Saman mot domstolsreforma – men kva skjer med Frp?

Arbeiderpartiet, SV, Senterpartiet - og fram til nyleg også Frp – var i vår einig om at høyreregjeringas domstolsreform var unødvendig og burde skrotast. Nå har pipa fått ein anna lyd hjå Frp og dei ser ut til å forlate einigheita vi hadde. Det er synd at Frp legg opp til å vingle så mykje frem og tilbake. Eg har framleis likevel eit håp om at dei tar til fornufta innan saka er ferdig hastebehandla (etter høgrepartia sitt ønske) i justiskomiteen 24. november. For som vi var einig om i vår: Det er fult mulig å imøtekomme sårbarheiter og behov for fleksibilitet mellom tingrettane utan store strukturendringar og nedlegging av sjølvstendige domstolar.

Arbeiderpartiet meiner dagens desentraliserte struktur bør bestå, men at Stortinget bør tydeliggjera lovverket. Fleire har pekt på at ei endring eller tydeliggjøring av domstolslova slik at det blir høve til å kalle inn dommarar frå andre tingrettar òg i enkeltsaker, er ei god løysing. Vi bør lytte til mange høyringsinstansar som har ei rekke forslag til korleis domstolane kan styrkast i nåverande struktur, korleis vi kan sørge for tilgang på fleire dommarar og spesialkompetanse, korleis saker kan deles og korleis vi kan bruke digitale muligheiter betre. Desse innspela ville ikkje Høyre, KrF og Venstre høyre på.
For Arbeiderpartiet er det fleire omsyn som skal takast når vi diskuterer organisering av domstolane våre. Vi går til val på å innføre eit nytt nærleiksprinsipp. Det betyr blant anna at statlege verksemder skal organiserast slik at kompetansen ligger så nært innbyggarane som mulig, ingen statlege tenestestader skal leggast ned i neste stortingsperiode (med mindre det er heilt avgjerande for å ivareta viktige nasjonale interesser, ein snever unnataksregel), og at det skal innførast ein regel om en distriktspolitisk konsekvensanalyse av alle reformer. Ei analyse dagens høgreregjering ikkje er særleg opptatt av.

Det har noko å seie at ein sjølvstendig domstol er tilgjengeleg og tilstades over hele landet. Det har noko å seie at tingrettane og jordskifterettane våre er kompetansearbeidsplassar som betyr mykje og gjev ringvirkningar i mange lokalsamfunn og kommunar. Vi meiner òg at så lenge ein ikkje har noko kunnskapsgrunnlag som seier at kvaliteten er dårligare i de små enn i de store domstolane, så er det få gode grunner igjen til en strukturreform etter vårt syn.

Lene Vågslid,

Justispolitisk talsperson for Ap

og leiar av Justiskomiteen på Stortinget

Les hele saken med abonnement