Tida går veldig fort, og det er snart nytt kyrkjeval. Men korleis er Den norske kyrkja (DnK) i dag? Den vert kalla (open) folkekyrkje, med to syn på ekteskapet. Derfor har dei innført ein ekstra liturgi for ekteskap mellom likekjønna. Dette vart innført då Open folkekyrkje (Åfk) fekk fleirtal i dei kyrkjelege organ.

Kva er det så med Åfk. Det viser dei sjølv, tydeleg nok i ein heilsides annonse i Vårt Land 30.08.2019, der står: «EN ÅPEN OG DEMOKRATISK FOLKEKIRKE-FOR ALLE».

Demokratisk! Kva tid vart GUDS kyrkja demokratisk? Nei, GUDS kyrkje er framleis monoteistisk.

Kva tid vart GUDS kyrkja demokratisk? Nei, GUDS kyrkje er framleis monoteistisk.

Dermed kan me koma til ein konklusjon. DnK er i dag ei delt kyrkje. GUD si kyrkje. Den vert styrt av GUD ved hjelp av Bibelen der me finn GUDS lover og regler. Åfk si kyrkje. Den vert styrt av eit folkestyre som avgjer korleis kyrkja skal vera moderne nok i vår tid. GUD er ikkje med.

Tor Andreas Undheim,

Farsund