Mellom jul 1941 og nyttår 1942 var det uvanleg mildt i Kvinesdal med berr mark og sommarføre. Heievatna låg opna, og me kunne gjera noko uvanleg for denne årstida: me sette auregarn i Stemtjødna og fekk godt med fisk. Rett nok var auren framleis noko mager etter gytetida, men likevel smaka det godt med fersk fisk.

Men like over nyttår slo vêret brått om. Den milde lufta blei borte, og så kom det klårvêr med sterk frost i vekevis. Etter kvart fekk me også mykje snø og godt skiføre minnest eg.

Snart fekk folk problem med kaldvêret. Det måtte fyrast mykje meir enn vanleg, og lagra av turr vinterved tok omsider slutt. Då bar det til skogs på vedhogging. Godt føre gjorde at mange kjørte bjørkestokkane heim med hest og slede. Så var det å stå på tunet i dagevis, saga veden opp med grindesag og kløyva med øks så ryggen verkte. Den rå veden måtte mange bera inn i stova og turka bak omnen. Det utvikla fuktig luft i rommet, og mykje av varmen gjekk med til turkinga slik at større mengder brensel gjekk med enn under normale vêrtilhøve.

Eit lesarbrev frå Kvinesdal til «Flekkefjordsposten» i februar fortel at mange i bygda var mest vedlause. I eit hus hadde dei brukt eit kvart mål bjørkeved på eitt døgn for å halda tilstrekkeleg varme i stova og kjøkkenet. Etterspurnaden etter brensel auka sterkt, men få skogeigarar i bygda hadde brenneved til overs denne vinteren.

Eit anna stort problem var at brunnar og vasskjelder fraus til og gjekk tomme for vatn til både folk og fe. Nokre budde slik til at dei kunne køyra vatn frå åna eller store bekker, medan andre måtte bera vatn lange vegar, og mykje av dagen gjekk med til slikt ekstraarbeid. I Dyrli blei både brunnen og kjelda tomme, men me hadde ein bekk ved innmarka. Det var om lag 100 meter vassveg dit. Eg hadde til dagleg oppgåve å bera full ei tynna som stod i floren. Vatnet måtte bli «kjølslege» før kyr og sauer fekk drikka. Då frosten var som hardast, vermde me vatn på komfyren og gav kyrne og hesten lunka drikke. Det var dei synleg glade for.

I mange kjellarar fraus potetene og blei øydelagde, kunne korkje brukast til folke- eller dyremat. Dei mest uheldige måtte kjøpa setjepoteter til vårvinna, og Forsyningsnemnda fekk mange søknader om kjøpeløyve Men det var uvisst kor vidt denne kunne skaffa så store kvanta som bøndene trong. Det var små lager både av poteter og mange andre viktige konsumvarer ved inngangen til 1942, og styremaktene måtte skjerpa rasjoneringa. Fleire gonger blei kvotane reduserte også.

Artikkelforfatteren: Anstein Dyrli Lohndal f 1926 i Kvinesdal. Pensjonert lektor. Foto: Privat
Denne karen er i godlag, for han har noko godt i koppen sin: «Tomt er mitt harem, slokt er min vannpipe. Men min kopp er full, derfor smiler min sjel, og jeg mumler glade takkebønner i skjegg, med ansikt mot Mekka. Foto: Privat

Rasjoneringa meir omfattande - mindre kvotar

I februar kom det melding frå styremaktene at kaffi og te ikkje lenger var i handelen, og fylgjeleg inga tildeling av kort på desse varene. Men framleis skulle personar over 14 år få tildelt ei sjokoladeplate pr. månad. I handelen var det frå nå av berre kaffierstatning å få. Denne var rasjonert, men kvotane tolleg romslege. Etter kvart gløymde folk korleis «ekte kaffi» smaka og greidde seg godt med erstatninga. Denne drikken var også mindre helseskadeleg enn kaffien.

Ostar av alle slag fekk nedsette kvotar. Frå 20.februar til 30. mars kunne kvar person mot klypp av ekstramerke E101 få kjøpa 250 gram gamalost eller smelte-/eskeost med feittprosent over 20. Eit anna alternativ var 1 kg. kinnemjølkost med feittprosent under 20.

Seinare kom det tildeling av mørk sirup. Kvar person fekk tildelt 600 gram sirup. Mange brukte denne sirupen til pålegg på kjøpebrødet, som var bakt på surdeig.

Vin og brennevin blei rasjonert ved forordning av 3. januar 1941. Kvar vaksen person over 21 år fekk tildelt kjøpekort. På dette kunne han kjøpa enten ei flaske brennevin eller vin pr. månad.

Ordninga skaffa Vinmonopolet mange nye kundar. Folk som sjeldan eller aldri hadde kjøpt ei flaske brennevin, også ihuga fråhaldsfolk, tok nå ut kvotane sine kvar månad. Dei fleste fylgde tradisjonen i bygda og kjøpte trestjerners aquavit, dobbelreinsa (karveaquavit) eller finsprit 45%. Desse varene var svært rimelege samanlikna med prisane i våre dagar. Men kvaliteten var ikkje mykje å skryta av. Grunnen til denne auken i alkoholomsetnaden var at brennevin/ vin representerte ein stor bytteverdi – for ei flaske sterkt kunne folk utan vanskar få tak i mest kva produkt dei ynskte. Den illegale prisen gjekk snart opp til kr. 100 for ei flaske av denne kostelege vara. Sidan arbeidsløysa var slutt, fekk folk pengar mellom hendene og dermed større kjøpekraft.

Dei kunne derfor tilby produsentane av mat- og forbruksvarer prisar to tre gonger høgare enn maksimalprisane. Korkje bøter eller fengsel kunne stoppa den ulovlege vareomsetnaden som både nordmenn og tyske soldatar dreiv i aukande omfang.

«Svarthandel» var trass all fordøming ei hjelp for mange, gjorde okkupasjonskvardagen litt lettare.

«Svarthandel» var trass all fordøming ei hjelp for mange, gjorde okkupasjonskvardagen litt lettare.

I 1942 var mest all konsum- og forbruksvarer strengt rasjonerte. Foto: Privat

Priskontroll og «svarthandel»

Like frå krigsutbrotet i 1939 innførte styremaktene maksimalprisar, priskontroll og lønsstopp. NS-styret gjekk vidare med denne økonomiske politikken og gjorde mest all privat vareomsetting ulovleg. Den som braut føresegnene, risikerte straff: bøter og inndraging av såkalla meirforteneste, dvs. differansen mellom «svartebørsprisen» og den lovlege. Styremaktene sette i verk haldningskampanjar både mot ulovleg vareomsetting og hamstring. «Svarthandlaren» var eit skadedyr som dreiv samfunnsnedbrytande aktivitet – på plakatar og i avisene blei han framstilt som ei feit rotte.

Men etter som rasjoneringa greip om seg, auka den ulovlege handelen. Slekt, vener og kjenningar tilbaud bøndene det doble av maksimalprisane og meir for å få kjøpt kjøt, smør, egg, poteter osv. Snart kom også dei pengesterke kundane til og pressa opp prisane ut over det folk på vanleg dagløn kunne tilby.

Etter kvart gjekk ein god del av matvareproduksjonen i bygdene utanom dei offentlege og lovlege omsetningsledda. Trass i at produsentane blei pålagde pliktige leveransar, fekk dei vanlege mottakarane, t.d. kolonialbutikkar, samslakteri o.a. stadig mindre tilførslar, og resultatet var rasjonering av alle slags kjøtvarer. Ofte måtte kundane venta til dess slaktarforretningane kunngjorde i lokalavisa når det var kjøttildeling, og då gjerne gruppevis inndelte etter alfabetet, fyrst kundar med etternamn

A til K, og veka etterpå resten – L – Å. Forretningane hadde sjeldan kjøtvarelager store nok til at alle kunne få kvoten sin same veka.

Kva når ein produsent selde ei kvige på svart som var registrert av kontrolløren, og ikkje leverte dyret i samsvar med pålagd kvote på lovleg måte? Då var det vanleg framgangsmåte å melda frå til Forsyningsnemnda at dyret hadde forsvunne på beite, og all leiting var forgjeves. Ville Forsyningsnemnda koma heim og vera med på leitinga? Det kom aldri på tale, og dermed var saka ute av verda.

I 1942 var priskontrollen lite utbygd, og risikoen for å bli teken for ulovleg handel liten. Det var heller ingen kontroll av bilar og rutebussar. Folk frå Flekkefjord kunne t.d. trygt fylgja Kvinaruta frå Kvinesdal med store kvanta kjøtvarer i ryggsekker og koffertar. Men det skulle koma andre tider!

Styremaktene fastsette at kommunane skulle ha ansvar for å føra kontroll med dei prisane bedrifter, kommunale føretak, handelsmenn, handverkarar, verkstader m.v. tok av kundane sine. Heradstinga fekk pålegg om å oppnemna priskontrollnemnder i kvar kommune. I november 1942 blei desse peika ut av

Kvinesdal heradsting:

Anstein Unhammer (formann), Simon G. Røynestad, Trine Hunsbet, Sven Slimestad og Andreas A. Åmot.

Som kontrollør for Forsyningsnemnda: Rolf Johannesen Liland. Oppgåvene hans var å mæla opp åkerareala, utføra husdyrteljing og registrera avlingslagra på gardane (korn- og potetmengde). Dette arbeidet var omfattande, og han måtte ha fleire assistentar til hjelp.

Det ei slik lokal nemnd kunne gjera, var helst å kontrollera prisar og avanse hos dei som selde varer eller ytte tenester, sjå til at desse fylgde offentlege føresegner og fastsett prisnivå. Viste kontrollen brot på desse, skulle nemnda senda rapport til prispolitiet, som reagerte med bøter og inndraging av meirfortenesta. Også privatfolk kunne melda vareseljarar som dei meinte tok høgare pris enn lovleg var.

«Flekkefjordsposten» hadde i 1942 berre eit par meldingar om brot på prisføresegnene og ulovleg vareomsetnad:

Kvinesdal Kinomatograf, som heldt til på Folkets Hus fekk påtale for å ha auka billettprisane utan samtykke av styremaktene. Det blei både bot og inndraging. Ein kar oppe i Vesterdalen fann at det var gode pengar å tena på «svarthandel» med kjøtvarer. Han tok til med ei nærmast profesjonell kjøtforretning heime, kjøpte storfe og sauer til god pris, slakta heime på låven og selde kjøtvarer i smått til alle som fekk tips om denne handelen. Kva kilopris han tok, hadde ikkje lokalavisa opplysningar om, men i 1942 veit eg at folk viljug betalte seks –sju kr pr. kg kjøt, dvs. om lag tredobbelt av maksimalprisen.

Men ryktet om «kjøtforretninga» spreidde seg snart i bygda, og det kom prispolitiet for øyra. Resultatet var ei stor bot for ulovleg handel og «uforholdsmessig høy pris» for kjøtvarene, fortalde lokalavisa. Dessutan måtte den initiativrike karen tola inndraging.

Også ein naturressurs som tyttebær meinte styremaktene burde utnyttast rasjonelt og fastsette at bærplukking skulle regulerast. Kvar ordførar fekk derfor pålegg om å fastsetja ein høveleg dato for når bæra var modne nok til å plukkast.

I Kvinesdal fastsette då ordførar Seval Åmot at det var forbode å plukka tyttebær før 1. september 1942. Men noko kontrollapparat eksisterte ikkje, og forbodet hadde knapt nokon praktisk konsekvens. Me som budde i Dyrli hadde mykje tyttebær i krigsåra. Men me tok alltid til med bærpelinga når tyttebæra var modne og brydde oss ikkje om det ordføraren hadde bestemt. For tyttebær modnast ulikt, alt etter kor dei gror, og kor høgt oppe i heiene dei er. Ein annan naturressurs - fiske i fjorden, i åna og alle heievatna - kunne folk derimot nytta i samsvar med gamle og hevdvunne tradisjonar og fangstmåtar.

Eit utval krigsbrennevin. Mest omtykt av konsumentane var Karve Aquait. Foto: Privat
Mor bør spara på såpa!

«Fisken i Vande, det er vores Brød»

Fedefjorden og Kvina har frå gamal tid vore ein viktig matressurs. Særleg sjøgardane har hatt fiske i fjorden som ein del av det daglege brødet både vinter og sommar.

Frå tidleg om våren har laks og sjøaure kome inn fjorden og oppover åna på si årlege vandring, og seinare er det tid for seistimar og makrell. I august samlar store stimar kvitling seg under Kleven, på Indreviga og ved Laksemannen.

Fisketurar på fjorden og oppetter åna har gjeve mykje spenning og god middagsmat, men ei større rolle som ressurs har utan tvil gytevandringa av banktorsk frå Nordsjøen spela. Denne sig inn fjorden like til Guseviga og grunnen ved Laksemannen i mars månad - truleg gjer han det framleis. Særleg har småbrukarane på Øyestrånna og Roben drive torskefiske, og då mest med garn. Om fjorden blei islagd frå desember til april i frostrike år, stoppa dette ikkje fisket. Dei hogg holer i isen med visse mellomrom og trædde garnlenga frå hol til hol med ei lang stong. Det var tungt arbeid i kald og stri austavind, som stundom bles årane ut or rolaget!

Eksempler på rasjoneringskort. Foto: Kvinesdal Historielags arkiv

I slutten av februar 1942 fortel lokalavisa om gode fangstar av torsk inst i Fedefjorden. Fisken var frå tri, fire til 15 kg og godt i hald. Ein dag kom det ca. 500 kg torsk til Flekkefjord - i tillegg til det kvantum som blei seld til forbrukarar i Kvinesdal. Avisa fortel også at fisket går føre seg frå store hol i isen, og at mange tek del i det denne vinteren. Omsetnaden var fri, men med maksimalpris. Eit omtykt biprodukt var rogn og lever.

Ein stor del av fangsten blei salta og seinare turka til såkalla klippfisk. Me i Dyrli hadde ikkje torskegarn, for dei var så dyre. Men far min bytta til seg turka torsk mot bjørkeved kvar vinter.

Ein stor del av fangsten blei salta og seinare turka til såkalla klippfisk.

Eit populært småfiske var å liggja for iletau utanfor tømmerlensa på Indreviga eller utanfor sandgrunnen frå Kleven brygge og aust over mot Guseviga. Midtsommars kom nemleg kvitlingen inn i store mengder, og han beit viljug på agn og beitemakk. Fiskereiskapen var botnesnøre med blysøkke i enden. Frå stengene på dette gjekk det ut to messingstenger, og på kvar festa me ein ein halv meter lang taum med fiskekrok. Mathias Mathiassen laga og selde botnesnøre til ein rimeleg pris. Om ettermiddagane og ut over kveldane i heile august og september kunne båtane liggja tett i tett og fiska medan folk prata saman. Me hadde ein stor robåt liggjande i sjøbua på Gunnarsplassen (like nord for Guseviga), og eg låg mang ein sundagskveld på Indreviga og drog kvitling. Denne er ingen storfisk, blir vanlegvis 20 – 30 cm lang.

Det var elles eit makeleg fiske. Me la båten for ile – kvitlingen stod helst grunt – om lag på frå femtil 10 famner djupt. Snøret skulle ha agnet hengande minst ein halv meter over botnen. Så var det berre å halda i dette og venta til fisken tok agnet. Han var ikkje kresen, tok like godt agn av oppskoren fisk som beitemakk, og ofte beit han i eitt vekk. Det gjekk derfor ikkje lang tid før me hadde ein full pøs med sprellande kvitling.

Både i 1942 og seinare under krigen hamna mykje kvitling på middagsbordet. Også fisketurar rundt i heievatna og dorging etter blega (sjøaure) i fjorden var vanleg om sommaren. Folk fiska med dorg (fluge og sluk), oter og sette garn. Dyrli hadde fiskerett i Stemtjødna og Holmevannet, der det låg ein gamal pråm. Auren her var av skiftande kvalitet og kunne ikkje samanliknast med den i Busundvannet.

På Busund budde farsyster mi, og eg var mange helgar der oppe og freista fiskelukka. Reiskapen var oftast ei dorg festa til ein pinne bak i pråmen så eg kunne sjå når ein aure slo etter fluga eller sluken. Eg fann ut at fisken i Busundvannet likte best raud farge på fluga, men tok også den blå skogeskjor-fluga. Av og til sette eg garn og overnatta der oppe. Då fekk eg av og til større fisk - gjerne nærmare kiloet.

Alt i alt hadde bygdefolket viktige matressursar i fjorden, åna og alle heievatna.

Desse gav bygdefolk eit verdfullt og næringsrikt tilskot til dei knappe rasjonane.

Men Kvinesdal fekk ikkje ha hand om den lokale matproduksjonen og naturressursane åleine. Frå 1941 kom eit framandelement til som kravde både fysisk rom og vareytingar av kvindølane.

Kvinesdal Forsyningsnemnd 1942. Sittende foran f.v.: Adolf Egeland og Johan Unhammer. Stående bak f.v.: Anstein Unhammer, Tordis Åmodt, Severin Egeland, Helene Gotheim og Rolf Johansen. Thora Vik som også var i nemda var ikke til stede. Foto: Kvinesdal Historielags arkiv

Tyske soldatar ein del av krigskvardagen

Etter at okkupasjonen var gjennomført, gjekk det ikkje lenge før tyske soldatar på gjennomreise ville overnatta i Kvinesdal. Dei fekk då disponera klasserom, internat og kantina i den nye fylkesskulen (vigsla 1939). Dette hende fleire gonger sommaren 1940.

Men i 1941 rekvirerte Wehrmacht fylkeskulebygningane (hovudbygg og sløydsal/ gymnastikkrom) til fast forlegning for ei større gruppe soldatar. Dessutan tok dei heimane åt skulestyrar Olav Høyland og lærar Sally Nilsen til offisersbustader. Også Gamleheimen blei rekvirert same året. Dermed blei fylkesskulen huslaus. Men skulestyrar Olav Høyland senior gav ikkje opp. Han lyste i lokalbladet etter elevar til det vanlege vinterkurset – 6 månader - 1942-43 i leigd klasserom, truleg i Losjehuset.

Om det kom i gong nokon fylkesskuleklasse den hausten, har eg ingen opplysningar om.

Kor stor den tyske forlegninga var då og seinare under krigen, veit eg ikkje, men truleg heldt minst 50 mann til i dei rekvirerte bygningane. Om lag så mange kunne me seinare under okkupasjonen sjå når dei i samla flokk marsjerte til Folkets Hus på kino.

Eg budde på Åmot i åra 1943-45, og minnest korleis dei kvar veka kom syngande inn over Vollane. Flokken var mest alltid like stor, i alle fall 40 – 50 personar i og utan uniform. Nokre jenter (som arbeidde i kantina, på kjøkkenet eller kontoret), fylgde stundom med kinogjengarane.

Wehrmacht ynskte ymse slags fagfolk, og den tyske kommandanten bad lensmannen skaffa slike. Han lyste då i lokalavisa at die deutsche Wehrmacht trong straks to kokkar, ein skomakar og ein skreddar. Om det melde seg lokale søkjarar, kjenner eg ikkje til.

Wehrmachtsoldatane blei ofte å sjå som kundar på krambuene. Dei kjøpte varer som ikkje var rasjonerte og betalte med norske pengar. Det synte seg snart at dei også blei sterke konkurrentar på svartebørsen – dei kunne tilby ettertrakta varer og betalte godt for norske: særleg smør, egg og kjøt. Ein omfattande tuskhandel (byttehandel) utvikla seg. Ikkje minst tobakk spela ei stor rolle i denne handelen. Men mange bygdefolk ville ikkje ha noko økonomisk samband med representantar for okkupanten og meinte at dei som handla med fienden var «stripete» og synte dårleg nasjonal haldning. Etter kapitulasjonen var det nokre heimefrontkarar som ei natt måla svarte striper på eit par hus nær Liknes. Men slik sjølvtekt fordømde mange bygdefolk, dei meinte at andre personar enn dei uthengde burde heller ha fått påtale for unasjonal haldning i krigsåra. I fritida tok gjerne små grupper soldatar seg turar kring på gardane for å handla, og til heiegardane kom dei rett som det var. Dei bar sjeldan gevær med seg, vanleg utstyr var ein pistol (Lugar) i beltet. I 1942 var det aldri nokon razzia eller kontroll av tyske patruljer. Den fyrste opplevde me i januar 1943 etter det mislukka raidet ved Abelnes.

Men Wehrmacht-forlegninga på fylkesskulen hadde elles hendene fulle med arbeid. Soldatane braut ut stein på Fidjan til fyllmasse under garasjebygg og verkstader. Dessutan sette dei opp store og breie piggtrådgjerde kring forlegninga og grov skyttargravar og bygde mitraljøsestillingar. Frå Kleven brygge til Kvinabrygga sette dei seinare også opp piggtrådsperringar og la ut miner bak sperringane. Dersom fienden kom inn Fedefjorden, skulle han få problem med landgangen, var sikkert tanken med desse forsvarstiltaka.

Både i 1940 og 1941 trudde mange at ein engelsk invasjon var ventande når som helst. Men etter kvart blei folk meir realistiske og skjøna at krigen og okkupasjonstida kunne vara fleire år ennå. Kvardagsproblema og tanken på framtida spela etter kvart ei større rolle for dei fleste enn vonene om ein føreståande invasjon.

Framtida måtte derfor så vidt mogeleg planleggjast, trass i okkupasjon og unormale tilstandar. Var det mogeleg å få i gang utdanningstilbod i eit herteke land? Utruleg nok opna det seg utveg for ungdom som ville fram i livet!

Kjelder:

Hovudkjelda er «Flekkefjordposten» for året 1942

Eigne livsminne

Artiklar i Wikipedia

Knabens historie. band 2, side 54-55

Artiklar i Norsk krigsleksikon