Per Martin Sandtrøen frå Senterpartiet er passe frekk og naiv når han forsøkjer å framstille det som om distriktspolitikken står og fell på gratis ferjer til enkelte øysamfunn. Det kan verke som representanten frå Senterpartiet har gløymt at det viktigaste for god distriktspolitikk er eit velfungerande næringsliv og lokale arbeidsplassar som barnefamiliar kan leva av.

Det kan verke som han har gløymt at det viktigaste for god distriktspolitikk er eit velfungerande næringsliv og lokale arbeidsplassar som barnefamiliar kan leva av.

For det er nok svært mykje meir som skal til for å sørge for at også distrikta har god utvikling og vekst. At skatte og avgiftsnivået er så lågt som mogleg, både for industri og privathushaldningar er eit av grepa. Her har diverre Senterpartiet feila ved både å innføre auka arbeidsgivaravgift, auke skattane til vekstbransjar som havbruk og kraft, noko som har stoppa prosjekt for fleire milliardar, og med det teke frå distrikta verdifulle arbeidsplassar. Gjennom symbolsaker, som til dømes gratis ferjer, om fordeler Sp skattebetalarane sine pengar slik at enkelte, som bur på øysamfunn med ferjer, skal få dette gratis, medan dei som har anløp med hurtigbåt skal betale full pris. Forstå det den som kan.

Høgre ønskjer ei meir rettferdig fordeling. For gratis ferje handlar om prioritering. Og her prioriteres dei få på bekostning av andre. Høgre meiner at regjeringspartia i mykje større grad burde uroe seg for dei lange ferjekøane vi har opplevd gjennom denne sommaren, mangelen på ferjemannskap og sjøfolk, og pendlarar og næringsliv som må stå i timevis for å kome over fjorden. Framkomelegheit over fjorden er svært mykje viktigare for næringslivet. Kvar time ein må stå over ei ferje går langt utanpå kostnadane for ferjebilletten.

Skal vi utvikle distrikta må vi lytte til kva distrikta etterspør. Det er eit føreseieleg skatte og avgiftsnivå, det er god infrastruktur og det er høve til å utvikle bedrifter og næringsliv slik at det er grunnlag for lokalt arbeid og busetnad. Til no har diverre regjeringa svikta på desse elementære tema.

Om du ynskjer forutsigbarheit for næringslivet og lokale arbeidsplassar, stem Høgre!

Liv Kari Eskeland,

Stortingsrepresentant

for Høgre