Og det var mange med meg som tykte dei var eit fantastisk ektepar. Sofie og Herlaug Vestreimsteigen heitte dei.

Nå er begge to borte, men minna etter dei lever framleis. Eg har mange gonger tenkt på at livshistoria deira burde koma på prent, slik at folk fekk høyra om korleis det var å koma seg fram den gongen det var lita støtte å få frå det offentlege.

Artikkelforfatteren: Jan Helge Flademark. Foto: Privat

EG VAR så heldig å få gå på folkeskulen saman med dotter deira, Ragnhild. Ho bur nå i Mandal, saman med mannen sin, Per Kristoffersen. Ein dag tok eg mot til meg og ringde for å høyra om ho kunne tenkja seg å fortelja meg om foreldra sine. Ho var så grei at ho sa ja, og her kjem historia slik Ragnhild fortalde ho til meg:

«Mamma, Sofie, blei fødd på Hidra i Kvinesdal 26. februar 1907, som tvillingsyster til Reinert Skaren. Foreldre var Rakel Reidarsdatter Skaren og Salemon Mathiassen Moi. Den gongen eigde bestefar den garden som Kristian Hauan kjøpte i 1908. I 1937 tok sonen Oskar over garden. I dag er det sonen hans Kristian som eig garden.

Prenen. Foto: Jan Helge Flademark

Då bestefar selde garden flytta han med famelien til Skaren. Pappa, Herlaug, blei fødd i Evanger 17.desember 1889. Den gongen var Evanger eigen kommune, men er nå ein del av Voss kommune.

Mamma og pappa gifta seg i 1932 og fekk to born:

Olav, fødd 1932, død 1998. Han blei gift i 1954 med Aslaug Signe Borlaug frå Oppedal i Sogn. Olav ligg gravlagd i Mandal. Aslaug lever, og bur her i Mandal.

Ragnhild, fødd 1938. Ho gifta seg med Per Kristoffersen i 1961. Dei bur i Mandal.

Pappa døydde i 1959 og mamma i 1994. Begge ligg gravlagd i Kvinesdal.

Haddeland. Foto: Utlånt av Harald Vatland
Solarås. Foto: Utlånt av Ragnhild Kristoffersen

– Var begge foreldra fødd blinde?

– Nei, mamma blei fødd sjåande, men då ho var tre månadar gamal fekk ho kikhoste, og mista synet litt etter litt. Det blei ikkje oppdaga før etter ei tid. Kor mange doktorar var det eigentleg den gongen? Det var jo i begynninga på 1900-talet, så det mangla vel kunnskap om slikt, og lite dei kunne gjera.

Pappa var 12 år gamal då han blei blind. Dei var ein ungeflokk på åtte, fire gutar og fire jenter. Ein dag det var bakstedag i eldhuset, leika dei fire brørne der. Pappa sprang mot ei dør, som det stod ein svær nykel i. Han smalt nykelen i eine auga, og det sette seg betennelse i ho. Eg kan tenkja det var rusk og anna på nykelen, som gjorde at det blei slik. Etter ei stund fekk han betennelse i den andre auga au, slik at han blei blind på begge to.

– Korleis var det å vera blind for ei lita jente den gongen?

– Eg trur ikkje mamma hadde det så greitt den gongen. Bestemor blei enkje då mamma var tre år gamal. Ho fekk seg ein ny mann tre år seinare, i 1913. Han heitte Andreas Samuelsen Hellaren, og dei budde i Skaren, på heimegarden hennar. Dei hadde lite med pengar og stridde hardt for å få endane til å møtast. Mamma sov på same romet som dei. Der låg ho og høyrde på diskusjonane deira om korleis dei skulle halda «kreditorane borte». Dei tenkte ikkje på at mamma hadde gode øyrer, sjølv om ho var blind. Det ho høyrde dei snakka om, blei seinare i livet mest som ein «besettelse» for ho: Alt ho kjøpte skulle helst betalast før ho fekk det.

Per og Ragnhild Kristoffersen. Sistnevnte var dotter til dei blinde på Rødland og er kjelda til denne artikkelen. Foto: Jan Helge Flademark
Skrivemaskin for blindeskrift. Foto: Johannes Hamre

– Korleis lærte ho å skriva?

– Då mamma var 8 år gamal blei ho sendt til Huseby Blindeskole i Oslo. Fyrst gjekk ho frå Skaren, ned Skarestien til Rødland, og vidare ned Røydanslia til Liknes. Derifrå gjekk det med hest og kjerre til Øye. Så med lokalbåten til Flekkefjord, og til slutt med dampskip langs kysten til Oslo.

Eg veit at ho hadde reisefylgje med legestudenten Inga Aase, syster til Alvilde Aase.

Mamma var på Huseby heile skuleåret, til neste sommarferie, utan nokon kontakt med famelien. Alle som kom der lærte å skriva. Fyrst var det med pren, og seinare på skrivemaskin. Tastane på skrivemaskinen hadde bokstavar med blindeskrift. I dag trur eg at dei ikkje lenger kan bruka prenen. Det er bare maskin dei lærer å skriva med.

Mamma gjekk på Huseby til ho var 16 år gamal. Då kunne ho lesa, skriva og rekna. Dessutan hadde ho lært seg å veva og strikka. Engelsk kunne ho også.

Mamma hadde ein utruleg følelse i fingrane. Det var fingrane ho såg med. Strikkinga gjorde sitt til dette. Elles hadde ho eit uvanleg godt minne. Du kunne spørja henne mest om kva det skulle vera, Dersom nokre var i tvil om datoar, så var det bare å spørja mamma. Ho kunne ikkje skriva det ned på vanleg måte og slå opp, men det sat som spikra. Rett nok kunne ho skriva blindeskrift, men det var sikkert vanskeleg å finna fram. Så i staden for å leita i oppslagsverk, lagra ho det i minnet sitt. Denne husken hadde ho mest til det siste. Gebursdagane til oss alle visste ho kor tid var, både til slekt og naboar.

– Kva med far din?

– Pappa var jo tolv år då han blei blind, og gjekk i 5. klasse på folkeskulen i Evanger. Der hadde han lært det som var vanleg på skulen den gongen.

Etter at han blei blind gjekk han på Blindeskolen i Trondheim, men kor lenge han gjekk der veit eg ikkje. Der lærte han blindeskrift, og kunne både lesa og skriva. Pappa hadde sett mykje av livet rundt seg, og hugsa slikt som fargar og anna heile livet. Derfor var det ikkje så vanskeleg for han å arbeida i skogen og med jorda.

Han fekk også opplæring i å bli skomakar, men det blei bare til at han reparerte skorne våre.

Pappa blei aldri nokon resar, verken i lesing eller skriving, slik som mamma var. Han arbeidde for mykje i skogen, og likeeins i jorda med jordeple og anna. Hendene blei så grove på grunn av alt arbeidet, at han ikkje fekk denne finfølelsen. Så han kunne ikkje lesa blindeskrift.

Mamma måtte derfor lesa høgt for han frå avisar og bøker. Men du veit, frå vår til haust var pappa mykje ute i skogen og hogg ved, eller arbeidde med jorda. Han kom ikkje heim før ut på ettermiddagen. Då var det vanskeleg for mamma å halda seg til han kom, så ho smuglas tidt før han kom heim. Så las ho om att for dei begge når det passa.

– Korleis var livet for ho då ho kom tilbake til Kvinesdal?

– I sommarferiane, då ho gjekk på Huseby Blindeskole, var dei mykje på heiegarden Haddeland, innanfor Hunsbedt.

Bildealfabetet.

MERKNAD: Huset dei budde i om sommaren er borte for lenge sidan. I dag står det ei hytte der. Hun som eig grunnen i dag er Eva Vatland Kongevold.

Eg trur ikkje ho likte dette noko særleg, kontrasten frå storbylivet blei for stor. Her budde dei svært einsleg, og levde mest bare på fisk. Dei hadde jo vatnet like attmed, som var fullt av fisk. Ho hata alt som var raud fisk. Eg er ikkje heilt sikker på det, men eg lurer på om dei ikkje hadde med seg kyrne frå Skaren når dei var der om sommaren. Om hausten drog dei tilbake til Skaren. Eg var bare fire år då bestemor Rakel døydde.

Ei påske på slutten av sekstitalet gjekk Per og eg på tur til Haddeland. Då var det folk der, og dei bad oss koma inn. Dei viste oss då ei nålepute og sa at det var frå Rakel, bestemor mi, si tid. Ho hadde hengt der heile tida sidan den gongen.

Då mamma kom tilbake til Kvinesdal etter enda skulegong, blei det nok ein stor nedtur for henne å bli sitjande i Skaren. Ho har fortald at ho studerte, og lærte seg til, kvar dei gjekk og trødde ned Skarestien. Til slutt lurte ho seg av stad åleine, og kom seg ned til «Målet» på Rødland. Det blei jo stort oppstyr heime, då dei oppdaga at ho var borte frå Skaren. Etter dette gjekk ho stien åleine som noko sjølvsagt. Pappa lærte seg også å gå denne stien.

Livet etter at ho vart 16 år, og fram til ho trefte pappa, veit eg lite om. Eg veit bare at ho vantreivst i Skaren. Ho budde ei tid i Stavanger saman med nokre venninner, og dei dreiv og vevde. Det må jo ha vore ei tøff tid, det var jo ikkje trygd den gongen.

– Korleis møttest mor di og far din?

– Dei møttest på eit av stemna til Vestlandske Blindeforbund i Bergen. Eg trur det var i 1931, eller kanskje litt tidlegare. Mamma var då 25 år og pappa 43 år. Før dei gifta seg spurde mamma ein gong pappa om korleis dei skulle greia seg økonomisk. Pappa svarte då at han hadde 7.000 kroner ståande i banken i Eidanger, Det var jo ein god sum pengar, så alt tykkjest vera greitt.

Pappa var veldig sparsam, og tok godt vare på pengane. Mamma derimot tykte det var greitt å kunna bruka litt. Han var nok meir traust og fornuftig, så dei gjekk godt saman.

Seinare, då han skulle høyra etter om kor mykje som stod inne, fekk han greie på at kontoen var tom. Det viste seg då at yngste bror til pappa hadde tømt kontoen for pengar. Det var eit hardt slag for pappa då han fekk greie på dette.

– Kvar å busette dei seg etter giftarmålet?

– Den fyrste tida budde dei i Skaren, der Olav blei født. Så flytta dei til pappa si heimbygd, Evanger. Der budde dei hos ein av brørne hans, Ola, på ein veglaus stad som heitte Solarås, langt inne på heia.. Men mamma treivst ikkje der, så etter tri år reiste dei tilbake til Kvinesdal. Dei flytta inn i eit hus i Faret.. Her leigde mamma og pappa, og det var der eg blei født. Bror min, Olav, var då 6 år.

Hidra 14. mars 1954. Foto: Johannes Hamre
Gravsteinen til Sofie og Herlaug Vestreimsteigen. Foto: Jan Helge Flademark

MERKNAD: Når folk skulle seia kvar dei budde, heitte det seg at dei budde hos «Blinde Mathias». Årsaka til dette var at det tidlegare budde ein snekkar der, som heitte Mathias, saman med mora si. Mathias Mathiassen vart født i 1853 og mora, Anne Marie Jakobsdatter, vart født i 1825.

I røynda var det hos Lene og Ånen Laudal dei leigde. Dei eigde to hus. Det eine låg inn mot heia, og der budde dei. Det andre låg tett attmed hovudvegen. Der gjekk det eit steingjerde parallelt med hovudvegen, og markerte kor langt dei eigde. Det er mange som seier at dette huset låg der Jakob Sørland seinare sette opp huset sitt.

Så flytta heile famelien til Rødland, der dei busette seg hos Anna «på Målet». Det rette namnet var Anna P. Rødland, og ho var dotter til Samuel Pedersen Rødland og Jette Abrahamsdatter Austre Sandvatn. Dei hadde to døtrer: Inger Marie, født 1886, blei gift i USA. Anna, født 1890, budde på Rødland, og tok over bruket Målet etter faren. Ho var ugift. Det måtte vera om lag 1940 at me flytta til Rødland.

– Kvar lærte mor di å laga mat?

– Eg trur det var på Blindeskolen at ho lærte matlaging. Eg kan minnast brøda ho bakte. Eg tykte dei var svært gode. Dei blei steikte på den gamle vedkomfyren me hadde. Elles var ikkje matlaginga den gongen som ho er i dag. Til middag hadde me mange gonger ertesuppe, og elles var tørrfisk ein vanleg middagsmat. Spekesild, med jordeple og kålrabi, var ein annan middagsrett. Kjøleskapet var det ikkje den gongen, så det var å hermetisera eller salta det som skulle brukast utover hausten og vintaren.

– Kan du fortelja kva far din dreiv på med?

– Pappa heldt seg utandørs heile den snølause tida. Han sette og stelte jordepla sine, hogg ved og hjalp til i slåtta. Så lenge det var fritt for snø gjekk pappa frå Rødland, langs den gamle buvegen som kjem ut ved den litle brua ovanfor Utsikten. Den vegen var mykje brukt før i tida. Så gjekk han vidare langs hovudvegen opp til Sveien, det høgaste punktet på Kvinesheia. I lia ned mot Holmevatnet hogde han ved. Han styvde, kvista og skar trea opp i passelege lengder. Deretter bunta han vedstykka saman i eit tog, og slengde dei opp på ryggen. Så gjekk turen tilbake til Rødland, med vedbyrda på ryggen. Det var ein lang tur. Han skulle ha to eller tre mål ved, og det seier seg sjølv at det blei mange turar ut av det. Pappa rydda også under lyslinja ned mot prestegarden.

Og ikkje nok med det, han hogg også all veden til Anna. Ho skulle ha like mykje ved, men då hogde han på eigedomen hennar.

Om våren sette han jordeple, dei finaste i garden. Dei var så gode, og du kan tru dei blei godt stelt. I slåttonna bar han og mamma inn alt høyet hennar. Korleis var det om vintaren.

Om vintaren, når det er snø, er dei blinde heilt hjelpelause. Ein blind kan ikkje gå i snø. Dei mistar heilt følelsen avdi snøen tek vekk alle kjende merke. Pappa kunne ikkje ein gong gå til postkassen for å henta posten. Eg minnest korleis han prøvde, men han greidde det ikkje. Snøen tok vekk alt som var av kjende merke. Så dersom vintaren var for lang, var det forferdeleg for han. Etter kvart gjekk det betre. Når snøen blei brøytt, eller trakka ned, blei grunnen fastare, og han fekk nokre haldepunkt som staven kunne finna for han. Det hjalp.

Akkurat som for pappa, var også mamma hjelpelaus om vintaren. Staven hjalp ho ikkje til å finna fram. Men mamma hadde mange hjelparar. Når ho skulle ut var det bare å få tak i ein av dei mange hjelparane ho hadde, og så ordna det seg.

– Kva med det sosiale? Var dei med i foreiningar og slikt?

– Pappa var ein einstøing, så han heldt seg heime. Han var aldri meir på stemna i Vestlandske Blindeforbund. Med mamma var det annleis. Ho heldt fram med å vera med på stemna til Vestlandske blindeforbund så lenge ho kunne. Elles var det ei blindeforeining i Kvinesdal som mamma var med i. Kari Olimstad var formann. Elles var Martha Kristoffersen, Ingeborg Kjørmo og Ragna Årli med. Det var også mange fleire med, men eg minnest ikkje namnet på alle.

– Veit du kvar dei hadde møta?

– Møta gjekk på omgang i heimane, og gjekk føre seg som ei vanleg kvineforeining. Det var alltid tid til mat og kaffi på desse møta. Så veit eg at mor til Per fortalde om ein gong som møtet var hos Kjørmo. Dei hadde jo sonen Bjørn Ingemann, og ein gong som han hadde fått ete noko av godsakene sa han: «Tusen takk mamma, det var så ferskt og godt».

På «Målet». Maleri. Foto: Johannes Hamre

MERKNAD: Bjørn Ingemann fortalde meg ein gong at det ikkje var vanleg heime hos dei å eta ferskt brød. Rett nok hadde dei bakeri, men ferskt brød skulle seljast. Så åt dei heller sjølv brød som ikkje var ferskt.

Elles var mamma med på mange religiøse møte. Det var anten på bedehuset, eller så var det husmøte rundt om hos folk. Det kom predikantar som gjekk rundt på gardane, der folk hadde samla seg for å høyra på. Der likte ho seg godt. Den fyrste tida var eg med ho. Når eg høyrde på det predikantane fortalde, trudde eg mange gonger at dommedag ville koma om natta. Mange av møta var hos «Sofie-der-heima», mor til Samuel Rødland. Ho gjekk ikkje glipp av nokon ting.

Ånen Laudals hus omtrent midt på bildet ca. 1925. Foto: Utlånt av Lollo Eiesland

UNDER HEILE krigen hadde foreldra mine ein radio. Dei greidde å gøyma han unna for tyskarane. Gøymeplassen var ei ur i nærleiken. Radioen blei henta i ura, og tatt med i ein sekk heim til mamma og pappa. Der kom folka frå gardane ikring og høyrde på nytt. Ingen trudde jo at blinde kunne ha noko slikt som ein radio. Tyskarane hadde ingen mistanke om slikt, og var aldri innom hos mamma og pappa for å leita. Så heimen vår var ein slag kamuflasje. Eg blei sendt på garden, for eg måtte ikkje høyra på nyheita. Hadde eg høyrt på, ville eg sikkert ha besa om det.

Radioen hadde mykje å seia for dei, særleg etter krigen då dei kunne ha han framme og høyra på det dei ville.

Det var bare ein gong eg kan minnast at tyskarane kom på besøk til oss. Dei kom opp på loftet, og eg ser dei ennå føre meg. Dei stod i døra og kikte på der eg låg. Så sa dei eit eller anna seg imellom, og deretter gjekk dei bare sin veg. Dei undersøkte aldri noko.

Pappa hadde gøymt unna jordepla på eit av kotta. Dei skulle bare ha visst. Andre stadar gjekk dei rundt og leitte etter ting som var ulovelege å ha, men til oss kom dei aldri. Dei gjekk bare stille og roleg forbi. Sånn var dei veldig greie.

– Var det nokon form for hjelpemiddelsentral for blinde den gongen?

– Ja, det var hjelp få frå ein hjelpemiddelsentral i Bergen. Dei kunne søkja om ting dei trong. Eg minnest godt at dei i 1950 fekk tre tjukke gryter i ulike størrelsar. Likeeins fekk dei ei steikepanne, og ei kokeplate med to plater. Det var ei stor hjelp.

Naboane på Rødland var svært gilde. Næraste nabo var Charlotte Rødland, og sonen Waldemar. Dei var svært greie. Det same var foreldra til Per. Ja, alle på Rødland var greie mot oss. Me møtte stor omsorg der.

Anna, Sofie og Ragnhild på trappa. Foto: Utlånt av Ragnhild Kristoffersen

– Var dykk utsett for det me i dag kallar mobbing?

– Ja, og det var særleg nokon av dei såkalla fine som budde i sentrum, Eg kunne godt nemna namn, men det vil eg ikkje. Eg minnest spesielt ein gong då eg skulle vera med pappa for å handla. Då var det nokre som ropa «Blinden, blinden, blinden». Eg kan aldri minnast nokon i klassen min som gjorde slikt.

Ein annan gong minnest eg at ei jente hadde fått ei mengd med tyggegummi. Så stod ho og delte ut tyggegummi til ungane. «Vil du au ha ein?», spurde ho meg og rekte ut armen med tyggegummien. «Ja takk», svarte eg. «Hø», sa ho og trakk han tilbake. Så eg fekk ikkje tyggegummi. Desse to episodane har liksom brent seg fast. Når eg sidan i livet såg desse, var det liksom det knytte seg. Det er ikkje slik at eg går og tenkjer på dette, men det var ikkje greitt. Elles var det lite av slikt.

– Var foreldra dine opptatt av politikk?

– Ja, det var dei begge to. Eg minnest ei lei historie i samband med Stortingsvalet rett etter krigen. Eg fylgde mamma og pappa til vallokalet. Der vart dei stoppa, og fekk ikkje stemma. Valstyret, eller dei borgarlege, stoppa dei. Dei påstod at dei ikkje kunne vita kva for parti dei stemde på når dei var blinde. Det var far til Per, Kristian Kristoffersen, som hjelpte dei med stemmesetelen når det var val. Dei stemte på Arbeidarpartiet, og det gjorde han også. Då dei blei nekta å stemma blei han sint. Han prøvde å overtyda valstyret om at dei kunne stemma, men han nådde ikkje fram. Eg var skrekkeleg flau då me måtte gå, utan at mamma og pappa fekk stemma. Det var einaste gongen dei opplevde noko slikt. Både før og etter dette valet gjekk alt som det skulle.

Anne Margrethe Solås i rød jakke. Foto: Utlånt avRandi Solås

– Hadde du nokre faste gjeremål for dei?

– Eg har lyst til å fortelja om då eg gjekk på posten. Far din var jo postopnar, og han var heilt fantastisk.

Eg var ikkje meir enn sju, åtte år, då eg gjekk og henta posten og trygda til mamma og pappa. Og ikkje bare det, eg gjorde også alt for Anna au. Ho fekk oppgjer for det ho selde. Desse pengane måtte eg også henta. Far din sa aldri nokon gong at eg ikkje kunne henta pengane, at eg var for liten slik slikt.

Han var utruleg grei mot oss. I dag hadde jo aldri dette gått, men han tykte det var greitt. Eg henta trygda deira gjennom mange år.

Ein gong gløymde eg att trygda, som eg hadde henta på posten. Eg hadde ei lita flat, raud handveske, som eg hadde fått frå Amerika. Då eg gjekk av ruta, låg veska att i setet, med trygda for ein heil månad.

Heldigvis gjekk det godt. Sjåføren hadde sett det, og tatt vare på ho. Han visste kven eg var, og leverte veska tilbake. Eg tykte det gjekk ei «evighet» før ho kom tilbake. Eg trur ikkje eg var meir enn åtte ni år då det hende.

Ein annan gong hadde eg mykje som skulle vera med på ruta. Eg hadde vore på posten og henta postsekkane med alle dei tjukke blindebøkene til mamma. Så handla eg matvarer både til oss sjølv og Anna, blant anna to kneip og to loffar, som var sirleg pakka inn i kvart sitt papir. Alt dette låg ved sida av meg då ruta kom. Så måtte eg inn og ut av ruta mange gonger, før eg hadde fått alt med meg. Då eg endeleg var ferdig seier sjåføren: «Eg skulle hatt mykje meir betaling for alt du har med deg». Det var same sjåføren som leverte tilbake handveska, men eg trur han var sur den dagen for alle varene eg skulle ha med meg. Eg betalte 25 øre, og så hadde eg fylt opp «halve bussen».

Det var gjerne slik at dei kom frå heile garden og spurde om eg kunne gjera ærend for dei. Du veit, mange av dei begynte å dra på åra, og då var det ikkje alltid så greitt å dra ned til Neset for å handle.

Når det galdt postsekkane med blindeskrift, så var det ikkje bare nyheiter. Mamma leste utruleg mykje, og då helst romanar. Dette gjorde ho heile livet. Ho skreiv opp på ei liste kva ho ynskte lesa, og sende så bestillinga til Vestlandske Blindeforbund i Bergen. Ho fekk det som kunne skaffast, og dersom dei ikkje hadde rette roman sende dei i staden noko anna som dei trudde ho ville lika. Dei fekk også Programbladet som blindeskrift, med same innhald som det vanlege. Ein gong i veka kom avisa med eit konsentrat for kva som hadde hend siste veka. Det var akkurat som Aftenposten sitt Ukens Nytt. Det var lite av det som blei sendt på radioen, som ikkje pappa fekk med seg. Han var godt orientert. Det var særleg om vintaren, då han mykje sat inne, at han høyrde ein god del på radioen.

– Hadde du andre faste gjeremål som måtte utførast?

– Ja, det vil eg seia. For som eg minnest, så hadde eg det frå eg var ein neve stor. Det var jobben min å feia opp rusk i stova, då det var vanskeleg for mamma å gjera slikt. Eg minnest så godt ein gong eg ikkje hadde lyst til det, og feia alt under teppet. Eg var vel ikkje meir enn sju, åtte år, og samvitet var ikkje godt. Eg måtte jo ta det seinare.

Elles var eg auga til begge to. Datt noko på golvet, så var det meg som måtte finna det.

– Kva med Olav?

– Når det gjeld Olav så veit eg ikkje så mykje. Han var jo seks år eldre enn meg. Eg veit at han under krigen, når han gjekk til skulen, hadde med seg eit spann mjølk frå Othelia Hansen Rødland. Det leverte han til Gotheim.

– Var du og Olav like av natur?

– Nei, me var heilt ulike. Eg var lite pratsam, mens Olav var meir open og tøffare. Han var ein pratemakar, heilt ulik meg. Han kjende mange, og hadde ein god del vener. Han var saman med ungdomar heime på garden og likeeins med dei på Øvre Egeland. I Mandal, som han og famelien busette seg i, kjende han veldig mange. Sjølv var eg einaste jenta på garden, så eg måtte ned til Øvre Egeland for å finna venninner.

– Kva med leksene?

– Det var pappa som hjelpte oss med dei. Eg har aldri vore nokon matematikar, men det var pappa. Så han var god å ha.

– Kva dreiv mor di med i det daglege?

– Når ho var fri for andre gjeremål, strikka ho for det meste. For å få mosjon gjekk ho mykje rundt bordet i stova, mens ho strikka. På stovegolvet var det «inlaid». Det var jo mest som eit teppe, men ho sleit det ut. Rundt stovebordet var det slite hol i inlaiden, så du kunne sjå golvborda. Ho kunne gå slik i fleire timar.

– Kven hjalp til når det skulle vindast eit nyste av hespelen?

– Det var nok pappa som oftast heldt hespelen, når eit nytt nyste skulle vindast. Mamma hadde selbumønster som ho strikka etter. I eit førkle med to lommer hadde ho eit kvitt garnnyste i den eine lomma, og i den andre lomma eit svart garnnyste. Slik heldt ho styr på fargane. Ho strikka både sokkar og vottar, men mest var det nok sokkar.

– Kva med skulegongen din?

– Eg begynte på folkeskulen hausten 1945, då eg var 7 år. Det året eg fylte13 år, og begynte i 7. klasse, fekk eg tuberkulose. Eg hadde blitt vaksinert mot dette, men samtididig blei eg smitta då eg var innom eit av husa på garden for å sjå på ein nyfødt gutunge. Eg tykte det var så moro å sjå han.

Det var jo ikkje så mykje anna å ta seg til, så dette var jo fint. Mannen i huset hadde fått sjukdomen, og slik blei eg smitta. Eg hamna på Solhøgda i Mandal, der eg blei i eitt år. Eg skulle jo aldri ha vore der, men heller på eit barnesanatorium.

For å ha kontakt med dei heime, utan å ha innblanding utanfrå, lærte eg meg blindeskrift, slik at eg kunne både skriva og lesa mottatte brev.

På den måten fekk eg ikkje gå i sjuande klasse på Liknes, men blei bare konfirmert.

– Korleis var konfirmasjonen din?

– Då det nærma seg konfirmasjonen min, trengde mamma pengar til å halda selskap. Ho fekk ein ordre frå Blindeutsalget i Bergen på 25 par sportsherresokkar i selbumønster. Desse sette ho i gong med å strikka, og oppgjeret for desse var pengane ho brukte til konfirmasjonen min. Eg trur me fekk kaker av naboane. Det var for lite plass i huset vårt til å halda selskapet , så det var hos Charlotte Rødland me var. Charlotte hadde større plass. Ho kunne slå opp døra til bestestova.

Eg trur at det også var slik då Olav, bror min, blei konfirmert.

– Kva skjedde då du blei utskriven frå Solhøgda og kom tilbake til Kvinesdal?

– Eg minnest at eg blei kritisert for å gå heime og leva på foreldra mine. Eg budde heime og hadde ikkje arbeid.

Helsa mi var dårleg ettersom at eg hadde hatt tuberkulose. Eg var jo ung og hadde lyst til å jobba, men doktoren ville ikkje at eg skulle det. I dag ville eg ha vore sjukemeldt, men sånn var det ikkje den gongen.

Eg fekk jo inga hjelp, og det var då eg gjekk til han i Sosialstyret og spurde om eg kunne få ein stønad. Men, eg fekk nei til svar. Då reiste eg til Jæren som hushjelp på ein gard.

Så blei eg sjuk att, og hamna på Landeskogen. Etter ei tid blei eg send til Attføringsinstituttet, som var i Oslo på den tida. Men så blei eg sjuk ennå ein gong mens eg var der, og kom på Grefsen Sanatorium i Oslo. Der var eg i tri år. Då blei eg operert Så det gjekk mange år av livet mitt før eg blei eit frisk menneske. Eg var meir eller mindre sjuk frå eg var 13 år til eg var 20 år.

Etter at eg blei friskmeld, kom eg tilbake til Attføringsinstituttet. Der fekk eg opplæring i maskinskriving og stenografi, samtidig som eg tok kurs i rekning, for å koma inn på handelsskulen. Eg fekk stipend, og gjekk eitt år på Vangs Handelsskole i Oslo.

Då eg var ferdig med skulen kom eg ut i arbeidslivet. Eg var då 21 år gamal, og fekk ein kontorjobb i Oslo. Men så blei pappa sjuk, og eg måtte reisa heim sommaren 1959.

Då mista eg den jobben eg akkurat hadde begynt på. Pappa døydde i september det året, og etter at han var død reiste eg tilbake til Oslo. Eg fekk då ny jobb i det militære, i Infanteriregiment nr.4.

– Kva med mor di då far din var død?

– Mamma blei så rastlaus då. Ho var 52 år gamal då pappa døydde, og kunne ikkje slå seg til ro åleine på Rødland. Ho hamna på ei vevstove på Ottestad, utanfor Hamar. Der vevde ho, og fekk betaling for det ho gjorde. Det var bare blinde kvinner der, og ho treivst svært godt. Mamma var der i fleire år. Eg budde jo i Oslo, så det var ikkje lang vegen til ho. Ho besøkte oss i Oslo, så det gjekk ganske greitt. Så reiste Per og eg til Holland i 1965, og det likte ho ikkje. Mamma blei på Ottestad i seks år, før ho flytta ovanpå i huset til sonen Olav. Han hadde bygd nytt hus i Mandal, og ho fekk stove, kjøkken og bad. Der hadde ho det veldig greitt.

Ho kunne ta bussen til Kristiansand, der dei hadde Blindes Hus på Lund. Her traff ho andre blinde, og det var mange aktivitetar der.

Mamma budde hos Olav til ho kom på ein omsorgsheim. Der blei ho til ho døydde i 1994. Då var ho 87 år gamal.

SLUTTORD: Respekt og beundring er vel dei orda eg tykkjer høver best når eg skal gje uttrykk for dei kjenslene eg har for Sofie og Herlaug Vestreimsteigen. Til trass for det store handikappet fann dei ei meining med livet. Dei laga ein god og trygg heim for seg og borna. Strevsame som dei var, greidde dei å livberga seg. Og sist men ikkje minst: Dei spreidde glede i samværet med andre.

Dei var i sanning eit godt føredøme for oss andre!

Kjelder: Thale Adolfsen, Torny Hamre, Anne Marie Aadnevik Hansen, Kenneth Haldor Hansen, Samuel Rødland, Anne Elisabeth Sindland, Randi Solås