Før helga vart det lagt fram eit fleirtal frå næringskomiteen på Stortinget om stortingsmelding 11, strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. I denne einigheita ligg det mellom anna inne at ein skal rekne 1845 timar i eit årsverk, og det ligg inne ein normeringsgrad på 20%. Desse to punkta er vi i Agder Senterungdom ueinige i!

Det er heilt avgjerande for framtida sin matproduksjon at vi no klarar å skape optimisme og framtidstru i næringa som gjer at nye generasjonar vil satse på landbruk. Eit årsverk i landbruket skal vere på 1700 timar, ikkje 1845 , og ein må fjerne krava om normering.

Dersom vi får gjennomslag for desse endringane legg vi til rette for ei verkeleg kursendring i norsk matproduksjon, vi skal mellom anna auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent og vi skal tette inntektsgapet for norske matprodusentar innan 2027. At den norske bonden får sjå ei lysare framtid i landbruksnæringa er heilt avgjerande for at vi kan få ete trygg, berekraftig, norsk mat i åra som kjem.

La det ikkje vere noko tvil, Agder Senterungdom vil ha norsk matproduksjon!

Marianne Rossevatn

Fylkesleiar Agder Senterungdom