Smular frå den rike mannens bord

Det er skuffande og trist å lese i Lister 24 at Lyngdal kommune vil slanka budsjettet ved å avsetja hjelp og assistentar til dei svakaste i skulen. Vi vil alltid ha sterke og svake elevar blandt oss. Dei svake er ikkje dei som skrik høgast. -Stille og varleg går dei kring oss, desse minste av dei små svake. Dei krev ikkje sin rett i samfunnet. Kven vil stå opp og tala deira sak?

I min barndom frå skulen høyrde vi frå bibelsoga om den miskunnsame samaritanen. Kva slags mann var no det? Jau samaritanarane var på den tida sett på som heidningar blandt jødefolket. I denne forteljinga vart det fortalt om ein mann som var på reise og vert overfalt av røvarar. Dei slo mannen ned og lot han liggje igjen halvdød. Ein prest drog same vegen, han såg mannen og gjekk forbi. Likeins kom ein levitt til staden, han såg den hardt skada mannen men gjekk like forbi. Det var ingen hjelp å få av dette presteskapet. Så kom det ein samaritan reisande. Han fekk sjå den halvdøde mannen og fekk inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen og forbandt såra hans. Så lyfta han mannen opp og tok han med til eit herberge. Der fekk han pleie, og samaritanen lova å betala for alt som dette ville kosta.

Ingen av oss vil vel lika å vera like kalde og likeglade som presten og levitten i denne forteljinga frå Bibelen. Vi likar best å bli kalla for rause og omtenksame med born og unge.

Kvifor skal då nedskjæringa i Lyngdal kommune så hardt ramma dei unge og dei svakaste av borna i kommunen? Her har vi ingenting å rosa oss av. Det er småleg og ufint å gje dei svakaste slike smular frå den rikes bord.

«Eg tykkjer støtt at det høver best å hjelpa den som det trenger mest».

Ragnhild Larsen

Konsmo

Les hele saken med abonnement