Fødselsdatoen var 5. mars 1904. Mora, som og heitte Guri, hadde eit stygt fall som sette fødselen i gang. Tre dagar etter fødselen, 8. mars 1904, døydde «mor Guri» av barselfeber. Ho var då berre 18 år og 8 månader.

I kyrkjeboka står Guri innført med: «Mor: Pige Guri Tobiasdatter Handeland f. 4. juli 1885. Far: Jernbanearbeider – ungkar Anton Arnesen Surdal f. 7. februar 1883». Foreldra var forlova, og dei skulle gifta seg før barnet vart fødd. «Mor Guri» var i lag med faren sin, Tobias, og samla ved til bryllupet då ho sklei på isen og datt. På den tida var det nokså vanleg at dottera fekk same navnet som mora, dersom mora døydde under - eller like etter fødselen.

Guri som femåring i 1909. Foto: Utlånt av Lillian Frette

«Bjødlebakkjen» er bnr. 6 på Handeland, gnr. 31 i Lund. Alle som budde der fekk til dagleg «Bjødlebakkjen» som tilnavn. Slikt var vanleg på dei aller fleste gardane på den tida.

Tobias Larsen Handeland, fødd 3. desember 1844, var på siste del av 1800 talet og først på 1900 talet familiefar og eigar av «Bjødlebakkjen». Han var først gift med Guri Stålesdtr. Lagestrand. Dei fekk seks barn, men dei tre første døydde dagen etter at dei var fødde. Etter at Guri var død i 1883, gifta Tobias seg med Gjertine Asbjørnsdtr. Lagestrand. Dei fekk fem barn, som alle levde opp. Den eldste var «mor Guri». Så følgde Oline Sofie, fødd i 1887, Anton, fødd i 1891, Lise Tobine, fødd i 1895, og Tobias Johan, som var fødd i 1900. Johan budde heile tida på Moi og har stor slekt etter seg her.

Anton Bernhard Arnesen si mor, Ingeborg, var frå Surdal, bnr. 6, der Harald Mæland bur i dag. Ingeborg var eldste søster til Anna Surdal, som i 1899 gifta seg med Harald Mæland frå Etne. Dei var Aksel Mæland sine foreldre.

Far til Anton Bernhard heitte Arne Olsen Grue. Han og Ingeborg gifta seg i 1880.

Foran f.v.: Lise, Gjertine, Guri, Tobias og Johan. Bak f.v.: Anton og Oline, alle med etternavn Handeland. Foto: Utlånt av Lillian Frette

Oppvekst og ungdomstid

Tilbake til hovedpersonen. Guri vaks opp på «Bjødlebakkjen» på Handeland i Hovsherad. Situasjonen var ikkje særleg god for veslejenta og for familien rundt henne. Dei var ein stor familie på Bjødlebakkjen, og dei sleit med å få «endane til å møtast». Det var besteforeldra som fungerte som foreldre. Den oppgåva greidde dei godt, for Guri vart etter kvart ei snill og flink jente som var hjelpsam og gjorde pliktene sine. Tanter og onklar var nok og ei god støtte for Guri dei første leveåra hennar. Men – økonomien var stram, så dei måtte ut frå heimen for å tena pengar så snart dei var konfirmert.

Guri gjekk på Kiellands Minne skole på Eik. Der gjekk ho i same klasse som min farbror, Andreas. Av han fekk eg ofte høyra at Guri var ein flink elev, og at ho hadde orden i sakene sine. Alt tyder på at ho treivst på skolen.

Heime på «Bjødlebakkjen» hjelpte ho til med arbeid både inne og ute. Ansvar og arbeid auka etter kvart som dei andre flytta vekk. Endå meir ansvar og arbeid fall på Guri då bestemor Gjertine døydde. Ho vart berre litt over 60 år, og Guri var då 12 år gammal.

I 1913 tok Lars Tobiassen over «Bjødlebakkjen». Han var yngste sonen i første kullet, og altså «halvonkel» til Guri. Etter at bestemora var død, var det Guri som måtte ta mykje av stellet for Lars og bestefar Tobias. Men ho var sprek og greidde det godt.

Då Guri var konfirmert og hadde fylt 15 år, fekk også ho beskjed om at ho måtte forlata «Bjødlebakkjen» for å tena sine eigne pengar til mat og klede. Det var ofte til Stavanger dei reiste, ungjentene frå Hovsherad som ville få seg huspost. Slik vart det og for Guri. Ho kom i teneste hos Hanna og Andreas Sande. Han dreiv gullsmedforretning og hadde «fin frue». Der var det mykje husarbeid, barnepass og mange tunge klesvaskar. Innimellom arbeidde ho og litt hos Torgersen i Wesselsgate. Dei var foreldre til Hanna Sande. Etter om lag halvtanna år slutta Guri i tenesta i Stavanger, men vennskapet mellom henne og Hanna Sande varde livet ut.

Lars og bestefar Tobias fann nok ut at dei ikkje greidde halda orden i huset utan eit kvinnemenneske. Guri vart difor verande heime siste del av 1921. Tante Oline, som budde i Farsund, døydde rett før jul. Første del av 1922 var Guri i Farsund for å hjelpa familien gjennom den første og vanskelege tida. Etterpå var ho igjen i arbeid heime på «Bjødlebakkjen».

Utenfor det gamle huset på Bjødlebakkjen. F.v.: Gustava Eik, Tobias Handeland, Mikal Handeland og Johanna Handeland. Johanna og Mikal var naboer. Foto: Utlånt av Karl Eik

Bjødlebakkjen

Det butta nok ein del imot for Lars. I 1927 vart «Bjødlebakkjen» seld på tvangsauksjon til Gustava og Alfred Eik. Alfred var på den tida i Montana, USA, for å tena pengar. Han var frå «Vodlen» på Eik, og han skifta ikkje navn når han slo seg til på Handeland. Gustava var frå nabogarden, rett over vegen, og ho ordna opp med gardhandelen.

Alfred reiste til Amerika i 1923 og kom heim med julebåten i 1930. Gustava og Alfred gifta seg i 1921, og dei fekk dottera Sally. Gustava var mi moster, og både ho og dei yngre søstrene var gode venninner med Guri. Vennskapet varde. Det viser korrespondanse mellom Guri og Gustava så seint som i 1977. Kjøpesummen for garden i 1927 var 9.000 kroner og full kåryting, inklusiv stell og pleie for gamle Tobias. Han budde sju år hos Gustava og Alfred og var som eit medlem av familien. I dag er det dottersonen Geir Audun Steinberg som eig «Bjødlebakkjen».

Thorvald og Guri Larsen. Foto: Utlånt av Lillian Frette
Forlovelsebilde av Guri og Anton - 1903. Foto: Utlånt av Lillian Frette

Mann og eigen familie

Så gjekk det for Guri som det oftast går. Mot slutten av tenåra traff ho Thorvald Larsen frå Råde i Østfold. Han var fødd 16. oktober 1897 og var på «nødsarbeid» på jernbanen i Drangsdalen. Dei fekk kvarandre kjær og gifta seg i Lund 22. desember 1923.

Guri og Thorvald budde tre år på Moi. I 1924 fekk dei sonen Trygve, og i 1926 kom dottera Gudny. Dei leigde husrom, først hos «sméen» Benjamin Mydland, og etterpå i nabolaget hos svenske Emma Hansen.

Thorvald reiste etter ei tid til Numedal for å delta i bygginga av jernbanen gjennom dalen. Før han reiste hadde han begynt å selja fisk på Moi. Då Thorvald reiste til Numedal, var det andre på Moi som forsto at fiskehandel kunne vera eit levebrød, og starta dermed opp. Då Thorvald kom att, skjøna han at det ikkje var plass til fleire fiskehandlarar. Så: «Kva gjer vi nå»?

Fiskeforhandlar Ole J. Danielsen i Flekkefjord meinte at dei burde flytta til Kvinesdal og oppretta fiskeutsal. Der var det ingen slike frå før.

Etablering i Kvinesdal

Familien Larsen flytta altså i 1926 frå Moi i Lund til Kvinesdal. Der leigde dei husrom, først i Faret hos Bernt Husefjell. Så flytta dei over til Neset og budde i «Bua» (bilverkstedet) til Ingvald G. Konsmo, der dei leigde halve andre etasje i enden som vender mot aust. Etter det flytta dei opp i Fjotlandsgata. Der leigde dei hos Olav Netland, til dei i 1936 kunne flytta inn i eige nybygd hus i same gata. Huset var bygd på festegrunn av prestegarden. Kausjonistar for huslånet er oppgitt å vera: Severin Engedal, Andreas Jerstad (forpaktar av prestegarden), Albert Lohndal, Johan Breimoen og Olav Fjotland. Seinare vart det og bygd islager og garasje.

Thorvald gjekk frå hus til hus i bygda og selde fisk. Han bar med seg varene enten i eit trau på aksla eller i ei korg på ryggen. Det var ein lite rasjonell måte å driva fisketransport på, så han fekk laga seg ei handkjerre. Med kjerra gjekk så Thorvald «fiskeruta» si kring i Neset og dei nærliggjande gardane. Det var slutt med å bera. Det tekniske vidunderet «automobilen» vart snart ein del av kvardagen for Guri og Thorvald. I 1929 fekk Thorvald førarkort, og i 1930 kjøpte dei ein brukt T-Ford. Frå den selde dei fisk i eit mykje større område enn dei kunne nå over med handkjerra. Bilen kunne og nyttast til henting av fisk.

Guri var ei kvinne med godt mot, god innsikt og handlekraft. Ho fann på noko som var heilt uvanleg for kvinnene på den tida. 28. januar 1931 tok Guri førarkort for bil. Ho fekk «rett til å føre fotsjaltet motorvogn til privat befordring drevet med bensin». Ryktet seier at ho var den første kvinna i Kvinesdal som kjørte bil.

Meininga var at ho skulle avlasta Thorvald i fiskehandelen då han fekk arbeid på Skjerka i Åseral. Han fekk etter kvart også andre ting å ta seg av. Grunnarbeid og husbygging på den tida kravde stor eigeninnsats. Men – Guri sitt førarkort vart aldri fornya. Det var gyldig i fire år, og då venta Guri barn igjen. Dottera Lillian vart fødd i 1935. Då vart det og slutt med bilkjøringa for Guri.

Fiskeforsyningene fekk dei først frå lokale skøyter på Øye og Feda. Det hende nokre vintrar at isen på fjorden var for tjukk for skøytene. Då kjørte Thorvald med Forden på isen, mest til Feda, for å henta fisk.

I 1936, då huset var ferdig, innreia dei fiskeutsalg i kjellaren. Det var då mest Guri som selde fisk frå butikken, medan Thorvald dreiv sal frå bilen.

Eit uthus blei og bygd, og ein del av det vart islager. Dei trong isbitar for å halda fisken god i sommarvarmen. Vinterstid måtte dei til eit islagt vatn og saga isblokker. Blokkene kjørte så Thorvald heim til uthuset og la dei i sagespon. Sponen var veldig god isolasjon.

Thorvald Larsen var vel også den første som selde varme pølser i Kvinesdal.

I august 1938 kjøpte dei ei brukt varevogn. Dette var også ein Ford, modell A, produsert i 1931. Motorytinga var 40 hk. Varevogna kunne lasta 500 kg, og registreringsnummeret var K-8586. Denne bilen hadde dei til 1951.

Guri og Thorvald i arbeidsklede, i lag med hunden «Vakt». Foto: Privat
Huset i Fjotlandsgata blir heva i 1946. Jenta vi ser er Lillian. Foto: Utlånt av Lillian Frette

2. verdskrigen

Etter at landet vårt vart okkupert i 1940, møtte dei fleire problem. Varetilførslene var «i hytt og ver», og drivstoff til bilen var ikkje å få kjøpt. Guri og Thorvald bestemte seg derfor for å stenga butikken og slutta av handelen. I krigsåra stod Forden parkert attmed huset, og Lillian nytta varerommet til leikestove.

Thorvald og sonen Trygve, som nå var komen langt ut i tenåra, fekk arbeid på bygginga av brua i Faret. Dei reiste og nordover og tok arbeid på Nordlandsbane-anlegget. Dei fekk og prøva seg som gruvearbeidarar, både i Ørsdalen og ved Kvina Gruver.

Guri hadde mykje sesongarbeid på gardane i dalen. I desse åra måtte bøndene levera store mengder grønnsaker, poteter, korn og anna til okkupasjonsmakta. Sesongarbeidet var for det meste opptak av poteter og hausting av grønnsaker. Som den arbeidsame dama ho var, tok ho mot alt det tilfeldige arbeidet ho kom over, som til dømes lapping og stelling av arbeidsklede.

Salg av fisk og fiskemat frå ein av dei siste fiskebilane. Foto: Utlånt av Robert Larsen

Fiske-Guri

Mellom kvindølene vart Guri Larsen kalla «Fiske-Guri». Det låg aldri noko negativt eller nedsetjande i det kallenavnet. Det var heller det motsette. Innflytterdama var høgt akseptert og godt likt i bygda. Ho var respektert som det mennesket ho var, og ho var eit fint og godt menneske. Guri var sosial, og det passa difor veldig godt for henne å driva butikk.

Mellom kvindølene vart Guri Larsen kalla «Fiske-Guri». Det låg aldri noko negativt eller nedsetjande i det kallenavnet.

Så i mai 1945 slutta krigen og Norge vart fri frå okkupasjonen. Guri og Thorvald starta opp att med fiskeutsalet i midten av juni. I 1946 gjorde dei eit stort arbeid med huset i Fjotlandsgata. Huset vart jekka opp og grunnmuren gjort høgare. Dette var med tanke på å få betre rom til butikken og for å kunna driva fiskematkjøkken. Det var i første rekkje arbeidsmiljøet som vart betre, sjølv om ikkje det ordet var kjent på den tida.

Guri var eigentleg ei «dame med stil». Ofte når nokon reiste til Amerika, fekk ho dei til å kjøpa med heim hattar og stoff til kjolar. Ho var og svært kry av det lange håret ho hadde, og som ho stelte etter beste evne. Først til 70-årsdagen fekk ho håret kortklipt. Spurte ein Guri korleis det stod til, var standardsvaret: «Dæ æ så tålig».

Bilverkstedet (bua) til Ingvald Konsmo. Fam. Larsen leigde oppe i sørvestre halvdel (til høgre i biletet). Thorvald Larsen står ved T-forden. Til høgre ser vi handkjerra. Foto: Utlånt av Lillian Frette

Verksemda 1945 - 1972

Etter ombygginga var det full fart i drifta, og varesortimentet vart utvida. Det var sett inn ei ekstra kjellardør, og i den avdelinga starta Guri sal av fersk mjølk. Den første tida tok ho mot mjølk frå tre bønder. Dette tok heilt av. Fleire og fleire av bøndene leverte mjølk til Guri. Kvina Bilruter frakta mjølka til butikken, både frå austre og vestre dalen. Ho hadde skaffa seg vekt med ein tank til å tøma i og utstyr til å ta feittprøvar med. På det grunnlaget skreiv ho avrekning mot kvar av bøndene. Den mjølka ho ikkje selde over disk vart sendt vidare i store spann med Kvina Bilruter til Flekkefjord Meieri. Guri handla med mjølk til Kvina Meieri blei starta. I 1955 hadde dei heile 39 leverandørar. I fortauet utanfor butikken var det støypt ned stålprofiler. Det var sliteriller, slik at ikkje mjølkespanna skulle slita ned betongen. Det var og lett å skuva spanna på desse. Sykkelstativ utanfor butikken var og på plass. Det var rist i fortauet og veggfeste for framhjula.

Når kundane kom til butikken for å kjøpa mjølk, hadde dei med seg små metallspann med hank. Dette var i tida før Tupperware og andre plastprodukt var allemannseige. Dei kunne og få kjøpa fløyte og ost hos Guri. Men det som Guri kanskje var mest kjent for, var dei gode hedlekakene ho bakte, og som ho selde frå butikken. Gudny stod oftast for steikinga. Folk la inn bestilling på kaker på førehand. Interessa for hedlekakene var så stor at ho ikkje makta å produsera nok. Ei tid kunne ein og kjøpa egg, frukt og grønnsaker i butikken.

Kopi av Guri Larsen sitt førarkort. Foto: Utlånt av Lillian Frette

Fiskekaker, fiskepudding og fiskegrateng vart laga i dei nye lokala, og omsetningen av fisk og fiskemat var stigande. Ein «fiskekakemaskin» kom etter kvart på plass og gjorde produksjonen av fiskekaker enklare og lettare. I enden mot venstre var ein behaldar for farsen. I ei plate under var det seks hol på storleik med kakene. Kvar gong «maskinoperatøren» pressa ein hendel, kom farse til seks fiskekaker ut og la seg på plass i steikefeittet. Metallbrettet med steikefeitt var om lag to meter langt og 70 centimeter breitt. For kvar ny ladning vart kakene skuva mot høgre. Halvvegs på brettet blei kakene snudd mekanisk, og då dei var skuva heilt til endes, var steikeprosessen ferdig.

Etter som landet vårt kom i orden etter okkupasjonen, fekk folk romslegare økonomi. Dette verka og inn på omsetnaden. Først vart fisken innkjøpt frå fiskeforhandlar Jørgen K. Torsøe i Kristiansand. Seinare kjøpte dei frå Fiskernes Salgslag i Mandal, og så i Flekkefjord. Oskar Gusevik dreiv og fiskehandel på Øye. Dei hadde kvar sin marknad, og dette var regulert av konsesjon. Likevel opplevde dei av og til «inntrengjarar».

Moster mi, Sigrid, som var gift og budde i Sverige, var innom Guri og kjøpte fisk og fiskemat når dei var på veg til slekta på Handeland. Ho kjørte som oftast med einkvan av barna sine. Då fekk dei seg og ein god drøs over kaffikoppane. Dette er med og streker under eit venneforhold som vara heile livet. Sigrid var jamgamal med Guri, og dei hadde gått i lag til skolen kvar dag.

Kor var Mattilsynet på den tida? Slik kan ein spørja seg. Det var vel nettopp det som gjorde at slike bedrifter/ butikker kunne drivast i små sentra. Det gav økonomi til dei som dreiv, samstundes som det var sosiale møteplassar. Det var vel heller ingen som drog i tvil reinhaldet og hygienen i det Guri og familien dreiv med.

Varevogna kom og på vegen att. Thorvald kjørte salgsrutene i store deler av Kvinesdal og Fjotland. Han var på Kvinesheia, heile Austerdalen til Fjotland, med alle sidevegar, og heile Vesterdalen, forbi Kvinlog og heilt til Knaben, med alle sidevegar. Slik verksemd blir mest som ein institusjon. Folk får eit forhold til fiskeruta, og ikkje minst til han som kjører. Thorvald lærde og å kjenna folk i heile dalføret, og dagane var lange og strevsame, men interessante.

I juli 1951 kjøpte Thorvald ei nyare varevogn til fiskeruta. Det var ein engelskprodusert Standard som hadde registreringsnummer K-8256. Neste bil blei kjøpt i juni 1955. Det var Bedford med reg.nr. K-9120. Siste bil som var registrert på Thorvald var ein Ford som han kjøpte i januar 1956. Den hadde kjennemerke K-9862.

Thorvald døydde heilt uventa i 1956. Guri var då berre 52 år, og som det arbeidsame ja-mennesket ho var, bestemte ho seg for å driva forretninga vidare. Trygve gjekk med i drifta. Han tok over salgsrutene og selde fisk på bygdene. Trygve avlasta også Guri med produksjonen av fiskemat. Gudny hjelpte til i butikken når det var behov. Så seint som i juli 1964 vart Ford, K-9862 registrert over på Trygve. Den siste bilen som gjorde teneste i fiskerutene var og ein Ford. Den hadde reg.nr. K-11905 og vart kjøpt i april 1965.

Trygve, som kunne det meste av praktisk arbeid, var også ein som fekk ting gjort. På siste del av 1950 talet blei teknikken med djupfrysing av matvarer kjent. Trygve ville bygga frysebokssentral. Han gjekk i gang og grov ut grunnen med handemakt. Han forskala og støypte huset for frysa like inntil uthuset, og fekk inn maskineriet. Så kom inventaret, sjølve boksane, som skulle leigast ut. Boksane minna veldig mykje om oppbevaringsboksar for bagasje i ein ventehall. Kvar av dei som leigde boks fekk levert ut nøkkel til denne. Bygget, som var delvis grave inn i bakken, minna mykje om ein bunkers.

Rett over gata for Guri sin butikk vaks Johan Egeland opp. Johan var med og lempa mjølkespann og andre varer, og han følgde med Trygve i bilen på salgsturane. I fiskematkjøkkenet hende det og at Johan var med, og dette var arbeid som interesserte.

Dei tre første åra etter 2. verdskrig var Trygve i Knabeheia. Der vakta han Kvina Gruver for dei selskapa som var etablerte der. Trygve hadde skaffa seg ein schäferhund til å ha med seg i heia, og den hadde fått navnet «Vakt». Hunden hadde dei og åra etter i Liknes. Han var så sterk at han drog kjelken opp bakkane til Øvre Egeland. Johan og «Vakt» var bestevenner, og dei var ofte i lag. Ein dag må «Vakt» ha vore ute av balanse, for han beit Johan. Då vart «Vakt» skoten.

Guri slutta butikkdrifta i 1972. Det var etter råd frå legen. Ho hadde då fått høgt blodtrykk og kjende seg sliten. Trygve heldt fram med fiskerutene endå nokre år, til han fekk hjarteinfarkt. Han kjørte då ut frå heimen sin i Helldalen, men brukte også frysebygget i Fjotlandsgata som lager. Begrepet «Fiske-Guri» var så innarbeidd i Kvinesdal at sjølve fiskebilen overtok det, sjølv om Guri hadde slutta av. Ei vanleg utsegn av ei husmor ein stad i dalen kunne vera: «I dag kjæme Fiske-Guri, så i mårra æ dæ fisk te middag». Trygve døydde i 1995.

Butikklokala i kjellaren leigde Guri ut, først til Ellen Kvinlaug, som dreiv handel med blomar og kransar. Ho var der i tre år frå 1973. Kåre Svindland var representant for forsikringsselskapet Vesta - Hygea. Han leigde kontorplass der frå 1976 til 1980. Frå 1991 og i tre-fire år dreiv Torhild Rafoss systove i kjellarlokala, som elles stod ubrukte.

Gjennom alle år var Guri påpasseleg og nøyaktig, og ho førte bøkene for butikken til punkt og prikke. Dette, og mykje interessant korrespondanse blir teke vare på.

Kristenliv

I 1930 tok Guri mot Jesus som sin personlege frelsar. Det var på Øye bedehus, der den kjende predikanten Alfred Thomassen frå Bjelland var sentral i ei vekkjing. Ho var aktiv på bedehuset i Liknes til ho i 1938 melde seg inn i Pinsemenigheten Salem. Der var ho aktivt med i mange år. Guri var musikalsk og flink å syngja. Instrumentet hennar var harpeleik, og ho spela ofte på «Salem», også i lag med Trygve med mandolin. Mange omreisande predikantar hadde og husrom hos Guri når dei besøkte Kvinesdal. Ofte var det husmøter, og det var stappfullt med folk. Guri hadde, som før nevnt, langt oppsett hår og gjekk med hatt. Det var vel eigentleg obligatorisk i pinsemenighetene for ein del år sidan.

I ledige kveldsstunder kunne Guri finna fram sykkelen, binda grammofonen på bagasjebrettet og trø av stad med hatt og flagrande kåpe. Ho besøkte einsame og gamle for å oppmuntra dei, spela musikk og fortelja «Det Glade Budskap». Fleire gonger sa ho: «Æg ska besøga gudan på Egeland.» Då Aril Edvardsen fekk visjonen om Sarons Dal, var det nettopp dei to brørne han skulle kjøpa grunnen av. Ikkje urimeleg om Guri var bakspelar der.

Guri var av dei første som gav pengar til Sarons Dal og Aril Edvardsen sitt prosjekt, men i desember 1980 meldte ho seg ut av «Salem» (Kirken i Dalen). Det var då blitt ein del uro i menigheten mellom dei eldste tradisjonsberarane og Aril Edvardsen.

Guri på 90 årsdagen. Foto: Utlånt av Lillian Frette

Alderdom

Åra som pensjonist i Neset vart mange og gode. Guri levde faktisk som enke i 44 år.

«Hadde eg visst at eg skulle leva så lenge, ville eg nok ha funne meg ein ny mann,» sa ho. Guri var i sine eldre år velsigna med god helse og eit veldig godt humør. Med hennar lette og gode sinn hadde ho mykje besøk av naboar og venner.

Barnebarn er gildt å ha, og Guri sette stor pris på dei. Ho var veldig interessert i korleis det gjekk for dei, både når det gjaldt resultat på skolen og i arbeidslivet. Barnebarna sette og veldig stor pris på bestemora. Frå dei var ganske små, og gjennom heile oppveksten var det stas når dei var på besøk. Då kom godsakene fram, og bestemor tok del i leiken så godt ho kunne. Guri hadde god kontakt med små barn. Ho var mindre streng og brukte ei mildare tone til barnebarna. Hennar eigne barn hadde opplevd henne i oppdragarrolla og midt i travle kvardagen.

Guri hadde også orden i papir og andre saker til langt opp i alderdommen. Ho førde ei form for besøksprotokoll. Det var eigentleg ei dagbok der dei som var innom henne vart noterte, og i kva høve det var. Det som er nedskrive vert ikkje gløymd.

Ofte kunne Guri seia: «Heima på Handeland» eller «heima på Moi». Ho gløymde ikkje kor ho var fødd og oppvaksen. Ho var glad i bygda, og ho reiste ofte på besøk til slektningane der. «På steglå i Vassmoen» (stegle er det same som fiske-bakka) var eit uttrykk i Hovsherad, og Guri bruka det gjennom heile livet. Det var det svaret ein gav når ein fekk spørsmål om kor noko var å finna, og ein ikkje visste det rette svaret.

Heilt fram til 1998 budde Guri i heimen sin. Då fekk ho plass på Kvinesdalheimen. Der hadde Guri det godt, og ho sette pris på det. Ho sa: «Her har eg det som ei dronning. Alle er så snille. Eg blir boren på lokene» (bli boren på hendene - å ha det altfor godt - å bli bortskjemt). Guri var klar i hovudet heilt til slutt. Etter at ho kom på heimen sang ho alle ti vers av «Titanics forlis» utenat. Sangstemmen var og i orden.

Guri døydde 8. oktober 2000, og då slutta eit liv som hadde vara i 96 år og 7 månader. Då levde 2 døtre, 12 barnebarn, 23 oldebarn og 3 tippoldebarn. Ho vart gravlagd 13. oktober, og det var vikarprest Sigurd Fossland som forretta. Eit liv som starta så vanskeleg, snudde seg til det betre og enda så godt!

Kjelder:

Kirkebok for Lund

Lunds historie i Agder av 7. mars 1994

Biltilsynet sitt arkiv

Lillian Frette

Gudny Gausdal

Robert Larsen

Tor Odd Gausdal

Johan Egeland

Sally Steinberg