Det budde nok mykje godtfolk på Øya på den tida. Kanskje hende det at Tjodolv vandra rundt på sletta på Rob mens han venta på båtskyss, som skulle ta han ut til «Ormen Lange» for å kveda for Harald Hårfagre. Då hadde han truleg først stått på Utsikten – som i dag – og kika ut fjorden til han såg båten kome siglande.

«Men det var før - og itte nå», som ein populær dikter sa det.

NAMNET, Øya, kjem av det oldnorske ordet aur eller oir som tyder grus/sand. Gjennom hundre tusenar av år har grus og sand følgd med åna frå stroka innafor og avleira seg ved åmunningen, som truleg først låg ved Kløster, men i dag ligg ved Guseviga.

Øya var i over 200 år eit viktig handelsenter. Ludvig Daae skriv i «En Krønike om Kvinesdal» at «en fornemme Mand Christen Sørensen Godtzen fra Stavanger» busette seg på Øya og dreiv handel. Dette var kring 1650. Det same hadde ein «Borger til Christiansand», Didrik Torkildssøn Meyer, gjort. Både folk og varer kom til Øya med båt. Driftige Øye-folk tok seg av transporten vidare med robåt. Det var mogleg å ro heilt til Nese.

På denne tida var det mykje samkvem mellom Holland og Norge, særleg den sørlege delen av landet. Hollendarane kjøpte trelast, ved og torv samt mold. Når ein enkelte stader på Øya finn nokså skrinn jord, er det forklart med at den gode jorda blei skrelt av og selt til Holland. På den tida var åna djupare slik at tilnærma store båtar kunne koma seg heilt opp til Kløsterøyna.

Jorda på Øya var prestegardsjord, og det var vanleg at prestar budde på Øya, men også andre «kondisjonerte», som det heitte. Vanlege folk budde lenger oppe i dalen. Noko fart i jordbruket ser det ikkje ut til å ha vore før på 1800-talet då Jens Henrik Beer kjøpte jord og skapte eit mønsterbruk.

Skjøte for «Monvinkel».

FRÅ BYRJINGA av 1800-talet og fram til okka tid, var Øysanden den største garden i Kvinesdal og ein av dei største i fylket.

Det var konsul, stortingsmann og stor forretningsmann, Jens Henrik Beer, som tilhøyrte den kjende gründer-slekta, Beer, i Flekkefjord, som i 1832 kjøpte ein 400 mål stor myr- og lyngmon på Ytre Øya. Det heiter seg at han som ung mann, opplevde det store naudåret 1812.

Det gjorde så sterkt inntrykk på han at han lovde seg sjølv at om han nokon gong blei rik, skulle han dyrka opp så mykje ubrukt jord som han kunne få tak i .

Beer sjølv var ikkje landbrukskunning, men han tilsette ein skotte som driftsstyrar. Det viste seg å vera eit godt val. Etter få år var gardsdrifta i full gang og fødde 30 kyr og 6 hestar. Men Beer såg eit større potensiale i garden. Om det var skotten som sakna whisky, eller det var Beer sin forretningssans som var avgjerande, teier soga om. Men sidan jordsmonnet var vel eigna til både korn og poteter, kva var då nærmare enn å nytta desse produkta til sprit og øl?

Han bygde både brenneri og ølbryggeri. Til denne industrien trong han vatn, og det fekk han frå Klevebekken. Han laga eit stort basseng eit lite stykke opp i Øyekleiva, og la vassleidning derifrå og til gardsplassen. Sjølv om vatnet sikkert var av god kvalitet, blei denne verksemda ingen suksess. «Folk i egnen», som det heitte, tykte lite om brennevinsbrenninga, og i 1840-åra kom det nye lover som gjorde det vanskeleg både å brenna og selja brennevin.

Beer budde i Flekkefjord. Men han bygde seg ein herskapeleg bustad på garden sin på Øya, teikna av ein av tidas meste kjende arkitektar, Christian Henrik Grosch. Bygget, som er i «empirestil», var truleg ein av dei finaste bygningane av sitt slag på Sørlandet. Huset står den dag på same staden der det blei bygd, og stilen er den same. Det er i dag eigd av Tinfos.

Jens Henrik Beer selde eigedomane han eigde i Flekkefjord i 1854 og flytta til Øya, der han budde fast til han i 1881 døydde 82 år gamal.

Sonen, Wollert Konow Beer, arva garden, men i 1900 selde han den til Lord Salvesen, som igjen selde til Staten, men han heldt att laksefisket.

I 1937 selde Staten delar av garden til Josef Reiersen, Olav Modalsli, Mathias Mathiassen, som kjøpte kvar sin parsell. Resten av garden blei seinare seld til Kvinesdal kommune og er i dag industriområde.

YTST på Øysandodden stod det i si tid ei stor lagerbu, som rett nok i min ungdom var merkt av elde og forfall, men gjorde god teneste som landemerke. Øysandbua var det første du såg når du kom inn fjorden. Her saktna «Kvina II» på farten før ho kom til brygga, her tok me opp laksenota etter å ha drive ho ut åna.

Kven bygde denne bua – og kvifor? Mye tyder på at det var Jens H. Beer. Han dreiv ikkje bare Øysanden, men også stor handelsverksemd i Flekkefjord saman med broren, Anders Beer.

Begge desse var driftige folk som hadde mange jern i elden. Anders er kjent som grunnleggjaren av garveria. Dei dreiv skipsfart og hadde fleire skøyter som dreiv sildefiske.

Atskillege tønner sild er nok salta på Øysandbua og derifrå eksportert.

Dei hadde bruk for stor bu til lagring av bork til bruk i garveria og til borking av sildenøter, samt lagring av tønner og anna tilfang som høyrde med til verksemda deira. Eg hugsar godt dei store borkekjera som var i bruk til borking av nøter heilt opp til nyare tid.

Etter at Staten hadde overteke garden, blei nok Øysandbua lite brukt. Men i mellomkrigstida var ho ei kort stund brukt til å husa eit sementstøyperi, som laga sementblokker til grunnmur etc. Under siste krig gøymde bua ein stor tysk bunkar. Etter krigen blei Øysandbua riven, og då var det, som etter kvart bare var blitt ein spennande leikeplass for ungane, «ein saga blott»!

I ELDGAMLE DAGAR – det vil sei i min ungdom – kalla me landstripa frå Øysandbua til Klevebrygga for «Sanden». Frå landkanten og eit par hundre meter ut i fjorden, var det nemleg ein sandbanke, rundt 20 cm djupne ved land og 1 m lengst ute. Her var det om somrane ei fin badestrond og mykje ettertrakta leirstad for sykkelturistar, så vel som andre turistar. Heilt ideelt for ungar å vassa og slupsa i. Sandgrunnen var rik på flyndre, som var ein mykje omtykt matfisk. Det var vanleg at når folk på Øya var i beit for middagsmat, rodde dei bare ut til sanden og «stakk flyndre» som det heitte. Ein brukte nemleg lystre til å fanga med.

For så vidt var det ikkje rart at det var murring hos øyefolk då det blei gjort framlegg om å leggja dette «friområdet» ut til industri. Men smått om senn innsåg dei at Tønnes Oksefjell hadde rett: Folk kunne ikkje leva av bare flyndre og badeliv! I dag er dette området kraftig utvida og har gitt plass til smelteverk, mekanisk industri og andre verksemder.

Og Øya har framleis eit potensiale.

Litteratur:

Ludv. Daa: «En krønike om Kvinesdal»

«Grannen», nyutgjeving v/Fl.fjord historielag

Ånen Årli: «Bygdebok for Kvinesdal»