte etter han 8. mai 1754. Gjertrud blei seinare gift med Lars Torkildsen som det var skifte etter 27. juni 1765.

Valborg Gabrielsdtr. Schunemann blei 16. juni 1733 gift med soldat Kiddel Tollachsen frå Iveland. (Det var eksersismo på Feda i den tid.) Dei hadde desse barn:

Tollach f. 11. oktober 1733

Johanna f. 18. januar 1736

Frederich f. 25. januar 1740

Gabriel f. 13. januar 1744

Anne Cathrine f. 31. oktober 1752.

Kiddel eigde ein tri og trikvart engelsk gard i Øvre Feda, verdsett til 163 riksdalar ved skifte etter han 5. september 1753.

Anne Cathrine Kiddelsdtr. blei den 20. april 1778 gift med Peder Albrigtsen Refsti, f. 1752. Han var sønn av Albrigt Larsen Refsti og Marie Pedersdtr Sande. Peder Albrigtsen fekk i 1800 og 1803 feste på to jordstykker på Sande av Jacob Fedde. Anne Cathrine og Peder budde på Sande og her døydde Peder i 1818 og Anne Cathrine i 1842, follougskone 90 år gammel.

Dei hadde tri barn:

Arian f. 26/12-1778

Valborg Kirstina f. 1/2-1784. Ho blei gift enten til Titland eller Lia.

Abel f 26/9-1788, gift med Villum Andersen Feda.

Arian Pedersen blei 23/1-1806 gift med Sara Erichsdtr. F. 1780. Hennes foreldre var Erich Jakobsen Rørvik f. 1744 d. 1812 og Anne Barbro Hansdtr f. 1742 d. 1835, 93 år gammel gardmannsenke på Birkeland. Arian eigde garder både på Birkeland og Refsti og hus og jordstykke på Feda. Arian og Sara døydde begge i 1861. Han 23. mai og ho 19. august.

Arian og Saras barn var:

Anne Cathrine f. 18/5-1806, g.m. Tollak Johannessen Øiset.

Jacob Elias f. 20/12-1807, g.m. Tobine Sigbjørnsdtr. Y Røynestad,

Rakel f. 21/10-1811, g.m. Elias Rasmussen Feda.

Peder Andreas f. 7/11-1813, g.m. Martine Øiset Refsti.

Hans Andreas f. 2/1-1822, g.m. Anne Marie Abrahamsdtr. Gjervollstad

Simon f. 30/8-1825, g.m. Anne Marie Willumsdtr Feda.

Hans Andreas Ariansen blei i 1846 lærer og kjørkesanger i Herad og budde på Sande. I 1859 kjøpte han gard på Hoveland og budde der seinare. Han var lensmann i Herad og Spind frå 1861 til han døydde i 1892. Kona Anne Marie døydde i 1882.